Sutøy gnr. 111 bnr. 10
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sutøy gnr. 111 bnr. 10-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sist i 1880-åra vart husmannsplassane i Prestgarden frådelte som sjølveigarbruk. Guttorm Olson Sundre fekk kjøpe eit hamnestykke. Der bygde han opp eit småbruk som vart kalla Sutøy og fekk bnr. 10.
    Husa i Sutøy stod opphavleg litt aust for lokstallen, i 1905 vart dei flytta til noverande stad. Husa vart bygde i 1890, og fjøset vart bygd i 1913.
    Deler av jordvegen vart oreigna til stasjonstomta i 1905, 1920 og 1921. (Bnr. 20, 47 og 50.)

{5699} År: 1889

Guttorm Olson Sundre 04.09. 1855-1948
Foreldre: Ola Syverson Gretegarden Sundre og Haldis Guttormsdtr. Hansebråten.
Gm Kjersti Larsdtr. Søndenå Sundre __.__. 1860-1897
=Inger Kirstine. Foreldre: strandsitjar Lars Ingvaldson Søndenå i Vikedal og ... ... ... .
*Barn i fyrste ekteskap
1. Lars Guttormson Sundre 12.07. 1889-
Lars reiste til Amerika i 1908.
2. Haldis Guttormsdtr. Sundre 02.04. 1891-
?
*Barn i andre ekteskap
1. Kristine Guttormsdtr. Sundre 13.05. 1900-

Guttorm og Kjersti gifte seg i 1888. Dei fekk to barn før ho gjekk bort.
    Guttorm vart attgift 1899 i Kr.ania med Birgit Olsdtr. Dei budde i Drammen, der han var gardbrukar på bruket Bygrensen i Drammen i 1900. Sidan flytta dei til Bærum. Død i Sandvika 1948 og gravlagt ved Bryn kyrkje.