Torelien gnr. 110 bnr. 42
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Torelien gnr. 110 bnr. 42-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Opphavleg har Torelien (Larslien) vore heimstøl eller plass under Larsgarden Sundre. Larslien vart selt til Ola Fingarson i 1766, noko som gjorde at namnet Fingarplassen kom i bruk ei tid. Namnet Torelien kjem av Tore Eilevson som hadde plassen frå 1833.
    I 1849 vart plassen selt på auksjon til Hago. I 1862 vart bruket bortbygsla, og i 1879 selt til Steingrim Stranden. Sidan har Torelien vore sjølveigarbruk.
    Areal 1865: dyrka jord 3 mål, naturleg eng 16 mål, utslått 1 1/2 mål. Avling 2 1/2 tunne bygg.
    Areal 1995: dyrka jord 18 mål, anna areal 40 mål.
    Våningshus bygt 1966, påbygt 1990, gamal låve og fjøs, garasje. Gamlestugu vart selt som hytte og står i Kvisla.
    Stølar. Heimstøl Grostøllien.
    Torelien har vore underbruk til Sundrehagen, gnr. 110/1 frå 1966.
   

{5515} År: 1765c

Torstein Larsson Sundre SundreLien 1729-1812
Foreldre: Lars Olson Larsgarden Sundre og Birgit Torsteinsdtr. Stave.
*Barn
1. Lars Torsteinson Sundrelien Bakkeplass 24.09. 1775-1849
G 1801 m Guri Johannesdtr. Gunhildgard. Sjå år 1795 og Oppåstølen, gnr. 49/3, Gunhildgardbakken og Bakkeplass, gnr. 49/6.
    Foreldre: Torstein Larsson Sundrelien/Larslien (ungkar) og Marte Embriksdtr. ... (Truleg syster til Gunhild Embriksdtr. Uppistugu Torset på søre Opheim.)
2. Anne Torsteinsdtr. Sundrelien Arnegard 27.05. 1776-1816
Barn m/Embrik Olson Ulshagen: Birgit 1798- sjå barnebarn.
    Gm Ola Olson Arnegard i søre Votndalen, gnr. 40/1.
    Foreldre: Torstein Larsson SundreLien (ungkar) og Anne Olsdtr. ... (Dusegard?).
*Barnebarn
1. Birgit Embriksdtr. Sundrelien Tveito 07.01. 1798-1854
G 1822 m Jakop Arneson Sehl Arnegard Tveito
    Foreldre: Embrik Olson Ulshagen (ungkar) og Anne Torsteinsdtr. Sundre Arnegard.

Torstein Larsson var dreng hjå Lars Olson Sundre i 1762. Kring 1765 har Torstein overteke plassen Sundrelien under Larsgarden Sundre.
    Torstein var ugift, men hadde to barn: sonen Lars med Marte Embriksdtr. truleg frå Uppistugu Torset i Hemsedal. I 1762 var Marte tenestjente hjå Knut Halvorson på søre Opheim. Knut var gift med systera hennar.
    Torstein selde Lien eller Fingarplassen til Lars Olson for 184 rd. (Han sjølv fekk 160 rd, Lars Torsteinson fekk 16 og Anne Torsteinsdtr. fekk 8 rd.)
    Torstein var tenar i prestgarden i 1771. I 1801 var han ugift husmann i Lien under Sundre (Fingarplassen).

{5516} År: 1767c

Ola Fingarson ... Sundrelien 1728-
Foreldre: Fingar ... ... og ... Faddrar 1767: Asle Eivindson Skalle, Ola Asleson Sundre, Lars Myrens qv., Guri Samuelsdtr. Sundre, Barbro Olsdtr. Sundre.
Gm Eli Samuelsdtr. SundreHagen Sundrelien 1738-
Foreldre: Samuel truleg Syverson Sando (gnr. 32/8) Oppsjø (?) og ... ...
*Barn
1. Fingar Olson SundreHagen 06.08. 1758-1758
2. Fingar Olson Sundrelien 24.06. 1761-
Fingar var ungkar på Kongsberg i 1784. (Oppl. Finn Hansen)
    Står ikkje i bergverksmanntalet i 1805.
3. Lars Olson Sundrelien 10.12. 1763-
Gm ... ... . Sjå neste hushald.
4. Samuel Olson Sundrelien 05.04. 1772-1784
Ingen av desse syskena er å finne i 1801. Men 'Samuel Olsen Lia' døde på Kongsberg 11 år gamal i 1784.
5. Ågot Olsdtr. Sundrelien 26.11. 1775-
Ingen av desse syskena er å finne i 1801.

