Huus, søre gnr. 112 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Huus, søre gnr. 112 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Om den eldste tida på garden Huus, sjå innleiinga til bnr. 2.
    Ved delinga av Huus i 1755 vart søre Huus tillagt 6 laupsbol av 24. Denne garden vart også kalla Røyse, - i sume dokument skrive 'Rosengard'. Eit minne om dette namnet ligg att i Rosengardstølen.
    Areal 1865: dyrka jord 14 mål, naturleg eng 18 mål, utslått 36 mål. Avling 15 1/2 tunne bygg 14 tunner potet.
    Denne garden låg tidvis under andre gardar, venteleg vart vedlikehaldet noko bakpå. Skridene 1876 kan også ha ført til at garden vart slegen saman med søre Leksvol, gnr. 113/1 i 1897 og nedlagd som eigen bustad.
    Den eine stugu på søre Huus var fint rosemåla, ho vart brukt som skulehus ei tid. No står stugu som hytte i Stakkestøet.

{5704} År: 1755

Tolleiv Henrikson Huus Bjella 1710c-1788
Foreldre: Henrik Toreson Huus og Turid Torsteinsdtr. Stave
Gm Guri Larsdtr. Holshagen Huus 1710c-1773s
Foreldre: Lars Halvorson Hallsteinsgard HolsHagen og Barbro Persdtr. Hagen, Hol.
*Barn
1. Henrik Tolleivson Huus 21.06. 1744-1812
Gm Birgit Olsdtr. søre Helling. Sjå neste hushald.
2. Barbro Tolleivsdtr. Huus Storlien 12.06. 1746-1824
G 1783 m Torkjell Person Sehl Storlien, gnr. 3/1.
3. Turid Tolleivsdtr. Huus Øvrelå 10.11. 1748-1839
Gm Johannes Larsson Hove Sundremyren ØvreLå, gnr. 102/1.
4. Lars Tolleivson Huus Bjella 07.05. 1751-1835
G 1775 m Sigrid Embriksdtr. Kolbjørnstølen. Sjå søre Bjella, gnr. 104/3.
5. Anne Tolleivsdtr. Huus Kvelprud 31.07. 1757-1832
G 1781 m em Per Torkjellson Kvelprud, gnr. 28/1.
6. Torstein Tolleivson Huus 07.06. 1761-1763

Tolleiv fekk skøyte på søre Bjella for 250 rd i 1756.
    Tolleiv var på tinget med Embrik Espegard i 1771. Ei kjøpe-avtale vedrørande stølen Lyserbotn for Embrik var brote og karane hadde prøvd kreftene på kvarandre. (1368) s 45
    Tolleiv kjøpte søre Bjella i 1771 for 1125 rd på vegne av myntlingen Anne Ivarsdtr. Vidare hadde Tolleiv forbedra Bjella med bygningar til ein verdi av 275 rd. Det var skifte etter Guri i 1773.
    I 1775 gjorde sønene Lars og Henrik avtale etter å ha rådført seg med faren ( "... der nærmest helder mod graven ..."). Henrik skulle overta søre Huus (også kalla Røyse) mot å løyse ut to systre. Lars skulle overta søre Bjella og løyse ut sine tre systre, dessutan skulle Tolleiv få bruke på livstid halve Bjella om han ville.
    Lars hadde Huus i tre år før han bytte med broren Henrik.

