Moen gnr. 110 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Moen gnr. 110 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Moen ligg på sørsida av Hallingdalselva ved Oppsjø. Eigedomen har fylgjande bnr. 9, 10, 43, 50, 66, 69, 104, 255 og 270.
    Moen var husmannsplass under Sundrehagen frå 1756. Før den tid var her slåttemark. I 1840 vart Moen sjølveigarbruk. Moen vart også kalla Sundremoen. Slektsnamnet i dag er Moen.
    Fisket i Oppsjø har vore ein del av livnæringa opp gjennom tidene.
    Då Bergensbanen vart bygd måtte uthusa flyttast litt. Tunet elles er på opphavleg stad.
    I 1858 vart jordstykket Bråtene bnr. 10 slege saman med Moen. Espelunden bnr. 58 høyrde til Moen frå 1847 til 1877, og Trolløya bnr. 7 frå 1878 til 1911.
    Areal 1865: dyrka jord 7 1/2 mål, naturleg eng 48 mål, utslått 3 mål, avling 5 1/4 tunne bygg og 4 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål, produktiv skog 220 mål, annan utmark 250 mål.
    Våningshus bygt 1980, driftsbygning 1939, stolphus flytta og ombygt 1980, utleigehytte ombygt 1985.
    Stølar. Heimstøl i Grostøllia og langstøl er på Bosset. Langstølen Steinstølen vart fråselt i 1898 og Bosset vart tilkjøpt same året. Moen har også Urholt-gjerda og Dokkli-vollen i Grostølslien.

{5386} År: 1756

Halvor Syverson SundreMoen Helling 1720c-1793
Foreldre: Syver ...
Gm Gunhild Persdtr. ... Helling 1720c-
Foreldre: Per ...
*Barn
1. Kari Halvorsdtr. SundreMoen Opheim 01.11. 1756-1820
Gm Steingrim Rasmusson Opheim Rasmusgarden, gnr 22/5. G 1793 m Botolv Embrikson Opheim Embrikstugu, gnr. 22/17.
2. Anne Halvorsdtr. SundreMoen Opheimsjorde 26.10. 1760-1824
Gm Ola Arneson Opheim d.y. G 1812 m Ola Nilsson Medhushagen. Sjå Opheimsjorde, gnr. 22/73.
3. Per Halvorson SundreHagen 27.09. 1764-
Ikkje nemnt på skiftet i 1793.

Halvor bygsla plassen Moen under Sundre i 1756. På den tid var der berre noko slåtteland på Moen. Halvor bygde og dyrka opp plassen.
    I 1762 var Halvor husmann under nedre Sundre. Kring 1768 overførte Halvor plassen til Knut Olson for 60 rd, sjå neste hushald. Så budde dei i Sundrehagen ei tid.
    Skiftet etter Halvor vart halde på Helling i Torpo i 1793. Det var 87 rd til deling mellom enkje og to døtre. Skiftet har ingen opplysningar elles som kan vise samband med slekt. NB. Ei Kari Olsdatter f. 1746 var halvsyster til Halvor Syverson Helling Bjella.

{5387} År: 1765c

Knut Olson Skreddarstugu SundreMoen 1710c-
Foreldre: presten Ole Engelstrup og tenestjenta ... ... ... .
Gm Birgit Arnesdtr. Trillhus SundreMoen 1730-
Foreldre: ArneTomasson Tomasgarden-Sire Trillhus og Birgit Jakopsdtr. Storedal.
*Barn
1. Ola Knutson SundreMoen Sandeplassen 25.07. 1756-1840
Gm Kari Kitilsdtr. Kitilsplass. Sjå neste hushald og Vangen, gnr. 115/5.
2. Arne Knutson Skreddarstugu 18.01. 1761-1761
Faddrar: Ola Fingarson Prestgarden, Tomas Arneson Trillhus, Tolleiv Tolleivson Sundre, Rønnaug Olsdtr. Sundrelien, Gunhild Persdtr. Hagen.
3. Arne Knutson Skreddarstugu 20.05. 1762-
Truleg død i 1790-åra. Faddrar: Asle Eivindson SundreLien, Gro Jonsdtr. Myren, Eli Samuelsdtr. Sundre, Gunvor Embriksdtr. Ulshagen.
4. Ola Knutson SundreMoen Presteikro 1765-
G 1801 m Birgit Kitilsdtr. Vangen 1764-1802. Skreddar i 1801.
    Truleg attgift med
5. Klemet Knutson SundreMoen Røo 19.06. 1768-1838
G 1798 m Birgit Larsdtr. nordre Grøvo, Hol 1764-1859. Barn: Lars 1797-1881, til Lappestølen under Trageton g 1829 m Turid Olsdtr. Bekkjo, Skurdalen (5 barn); Birgit 1798- gm ........ ('utanfor'); Knut 1802-1809; Ola 1805-1885 sjå Sandåkerøyen, g 1833 m Turid Torsteinsdtr. Kaupang (5 barn).
    Klemet bygsla plassen Myren under Røo i Hol i 1807. Plassen fekk fort namnet Klemmit-plassen. Grunnleiga var 2 rd 2 mark og 2 veker slått så lenge dei var istand til å arbeide. (Hol VI s 212 og s 155.)

