Piperslåtta gnr. 110 bnr. 25
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Piperslåtta gnr. 110 bnr. 25-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Piperslåtta og Piperplassen var truleg same plassen. Denne plassen har vore forveksla med Piperplassen på Hago, sjå Smedplassen. Same namnet har dessutan vore brukt om ein plass under Torpehagen. NB. I husmanns-manntalet for tida 1835-1840 står både Smedplassen og Piperplassen under Sundre.
    Piperslåtta låg under nedre Sundre, og vart kalla 'Piperslåtten i Lien' i 1798. Namnet kjem av eit militært musikkinstrument. Ein piper var ein soldat som gjekk fremst og spelte på 'pipe' når kompaniet marsjerte. Piperslåtta låg ved Helgelien.
    I september 1797 vart gjort ein avtale i forlikskommisjonen mellom Sundrebøndene om Piperslåtta m.m. Dei andre Sundrebøndene hadde rive opp gjerdet som Eirik Anderson hadde sett opp kring Piperslåtta.
    Partane vart samde om at Eirik Sundre skulle 'nyde Pibeslåtten uhindret og upåanket således som den nu befindes indhegnet.' Dei andre grasningane ovanfor Oksejukel og Klyvset skulle Eirik framleis bruke, men ikkje gjerde inn. Frå Grostølane, Dokken og Nystølen (under Hagen) skulle ikkje gjætast lenger heim enn Kvilingsbenken vår og haust.

{5436} År: 1770c

Knut Guttormson Ruud Sundrehagen 1735-1817
Foreldre: Guttorm ... ... Sysken: Lars Guttormson gm Lukris Johannesdtr. ; Sigrid Guttormsdtr. Sando.
Gm Ambjørg Jonsdtr. Sundremyren Piperslåtta 31.08. 1744-1828
Foreldre: Jon Larsson Myren Oppsjø og Ambjørg Ørjansdtr. Kaslegard.
*Barn
1. Torjus Knutson Sundrehagen 20.09. 1767-
Gm Liv Aslesdtr. Ruud. Barn: Knut 1791-1848, sjå Arnfinnset, gnr. 8/12. Død i 1790-åra, Liv vart attgift med Holge Olson Nubgarden Granlien.

Knut var tenestgut i Prestgarden i 1762. Knut og Ambjørg budde i Sundrehagen i 1767.
    Knut var militærmusikar og vart kalla Knut Piper. Han fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. Plassen heitte Piperplass eller Sundre-eie. (632)
    Knut Piper vart mykje nytta som stevnevitne på tinget. Han møtte for lensmannen på eit skifte i 1788. Og i 1791 held Knut taksering på Håheimgardane i 'justisråd og sorenskriver Bolls fraværelse.'
    Knut vart utsagt frå Piperplassen av Eirik Sundre i 1793. Knut hadde ikkje betalt årleg leige, eller oppfylt 'almindelige husmands pligter.' Dessutan hadde han hogd tømmer i skogen på ein måte som var meir enn 'en husmands almidelige pleie.' Knut og Eirik skreiv ein avtale så han kunne bu på plassen likevel. (1673)77
    I 1800 vart Knut stevna på nytt av Eirik for manglande grunnleige dei siste to år. Knut og Eirik vart samde i forlikskommisjonen. Knut skulle få gjera pliktarbeid når det høvde for han. (1407)
    Då Knut var død 1817 vart han skriven som 'Hageeiet'.
    Ambjørg vart kalla 'Piper-Ambjørg' og fekk seg utdelt korn i Torpo frå 1825 og til 1827. (783)
   

{5437} År: 1799


I 1799 stevna Ola Olson Piperplassen Ola Olson Sundre og kona Åse Olsdtr. for 12-13 år teneste-løn, og for at han hadde mista helsa i deira teneste.
    Dessutan skulda Ola dei for å ha skjenkt han full før han skreiv under på eit dokument om løna si. Saka vart vist til retten.

{5438} År: 1814


Ola Olson Sandehuset og Kari Torsteinsdatter bygsla Piperslåtta i 1814. To år seinare kjøpte dei Trolløyen.

{5439} År: 1834

Birgit Larsdtr. Sundre Larsgarden 21.11. 1807-1841
Foreldre: Lars Olson Sundre (Larsgarden) og Birgit Aslesdtr. øvre Medgard.
Gm Guttorm Eilevson Kallerud Piperplassen 1803-1880
Foreldre: Eilev Guttormson Øvrehaug (Sønsteby) Kallerud under Medbøen og Guri Bjørnsdtr. ... , Flå.
*Barn
1. Guri Guttormsdtr. Piperplassen Nelson 14.11. 1833-1914
Gm Nils Nilsson Opsal-eie "Slenta" 1837-1923. Barn: Gudbrand/Gilbert 1862-1938 g 1908 m Maria Holte 1884-1915 (3 barn); Nils 1865-1947 gm Nikoline Iverson 1878-1924 (4 barn); Martin 1867-1916 g 1894 m Ingine Caroline Peterson (8 barn); Gustav 1869-1881; Edward 1872-1935; Bernhard 1874- g 1901 m Mina Halvorsdtr. Kjeldal (2 barn); Gurine Helene 1877-1903; Bergit Lovise 1877-1954 g 1909 m Julius Thompson (2 barn) (J. Marler.)
    Nils kvitterte for hennar arv etter Lars O. Sundre i 1861. Til Stearns Co kring 1867. Skreiv seg Nelson eller "Slenta".
2. Birgit Guttormsdtr. Piperplassen Benken 06.07. 1836-1930
Gm Ola Kolbjørnson Opsal/Benken, Flå 1832-1909. Ingen barn, fosterson nevøen Martin Nelson.
    Ola kvitterte for hennar arv etter Lars O. Sundre i 1861. (780)
    Bibelen til Ola Kolbjørnson Benken og Birgit Gutormsdtr. er i eiga til Hallinglaget i Amerika. (J. Marler)
3. Lars Guttormson Piperplassen 23.02. 1839-1840

Guttorm og Birgit gifte seg 1833 på Norderhov. Guttorm var arbeidsmann.
    Dei var på Kallerud i Flå ei tid. Så kom dei til Ål før 1836 og var inderstar i Larsgarden. Guttorm flytta attende til Flå etter at Birgit gjekk bort.

