Gretegarden gnr. 110 bnr. 20
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gretegarden gnr. 110 bnr. 20-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Sundre (løpenr. 258) bnr. 20 vart frådelt nedre Sundre i 1803 med 10 1/4 laupsbol i landskyld.
    Det opphavlege tunet låg midt i sentrum, med Gretestugu nokre meter vest for Tingstugu. Her var gjestgiveri frå omlag 1800 til 1900.
    Areal 1865: 7 mål, naturleg eng 10 mål, utslått 9 mål. Avling 8 tunner bygg og 7 1/2 tunne potet.
    Det opphavlege tunet låg der kjøpmann Hajem sette opp butikken sin. Skrien bygde hotellet (no den gamle delen av Hallingdal Hotel) over den gamle Grete-olda. Det var pumpe i eit rom i kjellaren. (Oppl. H. Ulshagen.)
    Ved utskiftinga i 1910 vart tunet i Gretegarden flytta ut or husklynga på Sundre og ned til elva, like nord for brua. Den berømte Gretestugu vart selt og havna i Holmenkoll-åsen. Sjå nedanfor.
    Stølar. Sundrestølen (bnr.201) (fråselt 1934 til Myrestølen) og Steinstølen.
    Gretegarden var delt opp og selt ut frå 1862 til 1944. I 1934 vart frådelt Kirkevoll, bnr. 199. Noko av garden vart slege saman med bnr. 14 og 16 og resten selt ut i tomter. M.a. er frådelt bnr. 90 'Ål nedre kirkegård' og bnr. 155 'Kirkegården'.

{5431} År: 1803


Lensmanns-dattera Ragnhild Torkjellsdtr. Villand f. 1747 kjøpte 10 1/4 laupsbol i nedre Sundre hjå Per Halvorson Sundre for 1500 rd i 1803. Ho pantsette garden til major Müller.
    Ragnhild var gift med Lars Larsson nedre Hove. Sjå om familien deira på Hove, gnr. 107/4. Ragnhild og Lars vart skilde i 1791, og ho flytta frå Hove.
    Far hennar, som også var ein stor byggmeister, sette opp ei fin stugu som vart kalla Ragnhild-stugu. Sidan fekk den namnet Gretestugu. Sjå neste hushald.
    Økonomien bar ikkje for Ragnhild. I 1807 gjekk garden på auksjon, og Trond Syverson frå Nes fekk tilslaget.

{5432} År: 1807

Margrete Persdtr. Holter Olsgard Sundre 1764-1836
Foreldre: Per Halvorson Olsgard (Nes) Sundre og Maren Catarine Jørgensdtr. Rasch.
Gm Trond Syverson Ruud Sundre 1758-1841
Foreldre: Syver Ruud og ... ... ... på Nes.
*Barn
1. Syver Trondson Steinmoen Sundre 02.11. 1788-1871
G 1825 m Jørand Levorsdtr. Sundre. Sjå neste hushald.
2. Maria Trondsdtr. Myre 23.08. 1790-1801f
Død før 1801.
3. Eli Trondsdtr. Myre 01.07. 1792-1801f
Død før 1801.
4. Maria Trondsdtr. Myre Richter 20.10. 1793-1876
G 1823 m enkjemann Karl P. Richter. G 1848 enkjemann Ola Embrikson Kitilsplass Myrestølen, gnr. 110/38.
5. Petter Trondson Myre Sundre 17.01. 1796-1863
=Georg Petter. G 1833 m Mari Persdtr. Sundre. (Syskenbarnet.)
6. Christian Trondson Myre 17.12. 1797-1801f
Død før 1801.
7. Eli Trondsdtr. Myre Holgelien 27.01. 1799-
G 1824 m Holge Olson Holgelien, gnr.
    Eli reiste frå Holge kring 1840 og var i tenest på Falkensten i Jarlsberg i 1847.
8. Christian Trondson Devegge 20.09. 1801-1802
9. Kristi Trondsdtr. Devegge Tangeviken 13.11. 1803-1861
G 1828 m Tolleiv Larsson Noss Tangeviken, gnr. 127/30.
10. Kari Trondsdtr. Devegge Torelien 17.11. 1805-1892
G 1820 m Tore Eilevson Torelien, gnr. 110/42.
11. Maria Trondsdtr. Sundre 04.11. 1807-1808

