Huus gnr. 112 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Huus gnr. 112 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Garden Huus ligg mellom søre og nordre Leksvol, og er truleg utskilt frå Leksvol. Desse gardane ligg sentralt i Ål, og er av høg alder. Gardsnamnet vart skrive Huss i 1528 og Huus i 1578.
    Gardsnamnet Huus i eintalsform er sjeldsynt, utanom Ål finnst det i Jølster og i Stjørdalen. (O. Rygh)
    1577-1616 skatta Huus årleg skatt på 4 kalvskinn, frelse 1 album.
    Garden Huus vart skattlagt som heilgard, og hadde ei landskyld på 24 laupsbol. Huus hadde to brukerar siste fjerdeparten av 1600-talet. I 1755 vart garden delt i nordre (18 laupsbol) og søre garden (6 laupsbol). Og i 1774 vart nordre Huus delt i myljo og nordre garden.
    Huus hadde skog på sørsida av dalen, men ingen stølar på Veståsen. Sjå nedanfor.
    Plassar og frådelte bruk: søre Hansebråten og Embrikshaugen (Hushaugen) var plassar frå gamalt, sidan frådelt som eigne bruk. NB. Sjå også Giglum under år 1615. Frå Huus vart også frådelt nokre jordstykke (bnr. 4 ,11 og 12) som saman med ein del av Helling vart bureisarbruket Nyheim, gnr. 106/7.
    Innmarka til Huusgardane låg i teigblanding fram til utskiftinga 1905-1907.
    Areal 1865: dyrka jord 17 1/2 mål, naturleg eng 52 mål, utslått 37 mål. Avling 19 1/2 tunne bygg 17 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål, anna areal 30 mål, produktiv skog 400 mål, anna utmark 1200 mål. Stugu bygt 1780 (eller er ho bygd av Torkjell Villand), låve med fjøs og stall 1954, loft 1908, eldhus.
    Stølar. Langstøl i Hollo vart kjøpt frå Settungsgard i 1736. (Ligg under Stave frå 1918.) Langstølen på Grønset vart selt til Havardsgard i 1758. Heimstøl er Hus-stølen (i Kvinnegardslia). Havardsgard i Vats vart nemnt som heimstøl under Huus i 1616.
    Frå omlag 1973 vart Huus drive under Øvre Reinton i Hol (gnr. 4/1) der familien bur.

{5722} År: 1755

Tor Henrikson Huus 1710c-
Foreldre: Henrik Toreson Huus og Turid Torsteinsdtr. Stave.
Gm Kari Larsdtr. Holshagen Huus 1720c-1773
Foreldre: Lars Halvorson Hallsteinsgard HolsHagen og Barbro Persdtr. Holshagen, Hol.
Gm Gunvor Håkonsdtr. Svarteberg Huus 06.02. 1751-
Foreldre: Håkon Tolleivson søre Svarteberg og Gunvor Torsteinsdtr. nordre Svarteberg.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Henrik Torson Huus 1737-1797
G 1763 m Anne Embriksdtr. Kolbjørnstølen. Sjå neste hushald.
2. Ola Torson Huus Sindrol 1740-1785s
Gm Turid Olsdtr. Rimehaugen. Barn: Kari 1774- gm Sevat Olson Langeland Bråto; Levor 1776- ; Tor f 1778-liten; Tor 1781- . (Alle fødde i Hol, sjå Hol III s 430)
    Det var skifte etter Turid på Sindrol i Hol i 1782. Buet var 164 rd til deling på enkjemann og 3 barn. Skiftet etter Ola Huus vart halde på Bjella i 1785. Ungane var mellom 11 og 4 år og Svein Holto vart verge. Buet var 94 rd.
    Ola bytta Sindrol mot Strand med Tolleiv Kleppo og flytta frå Sindrol.
3. Anne Torsdtr. Huus Bakketeigen 1743-1833
G 1765 m Lars Olson Rimehaug Bakketeigen, gnr. 116/1.
4. Turid Torsdtr. Huus 10.10. 1745-
I 1801 var Turid ugift og budde på Huus hjå broren. Truleg død utanfor Ål.
5. Barbro Torsdtr. Huus 04.02. 1748-1750
6. Lars Torson Huus 25.10. 1750-1750
Død 1750: 'Tor Huses barn og Barbro torsdtr Huus.' Feilskrift?
7. Levor Torson Huus 14.10. 1753-1763
Levor døydde etter eit fall.
8. Barbro Torsdtr. Huus Breie 07.06. 1756-
Gm Tolleiv Syverson øvre Breie.
9. Anders Torson Huus 04.06. 1759-
10. Anders Torson Huus 24.06. 1760-
Anders vart konfirmert i 1780. Og lyste avkall 1783 vedrørande morsarv frå 1775.
11. Levor Torson Huus 13.11. 1763-1815
Gm Ingeborg Knutsdtr. Tolleivsgarden Noss. Sjå Huus, bnr. 6.
*Barn i andre ekteskap
1. Tor Torson Huus 12.09. 1779-
Tor var 'Huusbondens broder' i 1801. Sidan ikkje spurt.
2. Kari Torsdtr. Huus 09.11. 1783-

