Huus, nordre gnr. 112 bnr. 6
   Gardsregister €   Garden €  Bruksregister €   Forklaring
 Huus, nordre gnr. 112 bnr. 6-
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
 1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.  
  For english readers.  
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
 
Tor Henrikson held attende nordre delen av nordre Huus då han delte garden i 1774.  Eigedomen fekk 9 laupsbol og etterkvart løpenummer 275.
     	Plassar og fråselt jord: plassen Hansebråten, bnr. 8 fråselt 1854.
      	Frå 1854 vart garden skoren opp og selt ut i smått. M.a. vart dette fråselt: Huus bnr. 10 fråselt 1863 (ligg under bnr. 2); fråselt 1863: Huus bnr. 11 og Tolvmålsteigen bnr. 12 fråselt 1863 ligg under Nyheim; Huus bnr. 14 fråselt 1870, ligg under bnr. 2. 
     	Areal 1865: 15 mål dyrka jord, 27 mål naturleg eng og 45 mål utslått. Avling 14 1/2 tunner bygg og 12 tunner potet.
     	Stølar: langstøl i Hollo (bnr. 9, fråselt til Håheim 1856), heimstøl Huus-stølen.
     	I 1919 vart det attverande av garden, Huusstølen, lagt til nordre Brenno, gnr. 118/5.
{5731} År: 1774
 
Tor Henrikson Huus      1710c-
Gm Kari Larsdtr. Hagen frå Hol. G 1777 m Gunvor Håkonsdtr. Svarteberg.
Foreldre: Henrik Toreson Huus og Turid Torsteinsdtr. Stave.
Om familiane til Tor Henrikson, sjå Huus, bnr. 2 år 1755.
     	Tor måtte selja halve garden i 1783 'formedelst gjeld' til Eirik Olson Veslegard. Pris: 650 rd og 2 tunner korn årleg som kår. Dottera Kari var født på Strand i 1783. 
     	I 1809 var Gunvor enkje og busett to mil utanfor Kr.ania. (NB. Det var omlag 40 års aldersskilnad!!)
{5732} År: 1783
 
Eirik Olson Veslegard Huus Jøto     1742-1815
Foreldre: Ola ... Veslegard og ... ... ... .
Gm Ambjørg Knutsdtr. Noss Huus Jøto   19.02.  1758-1833
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Torand Olsdtr. Løken.
Eirik Olson Veslegard og Ambjørg Knutsdtr. kjøpte halve Huus i 1783 for 650 rd og kår til Tor Henrikson. Dei selde Huus i 1789, og kjøpte Jøto 1797, sjå gnr. 117/5. 
{5733} År: 1789
 
Levor Torson Huus    13.11.  1763-1815
Foreldre: Tor Henrikson Huus og Kari Larsdtr ........
Gm Ingeborg Knutsdtr. Noss Huus   16.10.  1760-1845
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Torand Olsdtr. Løken.
*Barn
1. Tor Levorson Huus    20.03.  1791-1801f
2. Knut Levorson Huus    09.05.  1793-1860
Gm Gunhild Nilsdtr. Ruud. Sjå neste hushald.
3. Kari Levorsdtr. Huus Bjøberg   07.12.  1794-1871
G 1822 Ål m em Eirik Knutson Bjøberg, Hemsedal. Barn: Levor 1823-   til Finnset i Hemsedal, sidan til Klanten i Gol; Ola 1837-  til Bygdheim, gm Margit Nilsdtr. Venås; Birgit 1840-1923 gm Andres Torset. 
4. Anne Levorsdtr. Huus Halvorstølen   30.10.  1796-1860
G 1823 m Knut Halvorson Halvorstølen, gnr. 
5. Torand Levorsdtr. Huus    28.10.  1798-1799
6. Torand Levorsdtr. Huus Leksvol   28.09.  1800-1890
Barn m/Svein Olson ... : Lukris 1838- sjå barnebarn.
     G 1841 m Knut Halvorson Leksvol, gnr. 113/3.
7. Turid Levorsdtr. Huus    27.01.  1805-1815f
*Barnebarn
1. Lukris Sveinsdtr. Huus Hansebråten   14.04.  1838-
G 1855 m Anders Anderson Leksvol Hansebråten, gnr. 112/8. Til Am.
     Foreldre: Svein Olson ... (ungkar) og Torand Levorsdtr. Huus. 
Levor fekk skøyte på Huus for 720 rd i 1789. Han lånte 299 rd hjå seljaren Eirik Olson Huus.
     	Levor kjøpte 1794 odelsretten til halve Huus for 299 rd.
     	I 1803 pantsette Levor garden for 299 rd til Ola Ellingson Løken.
     	I 1813 vart garden skøytt til sonen Knut.
     	På skiftet etter Levor i 1815 var det 397 rd å dele på barna Knut, Levor, Anne og Torand. Sonen Knut hadde fått skøyte på garden, men garden var ikkje betalt eller teke i bruk. Skifteretten ville ikkje godta skøytet då kjøpesummen syntest låg. Arvingane var samde om at skøytet skulle stå, men at kjøpesummen skulle setjast til 1000 rd.  
{5734} År: 1813
 
