Kitilsplassen gnr. 111 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kitilsplassen gnr. 111 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kittilsplass var plass under Prestgarden. Namnet skriv seg frå Kitil som truleg var den fyrste husmannen her. Plassen er også kalla Prestlien.
    I 1889 vart eigedomen skøytt frå Kyrkjedepartementet til brukaren.
    Areal 1995: Tomt 2 mål (det er bygd på innmarka), bjørkeskog 171 mål, anna areal 13 mål. Våningshus 1904, ombygd og påbygt kring 1955, gamal låve, garasje 1993.
    Støl på Øyestølen.
    Kitilsplassen var i drift med sauer fram til omlag 1970. Frå eigedomen er selt nokre tomter opp gjennom åra. I 1983 vart Kitilsplassen overført til kommunen, og sidan lagt ut som bustadfelt med omlag 20 tomter.
   

{5684} År: 1775c

Kitil Halvorson Granhagen Skarsgard 1726.-1795s
Foreldre: Halvor .... . (Noss ?Kitilsplass?)
Gm Kristi Olsdtr. Neståker Skarsgard 1725-
Foreldre: Ola Torson Torsteinsrud Neståker og Margit Larsdtr. på Neståker. (Verge Tomas Råen).
*Barn
1. Lars Kitilson Kitilsplass 15.05. 1751-1751
2. Margit Kitilsdtr. Kitilsplass 23.07. 1752-1754
3. Margit Kitilsdtr. Kitilsplass Lien 1755-
G 1792 m Herbrand Pålson Kyrkjedelen. Barn: Kristi 1793- ; Pål 1796- . Sjå Kyrkjedelen, gnr. 64/2.
    Herbrand og Margit kom til Søre Lien under Reinton i Hol kring 1797. I 1801 var han skomakar og husmann med jord. I 1811 kom det nye folk til Søre Lien.
4. Kari Kitilsdtr. Kitilsplass Vangen 09.01. 1757-1829
G 1779 m soldat Ola Knutson Moen (Sundremoen) Vangen.
5. Lars Kitilson Kitilsplass 29.04. 1759-1760
6. Lars Kitilson Kitilsplass 13.09. 1761-1839
Gm Kari Sindresdtr. Hagaplassen. Sjå neste hushald.
7. Birgit Kitilsdtr. Kitilsplass Vangen 29.07. 1764-1802
Birgit var vanfør og ugift. Ho budde hjå systera på Vangen.
8. Guri Kitilsdtr. Kitilsplass Gjerdnes 25.01. 1767-1842
G 1797 m Nils Holgeson Gjerdnes, gnr. 123/45.

Kitil og Kristi gifte omlag 1752. Kitil var på Lå og Bjella dei fyrste åra. I 1759-1764 var han husmann under Torkjellsgard. Noss. Kitil bygsla ein plass under Prestgarden på sine gamle dagar, og sidan har plassen heitt Kitilsplassen.
    Kitil var født på Noss og hadde eit godt rykte på bygda. Eit stille og gudfryktig menneske, vart det sagt.
    I 1766 vart Kitil Halvorson anklaga for drapet på soldaten Ola Sveinson Tune. (Født Gunhildgard Noss) Kitil og Ola hadde hatt ein samanstøyt om ein åker sist vår. Etter på hadde Kitil sagt at Ola var den farlegaste mann i bygda. "Enten drep han, eller så blir han drepen."
    Då Kitil vart arrestert var han noko oppskrapa i andletet. Som årsak til dette sa Kitil at ein geitebukk hadde slege seg vrang så han gjekk på hovudet i eit vierkjørr. (1288) s 96
    Retten fann ikkje nok prov til at Kitil kunne "fellast på livet". Men han vart ilagt 2 års tukthus-arbeid m.a. som eit eksempel for "ildsinnede mennisker der på Kappevis ombringer hin anden." Kitil vart frifunnen 1767. (1289) s 17
    Kitil hadde brukeleg pant i Holo-jordet, og budde der i 1783.
    Kitil hadde 80 rd tilgode hjå Jakop Aslakson Steigngarden, og presten Horster i Gol hadde kavert for dette. Kitil fekk ingen pengar, men brukte i staden ein lut av Prestgarden i Gol. Men Horster døydde snart etterpå. Dei fekk erstattningskorn i Gol i 1774.
    Buet etter Kitil var 75 rd.

