Eikro gnr. 111 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Eikro gnr. 111 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Eikro er fyrst nemnt 1596 då presten True Michelsen bygsla 10 laupsbol i Hove til Jørgen Jonson. Det var: Gudbrandseikra; Tubeteig eller Gjodteig, Spjutteig og Presteikrene.
    I jordeboka til Stavangerbispen er garden nemnt som ein øygard som ikkje var tilsådd kring 1625. Namnet var då 'Barbras Echer'. Ei eikre er ein attlagd åker. Eikro kan vera ein gard frå høgmellomalderen. (Solhjell 1985.)
    Namnet har vore Presteikrene eller berre Eikro etter at bruket vart frådelt Prestgarden i 1880. Sidan namnet står i fleirtal så kan eikrene til både Barbo og Gudbrand vera slegne saman til Presteikrene.
    Areal 1865 er ikkje oppgjeve. Tala for dei fire plassane under Prestgarden er slege saman.
    Areal 1995: dyrka jord 53 mål, anna areal 27 mål, produktiv skog 137 mål. Leigd jord 15 mål. Buskap: 10 mjølkekyr, 14 ungdyr.
    Våningshus bygt 1944, påbygt 1969 og påbygt og restaurert 1993, kårhus 1981, loft, driftsbygning frå 1947, påbygd 1968, 1982 og 1991.
    Stølar.
    Eikro har har del i Hevjansåsen beitelag. Stølen Mykingstølen (gnr. 93/4) vart tilkjøpt frå nordre Holto i 1964. Stølen er på 36 mål dyrka jord, 46 mål anna areal, 432 mål produktiv skog og 803 mål anna utmark.
    Til Eikrene ligg også brn. 5 Øygarden som vart frådelt Prestgarden i 1880 og selt til enkja Anne Olsdtr. Stave.

{5664} År: 1775


Eikrene vart kalla slåtteeng for Prestgarden i eit gardsyn i 1778. Det stod ei lu her.

{5665} År: 1823


Halvor Person Sundre var lottebrukar på Presteikrene kring 1823. Sidan kom han til søre Ulshagen, gnr. 109/2.

{5666} År: 1836

Guttorm Olson Ulshagaplassen Presteikrene 12.11. 1808-1868
Foreldre: Ola Guttormson Olsdokken Taraldplassen og Kari Olsdtr. ... .
Gm Liv Embriksdtr. Sagen Presteikrene 12.11. 1811-1889
Foreldre: Embrik Eilevson Strand Sagen (Gjerdnesslåtta) og Eli Halvorsdtr. Rudningen.

Guttorm og Liv gifte seg i 1836. Ingen barn. Guttorm var soldat i 1836.
    Han sat på Buhovd nokre sumrar med kyrne til prost Eckhoff. Guttorm brukte Presteikrene.
    I 1865 var han inderst og dagarbeidar under Prestgarden, og budde i eige hus.
    I 1875 var Liv hushalderske for handelsbetjentane Ole T. Ruud og Embrik T. Sorteberg i Ål og Torpo spareforening.

