Hestehagen gnr. 111 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Hestehagen gnr. 111 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Hestehagen var plass under Prestgarden. Plassen vart også kalla 'Skavhølen'. Det er nok ei forvansking av namnet 'Schaffer-sletten' nemnt i saka mellom Qvam og T. Villand i 1770. (Hestehagen ligg inn ved elva, men her er ingen høl.)
    Namnet 'Schaffer-sletten' kan koma av at her var beitet til skyss-skaffar-hestane.
    Under ei rettssak i 1773 fekk T. Villand målt opp 'Skaffølsletta' slik: frå enden av brua 55 målstenger á 6 alen. Motpartane målte på sin måte og kom til 45 målstenger. (1370) s 102
    Ut frå denne oppmålinga og eit gamalt kart over Prestgarden så låg 'Schaffer-sletten' omlag der 'Hestehagen' ligg.
    Det var Ola Børgeson som rydda 'Skavhølen' av rå rot 1781. Namnet gjekk or bruk før 1850, sidan var det Hestehagen eller Nordhagen.
    Hestehagen vart lagt til Prestgarden ved kontrakt med Sundre i 1889.
    Hestehagen vart delt og sidan lagt ut til tomter, området vart også kalla Vaterland etterkvart.
{5660} År: 1780c
Ola Børgeson Noss Prestgarden 1741-1805
Foreldre: truleg Børge Halvorson Bjella Nosseplassen og Margit Olsdtr. ... .
Gm Ingeborg Sveinsdtr. ... 1740c-
Foreldre: Svein ... ... og ...
*Barn
1. Knut Olson Hestehagen Sundrelien 1768-1850
Barn: Nils 1799-1802 og Nils Gudmundsrud 1803-1883 m/Kristi Olsdtr. Helling.
    G 1804 m Kari Sevatsdtr. Toplass. Sjå Sandestølen, gnr. 110/13.
2. Ola Olson Sandeplassen Sundreøyen 08.06. 1778-1837
G 1809 m Kari Torsteinsdtr. Lå. Sjå Trolløyen, gnr. 110/7 og Smedplassen, gnr. 110/4.
3. Knut Olson Skavhølen 25.03. 1781-
Knut levde i 1801.
Ola var stevnevitne på tinget i 1760-åra. Han var tenar hjå presten i 1771. Sonen Knut vart døypt "Skafhølen" i Ål i 1781.
    Ola fekk i 1781 løyve hjå presten til å rydde av rå rot og bebygge eit "forhen unyttig og sumpig støkke mark i Ål Prestegards udmark, Schafølen kaldet."
    I 1788 fekk Ola bygselbrev på plassen, fyrste 4 år utan avgift, deretter 1 rd årleg. Plassen hadde rett til ved og gjerde i prestgardskogen.
    Presten Nimb sa om Ola: "Han har hidtil vist seg særdeles tro og flittig. Han har oppført fornødne huuse, og efter min anvisning gjort indhegning om den cultiverede plads, som hand endnu arbeider og dørker." (1221) s 37b
    Ola Børgeson vitna 1791om ein låve og ei bu på øvre Sundre. Han døydde i Sandeplassen i 1805.
{5661} År: 1880c
Syver Tolleivson Sundre Nordhagen 03.01. 1851-1908
Foreldre: Tolleiv Tolleivson Hago (ungkar) og Birgit Syversdtr. Sundre.
Gm Kari Tolleivsdtr. Langslet Nordhagen 01.09. 1844-1918
Foreldre: Tolleiv Larsson Langslet og Sigrid Olsdtr. Sjong, Nes.
*Barn
1. Matilde Syversdtr. Nordhagen 18.09. 1876-1940
Barn: Guri 1908-08 m/enkjemann Halvor Knutson Holgelien.
    G 1934 m Matti Benjaminson Hanninen frå Finland. Sjå neste hushald.
2. Johan Syverson Nordhagen 17.12. 1877-1946
Johan var fødd i Bærum. I 1900 var han snikkar og dagarbeidar, og budde i søre Hestehagen.
    Til Amerika. Døde i Morris MN.
3. Tolleiv Syverson Nordhagen 19.02. 1879-1963
Til Am. Død i Morris, MN.
4. Kristian Syverson Nordhagen Hagen 08.08. 1880-1968
Christ Hagen. G 1941 m Dagmar Sørensen. Sjå Hansebråten, gnr. .... .
    I 1900 var Kristian køyrekar hjå grosserar Johnsen på Strøm i Skoger.
5. Birgit Syversdtr. Nordhagen Tingvoll 29.02. 1883-1957
Barn: Sigrid 1904- og Anna Kristine 1908- , sjå barnebarn.
    G 1913 m Karl Gustavson Tingvoll. Sjå eige hushald.
6. Sigurd Syverson Nordhagen 27.09. 1884-1949
=Syver? G 1909 m Lydia Tobeck. Barn: Mabel 1910- (2 barn); Lillian 1912- (1 barn); Alice Ruth 1915- (4 barn); Wallace 1918- (1 barn); Orville 1919- (1 barn); Lloyd Raymond 1920- ; Donald Leonard 1924-1973 (3 barn); Larayne Adeline 1926- (3 barn).
    Syver reiste til Amerika, han døde i Morris, MN.
7. Ola Syverson Nordhagen 12.10. 1887-1967
Ug. Ola skreiv seg Nordhagen. Til Am. 1910. (Hallingen 220 s 35) Død i Morris, MN.
*Barnebarn
1. Sigrid Nordhagen Rogne 05.08. 1904-1984
G 1932 m Johannes Rogne, Voss 1906-1993. Ingen barn.
    Sigrid fekk musikkutdanning. Sigrid arbeidde på jernbanerestauranten på Ål. Johannes var smed ved jarnbanen, busett på Finse, sidan på Voss. Johannes vart invalid, fekk seg hus på Vaterland og flytta dit. Johannes var amatørfotgraf.
    Foreldre: Emil Jonsen Haug, (Eidsvoll) ungkar og Birgit Syversdtr. Nordhagen.
2. Anna Kristine Nordhagen Haraldset 12.07. 1908-
Gm Kristian Haraldset, Nes. Barn: Liv 1931- gm Gunnar Ålien (.. barn); Birger 1937- gm Vera ..., Erik 1943- gm Turid ... .
    Foreldre: jarnbanearbeidar Peter Johannesen Bystuen (ungkar) og Birgit Syversdtr. Nordhagen.
Syver og Kari gifte seg 1875 i Haslum kyrkje i Bærum.
    I 1875 budde Syver og Kari hjå hjulmakar Gulbrandsen i Kr.ania. Syver var då leigebuar og jordbruksarbeider.
    Dei flytta til Ål i 1878 og var i Trolløyen ei tid før dei kom til Hestehagen. Dei skreiv seg 'Nordhagen' eller berre 'Hagen'.
    Sønene reiste til Amerika. Dei skreiv frå seg arven slik at systrene Matilde og Birgit delte Hestehagen. Matilde står i neste hushald, Birgit under 'Tingvoll' i kapitlet Jarnbanefolk. (Med god hjelp frå Vidar Olsen og dottera Irene.)