Richterøyen gnr. 110 bnr. 41
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Richterøyen gnr. 110 bnr. 41-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Richterøyen ligg på flatene ved innfallsoset til Oppsjø. Det opphavlege namnet var Sundreøyen eller Oppsjø-øyen, etter 1826 vart bruket kalla Richterøyen etter lensmannen Richter.
    Vårflaumen kunne vera farleg på Sundreøyen. Var bonden for tidleg ute med våronna, så kunne han miste både møk og jord.
    I 1684 selde Syver Ørjansson Oppsjø-øyen til gamlelensmannen Knut Ivarson Bagge Sundre for 14 rd.
    Areal 1865: dyrka jord 4 3/4 mål, naturleg eng 6 mål. Avling 3 3/4 tunne bygg og 2 1/2 tunne potet.
    Berre vår og hausthamn. Sundreøyen vart brukt saman med Myrestølen frå 1848.
    Saman med Sundrebråten, gnr. 110/44 vart Richterøyen kjøpt av kommunen og brukt som idrettsanlegg frå ... .

{5506} År: 1770

Anders Holgeson Vangen Gudmundsrud 1740-1795
Gm Dordei Syversdtr. Kleiven. Foreldre: Holge Syverson Rime Vangen og Ambjørg Olsdtr. Sundre.

Anders Holgeson Vangen Gudmundsrud kjøpte SundreØyen i 1770 for 134 rd hjå Ola Torjusson Raalien i Nore.
    I 1772 makeskifta han Øyen med Sindre Sundre og fekk att Gudmundsrud og stølen Svanset. Sindre selde vidare til Mikkel Larsson Åsegarden Sundre.
    Deretter vart SundreØyen liggande under Åsegarden Sundre fram til 1806. Husmannen Ola Syverson var på SundreØyen denne tida.

{5507} År: 1775c

Ola Syverson ... SundreØyen 1749-____
Foreldre: Syver ... ... og ... ... ... , Gudbrandsdalen.
Gm Margrete Andersdtr. Sundre SundreØyen 03.10. 1751-1820
Foreldre: smed Anders Asleson Stave Sundre og Anne Knutsdtr. nedre Sundre?
*Barn
1. Gunhild Olsdtr. Sundre 1775-
Gunhild var ugift tenar på Sundre i 1801.
2. Anne Olsdtr. Breie 1787-
Gm smed Borger Pedersen i Lier.
3. Anniken Olsdtr. Breie 1788c-
Anniken var tenestjente på Sundre i 1801. Til Lysaker i 1818.
4. Syver Olson BreieEikro Kitilsbråten 1792-1852
G 1821 m Birgit Eilevsdtr. Sataøyen, sjå Vestvang, gnr. 30/3.

Ola Syverson var inderst på nedre Sundre i 1762.
    I 1763 greidde ikkje Ola Syverson SundreØyen å betale konsumpsjonskatten.
    Ola og Margrete gifte seg i 1775. Dei budde hjå Torstein Syverson på øvre Breie i 1801. Ola var skreddar og husmann utan jord.

{5508} År: 1806


Ola Olson Sundre 1768-1827 selde Åsegarden i 1806 og held attende Sundreøyen.

{5509} År: 1826

Karl Peterson Richter 26.12. 1771-1841
Foreldre: løytnant Peter Friderik von Richter og Kari Embriksdtr. Hagaplassen/Helling.
Gm Maria Trondsdtr. Myre Richter 20.10. 1793-1876
Foreldre: Trond Syverson Sundre og Margrete Holter Rasch.

I 1826 vart Sundreøyen selt på auksjon til lensmann Karl P. Richter for 286 spd. Neste år selde Richter vidare til Ola Olson Kolbjørnstølen Roaldset. Ola Olson selde bruket vidare i 1832 til lensmann Hamarsbøen i Hol, med unntak av 'Sundreøens kål-have'.
    1838 fekk lensmann Karl P. Richter pånytt skøyte på "Sundre eller Øyn" for 155 spd hjå Stein Hamarsbøen og Ola Olson Roaldset.
    Unnateke handelen var ei stugu og ein kålhage på Bråten som Tolleiv Larsson Gjeldokk hadde.
    Sundreøyen vart taksert til 190 spd på skiftet i 1841. Enkja etter Richter, Maria Trondsdatter, arva Sundreøyen i 1842. Sjå neste hushald.

{5510} År: 1848


Ola Embrikson Kitilsplass Myrestølen vart attgift 1848 med lensmanns-enkja Maria Trondsdtr. Sundre Richter. Ingen barn. Med henne fekk han også Richterøyen, sjå Myrestølen gnr. 110/38.

{5511} År: 1865c

Trond Holgeson Helgelien Sundreøyen 19.12. 1835-1918
Foreldre: Holge Olson Sundre HelgeLien og Eli Trondsdtr. Sundre.
Gm Guri Levorsdtr. Hago 21.12. 1832-1898
Foreldre: Levors Larsson Kolbotnen (ungkar) og Birgit Tolleivsdtr. Hago.
*Barn
1. Holge Trondson Helgelien 06.04. 1865-1954
G 1897 m Guri Nilsdtr. Holto. Sjå Myrestølen, gnr. 110/38.

Trond og Guri gifte seg i 1865. Til Myrestølen.

{5512} År: 1892


I 1892 kjøpte Helge Trondson Myrestølen Richterøyen, og dreiv båe bruka. Helge dyrka og ordna, han fekk Ny jords Diplom i 1912.
    Sjå meir om familien hans på Myrestølen, gnr. 110/38. NB. Dottera overtok denne eigedomen i 1944.