Espelunden gnr. 110 bnr. 58
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Espelunden gnr. 110 bnr. 58-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Småbruket Espelunden ligg lengst aust i Sundrelien på ei hylle i lendet. Namnet Espelund er nemnt fyrst gong i 1736. Då hadde Embrik Olson Oppsjøplassen pantsett Espelund eller Vestre Lien' til Ola Sundre for 15 rd.
    Espelunden vart nemnt 1737 som slåttelende, det kan bety 'underbruk' som i eldre tid, eller beint fram slåttelende.
    Espelunden vart fråselt Minna i 1811.
    Areal 1865: naturleg eng 12 mål, underbruk til Moen.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål som vert lånt bort, produktiv skog 15 mål, anna utmark 10 mål.
    Våningshus bygt 1862, flytta og påbygt 1944, fjøs og låve omkr. 1800, seinare påbygd.

{5594} År: 1800c

Ola Hermundson Gudbrandsgard Sundrelien 10.12. 1758-
Foreldre: Hermund Olson Gudbrandsgard og Anne Arnesdtr. Håheim.
Gm Turid Arnulfsdtr. Sundreøyen? Sundre 16.05. 1751-1824
Foreldre: Arnulf Eilevson ... Sundreøyen og Liv Olsdtr. ... .

Ola og Turid gifte seg i 1800. Ingen barn saman, men Turid hadde tre barn frå før, ei dotter overtok Espelunden. Sjå Trolløyen, gnr. 110/7.
    I 1801 var Ola dagarbeidar og husmann utan jord under Sundre. Same året vart Ola Hermundson stevna til å rydde plassen Trolløyen. Dei budde på Bjella i 1810 og kom etterkvart til 'Sundrelien'. Turid var enkje i 'Espelunden i Sundrelien' i 1824. Ola kan vera død utanfor Ål.

{5595} År: 1811

Kristense Olsdtr. Sundremyren Espelunden 03.05. 1776-1844
Foreldre: Ola Knutson (?Sundremyren) (ungkar) og Turid Arnoldsdtr. ... .
Gm Ola Eivindson Mehus Espelunden 1768-
Foreldre: Eivind Eivindson Kyrkjedelen Mehus og Gro Eivindsdtr. søre Mehus, Hol. (Hol III s 591)
*Barn
1. Ola Person Sundreøyen Opheim 02.10. 1796-
Foreldre: Per Olson Hellingbrenna (ungkar) og 'Kristi Olsdtr' = Kristence Olsdtr.
2. Liv Håkonsdtr. Espelund 18.10. 1817-1885
Barn m/Ivar Torsteinson Hove: Ola 1840- ukjent lagnad; Håkon 1843- m/Ola Fredrikson Sundre;
    Barn m/Knut Gunnarson Tune: Ola 1853- gm Jorunn Mattisdtr. frå Ullensvang, husmann og steinarbeidar under indre Jåstad i 1900. Losjerande vegarbeidar i Ulvik i FT 1875. Busett på Øvre Sandven. Husmann under indre Jåstad i 1900. Gm Jorunn Mattisdtr. 1849- frå Ullensvang, husmann og steinarbeidar.
    Foreldre: Håkon Olson Dahl, Nannestad (ungkar) og Kristense Olsdtr. Espelund.
    Liv budde på Moen i 1840, Ulshagaeie 1843 og vandra rundt på legd i 1853. Liv gifte seg 1858 med Johan Larsson frå Nesodden.
    Ho vart kalla Kristense-Liv. Ho var vanfør på venstre sida. Alt arbeid gjorde ho med høgra, og med stav i handa hinka ho rundt og betla. Det fanst menn som utnytta Liv, og som sette barn på henne.
    Men så kom Johan Larsson. Han var var dreng på Ellingsgard i 1844, og vart etterkvart kjent med Liv. Då dei skulle gifte seg sa presten nei "formedelst hændes stilling og udseende". Johan var ikkje nøgd med svaret, så han la saka fram for prosten og fortalde om dei gode dyder som Liv hadde. Med støtte frå prosten vart Liv og Johan gifte hausten 1857. Ein veit ikkje sikkert kvar dei budde, men det kan ha vore i Espelunden.
    Johan Larsson døydde 1882. Liv døydde som fattiglem på Tune i 1885. Tre søner levde, men ingen var i Ål.
*Barnebarn
1. Håkon Olson Espelund Sundre 15.08. 1843-
G 1879 m Ågot Olsdtr. Arnegard eller Skrindo. Sjå inderstar 'Skrindo'.
    Foreldre: tambur Ola Fredrikson Sundre (ungkar) og Liv Håkonsdtr. Ulshagaeie Espelund.