{5705} År: 1775

Henrik Tolleivson Huus 21.06. 1744-1812
Foreldre: Tolleiv Henrikson Huus og Guri Larsdtr. Hagen i Hol.
Gm Birgit Olsdtr. Helling Huus 04.03. 1753-
Foreldre: Ola Torjusson søre Helling og Birgit Helgesdtr. Ruud.
*Barn
1. Guri Henriksdtr. Huus 17.04. 1775-1858
G 1804 m Ola Knutson Helling Mykingplassen, sjå inderstar 'Huus'.
2. Birgit Henriksdtr. Huus 17.04. 1775-
Barn m Embrik Herbrandson Sata-eie/Bæra: Henrik 1816- 1818. Ikkje død i Ål.
3. Ola Henrikson Huus Mørk 11.10. 1778-1832
G 1807 m Ingeborg Tolleivsdtr. Kamben under Villand i Hovet. Barn: Birgit 1808-1828; Henrik 1810- ; Ingeborg 1812- . (Sjå Hol IV s 90 og 343)
    Dei bygsla plassen Søremørkbakkane i Hovet i 1809 og der budde Ingeborg som enkje i 1835. Ein svikefull friar til dottera førte Ingeborg til uvøren framferd. Friaren kom seg såvidt ut or eit brennande stolphus! Ingeborg vart tiltala for mordbrann 1835, og vart dømt til døden og dessutan harde bøter. Truleg vart ho benåda. (Hol IV s 91)
4. Tolleiv Henrikson Huus Skallehaugen 09.09. 1781-1868
G 1816 m Mari Olsdtr. Vangen Skallehaugen, gnr.
5. Anders Henrikson Huus 1788-1801f
6. Turid Henriksdtr. Huus Brenno 07.10. 1792-1869
G 1821 m Per Knutson Bakketeigen Brenno, gnr. 121/6.
*Barnebarn
1. Henrik Embrikson Sataeie 29.12. 1816-1818
Foreldre: Embrik Herbrandson Satalien (ungkar) og Birgit Henriksdtr. Huus.

Henrik tenestgjorde ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani i unge år.
    Henrik overtok Huus ved skøyte i 1772. Henrik var på Lien i Hemsedal i 1782 (!) då han selde søre Huus for 480 rd og kår til faren.
    Dei budde deretter i Randen og på Kortgarden frå 1788. Henrik kom så til Breiehagen som husmann utan jord før 1800. Han døydde på Huus.

{5706} År: 1782


Mikkel Larsson Sundremyren kjøpte Huus i 1782 for 480 rd og kår. Mikkel makeskifte garden 1784 med Lars Olson nordre Rime og fekk Rime.
    Same året selde Lars Rime garden til panthavaren klokkaren Johan Ludvig Qvam for 350 rd.
   

{5707} År: 1784

Johan Qvam 1750c-1795
Foreldre: presten Niels N. Qvam og Isabell ... ... . (Sjå Prestgarden.)

Johan Ludvig Qvam var klokkar. I 1784 kjøpte han søre Huus for 520 rd.
    Johan gjekk bort i 1795 og garden vart selt på auksjon. Torgeir Sundbrei fekk tilslaget, men han selde vidare same dagen til Tolleiv Olson søre Helling.

{5708} År: 1795

Tolleiv Olson Helling Huus 26.09. 1762-1819
Foreldre: Ola Torjusson Helling og Birgit Holgesdtr. Ruud.
Gm Jørand Eivindsdtr. Holto Huus 25.02. 1753-1795
Foreldre: Eivind Tolleivson Breie Tune Holto og Anne Nilsdtr. Holto.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Jørand Tolleivsdtr. Huus Svarteberg 08.02. 1795-1870
G 1815 m Lars Torsteinson Svarteberg, gnr. 54/1.

Jørand døydde truleg i barselseng. Buet var 710 rd.
    Tolleiv Olson Helling Varaberg overtok søre Huus i 1795 og brukte garden til 1805 då gardoppkjøparen Tolleiv Torjusson Helling tok over.
    Tolleiv vart attgift 1798 med Birgit Larsdtr. Rimehaugen. Familien deira er ført på Varaberg, gnr. 108/1. Tolleiv Torjusson skifta Huus mot søre Stave i 1812.

{5709} År: 1812

Ola Torsteinson Øvrejordet Stave 1774.-1858
Foreldre: Torsteinson Henrikson Huus Øvrejordet og Ingeborg Olsdtr. Stave.
Gm Ambjørg Aslesdtr. Strand Stave 07.12. 1777-1856
Foreldre: Asle Olson Skottebøl Aslegarden Strand og Guri Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
*Barn
1. Torstein Olson Huus 15.02. 1807-____
2. Haldis Olsdtr. Huus Bjella 26.01. 1809-1893
G 1833 m Lars Tolleivson søre Bjella, gnr. 104/3.
3. Torstein Olson Huus 20.07. 1812-1884
G 1838 m Birgit Embriksdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.

Ola Torsteinson Øvrejordet Stave skifte Stave mot søre Huus i 1812.
    Ola gifte seg 1806 med Ambjørg Aslesdtr. Aslegarden Strand. Sjå søre Stave.
    Ola hadde også nordre Lå. Han la Låstølen på Kuluset til garden Huus og overførte det heile til sonen Torstein i 1854.

