Heimlid gnr. 110 bnr. 200
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Heimlid gnr. 110 bnr. 200-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Plassen Larsgardshaugen ligg på vestsida, rett opp for Ål stasjon. Bruket vart kalla Skruvhaugen då Skruven kom dit. No vert eigedomen kalla Heimlid.
    Ola Arneson dyrka det meste av jorda her. Sidan kom Syver Kristianson Sandehuset som husmann under Larsgarden. Han dyrka resten av jorda. I 1911 tok Syver over Sandehuset, gnr. 111/7 og husa på Larsgardshaugen vart rivne.
    Kjøpmann Ola Øyno brukte stugu som drengestugu, her vart mykje kortspel og leven. Stugu kom sidan til Brennodden på Torpo. (Oppl. H. Ulshagen)
    I 1934 vart Heimlid frådelt Larsgarden Sundre og selt til Per Embrikson Bæra.
    Våningshuset er bygd 1934, driftsbygning 1943. Jordvegen på 5 mål vert lånt bort. I 'skogen' er det bygd tre bustadhus.
{5620} År: 1862c
Ola Arneson Svartedalen Larsgardshaugen 05.02. 1823-1894
G 1851 m Guri Olsdtr. Ulhagaplassen.
Foreldre: Arne Hermundson Svartedalen og Birgit Olsdtr. Kolbotnen.
Ola Arneson vart kalla Skruven, han var lausgjengar og ein allsidig kar. Han berga livet i Skruvedalen i mange år, men vart stundom skulda for å ha henta seg både kjøt og korn hjå andre. Kleda hans stod ikkje i stil med arbeids-lysta, vart det sagt.
    I 1865 var Ola aleine på Larsgardshaugen. Han var husmann med jord.
    Sjå meir om Ola og familien hans på plassen Skruvedalen (gnr. 36/1a) også kalla Svartedalen eller Mørkedalen. Plassen låg bakom Skruvedalshøgde, i ei hall tett innved søkket der søppelfyllinga (Rota) kom. Plassen var fråflytta før 1865, og det var vel på den tid Ola kom til Sundre. (Mor han kom frå Kolbotnen.)
{5621} År: 1880c
Syver Kristianson Sandehuset 06.09. 1853-1941
G 1882 m Ranveig Torsdtr. Jårvik.
Foreldre: Kristian Syverson Sandehuset og Inger Sofie Hansdtr. Ulshagaplassen.
Syver Kristianson var husmann under Larsgarden fram til 1911.
    I 1900 var det også to andre hushald i Larsgardshaugen, det var vognmann Paul Sletto frå Hol, og det var Ola H. Slåtten frå Hol. Om familien til Syver, sjå Sandehuset, gnr. 111/7.