Myren gnr. 110 bnr. 37
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Myren gnr. 110 bnr. 37-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sundremyren vart også kalla søre Sundre. Myren grensar mot Nigarden Sundre i vest og til Storelva i sør, og mot Hago i aust.
    Garden vart frådelt øvre Sundre kring 1700, men hadde vore i brukeleg pant frå kring 1660. Dei sterke banda til øvre Sundre og ei rekkje pantemenn gjer eigarrekkja litt uoversiktleg fram til 1733.
    Areal 1865: dyrka jord 12 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 25 mål. Avling 14 tunner bygg og 14 tunner potet.
    På gamle fotografi ligg tunet på Myren som ein krull med låge solbrende hus litt aust for tunet til den gamle Larsgarden. I 1910 flytta Knut K. Myren tunet lenger vest, og bygde om stugu. Stolphuset vart påbygd til loft under flyttinga. Uthusa vart bygde nye, likeeins eldhuset. (Oppl. H. Ulshagen.)
    Frådelte bruk og plassar: Myrestølen, bnr. 38; Arnelien, bnr. 45.
    Vidare er frådelt mange tomter på Sundre, både einskilde hustomter og store tomter til Hallingdal sjukestugu og kjøpesenteret Ålingen. Myrenstugu vart flytta til bustadfeltet Hago som 'grendehus' kring 1990. I skrivande stund er det planer om å flytte stugu.
    Stølar. Heimstøl Grostølen (fråselt), Myrestølen (fråselt). Langstøl er Åsegardgjerda på Bosset.

{5487} År: 1768

Ola Knutson Sundremyren 1739c-
Foreldre: Knut Larsson SundreMyren og Kristense Olsdtr. Sundre.
Gm Åse Olsdtr. ... Sundre 1732-1818
Foreldre: Ola ... ... og ... ...

Ola og Åse fekk to dødfødte barn. I 1768 kjøpte Ola 1/4 i Øvre Sundre (6 lb.) hjå Lars Mikkelson i 1768 for 500 rd. Johannes Larsson Sundre stevna på odelen i 1772.
    Ola var bøtelagt 1773 etter stevning frå presten. Ola og kona hadde i lengre tid drive ulovleg sal av øl og brennevin. Etter at folk samlast til ting eller messe, vart det oftast drikk- og dansarlag hjå Ola Knutson. Det råkte at folk på kyrkjeveg vart sitjande både ein og to dagar i svir og drikk. Og der var klammeri, - ved eit slikt høve hadde Ivar Gjeldokk brote foten sin. Laurdagskveldane samlast dei unge på Sundre til dans og drikk, og det kunne vara heile helga.
    Ola svara at lensmannen hadde gjeve løyve til kro- og vertshus-hald, men noko løyve kunne ikkje leggast fram. Eit par av gjestene kom på tinget og vitna om eit "forførisk og skadelig Vertshuus" som dei ynskte å få avskaffa på eigne og ålmogen sine vegner.
    Prokurator og lensmann Torkjell Villand kravde frifinning, men retten ila bot på 30 rd som "lærepenge for andre gang." Nokre av dei ivrigaste stamgjestene vart også ilagde 1 rd i bot til fattigkassa. I tillegg vart Ola bøtelagt 3 lodd sylv for "Hellig Brøde". (1374) s 64
    Åse vart attgift to gonger. Fyrst med Mikkel Larsson øvre Sundre. Og deretter med Ola Olson øvre Sundre, gnr. 110/16. Namnet Åsegarden Sundre kjem av Åse.

