Sandehuset gnr. 111 bnr. 7
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Sandehuset gnr. 111 bnr. 7-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Sandehuset eller Sandeplassen var husmannsplass under Prestgarden. Sandehuset låg rett nedunder Kitilplassen.
    Jordene i Sandehuset strekte seg opphavleg frå Prestbrua langsmed Storelva på vestsida sørover til Trolløyne. Fyrste kjente bygsling er frå 1811, men det kan ha budd folk i Sandehuset tidlegare.
    I 1889 vart Sandehuset frådelt Prestgarden som sjølveigarbruk.
    I 1906 var Bergensbanen under arbeid. Då vart omlag 20 mål av innmarka i Sandehuset teken til stasjonstomt. Tunet måtte flyttast litt opp i halla i sør. I 1920 kjøpte jernbanen endå eit jordstykke.
    Den gamle stugu hadde eit fint interiør som skal ha vore snikkert av Eilev Moen. Stugu og loftet vart selt kring 1990.
    Frå Sandehuset vart det frådelt tomter frå 1908 og utover til 1989.
    Stølar. Øyestølen vart fråselt i 1900.
   
{5678} År: 1811
Syver Anderson Gudmundsrud Sandeplassen 05.06. 1775-1813
Foreldre: Anders Holgeson Vangen Gudmundsrud og Dordei Syversdtr. Kleive.
Gm Birgit Olsdtr. Strand Sandehuset 26.12. 1778-1854
Foreldre: Ola Olson Strand Langegardslåtta (Strand) og Ågot Syversdtr. Noss.
Syver og Birgit gifte seg i 1808. Truleg ingen barn.
    Syver bygsla plassen Sandehuset hjå presten Leigh i 1811. Syver døydde i 1813 og Birgit vart attgift med Lars Olson. Sjå neste hushald.
{5679} År: 1818
Lars Olson Sundremoen Sandehuset 18.07. 1790-1881
Foreldre: Ola Knutson Moen Vangen og Kari Kitilsdtr. Kitilsplass.
Gm Birgit Olsdtr. Strand Sandehuset 26.12. 1778-1854
Foreldre: Ola Olson Strand Langegardslåtta (Strand) og Ågot Syversdtr. Noss.
Gm Sissel Olsdtr. Strand Holterudningen 16.07. 1810-1876
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl Strand Amundsgard og Kristi Larsdtr. Strand.
Birgit vart attgift med Lars i 1817. Lars bygsla Sandehuset i 1818, som leige skulle han slå ein dalarsteig i Prestgarden m.m.
    Lars hadde vore ute i krigen 1807-14. Saman med brørne sine marsjerte han innover isen på Oppsjø i 1814, piperane gjekk føre og bles, og 'folk sto i glaso og gret ...' (E. T. Bekkestad i Hallingen (1414))
    Lars vart attgift med Sissel i 1857. Ho var enkje etter Ola Nilsson Holterudningen. Sissel budde på plassen Holmen under Strand i 1865. Lars døydde i Sandehuset i 1881.
    Lars hadde testamentert eiga si til Eilev Eivindson Moen (snikkaren!).
{5680} År: 1864c
Jørgen Kristianson Jonset var husmann i Sandehuset i 1865. Sjå Minna, gnr. 110/57 og Helgelien, gnr. 110/35.
{5681} År: 1870c
Kristian Syverson Sundre Sandehuset 07.07. 1830-1911
Foreldre: Syver Trondson Steinmoen (Nes) SundreBråten og Jørand Levorsdtr. Sundre.
Gm Inger Hansdtr. Ulshagaplassen Sandehuset 10.10. 1824-1901
Foreldre: Hans Kristian Nilsson ... (frå Nordby sokn i Ås) og Sissel Olsdtr. Ulshagaplassen.
*Barn
1. Syver Kristianson Sandehuset 06.09. 1853-1941
G 1882 m Rannveig Torsdtr. Jårvik. Sjå neste hushald.
2. Guttorm Kristianson Sandehuset Sundre 27.06. 1855-1920
G 1893 m Margrete Olsdtr. Kanafetmyrane. Sjå Sutøy, gnr. 111/10.
3. Jørgen Kristianson Sandehuset 05.12. 1857-
Ugift. Død på veg til Am. i ... .
4. Hans Kristianson Sandehuset Brobakken 03.11. 1858-1936
Gm Karine ("Kaja") Tjerandsdtr. Solheim, Vikedal. Sjå Brobakken, gnr. 111/11.
5. Marie Kristiansdtr. Sandehuset 02.12. 1863-1954
Ugift. Marie dreiv med vask og ymse husarbeid. Ho kjøpte seg ei tomt nær stasjonen og sette opp ei stugu frå ...Stølen i Sundrelien.
6. Sissel Kristiansdtr. Sandehuset 14.07. 1866-
Ugift. Sissel var diakonisse ved ein verneheim for vanskelegstilte barn i Oslo. Ho gjekk i uniform. Sissel budde i Oslo, men vart gravlagt i Ål.
7. Kristian Kristianson Sandehuset 14.07. 1866-1935
Ugift. Kristian reiste til Kr.ania 1884, var gartnarelev i 1900, og vart gartnar ved Rikshospitalet.
    Kristian kjøpte Sandehuset i 1909 og selde til broren i 1911. Han flytta heim til Ål på sine gamle dagar og gjorde i stand ein fin hage i Sandehuset. Der vaks det aplar, bærbusker og liljer, dette var eit særsyn hjå folk flest på den tida.
8. Fredrik Kristianson Sandehuset 14.07. 1866-1896
9. Fredrik Kristianson Sandehuset 26.03. 1868-1895
Ugift. Fredrik var i Amerika frå 1891.
Kristian og Inger gifte seg i 1855. Kristian kjøpte Anker-stugu og flytta den til Bru-teigen (vest for Prestbrua på Sundresida) då smeden døydde og etterkomarane reiste til Am. (1447) 26 (H. Ulshagen s 59)
    Kring 1870 vart Kristian husmann under Prestgarden og kom til Sandehuset.
    I 1874 sette Kristian opp ei ny romsleg stugu på plassen av tømmer frå Prestgardsskogen. Per Jonset var tømmermann. (Oppl. H. Ulshagen.)
    Ankerstugu vart flytta til Leksvolteigen i ØvreÅl. I 1875 var sønene Syver og Jørgen heime, dei dreiv rypefangst og gjekk i dagarbeid.
    I 1889 vart Sandehuset frådelt Prestgarden som sjølveigarbruk, Kristian fekk skøyte for kr. 2600.
    I 1906 vart Sandehus jernbanetomt frådelt (bnr. 21), og her vart Ål jernbanestasjon bygd. Det meste av jordvegen var no borte, og tunet i Sandehuset vart flytta opp i skråninga, omlag 10 m frå jernbanesporet.