{5685} År: 1786

Lars Kitilson Kitilsplass 13.09. 1761-1839
Foreldre: Kitil Halvorson (?Holo) Kitilsplass og Kristi Tomasdtr. ... .
Gm Kari Sindresdtr. Hagaplassen Kitilsplass 26.07. 1761-1825
Foreldre: Sindre Sindreson Sundrehagen Hagaplassen og ... ... ... .
*Barn
1. Kristi Larsdtr. Prestgarden Gudbrandsrud 08.10. 1786-
Gm Ivar Bjørnson Gudbrandsrud, Nes 1775c-1866. Ivar og Kristi budde i Gudbrandsrudjorde i Nes. Springaren "Ivar Jorde" skal ha fått namnet etter Ivar.
2. Anne Larsdtr. Prestgarden Kitilsplass 12.09. 1790-1826
Barn: Ola 1812-1892, sjå barnebarn. G 1825 m Ola Gunvaldson Sundrehagen, gnr. 110/1.
*Barnebarn
1. Ola Embrikson Kitilsplass Myrestølen 10.02. 1812-1892
G 1839 m Ambjørg Jonsdtr. Sundremyren. G 1848 m enkje Maria Trondsdtr. Sundre Richterøyen. Sjå Myrestølen, gnr. 110/38.
    Foreldre: Embrik Holgeson Hushaugen (ungkar) og Anne Larsdtr. Kitilsplass.

Lars og Kari fekk to barn. Lars var husmann med jord under Prestgarden.
    Lars bygsla 1786 eit jordstykke av Prestgarden. Plassen Skavhølen (sjå Hestehagen) hadde han gjerdt inn frå før, men presten Nimb frårådde han å legge meir arbeid på så ubrukeleg mark.
    "Det får blive hans egen sag hvorvidt han omsider kand høste nogen frugt deraf. ... Jeg vil håpe og ønske at mine ettermænd i kallet ligeledes lader han være ved denne jords brug, - som han i sådan forhåpning vil bebygge", skreiv Nimb i bygselbrevet. Slåtta Øyestølen ved Buhovd fylgde med.
    Kari var i Prestlien då ho døydde i 1825.

{5686} År: 1838

Halvor Olson Ulshagaplassen Kitilsplass 06.07. 1806-1878
Foreldre: Ola Guttormson Hellingberget Ulshagaplassen og Kari Olsdtr. ... .
Gm Kari Ivarsdtr. Prestlien Kitilsplass 06.02. 1808-1900
Foreldre: Ivar Bjørnson Gudbrandsrud (Nes) Prestlien og Kristi Larsdtr. Kitilsplass.
*Barn
1. Lars Halvorson Kitilsplass 22.11. 1831-
Barn m/Ingeborg Toresdtr. Torelien: Tore 1855- .
    Gm Mari Jonsdtr. Grevsgard. Sjå neste hushald.
2. Kari Halvorsdtr. Kitilsplass Espelund 06.04. 1837-1920
G 1863 m Knut Eivindson Moen Espelunden, gnr. 110/58. Kari var kjærast med diktaren A. O. Vinje.
3. Kristi Halvorsdtr. Kitilsplass 09.05. 1839-1839
4. Halvor Halvorson Kitilsplass Aall 26.01. 1844-1935
G 1882 Strømsø m Kristine Hansdtr. Helgesen, Lier 1862- 1892. Sjå år 1889.
5. Kristi Halvorsdtr. Kitilsplass 05.10. 1845-1847
6. Ola Halvorson Kitilsplass Aall 1845.-
Gm ... ... . Barn: marineløytnant Karl Aall; ...
    I unge år var Ola ein dugande laus-dansar. I eit samvær på Rimehaugen gjorde han såpass til hallingkast at nokre plankar oppe på slindane fall ned. (1553)
    Ola vart handelsmann, busett Frognervegen 66 i Kr.ania. Sidan kontorsjef ved Ringnes bryggeri. (1889)
7. Ivar Halvorson Kitilsplass 26.11. 1847-1848
8. Inger Halvorsdtr. Kitilsplass Hagaøyen 05.04. 1849-1935
=Inger Kristine. G 1875 m Herleik Larsson Jakopsplassen frå Skurdalen 1847-1919. Inger Kristine og Herleik hadde Jakopsplassen i Skurdalen. Sidan flytta dei til Hagaøyne, sjå gnr. 128/8. (Hol VII s 659)
9. Ragnhild Halvorsdtr. Kitilsplass Bøygardshagen 23.06. 1853-1944
G 1883 m Tidemann Eirikson Stranden Bøygardshagen, sjå Bjerke, gnr. 38/8.

Halvor og Kari gifte seg i 1831. Dei kom til Kitilsplassen i 1838.
    Kari var netthendt og hjelpsam. Ho fjerna sand og rusk or augo på mange sambygdingar med godt resultat. T.d. Knut Myking fekk att synet etter å ha fått slagg-sprut innpå auga då han smidde. Aldri tok ho seg betalt. Andre augelidingar rørte ho ikkje.
    Men det var to-tre tilfelle der pasienten mista synet. Dette førte til at Kari vart tiltala for kvakksalveri i 1850, men saka vart henlagt. (1591)24