{5488} År: 1772

Lars Jonson Sundremyren Myrestølen 1737-
Foreldre: Jon Larsson Myren Oppsjøplassen og Ambjørg Ørjansdtr. Kaslegard.
Gm Guri Olsdtr. ... Myrestølen 1735c-1794s
Foreldre: Ola ... ... og ...
*Barn
1. Jon Larsson Sundremyren 15.05. 1769-1814
Gm Anne Olsdtr. Styrkestad. Sjå år 1795.
2. Ambjørg Larsdtr. Sundremyren Prestgarden 24.11. 1771-____
Ambjørg var konfirmert i 1790 og ugift tenestjente i Prestgarden i 1801. Sidan ser me ikkje meir til henne.
3. Arne Larsson Sundremyren Lien 17.07. 1774-1841
G 1800 m Anne Olsdtr. Tufte/Kaupang, Hol. G 1837 m Birgit Olsdtr. Noss.
    Sjå Myrestølen, gnr. 110/38. Og Arnelien, gnr. 110/45.
4. Margit Larsdtr. Sundremyren 1777-
Truleg død i 1790-åra.

Lars vart oppnemd som lagrettesmann 1769.
    Lars selde garden til Mikkel Larsson i 1788 for 445 rd og kår. Men Lars held attende Myrestølen, eit mål ved både Grostøllien og Bosset, samt vanlege rettar i skog og beite. Eigaren av Sundremyren skulle kunne løyse Myrestølen etter takst etter Lars og Guri si tid.
    Guri døydde i 1794. Då heitte det at Lars framleis hadde sitt levebrød av Myrestølen, men han var gamal og sleit med helsa. Buet etter Guri var 79 rd.

{5489} År: 1788


Mikkel Larsson øvre Sundre kjøpte Sundremyren i 1788. Mikkel selde vidare til Jon Larsson for 540 rd i 1795.

{5490} År: 1795

Jon Larsson Sundremyren 15.05. 1769-1814
Foreldre: Lars Jonson Sundremyren og Guri Olsdtr. ... .
Gm Anne Olsdtr. Styrkestad Sundremyren 06.07. 1766-1843
Foreldre: soldat Ola Olson Bergsgard (ungkar) og Gro Halvorsdtr. Styrkestad.
*Barn
1. Guro Jonsdtr. Sundremyren 13.11. 1796-1842
G 1819 m Fredrik Karlson Richter Sundremyren. Sjå neste hushald.
2. Ola Jonson Sundremyren 25.03. 1799-1799
3. Gro Jonsdtr. Sundremyren 25.09. 1800-
G 1821 m Bernt Anker Richter. Sjå Myro, gnr. 110/47.
4. Lars Jonson Sundremyren 02.01. 1804-1805
5. Anne Jonsdtr. Sundremyren Granlien 30.11. 1806-1850
G 1837 m Holge Eirikson Skaro (Hol) Granlien, gnr. 11/2.
6. Ambjørg Jonsdtr. Sundremyren Myrestølen 18.04. 1810-1841
G 1839 m Ola Embrikson Kitilsplass Myrestølen, gnr. 110/38.

Jon kjøpte fiskevatna Halstein-Mjåvatnet og Sandvatnet hjå Knut Asgrimson Hallsteinsgard i Hovet i 1783. Pris: 6 rd.
    Jon kjøpte Sundremyren for 540 rd i 1795. Han rekna seg som rett odels- og løysingsmann. Unnateke handelen var den gamle fehustomta og inngjerdinga på Bosset, seljaren Mikkel Larsson låg i rettssak om dette. (1259) 14b
    Anne selde garden i 1824 og inngjekk slik kårkontrakt med svigersonen Fredrik Richter i 1829: 1 ku og 6 småfe framfødd og stellt, 2 tunner bygg, 1/4 tunne salt. Langåkeren til bruk m.m. Fredrik hadde enno ikkje fått skøyte i 1829.
    I 1834 selde Anne plassen Lien til bror han, Arne Larsson.