Trond og Margrete gifte seg i 1787. Margrete skal ha vokse opp på nedre Sundre.
    Margrete vart kalla Grete, og denne delen av nedre Sundre vart snart kalla Gretegarden. Og stugu vart kalla Gretestugu.
    Trond og Margrete budde på Nes dei fyrste åra. Dei kom til Ål i 1807.
    Trond lånte 400 rd til Ragnhild Torkjellsdtr. Sundre i 1807 og fekk garden Sundre i brukeleg pant mot årleg grunnleige 20 rd. (1536) 426
    I 1810 kjøpte Trond nedre Sundre på auksjon for 1700 rd.
    Trond var sersjant og gjorde tenest i krigen 1807-14. Men han var ikkje av dei yngste. Under ein retrett var Trond litt sein, og vart etter resten av laget medan svenskane drog seg innpå. Nokre velretta skot frå "Fyre-Nils" (Herleiksplass) inn mellom svenskane gjorde at Trond kom i sikkerheit.
    Trond og Margrete dreiv gjestgiveri på Sundre. I 1809 vart Margrete bøtelagt for ulovleg brennevinssalg.

{5433} År: 1836

Syver Trondson Steinmoen Sundre 02.11. 1788-1871
Foreldre: Trond Syverson Ruud (Nes) Sundre og Margrete Pettersdtr. Holter Rasch (Nes).
Gm Jørand Levorsdtr. Sundre 07.01. 1798-1894
Foreldre: Levor Levorson Lie frå Nes (ungkar) og Liv Knutsdtr. Sundre.
*Barn
1. Birgit Syversdtr. Sundre Haugen 10.11. 1821-1908
Barn: Kristian Jørgenson 1847-1936; Syver 1851-1908; Tolleiv 1854-1937; Guri 1857-1934, sjå barnebarn. To barn døydde småe.
    Birgit vart kalla Grete-Birgit og budde i ein liten stugu på Larsgardshaugen på Sundre. Ho bygsla stugu og ein jordlapp. Sjå foto av Grete-Birgit-stugu.
    Birgit doktorerte med årelating og blod-iglar. Iglane henta ho i ei tjørn nede ved elva, og dei vart oppbevara i eit glas i vindaugskarmen. Mange fekk slik hjelp av Birgit, bygdefolk oftast, men også ein sorenskrivar. (1466) s 89
    Birgit dreiv med sying og vask, og ho stiva kniplings-kragar. Mellom dei var også kragane til presten. (1434) 208
    Birgit var reie-kjering, og dottera Guri var med då ho var ikring på arbeid.
2. Kirsti Syversdtr. Sundre 22.12. 1823-1824
3. Kirsti Syversdtr. Sundre Kanafetmyro 16.11. 1825-1889
G 1849 m Ola Jensson Skansen (Nes) Kanafetmyro, gnr. 32/19.
4. Ola Syverson Sundre 06.10. 1828-1913
G 1853 m Haldis Guttormsdtr. Hansebråten. Sjå neste hushald.
5. Kristian Syverson Sundre Sandehuset 07.07. 1830-1911
Gm Inger Hansdtr. Taraldplassen. Sjå Sandehuset, gnr. 111/7.
6. Johan Syverson Sundre 07.01. 1833-1927
G 1871 m Rangdi Persdtr. Stakegarden 1841-1873. Barn: Syver 1873-1873.
    G 1875 m Anne Persdtr. Stakegarden 1855-1929. Barn: Syver 1876-1943 gm Anna Hedberg busett Fessenden Wells Co, ND; Per 1878-1947 ugift farmar; Elling 1880-1965 gm Savie Boston busett Grand Forks, ND; Johan 1883-1943 ug.; Anna 1886-1960 gm Lars Larsson ... farmar; Jørgine/Georgine 1888-1970 g 1911 m Ludvig Naas (Noss) (1 barn); Regina 1899-1971 ug.
    Johan og Rangdi var inderstar på Stakegarden i 1873. Johan dreiv som fehandlar, og kjøpte Hansegarden i Gol der han var 1875-1882. Dei reiste til Am. i 1885 og farma i Fjeld Nelson Co
