Jonset gnr. 111 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Jonset gnr. 111 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Jonset var opphavleg heimstøl til Prestgarden. Truleg var rydningsmannen ein Jon.
    Korkje i 1760 eller i 1801 var det fast busetnad på Jonset. Fyrste kjende husmann er registrert i 1824. Jonset var husmannsplass fram til 1889.
    Jonset ligg oppe i Vestlia, bygdevegen gjer ein sving rundt tunet. Opphavleg tun låg omlag ca 50 lenger vest. Truleg skjedde flyttinga kring 1910.
    Areal 1960: 25 mål dyrka jord.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 100 mål, anna utmark omlag 6000 mål.
    Tre våningshus, bygde 1870, 1965 og 1989, bu og lauvhus omlag 1800, uthus 1982, skogs- og fiskehytte.
    Stølar. Langstøl på Storevieren vart kjøpt i 1912, garden har ingen heimstøl.
    I 1989 vart småbruket Sjølet (gnr. 122/18) tilkjøpt.
   

{5673} År: 1824c

Kristian Person Olsgard Jonset 04.12. 1790-1829
Foreldre: Per Halvorson Ruud Olsgard (Nes) nedre Sundre og Katrine Jørgensdtr. Rasch (Nes).
Gm Gro Halvorsdtr. Bjella Jonset 26.12. 1787-1845
Foreldre: Halvor Eirikson nordre Bjella og Ragnhild Holgesdtr. Sundrelien.
*Barn
1. Per Kristianson Jonset 16.07. 1822-1896
G 1844 m Marte Herbrandsdtr. Satalien. Sjå neste hushald.
2. Jørgen Kristianson Jonset Fredriksminne 10.01. 1825-1912
Barn: Kristian 1847- m Birgit Syversdtr. Sundre.
    G 1861 m Gro Embriksdtr. Hushaugen. Sjå Minna, gnr. 110/57 og Helgelien, gnr. 110/35.
3. Katrine Kristiansdtr. Jonset Dokklien 25.07. 1826-1898
G 1862 m Torkjell Torkjellson Dokklien, gnr. 111/46.
4. Ragne Kristiansdtr. Jonset 09.06. 1829-
Barn: Kristian Knutson 1851- ; Gro 1857- ; ... ; Kari 1872- , sjå barnebarn.
    Ragne reiste til Sunnfjord. I 1899 var ho i Moscow, Idaho, Amerika.
*Barnebarn
1. Kristian Knutson Jonset Svartveit 06.10. 1851-1909c
Kristian fekk utreiseattest til Bergens Stift 'at tjene' i 1871.
    G 1886 m Anne Arnesdtr. Tveiten 1869-.... frå Herand. Barn: Kristina 1887- ; Brita 1889- ; Andreas 1895- ; Olina 1899- ;
    Kristian og Anne budde ei tid på plassen Tjoungane under Svartveit i Ullensvang. I FT-1900 var han husmann, dagarbeidar og gjætar på på plassen 'Kjøingane'.
    Kristian døydde på Hesthamar, og Anne flytta til Odda med borna. (Odda/Ullensvang/Kinsarvik 5 I s 360)
2. Gro Eiriksdtr. Jonset 13.06. 1857-
Gro reiste til Kristiania 1879. Til Am. i 1887 saman med sonen Halvor Herbrandson f. 1868. (Far: Herbrand Olson Personbråten, Gol). Busett Moscow, Idaho.
    Foreldre: Erik Hallstrøm, Varmland (ungkar) og Ragne Kristiansdtr. Jonset.
3. Kari Olsdtr. Jonset 02.10. 1872-1873
Foreldre: Ola Arneson Larsgardshaugen ('Skruven') og Ragne Kristiansdtr. Jonset.

Kristian Person kjøpte farsgarden nedre Sundre (gnr. 110/15) i 1813. Same året selde han garden vidare til Kristian Halvorson Sando som gav kår til foreldra.
    Kristian fekk eit barn før han gifte seg: Ågot 1815- m Jørand Sevatsdtr. Granhagen - Espelunden.
    Kristian og Gro gifte seg i 1824. Han var 'lottebrukar' under Prestgarden, husmann i Jonset. Kristian drukna 25. oktober 1829. (BB i Dølaminne 1994)

{5674} År: 1845c

Per Kristianson Jonset 16.07. 1822-1896
Foreldre: Kristian Person Sundre Jonset og Gro Halvorsdtr. Bjella.
Gm Marte Herbrandsdtr. Satalien Jonset 08.09. 1823-1903
Foreldre: Herbrand Knutson Vestenforplassen Satalien og Lukris Sevatsdtr. Holo.
*Barn
1. Gro Persdtr. Jonset Bråten 29.09. 1843-1914
G 1866 m Syver Mikkelson Fetagarden Strand Sundrebråten.
2. Lukris Persdtr. Jonset Tune 24.12. 1846-1920
G 1866 m Gunnar Knutson Tune. G 1872 m Svein Knutson Tunehagen Breiebakko, gnr. 127/1b.
3. Kristian Person Jonset Bråten 12.04. 1851-1911
G 1883 m Anne Olsdtr. Gjøta. Sjå Vestenforslåtta, gnr. 5/3 og Bråten, gnr. 110/8.
4. Birgit Persdtr. Jonset Vangen 02.04. 1853-1924
G 1873 m Johannes Olson Vangen, gnr. 115/5.
5. Kari Persdtr. Jonset Hansebråten 16.06. 1855-1939
G 1875 m Torjus Olson Vangen Hansebråten.

Per og Marte gifte seg i 1844. Per var husmann med jord under Prestgarden i 1865 og 1891. Per var tømmermann og husmann i 1875. Sonen Kristian dreiv rypefangst i 1875. I same hushaldet var fosterdottera Gro Gunnarsdatter f. 1876 og bestemora Lukris Sevatsdtr.
    I 1900 levde Marte av håndarbeid og 'lidt renter'.