{5491} År: 1824

Fredrik Karlson Richter Sundremyren 1796-1861
Foreldre: Karl Peterson Richter (Myro, gnr. 110/47) og Birgit Bjørnsdtr. Skrindo.
Gm Guro Jonsdtr. Sundremyren 13.11. 1796-1842
Foreldre: Jon Larsson Sundre og Anne Olsdtr. Styrkestad.
Gm Sissel Olsdtr. Nerols-eie Trolløyen 1819c-1873
Foreldre: Ola ... Nerols-eie og ... ... ..., Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Fredrikson Sundremyren 15.08. 1818-1845
Ugift tambur. Barn: Håkon 1843- m Liv Håkonsdtr. Ulshagaeie.
2. Karl Fredrikson Sundremyren Strangeberg 01.05. 1820-1903
G 1846 m Birgit Mikkelsdtr. Granhagen 1822-1883. Sjå Strangeberg, gnr. 34/1c. Til Am.
3. Birgit Fredriksdtr. Sundremyren Bergo 19.05. 1822-1920
G 1851 m sersjant Ola Torson Storlihaugen Berget, 1821-1914. Barn: Tor 1852- lærar i Rock Co, MN, gm ..., Haugesund; Anne 1854-1935 g 1873 m Tolleiv Olson Opsata, farma Rock Co, seinare Luverne (6 barn); Guro 1856-1870 ; Fredrik 1859-1914 g 1893 m Mary Haugner, Oslo, farma ved Luverne, MN (6 barn); Kari 1861-1931 g 1899 m Peder Arneson Roen, busett Luverne, MN (1 son); Nils Carl 1865-1942 tannlege, busett Webster City, Iowa gm Sarah Johnson (3 barn). (1417)
    Ola var sersjant og Birgit var jordmor. Dei var på Øygarden i Gol 1856-1870. Ola reiste til Am. i 1869, ho og barna kom etter i 1870. Farma i Vienna, Rock Co MN. Sjå også Berget, gnr. 2/7.
4. Anne Fredriksdtr. Sundremyren 14.10. 1824-1824
5. Jon Fredrikson Sundremyren 21.04. 1826-
Gm Christine ..., Fredrikstad 1830c- . Barn: Anna 1857- ; Carl 1861- ; Fredrik 1863- ;
    Jon var 'tambour ved Krigsskolen', busett i Kr.ania i 1865.
6. Embrik Fredrikson Sundremyren 1828-1876
Barn: Pål 1854 m/Turid Knutsdtr. Verpe, Hol.
    G 1859 m Liv Olsdtr Nedrebråten, Gol. Barn: Fredrik 1860-1882 g 1882 m Betsey Anderson ( 1 barn); ...
    Til Am. som enkemann i 1872. Busett Viena Rock Co MN. (1627)
    Farmar. Død av tuberkulose i 1876.
   
7. Anne Fredriksdtr. Sundremyren 28.09. 1831-1834
8. Anne Fredriksdtr. Sundremyren 1835-
Anne var tenar i Kr.ania i 1861. Utflutt til Drøbak. Truleg gm Harald Hågensen, Norderhov 1828- sagbruksformann busett i Fredrikstad i 1900. Barn: Martin 1862- krøpling.
9. Guri Fredriksdtr. Sundremyren Vienløkken 27.02. 1838-
Gm Kristoffer Eriksen, Gran. Barn: Edvart 1877- gardsarbeidar, gm Anna Nikolaisdtr. (minst 1 barn); ...
    Guri var på legd som barn. I 1861 var ho ugift på Flå. I 1873 var ho myndig arving med ukjent tilhaldsstad.
    I FT-1900 budde Guri og Kristoffer på husmannsplassen Vienløkken på Gran. Kristoffer var husmann og arbeidar, Guri dreiv spinning og husstell.
*Barn i andre ekteskap
1. Guro Fredriksdtr. Sundremyren Johansen 29.09. 1844-
Gm .... Johansen. Guro fekk skøyte på Trolløyen, gnr. 110/7 i 1861. Guro reiste til Kr.ania, var tenestjente ved sjukehuset i Storgata i 1865, kom seinare til Am.