Ola var fadder til Turid Arnulfsdatter i 1751 saman med ei gruppe Sundre-folk. Vidare var "O. F. Hagen" fadder til Fingar Asleson Stavehaugen i 1756. Ola Fingarson budde i Prestgarden i 1752.
    Ola og Eli var husmenn/inderstar hjå Lars Olson Sundre i 1762. Eli vart bøtelagt 6 rd for legemål i 1759 medan Ola slapp straff sidan han var soldat. Dei har nok gifta seg kring 1760.
    Ola Fingarson fekk skøyte på plassen Lien (Larslien) 1766 for 100 rd. Det fylgde med vanlege rettar til det som kunne fødast på plassen. Dessutan rett til å sette opp ei innhegning og stølsbu ved stølen til Ola Larsson Sundre.
    Denne familien har nok flytta or bygda. 'Ellen Samuelsdatter' var til altars på Kongsberg i 1782. Sonen Samuel døydde på Kongsberg i 1784. (Oppl. v/Øyvind Røsdærn.)

{5517} År: 1795


Lars Olson Sundrelien kjøpte 1799 plassen Lien eller Fingarplassen for 184 rd, men hadde hadde brukt plassen frå 1795.
    Korkje han eller syskena er å finne i Ål i 1801. Både Lars og broren Fingar var på Kongsberg kring 1784. (Oppl. Finn Hansen)

{5518} År: 1798


Lars Torsteinson Sundrelien 1775-1849 (sjå år 1765) kjøpte Sundrelien i 1798 for 350 rd. Han selde att 1801 til Ingeborg Eiriksdtr. Rue.

{5519} År: 1801

Ingeborg Eiriksdtr. Rue Sundrelien 02.01. 1765-
Foreldre: Eirik Jakopson Rue og Ågot Sandersdtr. Ovavoll. (Hol IV s 362)
*Barn
1. Tore Eilevson Sundrelien Torelien 1788-1848
G 1830 m Kari Trondsdtr. Sundre. Sjå neste hushald.
    Foreldre: Eilev Torson Træet u/Svensgard Huus (ungkar) og Ingeborg Eiriksdtr. Rue.
2. Margit Eilevsdtr. Sundrelien Bråten 17.11. 1793-
G 1822 m Ola Gunnarson Bråten, gnr. 110/44. Barn m/Ola Andersen Haraldsrud, Modum: Ågot 1817- .
    Foreldre: Eilev Torson Træet u/Svensgard Huus (ungkar) og Ingeborg Eiriksdtr. Rue. (Hol IV s 364)

Ingeborg var ugift men fekk to barn med Eilev Torson Sire Huus. Eilev budde i Prestgarden på den tida. Eilev vart gift med Kari Henriksdtr. Huus og sidan bonde på Huus.
    Ingeborg held til hjå farsystera si, Birgit Jakopsdatter som var gift med Torkjell Villand på nedre Sundre.
    Ingeborg kjøpte Sundrelien hjå Lars Torsteinson i 1801. I husmannsmanntalet 1832-1841står det: ' Lien, piken I. E. og Thore.'