I 1736 vart Tor skattlagt for handel eller handverks-verksemd.
    Tor og Kari fekk 11 barn. Tor kjøpte 7 laupsbol skyldgods i garden i 1755.
    Stølen Grønset vart selt til Havardsgard i 1758 for 17 rd. Då vart Tor saksøkt av grannane Knut og Morland på Leksvol som meinte at han kunne ikkje selja heile Grønset når han berre hadde ein liten del i stølen. Deleigarane meinte dei hadde forkjøpsrett. Kjøparen Ola Havardsgard prova at han berre hadde kjøpt den delen som Tor og Tolleiv Huus hadde i Grønset.
    Ein kuhandel med Svein Breie fekk etterspel på tinget 1764. Kua hadde 'rogen- sott' eller 'den røde syge' og måtte slaktast før buføringa frå langstølen om hausten. Det vart vitna om at slike dyr ikkje kunne nyttast til mat. Huda derimot var levert attende til Svein. (1288) s 24
    Kring 1775 vart Kari stanga i hel på stølen av ein okse. Taksten på Huus i 1775 var 500 rd.
    Tor vart attgift 1777 med Gunvor. Dei fekk to barn.
    Skogdelet mellom Huus og gardane i NedreÅl og Kvinnegardslia var omstridd ei tid. Det var stadig hogst over det gamle delet som vart rekna etter Grønsetvegen. Over delet kunne dei etter skikken hogge berre 'på snikkeri', dvs. til snikkarmatrialar.
    Men i 1771 let Tor Huus kalle inn 13-14 mann på dugnad, dei skulle opp ved Kriklebustølen og hogge beit. Tor formana dei til å ha friskt mot og føre seg mandigt i fall dei skulle møte motstand av Kvinnegardsli-bøndene. Utstyrt med staur, øksar og 'fornødne verger' la dei i veg på hogst ovanfor grensa.
    To karar held vakt og dei andre hogde og så førde dei heim mange beita-lass. Vaktfolka ropte etter passerande Kvinnegardsli-folk, og truga dei om dei våga koma. (1368) s 82
    I 1774 kjøpte Tor garden Sindrol i Hol for 1214 rd. (Fiskevatnet var ikkje med.) Denne garden overtok sonen Ola. Tor delte garden Huus og selde 9 laupsbol til Henrik Torson i 1774 for 500 rd. Meir om Tor og Gunvor på Huus, bnr. 6.

{5723} År: 1774

Henrik Torson Huus 1737-1797
Foreldre: Tor Henrikson Huus og Kari Larsdtr. Holshagen (Hol).
Gm Anne Embriksdtr. Kolbjørnstølen Huus 1739-1793s
Foreldre: Embrik Ivarson Gjeldokk Kolbjørnstølen og Liv Knutsdtr. Espegard.
*Barn
1. Tor Henrikson Huus 14.08. 1763-
Tor selde fiskevatnet Ørteren 1782 til Ola Hamarsbøen.
2. Kari Henriksdtr. Huus 31.08. 1766-1854
Gm Eilev Toreson Træet Huus. Sjå neste hushald og Tretterudhaugen gnr. 4/46.
3. Embrik Henrikson Huus 04.12. 1768-1807
Ug. Embrik var handelskar og mykje på reisefot. Han fekk 1794 skøyte på garden for 500 rd og kår.
    I 1799 gjekk garden på auksjon, og ny eigar vart Aslak Øygarden. Embrik skulle ha att den øvre stugu på garden. Embrik døydde i Fredrikstad i 1807.
4. Tor Henrikson Huus 13.09. 1772-
NB. 2 stk med same namn.
5. Kristi Henriksdtr. Huus Berg 13.02. 1774-1846
G 1799 m Ola Halvorson Berg.
6. Margit Henriksdtr. Huus 1776-
7. Liv Henriksdtr. Huus Embre 1777-1843
G 1809 m Ola Knutson Embre, Hemsedal. Barn: Ingebjørg 1810-1864 gm ......... ; Knut 1812-1872 bonde på Embre, gm Gunvor Kvamen, Ål; Embrik 1814- ; Henrik 1817-1902; Knut 1818-1902.
8. Turid Henriksdtr. Huus Stakegard 1780-1859
G 1806 m Torgeir Hermundson Stakegard, gnr. 97/1.