Fredrik og Guro gifte seg i 1819. Guro døydde i barselseng 1842. På skiftet etter henne var taksten på Sundremyren 500 spd.
    Fredrik vart attgift 1845 med Sissel Olsdtr. Nerols-eie, og fekk ei dotter med henne.
    Fredrik dreiv skysstasjon på Sundre ei tid.
    Fredrik selde Sundremyren til Eirik H. Noss og kom til Trolløyen i 1861. Fredrik held attende bruksretten til Langåkeren, Jehansbakken og ei slåtte på vestsida.
    I 1865 sat 'Cecilie Troldøen' frå Hol på Tukthuset i Kr.ania. (Av ukjent årsak.) Ho var enkje og husmor.
    På skiftet etter Sissel var buet omlag tomt, så høyet og gjødsla på Trolløyen vart selt for å dekke gravferda.

{5492} År: 1862

Knut Tolleivson Hago Sundremyren 02.06. 1826-1902
Foreldre: Tolleiv Tolleivson Hago og Ingeborg Amundsdtr. Hellinghaugen.
Gm Ambjørg Olsdtr. Noss Haugegarden Sundremyren 06.11. 1839-1878
Foreldre: Ola Tolleivson Noss og Ingeborg Håkonsdtr. Opheimsjordet.
Gm Kari Persdtr. Baklien Sundremyren 26.05. 1855-1926
Foreldre: Per Anderson Nupestølen Baklien og Anne Larsdtr. Svarteberg.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Tolleiv Knutson SundreMyren 22.03. 1866-1925
Gm Ambjørg Torkjellsdtr. ... 1860-.... . Barn: Ola 1880- ; ....
    Tolleiv fekk utflyttingsattest 1881. Busett Canton, SD.
2. Ola Knutson SundreMyren 29.10. 1868-
I 1902 budde Ola i Minneapolis.
3. Knut Knutson SundreMyren 11.10. 1871-1947
G 1898 m Ambjørg Andersdtr. Hove. Sjå neste hushald.
4. Lars Knutson SundreMyren 02.08. 1874-____
5. Ambjørg Knutsdtr. SundreMyren 04.04. 1878-1972
Ambjørg var ugift budeie på Lekum i Eidsberg i 1900. Gm ... ... , busett i Eidsberg.
*Barn i andre ekteskap
1. Per Knutson SundreMyren 08.08. 1881-1974
G 1905 m Josefine Nelson 1883-1970. Barn: Clara ....- gm William Semenchuck; Ann ....- gm ... Lasbye; Joseph ....- busett i Swift Current; Alfred ....- busett i Shaunavon; Carl ....- busett i Shaunavon; Mabel ....- gm A.V. McIntyre; Myrtle ....- gm Myron Boyle. (1433) nr 174
    Per reiste til Am. 1902: Polk Co. MN. Sidan til Shaunavon, Sask. Canada. Han dreiv fyrst snikkararbeid, var sidan farmar i Canada fram til 1944.
2. Ingeborg Knutsdtr. SundreMyren Kaldal 01.09. 1883-
Gm Ola Olson Kaldal. (Politikonstabel, busett i Hjartdal. Barn: Margit 1905- .
    FT- 1900 var Ingeborg kokke på Solberg i Sande.
3. Anne Knutsdtr. SundreMyren 19.06. 1885-1886
4. Lars Knutson SundreMyren 07.04. 1888-1977
G 1915 m Anna Brynjulvsdtr. Dolve frå Voss. Sjå eige hushald jarnbanen.
5. Eirik Knutson SundreMyren 24.10. 1891-1974
Ugift. Eirik var 'døvstum' og budde på Bygdaheimen.

Eirik Hallgrimson Noss (Knutsgarden, gnr. 120/1) kjøpte Sundremyren i 1861. Han selde vidare til Knut Hago i 1862.
    Knut og Ambjørg gifte seg i 1865. Ho døydde i barsel og Knut vart attgift 1881 med Kari Persdtr.