Knut og Birgit gifte seg i 1755. Knut hadde truleg to barn frå før: Birgit 1748- med Astrid Jonasdtr. og Håkon 1753- med Anne Håkonsdtr. ... .
    Knut var skreddar, og dei budde i 'Skredderstuen' på Sundre dei fyrste åra. 'Skreddarstykket' låg i søre og nedre hjørne av Prestgarden ned mot elva. Mor til Knut var tenestjente i Prestgarden, og fekk dette jordstykket då ho vart med barn med presten. (Jfr. notatet 'Slekten Hefte' av fanejunker A. A. Hefte som var av etterkomarane.)
    I 1758 var 'Knut skredder' fadder for ungane til Knut Olson Langeland.
    I 1762 var Knut husmann eller inderst under Torkjell Villand på Sundre. Før 1768 betalte Knut 60 rd til Halvor Syverson og overtok bygsla av plassen Moen.
    I 1804 vart Knut stevna til forlikskommisjonen av Eirik Anderson Sundrehagen for å ha brukt ei slåtte ved Oppsjø-oset. Dessutan galdt stevninga manglande leige for Moen, og at sonen Ola Knutson hadde fare over jordene hans Eirik med kløv-hest sist sumar utan løyve. Saka vart vist til retten. Der vart opplyst korleis Halvor, og sidan Knut hadde bygsla, dyrka og bygd opp plassen Moen frå 1756 og fram. Båe hadde betalt grunnleige til bonden. Eirik Anderson fekk ikkje medhald hjå retten.

{5388} År: 1809

Ola Knutson SundreMoen Sandeplassen 25.07. 1756-1840
Foreldre: Knut Olson ... Sundremoen og Birgit Arnesdtr. Trillhus.
Gm Kari Kitilsdtr. Kitilsplass Vangen 09.01. 1757-1829
Foreldre: Kitil Halvorson Bjella Kitilsplass og Kristi Tomasdtr. Neståker.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Sundremoen 1780c-
2. Kitil Olson Sundremoen Kolbotnen 04.03. 1782-1875
G 1818 m Birgit Levorsdtr. Helling. G 1839 m Gunhild Eiriksdtr. Foss. Sjå Kolbotnen, gnr. 111/9.
3. Knut Olson Sundremoen 08.08. 1784-
G 1803 m Birgit Torgeirsdtr. Løkensgard. Det er ukjent kvar dei budde.
4. Ola Olson Sundremoen Hansebråten 04.03. 1787-1868
G 1819 m Birgit Larsdtr. Helling. Sjå Hansebråten, gnr. 114/16.
5. Lars Olson Sundremoen 15.03. 1789-
Død før 1801.
6. Lars Olson Sundremoen Sandehuset 18.07. 1790-1881
G 1817 m enkje Birgit Olsdtr. Langegardslåtta Sandehuset. G 1857 m enkje Sissel Olsdtr. Strand. Også kalla Lars Holmen. Sjå Sandehuset, gnr. 111/7 og Trolløyen, gnr. 110/7.
7. Knut Olson Sundremoen 20.05. 1793-1870
G 1823 m Ågot Sevatsdtr. søre Holo 1801- . Sjå Brennehaugen, 123/10.
8. Kristi Olsdtr. Sundremoen 07.02. 1796-1872
Gm Eivind Olson Sveinunggard SundreMoen. Sjå neste hushald.
    Barn: Ola Karlson 1828- m/ enkjemann Karl Petersen Richter.
9. Kari Olsdtr. Sundremoen Ulshagamyrane 25.03. 1799-1883
G 1824 m Tor Nilsson Sehl Ulshagamyrane, gnr. 109/2f.
10. Birgit Olsdtr. Sundremoen __._. 1803-
Ug. Birgit var døvstum og budde i Drammen. Ho var flink til å sy og baka, og greidde seg godt. (Mehlum 1906/50)