    ND. Han skreiv seg "Johan Sundre".
7. Petter Syverson Sundre 19.06. 1834-
Petter var ugift og stevnevitne på tinget i 1865.
8. Petter Syverson Sundre 05.04. 1836-1839
Barnekopper.
9. Margrete Syversdtr. Sundre 28.02. 1839-1839
10. Petter Syverson Sundre Holshagen 07.07. 1841-1936
G 1885 m Gro Ellingsdtr. Rue-Berget, Hol. Ingen barn. Dei tok til seg brorsonen til Gro, Elling Hallsteinson Slåtto som drukna i Hagafossen 1903, - båten vart teken av straumen.
    Petter var postførar i 25 år og budde i Holshagen. I 1911 selde dei garden til Ola K. søre Holshagen.
*Barnebarn
1. Kristian Jørgenson Sundre 02.09. 1847-1934
Ug. Kristian kom til Kinsarvik som 14-åring. Han fekk seg arbeid som snikkar, og vart etterkvart ein av dei dugande Huse-snikkarane. Han hadde eigen verkstad på Hus.
    Kristian arbeidde med innreiing hjå Skaaluren skipsbyggeri i Rosendal ei tid. Så var han på anleggsarbeid i Ålvik. Kristian laga også trepper, møblar og vevgogner, fine arbeid. Han held på dialekta si. (Oppl. Oddmund Hus)
    Foreldre: Jørgen Kristianson Jonset (ungkar) og Birgit Syversdtr. Sundre.
2. Syver Tolleivson Sundre Nordhagen 03.01. 1851-1908
Gm Kari Tolleivsdtr. .... frå Nes. Sjå Hestehagen (Skavhølen), gnr. 111/a.
    I 1875 budde Syver og Kari hjå hjulmakar Gulbrandsen i Kr.ania. Syver var då leigebuar og jordbruksarbeidar. Dei kom til Hestehagen etterkvart.
    Foreldre: Tolleiv Tolleivson Hago (ungkar) og Birgit Syversdtr. Sundre.
3. Tolleiv Tolleivson Sundre 13.07. 1854-1937
G 1875 m Anne Knutsdtr. Nerolshaugen 1854-1920. Barn: Guri 1875-1954 gm Elling Tolleivson Tufto; Birgit 1878-1956 gm Tor Ellingson Sand-Kaupang; Anne 1881-1881; Sigurd 1882-1929 dreiv snikkerverkstad, g 1910 m Birgit Olsdtr. Slettemoen; Kristi 1883-1974 gm Arne A. Foss nordre, gm Lars Knutson Lofthus; Gudrun 1885-1964 lærar i Gvarv, gm Halvor Hellkås; Jørand 1887- til Hurum gm Hans Olson Svarteberg; Knut 1891- diplom-ingeniør ved NTH (konstruerte dieselmotoren Rapp), gm Olga Thornes, Trondheim. (Hol III s 685)
    Foreldre: Tolleiv Tolleivson Hago (ungkar) og Birgit Syversdtr. Sundre.
    Som konfirmant i 1870 fekk Tolleiv slik attest: 'særdeles god kunnskap. Flid og oppførsel rosværdig.'
    Tolleiv kom til Hol som krambusvein i 1872. Han vart post- og handelsmann i Hol. Styrar ved Hol Spareforening. Dei budde i Kyrudalen under Sindrol.
    Så selde dei Kyrudalen og bygde landhandel på tomta Solbakken under Løingen. Der var pakkhus og stallar og fjøs. Han slutta med landhandel i 1918, men var aktiv i styr og stell i bygda. Tolleiv fekk Kongens fortenstmedalje som post- og kommune-mann. (Hol II s 159)
4. Guri Andersdtr. Sundre Vareberg 21.01. 1857-1934
"Bibbi". G 1891 m Lars Person Vareberg. Sjå eige hushald.
    Foreldre: Anders Olson Sollien Sundre (ungkar) og Birgit Syversdtr. Sundre.