Henrik og Anne gifte seg i 1763. Han gjorde tenest ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani i 1773 og hadde 9 år bak seg.
    I 1774 overtok Henrik halve garden (9 lb.) for 500 rd. Faren hadde den andre halvparten av nordre Huus (bnr.6).
    Hermund Stakegarden makeskifta 1784 Langåkeren og enga søre Gjøta og 140 rd med Henrik Torson Huus og fekk att Hus-stølen. Same dag kjøpte Hermund attende Langåkeren og enga søre Gjøta for 60 rd. Henrik lånte 310 rd hjå Hermund i 1784.
    Det var skifte etter Anne i 1793. Buet var 203 rd. På skiftet etter Henrik i 1799 var eiga var 40 rd.

{5724} År: 1799

Kari Henriksdtr. Huus 31.08. 1766-1854
Foreldre: Henrik Torson Huus og Anne Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Eilev Torson Træet Huus 30.01. 1763-1826
Foreldre: Tor Eilevson Eilevsmoen - Træet (Tretterudhaugen) og Birgit Olsdtr. nordre Opheim.
*Barn
1. Henrik Eilevson Huus 22.07. 1798-1864
G 1823 m Guri Syversdtr. Skarsgard. Sjå neste hushald.
2. Tore Eilevson Huus Skarsgard 11.09. 1803-1880
G 1835 m Sissel Syversdtr. Skarsgard. Barn: Ola 1836-1907, sjå Bergaplass, gnr. 74/6 og nordre Skarsgard, år 1800. Død i Nicollet Co, Lake Praerie, MN.

Barn: Tore 1788- og Margit 1793- (m/jente Ingeborg Eiriksdtr. Rue. (Hol IV s 364)
    Eilev budde i Prestgarden denne tida. Sjå Torelien, gnr. 110/42.
    I 1799 stevna Eilev med odel på noko gods i Huus som Aslak Øygarden hadde kjøpt på auksjon. Dei gjorde slik forlik: mot skøyte på godset skulle Eilev dekke alle kostnader som Aslak hadde hatt med handelen. Det skøytet fekk han ikkje før i 1813. (1407)

{5725} År: 1822

Henrik Eilevson Huus 22.07. 1798-1864
Foreldre: Eilev Torson Træet Huus og Kari Henriksdtr. Huus.
Gm Guri Syversdtr. Skarsgard Huus 10.04. 1800-1869
Foreldre: Syver Olson Skarsgard og Guro Johannesdtr. Mørk (Hol).
*Barn
1. Kari Henriksdtr. Huus Sundrehagen 25.12. 1823-1887
G 1848 m Lars Olson Hove Sundrehagen, gnr. 110/1.
2. Eilev Henrikson Huus 06.01. 1826-1900
G 1856 m Birgit Tolleivsdtr. Helling. Sjå neste hushald.
3. Syver Henrikson Huus Mørk 29.12. 1827-1910
G 1855 m Anne Gunnarsdtr. Arnegard. Barn: Syver død ung; Henrik 1858-1946 bonde på Mørk, gm Kirsti Larsdtr. Øvrejorde, gm Ingeborg Olsdtr. Rue.
    Barn i Hol: Guri 1861-død ung; Syver 1865-1918 smed på Sundre, gm syskenbarnet Birgit Eilevsdtr. Huus.
    Syver kom til Skarsgard to år gamal på oppfostring. Fosterforeldra hans hadde bestemt at Syver skulle overta Skarsgard. Men det vart morbroren Torstein som overtok Skarsgard.
    Då sa bestemora, Kirsti Mørk: "Det skal nok bli gard, Sjugurd!"
    Med odelsrett hennar kjøpte Syver garden Mørk i Hovet i 1860. Syver let rosemåle stugu på Mørk. Han hadde ei fin handskrift og uttrykte godt skriftleg. Han var religiøs som fleire av Huus-folka, og held andakt kvar sundag. Sonen Henrik tok over garden i 1900.
4. Ola Henrikson Huus Eikro 17.03. 1829-1877
Gm Anne Olsdtr. Stave. Sjå Eikrene, gnr. 111/4.
5. Guro Henriksdtr. Huus Skottebøl 30.03. 1831-1880
G 1857 m Tolleiv Larsson Skottebøl, gnr.
    Guro dreiv mykje med farging av garn og ho vov. Ho hadde uvanleg tjukt, mørkt hår. Dei måtte klyppe av mykje for å få på hetta då ho gifte seg. Av håret laga dei klokke-band til mannen og dei tre døtrene. (1559)
6. Anne Henriksdtr. Huus Bjella 11.07. 1833-1907
G 1857 m Knut Holgeson Bjella, gnr. 104/2.
7. Elling Henrikson Huus 23.09. 1835-1856
Forstoppelse. Foreldre: Henrik Eilevson Huus og Guri Syversdtr Skarsgard.
8. Embrik Henrikson Huus 01.07. 1838-1838
9. Henrik Henrikson Huus 01.07. 1838-1839
10. Sissel Henriksdtr. Huus Øygard 30.08. 1842-1929
G 1870 m Ola Arneson Bergsgard Øygard, gnr. 48/1.
    Sissel var svært så vakker i unge år. Av lynne var ho munter, open og beintfram. Ei av dei flinkaste i bygda med bunadsaum. Dessutan hadde ho fin handskrift.