Ola og Kari gifte seg i 1779. Dei budde fyrst i Sandeplassen (-huset?).
    I juni 1785 kom Ola K. Moen på tinget med skinnet av ein bjørn som han hadde skote vestanfor elva. (1436)
    I 1796 fekk Ola skøyte på Vangen, gnr. 115/5. I 1801 vart halve Vangen innløyst på odel av Gjermund T. Rime. Ola vart pålagt å flytte innan neste faredag. Ola skulle få 230 rd i løysingssum og åbot for eventuelle utbetringar på plassen. (1407) s 37
    I 1808 gjorde Ola Knutson ein bruksavtale med Torkjell K. Bråten om plassen Moen.
    Tre av sønene var ute i krigen 1807-14. Mora kokte rummegraut før dei reiste. Ho bad gutane om å eta vel, det kunne bli siste gongen ho fekk gje dei mat! Då kaste sønene frå seg skeiene og reiste i krigen.
    No gjekk det slik at alle tre sønene overlevde. Då dei kom heim att frå krigen marsjerte dei innover isen på Oppsjø, og piperane gjekk føre og bles. 'Folk sto i glaso og gret.' (E. T. Bekkestad i Hallingen 1928-31). (Piper=militærmusikar)
    Ola selde eit kvernbruk i Strandafjorden til dei fire sønene kring 1830.
    På skiftet etter Ola i 1840 var buet 7 daler 4 ort 8 skilling.

{5389} År: 1841

Kristi Olsdtr. SundreMoen 07.02. 1796-1872
Foreldre: Ola Knutson Moen (Sundremoen) Vangen og Kari Kitilsdtr. Kitilsplass.
Gm Eivind Olson Sveinunggard SundreMoen 1803-1882
Foreldre: Ola Eivindson Sveinunggard (Skurdalen) (til Espelunden) og Gunhild Johannesdtr. Sindrol (Hol).
*Barn
1. Eilev Eivindson SundreMoen 27.07. 1828-1883
G 1856 m Margit Tolleivsdtr. Hago. Sjå neste hushald.
2. Kari Eivindsdtr. SundreMoen Sorteberglien 08.01. 1831-1898c
G 1857 m Torkjell Olson Sundrelien Larsstølen/Sorteberglien, gnr. 110/3. Sidan til Am.
3. Knut Eivindson SundreMoen Espelund 19.07. 1835-1888
G 1863 m Kari Halvorsdtr. Kitilsplass. Knut var kasse-snikkar ved Ringnes Bryggeri i unge år. Sjå Espelunden, gnr. 110/58.
4. Gro Eivindsdtr. SundreMoen 19.07. 1835-1835

Eivind og Kristi gifte seg i 1828. I 1840 vart plassen Moen skylddelt frå Sundre og kjøpt av Eivind.
    Eivind kjøpte Espelunden i 1847 og selde Moen til sonen Eilev i 1872. (Hol VII s 590)
    Svigerdottera Margit fortalde: I juli 1851 kom der stor snø etter at dei hadde buført på Steinstølen. Snøen var så stor at den nådde opp til kløvteinene på hestane. Det var ikkje anna å gjera enn å buføre heim att inn til vidare.
    Eivind kjøpte heimstølen Grostøllien i 1865. I 1882 hadde Eivind 1 ku, 2 geiter og 2 sauer.

{5390} År: 1872

Eilev Eivindson SundreMoen 27.07. 1828-1883
Foreldre: Eivind Olson Sveinunggard SundreMoen og Kristi Olsdtr. SundreMoen.
Gm Margit Tolleivsdtr. Hago Moen 17.07. 1824-1911
Foreldre: Tolleiv Tolleivson Hago og Ingeborg Amundsdtr. Hellinghaugen.
*Barn
1. Kristi Eilevsdtr. Moen Vikan 06.10. 1856-
Gm Halvor Vikan. Barn: Mabel ; + fem andre.
    Kristi reiste til Am. i 1884.
2. Eivind Eilevson Moen 17.12. 1858-1924
Gm Mari Andersdtr. Stave. Sjå neste hushald.
3. Ingeborg Eilevsdtr. Moen Hefte 21.04. 1862-1950
G 1889 m Knut Anderson Hefte, Sjå eige hushald.
4. Margit Eilevsdtr. Moen Tveito 21.03. 1866-1948
G 1887 m Håkon Olson Veslestølen Skrindo søre Tveito, gnr. 55/4.

Eilev og Margit gifte seg i 1856. Eilev kjøpte Moen hjå foreldra 1872 for 160 spd og kår.
    I 1878 kjøpte Eilev plassen Trolløyen, og den låg under Moen fram til 1911 då Tolleiv Olson Brattegard kjøpte. Eilev vart eigar av eigedomen Bråtene, bnr. 10 i 1858, den var frådelt Sundrebråten bnr. 8
    Lars Olson Sundremoen Sandehuset, som døde utan arvingar i 1881 testamenterte eiga si til Eilev.
    Eilev kjøpte stølen Tolleivhago-gjerda i 1896. (I Grostøllien?)
    Margit fortalde om eit uår då kornet fraus. Dessutan var dei uheldige med buskapen. Det året hadde dei 'berre' 22 bismarpund rakafisk som dei selde på marken.