Larsgarden Sundre gnr. 110 bnr. 32
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Larsgarden Sundre gnr. 110 bnr. 32-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øvre Sundre var fullgard og hadde 24 laupsbol i landskyld i 1670. Sidan nedre Sundre var nemnt som eige bruk i 1358, så vil også øvre Sundre vera ein svært gamal gard. Sjå innleiinga under Sundre, bnr. 0.
    Frå øvre Sundre er frådelt fylgjande bruk: Sundre bnr. 16 - etterkvart kalla Åsegarden (6 laupsbol, herav søre Hago); Sundre bnr. 32 - etterkvart kalla Larsgarden; Myren bnr. 37 (6 laupsbol); Helgelien bnr. 35 (3 laupsbol); Sundreøyen bnr. 41 (1 laupsbol).
    Denne framstillinga fylgjer fyrst øvre Sundre fram til omlag 1710 då Åsegarden Sundre bnr. 16 vart frådelt. Deretter fylgjer ein Larsgarden.
    Namnet Larsgarden kom fyrst i bruk etter 1723 då Lars Olson frå nedre Sundre kjøpte halve øvre Sundre for 400 rd og ei kyrkjeku. Garden skulle vera på 12 laupsbol, men det var sume som rekna 9 laupsbol, og skatten var rekna av 8 laupsbol. Dvs. underbruk var frårekna landskylda.
    Plassar: Larsgardshaugen, Lien (Tore-Lien, gnr. 110/42), Larslien (Dokklien, gnr. 110/46)
    Stølar. Larsstølen vart frådelt som eige bruk i 1812. Grostølen vart fråselt i 1896.
    I 1870 vart tunet i Larsgarden flytta austover noko, og vart liggande rett opp for husa på SundreMyren. Den tohøgda bygnaden med hage omkring vart frådelt 1938 som Bergum, bnr. 225.

{5459} År: 1765

Ola Larsson Sundre 1728c-1798
Foreldre: Lars Olson Sundre og Birgit Torsteinsdtr. Stave.
Gm Lukris Larsdtr. Rime Sundre 1729-1803
Foreldre: Lars Eirikson søre Rime og Gro Torsteinsdtr. Stave.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Sundre Holo 09.02. 1766-1840
Gm enkjemann Sevat Larsson Gjeldokk Holo, gnr. 50/1.
2. Lars Olson Sundre 16.07. 1769-1846
Gm Birgit Aslesdtr. Medgarden. Sjå neste hushald.

Ola og Lukris gifte seg i 1765. Ola kjøpte skyldgods i garden for 81 rd i 1765, og sat då med halve garden.
    I 1766 selde Ola frå (Tore)Lien (bnr. 42) til Ola Fingarson for 100 rd.
    NB. Oppgitt alder '84' i 1798 høver dårleg med oppgitt alder i eit skifte.

{5460} År: 1798

Lars Olson Sundre 16.07. 1769-1846
Foreldre: Ola Larsson Sundre og Lukris Larsdtr. Rime.
Gm Birgit Aslesdtr. Medgarden Sundre 29.09. 1765-1848
Foreldre: Asle Eilevson Medgarden og Kari Torsteinsdtr. Sando.
*Barn
1. Lukris Larsdtr. Sundre 09.04. 1797-1855
Ugift. Barn m/Lars Asleson Holto Guroplass: Ola 1821-1900 og Asle 1833- , sjå barnebarn.
    Lukris budde i Bombrud.
2. Ola Larsson Sundre 19.08. 1798-1869
G 1839 m Kari Johannesdtr. Urden, Hol. Sjå neste hushald.
3. Asle Larsson Sundre 1800-1872
Asle var ugift. Syskena arva i 1872.
4. Birgit Larsdtr. Sundre 21.11. 1807-1841
G 1833 Norderhov m arbeidsmann Guttorm Eilevson, Flå 1803-1880. Barn: Guri 1833-1914 gm Nils Nilsson Opsal-eie, til Am.; Birgit 1836-1930 g 1863 m Ola Kolbjørnson Benken Grøsland, til Am. ; Lars 1839-ung.
    Birgit og Guttorm budde på Kallerud i Flå ei tid. Til Ål før 1836: Inderstar i Larsgarden. Guttorm flytta til Flå etter at Birgit gjekk bort.
   