{5710} År: 1854

Torstein Olson Stave Huus 20.07. 1812-1884
Foreldre: Ola Torsteinson Lå Stave Huus og Ambjørg Aslesdtr. Aslegarden Strand.
Gm Birgit Embriksdtr. Skrindo Huus 07.10. 1814-1869
Foreldre: Embrik Knutson nordre Skrindo og Randi Nilsdtr. Opsata.
*Barn
1. Ola Torsteinson Huus 30.01. 1839-1928
G 1867 m Margit Knutsdtr. Halleset. Sjå neste hushald.
2. Ambjørg Torsteinsdtr. Huus Pletten 17.10. 1841-1919
G 1873 m Halvor Larsson Pletten, gnr. 123/1.
3. Embrik Torsteinson Huus Morken 11.08. 1844-1923
G 1876 m Brita Torsteinsdtr. Morken frå Hafslo 1854-1916. Barn: Torstein 1877- ung.
    Barn i Hafslo: Brita 1879-1954 gm landhandlar Tøger Rasmussen (Fåberg) på Hallingstad i Lier (9 barn); Kari 1880-1909 gm Einar Nilsson Lunde, Hafslo (4 barn); Torstein 1882-1971 bonde på halve Morken, gm Brita Pedersdtr Leirdal (6 barn); Anne 1884-1980 gm lærar Laurits Kronen på Vikersund (10 barn); Ingebrikt 1887-1981 bonde på halve Morken gm Maria Andersdtr. Leirdal (4 søner). (1502)
    Embrik og Brita overtok Morken i Hafslo i 1884. I 1910 delte dei garden mellom sønene Torstein og Embrik.
4. Rangdi Torsteinsdtr. Huus 13.12. 1846-1847
5. Rangdi Torsteinsdtr. Huus Teigen 09.08. 1848-1930
G 1883 m Lars Tolleivson Sehl Teigen, gnr. 22/73.
6. Ingeborg Torsteinsdtr. Huus Bakkeplass 07.09. 1851-____
G 1882 m Jakop Torsteinson Bakkeplass, gnr. 49/6.
7. Barbo Torsteinsdtr. Huus Bjella 16.12. 1854-1939
G 1886 m Asle Larsson Bjella (På Halvmålet). Sjå eige hushald.

Torstein og Birgit gifte seg i 1838. I 1854 vart frådelt eit jordstykke nede i jordet, sidan kalla Steinsrud, bnr. 25.

{5711} År: 1870

Ola Torsteinson Huus 30.01. 1839-1928
Foreldre: Torstein Olson Stave Huus og Birgit Embriksdtr. Skrindo.
Gm Margit Knutsdtr. Halleset Huus 07.08. 1845-1910.
Foreldre: Knut Olson Bakketeigen Halleset og Birgit Olsdtr. Øvrelå.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Huus Holto 02.03. 1868-1959
G 1891 m Gunnar Olson Noss Holto, gnr. 94/5.
2. Birgit Olsdtr. Huus Lorentsen 20.11. 1870-
G 1897 m Anton Justus Lorentsen, Ulverud, Eiker 1853-.... .
    Anton var gardbrukar på Ulverud i Eiker. Sidan (?) busett i Kr.ania.
3. Ambjørg Olsdtr. Huus Brattegard 18.01. 1873-1923
Gm stasjonmeister Brattegard. Sjå Trolløyen, gnr. 110/7.
4. Guri Olsdtr. Huus 27.06. 1875-
Guri flytta til N-Eiker i 1897. Ho dreiv syforretning, men døydde ung.
5. Margit Olsdtr. Huus Kjemperud 08.07. 1877-
G 1901 m Anders Pedersen Kjemperud, Øvre Eiker 1878-.... . Barn: 6.
    Anders var elve-arbeidar/tømmermann. Budde på Danvik i 1935. Ho var utdanna lærarinne, men slutta å undervise då ho vart gift.
6. Rangdi Olsdtr. Huus Olson 23.04. 1881-
Gm Karl Olson, Sverige.Til N-Eiker i 1897. Busett i Drammen.
7. Torstein Olson Huus 03.10. 1883-1885
8. Astrid Olsdtr. Huus Kisen 04.12. 1885-1951
G 1913 m Hans Kisen, Kongsvinger 1886- . Barn: Edel Marie ....- ; ...
    Hans var ei tid telegrafist ved Ål stasjon. Sidan vart han stasjonsmeister på Kongsvinger. (1515)
9. Ingebjørg Olsdtr. Huus Karlson 10.02. 1888-
G 1912 m Johan Karlson, Hurum. Barn: 3.
    Til N-Eiker i 1897. Johan arbeidde ved Engene dynamittfabrikk.