{5520} År: 1833

Tore Eilevson Sundrelien Torelien 1788-1848
Foreldre: Eilev Torson Træet u/Svensgard Huus (ungkar) og Ingeborg Eiriksdtr. ... . (Hol IV s 364)
Gm Kari Trondsdtr. Devegge Torelien 17.11. 1805-1892
Foreldre: Trond Syverson Ruud (Nes) Sundre og Margrete Pettersdtr. Holter Rasch.
*Barn
1. Ingeborg Toresdtr. Torelien 01.02. 1830-
Barn med Lars Halvorson Kitilsplass: Tore 1855- , sjå barnebarn.
    G 1876 m Anders Johannesen frå vestre Toten på Holte-eie, Gran på Hadeland.
2. Eilev Toreson Torelien Thoresen 18.09. 1831-
G 1863 m Jørand Jakopsdtr. Arnegard-Tveito. Barn: Torvald 1864- ; Jakop Bernhard 1869- ; Karoline 1869- til Am. ; Anna Matilde 1873- til Am.; Edvard 1876- ; Tilla Janette 1879- kopierske i fotografisk forretning; Ågot 1843- bakarjomfru. (1262)
    Eilev og Jørand skreiv seg Thoresen og budde i Sjøgade 20 i Kr.ania. Han var bryggearbeidar i Kr.ania og levde i 1900.
3. Eirik Torson Torelien 10.06. 1834-
Truleg ugift skogsarbeidar busett på Moberget i Trysil i 1900.
4. Torkjell Torson Torelien 09.03. 1837-
Gm Randine ... , 1836- .... frå Lier. Barn: Betsy 1875- .
    I 1900 var Torkjell bryggearbeidar busett i Fredensborgveien 5 i Kr.ania.
5. Anne Toresdtr. Torelien 29.05. 1840-
Ho eller systera med same namn var gift med Karl Axelsen.
6. Anne Torsdtr. Torelien Axelsen 29.06. 1843-
Gm Karl Axelsen ..., Aker 1840-.... . Barn: Otto 1883- ; Ågot 1888- ; ...
    Karl arbeidde på ei trelast-tomt i Aker i 1900. Dei budde på Vækkerø i Bærum.
7. Birgit Toresdtr. Torelien 29.01. 1846-1915
Ug. Barn m Knut Olson Jegermoen: Kari 1878- . Sjå barnebarn.
    I 1900 dreiv Birgit 'Husgjerning og kvindelig haandarbeide'. Ho var syerske på Sundre og budde i Bråtehagen. (Den såkalla 'Tore-Birgit-stugun' havna som hytte i Skurdalen kring 1922.)
    Birgit var eit ordensmenneske på alle vis. Svigersonen vart sendt ut med sigaretten sin. Birgit hadde fått god opplæring på tenest 'uttafor', og var ofte til arbeid hjå storfolket på Sundre. (Oppl. H. Ulshagen.)
*Barnebarn
1. Tore Larsson Torelien 27.10. 1855-
Gm Hanna Amalie Hansen, 1865-1946. Barn: Karen Lovise Larsen 1888- ; Inger Pauline Larsen 1890- ; Ludvig Peder Larsen 1892- gm ... ... (1 son); Henry Thorstein Larsen 1897- postbud, gm Bell ... (ingen barn).
    I 1900 var Tore smørfabriksarbeidar i Drammen. Tore var ei Amerika ein periode saman med sonen Ludvig. Skilt-målar. Flytta så attende til Oslo. (1645)
    Foreldre: Lars Halvorson Kitilsplass (ungkar) og Ingeborg Toresdtr. Torelien.
2. Kari Knutsdtr. Torelien Jonsen 08.11. 1878-
G 1904 m Ola Kristian Jonsen, Oslo 1877- . Barn: Hans 1904- ; Anna 1906- .
    Foreldre: Knut Olson Jegermoen (ungkar) og Birgit Toresdtr. Torelien.
    Kari var 'sypige' i 1900. Ola arbeidde ved Ål stasjon som konduktør - sidan flytta dei til Sarpsborg. (1135)

Tore og Kari gifte seg i 1830. Ungane vaks delvis opp på legd.
    Tore kjøpte Larslien hjå mora i 1833. Etterkvart vart bruket kalla Torelien.
    Tore låg sjuk dei siste åra, og måtte selja smått og stort. Han fekk seg tildelt korn på kassa. Buet hans var 30 spd i underskot i 1846.

{5521} År: 1862

Nils Arneson Moslåtta Torelien 14.06. 1829-1904
Foreldre: Arne Person Bøygard Sire Moslåtta og Anne Knutsdtr. Vestenfor.
Gm Anne Jakopsdtr. Olsgard Torelien 1827-
Foreldre: Jakop Olsgard og ... ... ..., Nes.
*Barn
1. Arne Nilsson Torelien 26.02. 1857-
Arne fekk utflyttings-attest 1878 som ugift skomakar.
2. Guri Nilsdtr. Torelien 16.05. 1860-
Til Am. i 1879: Lake Park, MN.
3. Anne Nilsdtr. Torelien 21.09. 1864-
Til Am. i 1879.

Nils og Anne gifte seg i 1855. Dei bygsla Torelien i 1862 på slike vilkår: årleg skulle dei fore ei ku og to sauer for bonden på nordre Hago. Dessutan skulle dei slå to teigar på 32 mål, arbeide ei veke vår og haust, halde plassen ved like og betale 6 rd til nyttår.
    Nils var husmann med jord, tømmermann og 'rypeganger'.
    I 1879 reiste Nils og Anne og familien til Amerika: Lake Park, MN. Gravlagt same stad i 1904. (J. Marler)

{5522} År: 1879

Steingrim Eirikson Stranden 30.10. 1844-1934
Foreldre: Eirik Steingrimson Ruud Stranden og Sissel Olsdtr. Helling.
Gm Liv Larsdtr. Espegard Stranden 26.09. 1841-1932
Foreldre: Lars Sevatson Holo Veslegard og Margit Mikkelsdtr. Veslegard.

Steingrim og Liv gifte seg i 1877. Ingen barn. Han kjøpte Torelien for kr. 1600 i 1879.
    Steingrim var mykje rundt på arbeid hjå andre. Dei selde bruket til to av døtrene til Liv si halvsyster i 1934.