Myrbø gnr. 110 bnr. 119
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Myrbø gnr. 110 bnr. 119-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Myrbø vart skilt ut frå Sundre (bnr. 14) i 1914. Tunet på Myrbø låg nede ved elva, og måtte rivast då riksvegen vart bygd.
    Truleg låg Myrbø på same staden som småbruket Ankersmyrane hadde vore. Spelemannen Anker Karlson Richter på Myro, (sjå gnr. 110/47 år 1828) måtte selja garden omlag 1838.
    Den såkalla Ankerstugu vart flytta til Bruteigen, 'då smeden var død og etterkomarane flytte ut'. (Oppl. H. Ulshagen.) Ankerstugu vart brukt som eldhus på Bruteigen, gnr. 115/2 og vart rive då uthusa kom opp. Sjå foto.
    På øvre delen av Myrbø vart bygd gartneri kring 1980. (I. Flaata) Også doktor Larsgård bygde seg hus her.