Ola og Margit gifte seg i 1867. Skulehaldar. Han vart kalla Huus-skulen.
    Etter konfirmasjonen tok Ola framleis undervising hjå lærarane i Ål. Sidan vart det seks veker privatundervising hjå klokkar Olsen og H. Persmoen på Nes. Det høvde slik at prost Bugge vart sitjande fast otte dagar på Nes under storflaumen i 1860. Han prøvde Ola sine kunnskapar, og gav han derpå det rådet at han skulle søke seg lærarpost.
    Frå 1867 var Ola lærar i Breie og sidan på Skottebøl. Han hadde ikkje søkt, fekk berre melding om at han var tilsett. Ola beklaga seg overfor Kjelstrup at han ikkje hadde lærarskule-eksamen. Kjelstrup svara: "Det gjør ikke noget. For å være født til lærer er bedre enn eksamen.'
    Dottera Barbro fekk auksjonsskøyte på garden i 1895. Så kjøpte lensmann Ecktell garden i 1897, og Ola og familien flytta til Nedre Eiker. I FT 1900 var han 'tidl. lærar, nå bonde på Ruud nordre i Sande.'
    På sine gamle dagar budde Ola hjå dotter og svigerson på Ulverud, Solbergelva. Der dreiv han skomakararbeid som tidtrøyte. Han fortalde til Mehlum, sjå NU 17. januar 1911.

{5712} År: 1897

Henrik Karlson Ecktell __.__. 1854-1938
Foreldre: mølle-eigar Carl Ecktell og Karen Johanne Jensen, Vestre Aker. (1586)
Gm Ingeborg Henriksdtr. Noss Ecktell 29.06. 1863-1948
Foreldre: Henrik Knutson Noss Tolleivsgarden og Guri Tomasdtr. Breiehagen.
*Barn
1. Johanne Henriksdtr. Ecktell Sørbøen 18.05. 1885-1962
=Karen Johanne. G 1915 Oslo m Ola Olson Sørbøen 1888-1921. Sjå eige hushald.
2. Gudrun Henriksdtr. Ecktell Gjørud 23.11. 1887-1972
G 1912 m dyrlege Hans Gjørud frå Norderhov. Sjå søre Leksvol, gnr. 113/1.
3. Karl Henrikson Ecktell 30.07. 1889-1889
4. Josefine Henriksdtr. Ecktell Nilsson 17.04. 1891-1947
G 1924 Oslo m Karl Albert Nilsson, gardbrukarson frå Skee i Sverige. Busett Strømstad, Sverige. (1228)
5. Sigrid Henriksdtr. Ecktell 17.04. 1891-1912
Ugift lærerinne. Guvernante hjå godseigar O. A Skinnes i Kr.herad i 1908.
6. Astrid Henriksdtr. Ecktell Johansen 16.10. 1892-1947
G 1921 m ingeniør P. K. Auensen, V. Aker. Gm ... Johansen, Strømstad, Sverige.
    Til Kr.ania i 1920.

Ecktell kom til Ål som lensmann i 1880. Han skal vera født i Oslo 1854. Eller: Frå Arendal. (A. Mehlum) Han var bror til presten Ecktell i Storelvdal.
    Ecktell budde lenge på Strand. Så kjøpte han Leksvol, gnr. 113/1 i 1896 og Huus i 1897 og slo gardane saman. Sjå vidare under Leksvol. (1553).
    Ecktell var ein storrøykjar. Men han viste ikkje at ho Ingeborg gjerne tok seg ei pipe i løynd. Han fekk fekk kongens fortenestmedalje i sylv. (889)
    Ein gong høvde det slik at ein mann som vart kalla Fugle-Halvor opna grinda for Ecktell då han skulle ut å køyre ein uværsdag.
    "Du kan være glad at du ikke er lensmann, og må ut i all slags vær,"sa Ecktell. Fugle-Halvor svara: "Ja det ha e takka min herre og skapar for so mang ei gong!" (Fortalt av K. Vetteren)