Syver og Jørand gifte seg i 1825. Dei fekk skøyte på Gretegarden i 1836. Bestemora til Jørand var Jørand Torkjellsdtr. Sundre (ei dotter til Torkjell Villand på Sundre.)
    Syver delte garden i 1838, og selde frå den eine delen til landhandlar Urholt som hadde nedre Sundre (Bygnadsluten), bnr. 15.
    Då Syver hadde smakt på den fyrste blautkaka sa han:
    "Å, det e vel kji so godt som de e dyrt te, tvela e!" Sidan vart dette eit ordtak i bygda. (1466) s 87
    Den kjende fele-låtten Skinntrøya fekk namnet etter Jørand Sundre. Spelemannen Ola Myro fortalde: "Eg sat i Gretestugun og let på fela. Det var so mange livate jentu der, måta. So kom ho Jørond inn or fjøse nett då eg let denne låtten. Ho hadde ei stor skinntrøye på seg. So var det ein tå karo som fata henne med seg, og ho te å danse med skinntrøyun på. Det vart moro med detta, og sea kalla me låtten Skinntrøya." (Ål II s 363)

{5434} År: 1860

Ola Syverson Sundre 06.10. 1828-1913
Foreldre: Syver Trondson Steinmoen (Nes) Sundre og Jørand Levorsdtr. Sundre.
Gm Haldis Guttormsdtr. Hansebråten Sundre 12.01. 1831-1910
Foreldre: Guttorm Johanneson Perplassen Tune Hansebråten og Guri Sevatsdtr. Tune.
*Barn
1. Syver Olson Sundre Tune 15.12. 1852-1948
G 1895 m Kari Sveinsdtr. Sundbrei. Sjå myljo Tune, gnr. 124/8.
2. Guri Olsdtr. Sundre 23.01. 1854-1950
Guri var ugift dagarbeiderske hjå broren Johan i 1891.
3. Guttorm Olson Sundre 04.09. 1855-1948
G 1888 m Inger Kirstine (Kjersti) Larsdtr. Søndenå frå Vikedal.
    G 1899 Kr.ania m Birgit Olsdtr. Kanafetmyrane.
    Guttorm kjøpte Sutøy i 1890. Sjå Sutøy, gnr. 111/10. Sidan til Drammen. Fanejunker.
4. Jørand Olsdtr. Sundre Slinde 11.11. 1857-1946
Gm A. eller Nils Slinde, Sogn, busett i Klotten, Nelson Co. Dakota. Jørand kom heim att som enkje og budde i Gretestugu. (1047)
5. Johan Olson Sundre 26.11. 1859-1954
G 1895 m Gunvor Andersdtr. Bjella. Bakar. Sjå Stavejordet, gnr. 114/7.
6. Eirik Olson Sundre 07.08. 1862-1930
G 1897 m Tora Torsteinsdtr. Branstuen (Brustugu) 1875-1951, Skjåk. Barn: Thalman 1897-1991 gm Florence Hansen; Helma 1901-1984 gm Melvin M. Grina 1896-1971; Clarence 1906-1994 gm Eva Dukes 1925-1977; Eugene 1911- ug.
    Eirik fekk utflyttingattest 1881. Farmar i Kloten, Nelson Co ND.
7. Ola Olson Sundre 15.12. 1864-1942
Ug. Sjå neste hushald.
8. Borghild Olsdtr. Sundre 04.07. 1867-1963
I 1900 var Borghild ugift husjomfru i Drengestua på LilleBorgen i Aker. I hushaldet var mange engelske studentar, ei guvernante, ein tidlegare kontorsjef m. fl.
9. Ågot Olsdtr. Sundre 15.05. 1870-1960
Ågot levde i 1875. Ho var ugift og stelte hus og fjøs hjå broren Ola i 1891.

Ola og Haldis gifte seg i 1853. Ola overtok garden etter faren i 1860 for 350 spd og kår.
    Sønene Johan og Syver og Guttorm tykte det vart trongt i Gretestugu. Dei lafta seg opp kvar si timrabu ved sida av Gretestugu, og låg der om sumrane. Då gutane vart vaksne og flytta frå garden tok dei med seg kvar si bu. (Oppl. H. Ulshagen)
    I 1894 skøytte Ola Syverson jakt og fiske på Steinstølen til til Jean Mittet. Og i 1898 vart jakt og fiske i Rødungen og Rødungoset skylddelt som bnr. 72.
    Ola selde garden til sonen Ola i 1900.

{5435} År: 1900

Ola Olson Sundre 15.12. 1864-1942
Foreldre: Ola Syverson Gretegarden Sundre og Haldis Guttormsdtr. Hansebråten.

Ola Olson var ugift. Han kjøpte garden i 1900 for 2300 kr og kår. I 1900 dreiv han hestehandel og jordbruksarbeid.
    Ved utskiftinga 1910 vart Gretegarden flytta ut or husklynga på Sundre. Ola bygde nytt tun nede ved elva, vest for brua og kalla garden Kirkevoll. Den gamle stugu, Gretestugu vart selt til bryggerieigar Schou og oppattsett i Holmenkoll-åsen.
    Ola delte frå Steinstøl- jakta, bnr. 123 i 1914. Og i 1920 selte han ein parsell til Lars Olson UlshagaSkardet. (Som bygde hus på Sundre og trevarefabrikk ved Ål stasjon.)
    Ola selde 1917 frå ei romsleg tomt (Sundrebakken, bnr. 129) til forretningsmannen Haakon Legland frå Bergen. Legland fekk sett opp eit stort hus som han og kona brukte kvar sumar.
    I 1930 kjøpte Ola Sundre eigedomen attende frå Legland. Ola selde Kirkevoll bnr. 199 i 1934 til Jens Romslo. Garden elles var selt ut som tomter i sentrum av Sundre. M.a Tomt til tingstugu i 1904.
    Ola budde i Sundrebakken saman med syskena Guri, Ågot og Borghild i fleire år.
    (I 1952 overtok Peder Aasgard eigedomen, i 1972 Dordei og Lars Hallingstad, i 1983 Ragnvald Gravningsmyr, og i 1988 Solveig og Øystein Lappegard.) (Oppl. Ø. Lappegard)
    Sundrestølene bnr. 201 vart selt til Myrestølen i 1934. Og Grostølsremmen og Torkjellsremmen vart selt til Myrestølen i 1944.