{5440} År: 1845

Torkjell Torsteinson Vesle Dengerud Piperplassen 28.02. 1821-1920
Foreldre: Torstein Torkjellson Hove Vesle Dengerud (Rime) og Anne Amundsdtr. Hellinghaugen.
Gm Birgit Olsdtr. Helling Huus 21.10. 1804-
Foreldre: Ola Knutson Helling Mykingplassen Huus og Guri Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Birgit Torkjellsdtr. Piperplassen Guroplass 22.07. 1848-
Ug. I FT-1891 budde Birgit i Guroplassen. Levevegen hennar var 'br. av jord, inderst, vask.' Birgit budde saman med mor si og sonen Ola Kristianson f. 1882.

Torkjell og Birgit gifte seg i 1848. Birgit skreiv seg då Skallehaugen og Torkjell var inderst i Piperplassen.
    Då mor til Birgit var død i 1858 heitte det at Birgit var enkje og budde på Guroplassjordet. I FT- 1865 budde Birgit ('enke') og dottera Birgit (17 år) framleis i Guroplassen.
    Nokon Torkjell Torsteinson har ikkje gått bort i tida mellom 1848 og 1858. Han reiste til Amerika i 1852 og vart attgift med Karoline Olsdtr. ... 1832-1897.
    Barn: Torstein 1859-1861; Olaus 1860-1909; Torstein 1861-1948 g 1889 m Inga Peterson; Anna Louise 1864-1864; Anna Louise 1864-1943 g 1885 m Andrew Engebretson; Gustav 1867-1941; Nils 1869-1935 g 1896 m Karen Thon; Theodore 1871-1937 g 1892 m Mary Garness. (884) (1679)

{5441} År: 1848

Embrik Embrikson Medgarden Piperslåtta 02.07. 1818-1905
Foreldre: Embrik Olson Skjerping nedre Medgarden og Guri Nilsdtr. Skjervheim.
Gm Birgit Knutsdtr. Toknutplass Arnegard 15.07. 1821-1915
Foreldre: Knut Olson Randen (?) Hestebrekk Toknutplass og Kristi Olsdtr. Helling.
*Barn
1. Kristi Embriksdtr. Piperslåtta Lein 04.01. 1848-1933
G 1867 m Thomas A. Lien, Skånevik. Barn: Betsy 1871- ; Jacob 1873-1941; Esabel 1876- ; Mary 1877-1966 gm ... Olson; Evaline 1879-1965 gm Knut K. Nau; Bessie 1885-1961 ug.; Gertrude Augusta 1887- ; Helen ...- gm Andrew Torreson, Des Moines Ia.
    Kristi budde nær Roland Iowa til 1889, sidan flytta dei til Esterville, Iowa. Dei skreiv seg Lein istadenfor Lien.
2. Guri Embriksdtr. Piperslåtta Charlson 14.09. 1849-
=Julia. G 1868 m Jacob Charlson, Noreg 1841-1901c. Barn: 9, av desse er: Birgitta Serine 1869c- ; John 1874- ; Elma 1879- ; Engebrit 1881-1951 gm Anna L. ... (4 barn); Olena 1891- .
    Til Am. 1865. Jacob var farmar og hadde gjort tenest i borgarkrigen. Dei budde i Lafayette, Story Co Iowa.
3. Barbro Embriksdtr. Piperslåtta Rask 18.05. 1853-
Gm Peter W. Rask, Sverige. Barn: minst 2: Anna 1877- ; Gillman 1879- .
    Peter arbeidde i kolmine. I 1905 budde Barbro i McPherson, Kansas, i 1933 i Highbridge, Iowa.
4. Knut Embrikson Piperslåtta 17.06. 1855-
Knut budde i Des Moines, Iowa og var arbeidsformann hjå Getchell and Martin Lumber and Mining Company.
5. Ragnhild Embriksdtr. Piperslåtta Larson 12.10. 1857-
G 1878 m Gjert/George Larsson, Hjelmeland i Kvinnherad 1843-1916. Barn: Embert Victor 1879-1941 advokat i Twin Falls, Idaho; Belle Margaret 1881- gm (Martin?) Teig; Harry Wilhelm 1883-1965 gm Hilma Holmberg (minst 4 barn); Gerald 1889- ; Adolph 1893- ; Olaf 1894- ; Adella 1895- skulestyrar; Carl Fritjof 1901- .
6. Ola Embrikson Piperslåtta 26.09. 1860-
G 1886 m Anna Larson. Barn: Elwin Johan 1891- ; ...
    Ola var død før 1905.
7. Nils Embrikson Piperslåtta 09.04. 1863-
Nils budde i Nebraska i 1905. Truleg død før 1933.

I 1848 kom Embrik og Birgit til Piperplassen som nygifte. Embrik var på silde-fiskeri ved Karmsund på Vestlandet dei fyrste vintrane. Dei budde i Piperslåtta 1848 til 1863.
    Kring 1865 reiste heile familien til Amerika. Dei setla i Lafayette, Story Co, Iowa og skreiv seg Engebretsen. (Oppl. v/J. Marler)