Kristense kjøpte Espelunden saman med systera Liv i 1811. Kristense hadde desse barna: Ola 1796- m/Per Olson Medhus; Liv 1817- m/Håkon Olson Dahl, Nannestad.
    Ola budde på Eivindsplassen i Skurdalen 1801 og på Røyse i Ustedalen frå 1811 til 1825. Ola var fyrst gift 1793 med Gunhild Johannesdtr. Sindrol, Hol 1771-1818. Barn: Eivind 1803- sjå Moen, gnr. 110/9 gm Kristi Olsdtr. Moen; sjå Ørterdalen, Hol.
    Ola og Kristense gifte seg i 1825, ingen barn. Ola var husmann i Espelunden frå omlag 1825.

{5596} År: 1847


Espelunden vart underbruk til Moen i 1847. Sjå neste hushald.

{5597} År: 1877

Knut Eivindson SundreMoen Espelund 19.07. 1835-1888
Foreldre: Eivind Olson Sveinunggard Sundrebråten og Kristi Olsdtr. Moen.
Gm Kari Halvorsdtr. Kitilsplass Espelund 06.04. 1837-1920
Foreldre: Halvor Olson Ulshagaplassen Kitilsplass og Kari Ivarsdtr. Prestlien.
*Barn
1. Kristi Knutsdtr. Espelund Sveinhaug 18.04. 1870-1950
G 1890 m Aslak Larsson Sveinhaug, nordre Sveinhaug. Sjå gnr. 128/1c.
2. Halvor Knutson Espelund Kitilsplassen 21.05. 1873-1959
G 1900 m Anna Ovidia Arthursen, Hønefoss. Barn: Hilda 1901-1982 lærarinne på Odnes, gm Håkon Schjager (1 son); Karl Oskar 1903-1944 baneformann, oppfinnar og skyttarkonge, død i Sachsenhausen, gm Berta Slettene (ingen barn); Knut 1905-1984 snikkar/formann hjå Høyer-Ellefsen, gm Åse ... (ingen barn); August 1907-1974 sivilingeniør KV, sidan ved Havnevesenet i Oslo, gm Karen Holsæther (2 barn), Borghild 1910- butikkarbeid på Lillestrøm, gm Olav Martinsen Bjørtomt (ingen barn).
    Halvor var møbelsnikker og treskjærar, og dei budde i Kitilsplassen. Flytta ut og fekk arbeid som snikkar ved NSB på Lillestrøm. (Oppl. Leif Sveinhaug)
3. Eivind Knutson Espelund 10.06. 1874-1883
Gravlagt på Sofienberg kyrkjegard.
4. Kari Knutsdtr. Espelund 02.08. 1876-1946
Ugift. Sjå neste hushald.
5. Kari Knutsdtr. Espelund 01.04. 1884-1884

Knut og Kari gifte seg i 1863. Knut overtok Espelunden i 1877.
    Kari reiste til Kr.ania på tenest i 1860. Ho var velvaksen og sterk, - då ho arbeidde på restaurant, hadde ho godt lag med å hive ut fulle gjester. Verten kunne då seie til bråkebøtter at dei fekk roe seg, - ellers måtte han hente "Hallingjenta". Som jente var ho trulova med diktaren Åsmund Olavson Vinje.
    Vinje var 19 år eldre enn henne, og søkte klokkarstillinga på Nes. (Men han fekk ikkje stillinga avdi han var "mål-strevar.")
    Kari var nokså beint fram av seg, - ho sa det ho meinte. På sine gamle dagar sa ho at ein så stygg mann ville ho ikkje ha. Men ho bar ein brei sylvring som var gåve frå Vinje, - og dottera bar ringen etter henne. (H. Ulshagen i Dølaminne 1974. )
    Kari var ei 'rødig kjering'. Ein gong det var dans i Espelunden, tok karane til danse laus og gjera kast. Då sa Kari: "De må ikkji gjera detta guta, det ligg so mykji ost og ambå uppå hyllu'n."