*Barnebarn
1. Ola Larsson Sundre 16.04. 1821-1900
Gm Sara Knutsdtr. Litlatun, Eidfjord 1843-1913. Barn: Brita 1858- ; Lars 1861- ; Katrina 1865- ; Knut 1865- . (Ulvik II s 187)
    Foreldre: Lars .... Vestrem i Ulvik (ungkar identisk med Lars Asleson Holto Guroplass Hovda) og Lukris Larsdtr. Sundre.
    I 1837 fekk Ola attest for flytting til Eiker. Han var murarbeidar og husmann utan jord på Hakestad i Ulvik i 1865. Ola var poståpnar og busett i Vestreim i Ulvik i 1872.
    I 1875 var Ola Larsson murar og husmann med jord på Stetten i Ulvik. I 1900 budde han på Litlatun i som 'tilreisende svigersønn'.
2. Asle Larsson Sundre 22.11. 1833-
Asle var kolportør for det britiske Bibelselskap i Stavanger.
    Foreldre: Lars Asleson Holto Guroplass Hovda (ungkar) og Lukris Larsdtr. Sundre.

Lars kjøpte Sundre for 650 rd i 1798. Han var gardbrukar og soldat i 1801.

{5461} År: 1841

Ola Larsson Sundre 19.08. 1798-1869
Foreldre: Lars Olson Larsgarden Sundre og Birgit Aslesdtr. Medgarden.
Gm Kari Johansdtr. Urden Sundre 1810-
Foreldre: Jon Syverson Urden og Margit Knutsdtr. .... , Hol. (Hol III s 188)
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Sundre Hushaugen 10.11. 1839-1897
G 1862 m Helge Embrikson Hushaugen, gnr. 112/15. Sjå år 1866.
2. Margit Olsdtr. Sundre Moen 11.09. 1841-____
G 1871 m Syver Eilevson SkomakarMoen, gnr. 120/7
3. Lars Olson Sundre 04.08. 1843-1865
Ugift. Sjå år 1854.
4. Jon Olson Sundre 04.12. 1846-
G 1899 i Amerika m Christine Guttormsdtr. Kilen frå Luster. Barn: Oscar 1899-1983 farmar i Michigan township Nelson, ND, g 1931 m Edna Violet Rio (4 barn); Carrie 1901-1964 farmar ved Fordville, Walsh co ND, g 1920 m Jens Nilsson Offerdal (Årdal) (6 barn); Julia 1904- g 1924 m Ludvig H. Larsson (4 barn), g 1954 m Severin Iverson Smaage; Bella Marie 1906- g 1935 m Ben Hart. (1554), (1576).
    Jon reiste til Amerika i 1868: Nelson Co, ND.

Ola og Kari gifte seg i 1839. Ola fekk skøyte på garden i 1841.

{5462} År: 1854

Lars Olson Sundre 04.08. 1843-1865
Foreldre: Ola Larsson Larsgarden Sundre og Kari Johannesdtr. Urden.

Lars var ugift. Han overtok garden i 1854.
    I 1866 skøytte skifteretten garden til systermannen Helge Embrikson for 700 spd.

{5463} År: 1866

Helge Embrikson Hushaugen Haugen 23.09. 1829-1888
Foreldre: Embrik Holgeson Hushaugen og Birgit Tolleivsdtr. Tangen.

Helge Embrikson Haugen (gm Birgit Olsdtr. Larsgarden Sundre) kjøpte Sundre for 700 spd i 1866. Sjå Embrikshaugen, gnr. 112/15.
    Birgit selde frå fleire tomter i 1893, m.a. Solheim, Skansen og Stein. Og i 1896 selde ho Grostølen til Moen. Garden Sundre vart overført til sonen Ola i 1897.

{5464} År: 1897

Ola Helgeson Hushaugen Sundre 02.01. 1865-1913
Foreldre: Helge Embrikson Hushaugen og Birgit Olsdtr. Sundre.
Gm Gunhild Embriksdtr. Skrindo Sundre 10.05. 1865-1951
Foreldre: Embrik Nilsson nordre Skrindo og Birgit Olsdtr. Løkensgard.

Ola og Gunhild gifte seg i 1895. Ingen barn. Ola overtok garden 1897 etter mora for kr. 3600.