{5667} År: 1840

Asle Torson Lå Oppsjøplass 02.12. 1804-1890
Foreldre: Tor Torsteinson Lå og Sigri Olsdtr. Ovavoll (Hol).
Gm Astrid Andersdtr. Hove 05.01. 1809-1896
Foreldre: Anders Olson Hove og Anne Sevatsdtr. Thon.
*Barn
1. Anders Asleson Oppsjøplass Kjærsland 1836c-1873
Truleg ug. Til Am. Gravlagt i West Koshkong kyrkje i 1873. Også han skreiv seg "Kjærsland".
2. Tor Asleson Presteikrene Kjærsland 22.02. 1839-1927
G 1866 m Gunhild Olsdtr. ... (Bakka?) . Barn: Andrew 1866-1953 gm Ida May Kinnison; Orren 1868-1951 gm Bertha Johnson; Lars (Louis) 1870-1948 ugift; Anna Gurine 1872-1932 gm Ole Olson Lee, Telemark; Henry Tomas 1878-1918; Oscar Theodor 1880-1963 gm Esther Kemnitz. (1048)
    Tor var ikkje lenge på kvar stad, var busett både i Minnesota og Iowa. Så tok han seg land i Rock Co. i 1872 og skreiv seg "Kjærsland". (1047 s 413)
3. Torstein Asleson Presteikrene Tyvand 25.09. 1840-1909
G 1866 m Synnøve Andersdtr. Kvåle, Sogn. Barn: Anna Christine 1867-1897 gm Georg Burthe; Christia Sofia 1869-1842 gm John Johnson Rue, farm ved Stoughton; Karen Amelia 1871-1930 gm Carl Christian Hofland; Albert Andreas 1873-1943 gm Jørand Holtan; Julia Marie 1875-1970 gm Anfinn Knutson Moen; Jacop Amandus 1877-1953 gm Clara Gunderson, overtok farsfarmen; Emma Susanne 1879-1881; Emma Melada 1882-1903; Nora Olena 1884-1912.
    Torstein dreiv skogsarbeid på ei øy i Lake Michigan fleire vintrar. Sidan farma han og Synnøve 32 år ved Pleasant Springs. Han kjøpte opp noko land. Torstein skreiv seg "Tyvand". (1557)
4. Anne Aslesdtr. Presteikrene 24.09. 1842-
Ug. Død i Am. mellom 1855 og 1872.
5. Sigrid Aslesdtr. Presteikrene 01.07. 1845-1846
Død på kanalbåten då foreldre og sysken utvandra til Am. i 1846.
   
    Barn i USA: Asle 1848-1909 farmar og snikkar, gm Ellen Erdal (9 barn); Ole 1851-1923 farmar gm Anna Marie Roe, Tinn (5 barn); Louis 1853-1922 gm Anna Severina Johnson, 2 barn. (1048)

Asle og Astrid gifte seg i 1836. Dei bygsla Eikro ei tid før dei kjøpte Holshagen i 1841. Reiste til Am. i 1846, busett Stoughton, Wisc. Sidan farma dei i Dane Co. Wisc.

{5668} År: 1875c


I 1875 var Gunnar Ivarson Kvinnegard og kona Guri Knutsdtr. Gjeldokk i Presteikrene. Gunnar var inderst, tømmermann og murar. Sjå meir om familien i Skallehaugen.

{5669} År: 1884

Anne Olsdtr. Stave Huus 11.08. 1833-1888
Foreldre: skulehaldar Ola Olson søre Strand Stave og Ambjørg Tolleivsdtr. Helling.
Gm Ola Henrikson Huus 17.03. 1829-1877
Foreldre: Henrik Eilevson Huus og Guri Syversdtr. Skarsgard.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Huus Vangen 21.03. 1864-1930
G 1895 m Eirik Larsson Rimehaug Vangen, gnr. 11/6.
2. Ambjørg Olsdtr. Huus Ekrene 12.09. 1867-1926
Ugift. I 1900 dreiv Ambjørg med 'Husgjerning og kreaturstel.'
3. Henrik Olson Huus Eikro 13.04. 1870-1934
Ug. Sjå neste hushald.
4. Anne Olsdtr. Eikro Sataslåtten 19.07. 1875-1917
G 1908 m enkjemann Ola Torsteinson Sataslåtten.
    Ola Torsteinson var skreddar og dagarbeidar, busett på Bjella 1909. Han kjøpte Orholt, eit jordstykke av Eikro, og bygde seg ein heim her i 1911.
    Anne gjekk tidleg bort og Ola vart attgift 1924. NB. Alle ungane står på Sataslåtten, gnr. 32/18. Sonen Ola overtok Eikro i 1934. Orholt vart selt attende til garden i 1955.

Ola Henrikson var inderst gjenom sitt vaksne liv, dei budde på Huus 1864 og deretter på NedreÅl skulehus frå omlag 1875. Han var markarbeidar.
    Ola og Anne gifte seg i 1862. Anne kjøpte Eikro 1884 for kr. 3700, og flytta hit med ungane. I 1880 hadde ho fyrst kjøpt Ødegarden, bnr. 5 som vart lagt under Eikro.