{5687} År: 1857

Lars Halvorson Kitilsplass 22.11. 1831-
Foreldre: Halvor Olson Ulshagaplassen Kitilsplass og Kari Ivarsdtr. Prestlien.
Gm Mari Jonsdtr. Grevsgard Kitilsplass 04.03. 1827-
Foreldre: Jon Larsson Grevsgard og Margit Aslesdtr. Kjønås.
*Barn
1. Kari Larsdtr. Kitilsplass 27.08. 1857-
=Karen. G 1889 Bragernes m Herman Andreas Jensen, Bragernes 1862- .
    Busett i Drammen. Hermann var matros og son av bordstablar Jens Hansen. (1678)
    Gm ... Jonsen. Dei dreiv restauranten Lumpa på Grønland i Oslo.
2. Halvor Larsson Kitilsplass 14.01. 1860-1933
G 1893 m Karin Olsdtr. Olson, Hellsingland Sverige - Amerika 1868-1948. Barn: Halvor 1893-1893; Annie 1895-1937 g 1914 m Peter Asp (3 barn); Minnie Katherine 1897-1947 g 1923 m Dewey Leander Folkestad (6 barn); Myrtle 1898-1964 gm Clarence Thompson (7 barn); Arthur 1900-1978 ug.; Elmer 1901-1913; Lillian 1903-1970 gm William Sletten (5 barn); Clarence 1904-1904; Eunice 1906- g 1931 m Harry Lindberg. (1617)
    Utreist: Krødsherad Drammen Kr.ania m/foreldra 1864-1878. Til Am. : Willmar, Kandyohi Co, MN.
3. Oline Larsdtr. Kitilsplass 12.03. 1862-1929
Gm Johan Røhne. Barn: Inga ....-1967 gm ... Johnson (2 barn); Hermann ....-; Vilhelm ....- gm Alexandra ...; Karl ....-; Margrete ....-1996 gm Harry Fischer (1 dotter), gm Frank Oppenheimer; Ivar ....- .
    Utreist: Krødsherad - Drammen og Kr.ania m/foreldra 1864-1878.
4. Jon Larsson Kitilsplass 25.11. 1863-
Gm ... ... . Til Australia med familien sin, sidan har ingen høyrt frå han. (1645)
    Utreist: Krødsherad - Drammen. Kr.ania m/foreldra 1864-1878.

Lars og Mari fekk fire barn i Ål og budde hjå foreldra hans i Kitilsplassen. Lars hadde ein son med Ingeborg Toresdtr. Torelien: Tore 1855- sjå Torelien, gnr. 110/42.
    Lars og Mari fekk flytteattest for Drammen i 1864.
    I 1875 sat foreldra hans med fosterbarna Olina Larsdtr. f. 1862 og Vilhelm Larsson f. 1867. Truleg var Mari Jonsdtr. død i 1875.
    Lars var i Kr.ania i 1878, og arbeidde på Ringnes bryggeri i 1889.
    Destillatør Lars Halvorsen frå Ål f. 1831 budde i Kr.ania 1875. Han var gm Lovise ... ... frå Hole. (Dette behøver ikkje vera vår Lars.)
    Lars Halvorsen frå Ål (f. 1831) var dagarbeidar i kolforretning, budde i Toftesgt. i Kr.ania. Gm Inga Marie ... frå Nes på Romerike. Barn: Margit 1891- . (FT 1900)
    (Krødsherad I s 613 og Digitalarkivet)

{5688} År: 1889

Halvor Halvorson Kitilsplass Aall 26.01. 1844-1935
Foreldre: Halvor Olson Ulshagaplassen Kitilsplass og Kari Ivarsdtr. Prestlien.
Gm Kristine Hansdtr. Helgesen Aall 13.01. 1862-1892
Foreldre: Hans Helgesen og Sissel Evensdtr. i Drammen.
*Barn
1. Hanna Sofie Halvorsdtr. Kitilplass Olsen 18.07. 1884-1970
G 1905 m Anders Olson Dal. Sjå neste hushald.
2. Hans Halvorson Kitilplass 09.08. 1885-1959
Ugift. Reiste til Am. 1907.
3. Halvor Halvorson Kitilplass 07.01. 1887-1943
Ugift. Til Am. 1906.
4. Sofie Halvorsdtr. Kitilplass Engebretsen 22.01. 1888-1957
Gm Arthur Engebretsen. Barn: Rolf 1920- var gm Inga Skaug (2 barn).
    Arthur var typograf og budde i Oslo.
5. Karin Halvorsdtr. Kitilplass 22.01. 1888-1888
6. Olaf Halvorson Kittilsplass 29.03. 1889-1960
Ugift. Sjå neste hushald.

Halvor og Kristine gifte seg på Strømsø i 1882. Ho var dotter til murar Hans Helgesen i Lier. (1678)
    Halvor var sersjant. Han skreiv seg "sergeant Aall". Kristine gjekk tidleg bort. Og ungane vart sett bort på oppfostring, Sofie vaks opp hjå syskenbarnet Kari i Oslo, Olaf vaks opp i Helgelien.
    I 1889 fekk Halvor skøyte frå Kyrkjedepartementet på Kitilsplassen for kr. 1850.