Henrik og Guri gifte seg i 1823. Henrik fekk skøyte på garden i 1822 for 500 spd.

{5726} År: 1858

Eilev Henrikson Huus 06.01. 1826-1900
Foreldre: Henrik Eilevson Huus og Guri Syversdtr. Skarsgard.
Gm Birgit Tolleivsdtr. Helling Huus 12.10. 1832-1874
Foreldre: Tolleiv Torjusson Varaberg Helling og 2.g Anne Andersdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Henrik Eilevson Huus 22.12. 1857-1879
Henrik hjelpte faren med garden i 1875.
2. Guri Eilevsdtr. Huus 18.05. 1860-1876
3. Anne Eilevsdtr. Huus 29.12. 1862-1938
Ugift. Anne dreiv med hus- og fjøsstell i 1900. Ho budde på Huus til 1936, og dei siste åra på Bygdaheimen.
4. Kirsti Eilevsdtr. Huus Vareberg 10.05. 1865-____
G 1900 m Ola Person Vareberg. Sjå Bjella, gnr. 104/2.
5. Birgit Eilevsdtr. Huus Mørk 27.12. 1867-1909
G 1899 m Syver Syverson Mørk. Sjå eige hushald.
6. Kari Eilevsdtr. Huus Noss 24.05. 1871-1920
G 1904 m Tomas Larsson Noss Huus. Sjå år 1918.
7. Tolleiv Eilevson Huus 30.12. 1873-1926
G 1905 m Astrid Olsdtr. Håheim. Sjå neste hushald.

Eilev og Birgit gifte seg i 1856. Eilev overtok Huus i 1858.
    Eilev er beskrive slik: '... noget eiendommelig tiltalende i ansigted, stille, vennlig, vanskelig å få ret tag i, ualmindelig flittig.' (etter O. Skottebøl) (1559)
    I 1865 budde også indersten Ola Henrikson med familien på Huus.

{5727} År: 1896

Tolleiv Eilevson Huus 30.12. 1873-1926
Foreldre: Eilev Henrikson Huus og Birgit Tolleivsdtr. Helling.
Gm Astrid Olsdtr. Håheim Huus 15.02. 1878-1963
Foreldre: Ola Olson Håheim og Liv Torsdtr. Veslegard.
*Barn
1. Birgit Stave Skrindo 29.03. 1906-1987
G 1933 m Olaf Larsson Skrindo, sjå gnr. 47/2.
2. Ola Stave 01.08. 1908-1975
G 1937 m Gunhild Hansdtr. Hansen. Sjå nordre Stave, gnr. 114/12.
3. Liv Stave Helling 16.02. 1910-1945
G 1931 m Ola Helgeson Helling. Sjå eige hushald.
4. Guri Stave 22.05. 1912-
Ugift. Budde i Ål.
5. Eilev Stave 05.06. 1915-1982
G 1947 m Astrid Marie Holm. Sjå eige hushald.

Tolleiv og Astrid gifte seg 1905. Tolleiv overtok Huus i 1896 for kr. 2400 og kår.
    Tolleiv selde frå fiskeretten i Rødungen. Kring 1900 bygde Tolleiv saman eit loft og eit stolphus til eit stort loft. Og han bygde om uthusa.
    Tolleiv kjøpte nordre Stave i 1918 og flytta dit. Fleire av ungane skreiv seg sidan Stave. Tolleiv selde Huus til systermannen Tomas Larsson. Tolleiv selde nedre Husjordet.