Knut Levorson Huus    09.05.  1793-1860
Foreldre: Levor Torson nordre Huus og Ingeborg Knutsdtr. Noss.
Gm Gunhild Nilsdtr. Ruud Huus   24.03.  1796-1873
Foreldre: Nils Knutson søre Opheim til Ruud (Opheim) og Birgit Larsdtr. Løyte.
*Barn
1. Ingeborg Knutsdtr. Huus Lien   01.02.  1821-
G 1851 m Henrik Olson Lien, Hemsedal. (I 1846 vart Ingeborg K. Huusslåtta vart tildelt korn på kassa.)
2. Birgit Knutsdtr. Huus    15.01.  1824-1824
3. Levor Knutson Huus Stave   30.09.  1825-1897
G 1847 m Guri Olsdtr. Strand. Sjå neste hushald.
4. Nils Knutson Huus    31.08.  1828-1828
5. Birgit Knutsdtr. Huus    21.12.  1829-1924
Gm Eilev Eilevson søre Haugerud. Barn: Eilev 1869-   g 1892 m Julia Mikkelson; Anna 1873-1952 g 1898 m Nils Mikkelson, Wallingford; ... ....- gm ... Sevatson.  
     Dei var inderstar på Huus i 1868. Sidan reiste dei til Amerika. 
6. Turid Knutsdtr. Huus Randedokken   17.08.  1833-1921
G 1864 m Sevat Knutson Hansebråten RandeDokken. G 1879 m em Botolv Viggerson Gurigard Randedokken, gnr. 121/7. 
7. Gunhild Knutsdtr. Huus    12.11.  1837-
Gunhild reiste aleine til Amerika i 1869.  
Knut og Gunhild gifte seg i 1819.
{5735} År: 1847
 
Levor Knutson Huus Stave   30.09.  1825-1897
Foreldre: Knut Levorson Huus og Gunhild Nilsdtr. Ruud.
Gm Guri Olsdtr. Strand Huus   06.11.  1821-1899
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl Strand Amundsgard og Kristi Larsdtr. Strand.  
*Barn
1. Kristi Levorsdtr. Stave Dokken   08.02.  1848-1914
Ugift. Sjå Randedokken, gnr. 121/7.
2. Knut Levorson Huus Stave   19.03.  1849-1917
Ugift. Sjå neste hushald og Stave, gnr. 114/12.
3. Ola Levorson Stave    17.09.  1851-1903
Gm Randi Nilsdtr. Holo 1861-1915. Barn: Lewis Gustav Stave 1881-1886; Nicolai Ludvig Stave 1883-1957 g 1911 m Emma Nelson (3 barn); Carl Oscar Stave 1885-1886, Union, Cavalier Co, ND; Albert Oscar Stave 1886-1886; Lewis Oscar Stave 1888-1890; Gina Lovise Stave 1890-1915; Olvin Richard Stave 1892-1950 ugift gardsarbeidar Grand Forks, ND; Rangdi Christine Stave 1897-1982 g 1928 m George Schatz (2 adopterte døtre); Clara Sorine Stave 1900-  gm Seymour Holt (2 barn); Gunda Bertine Stave 1902-1965 g 1930 m Elmer M. Berg (2 barn).
     	Randi fekk eit barn med Anders Anderson: Leonard Stave 1906-1986 gm Violet Stewart Seattle, Washington.
     	Ola reiste til Am. i 1881: farmar i Cavalier Co, ND. 1900 US Federal Census, North Dakota, Cavalier County, Montrose Township. 
4. Nils Levorson Huus    06.08.  1853-1887
Nils omkom i unge år. Han datt utfor ein beinveg frå Gjeldokk til Stave og slo seg i hel.
5. Lars Levorson Stave    13.06.  1855-1899
Ug. Lars reiste til Am. i 1882: Grafton, ND. Han tok homestead i Tibor, Walsh Co, ND. Farmen vart selt for å dekke skuldig skatt. Død i Ål.
6. Gunhild Levorsdtr. Stave Holo   11.02.  1857-1906
G 1885 m Lars Nilsson Holo. Sjå Svillegarden, gnr. 51/2.
7. Levor Levorson Huus Stave   29.03.  1859-
Ug. Til Am. 1881: Emmetsburg, Iowa. Farmar i Leeds, ND.  (1688)
8. Knut Levorson Huus Stave   21.04.  1861-1933
G 1899 m enkje Anne Arnesdtr. Nestegard Kamrud 1868-1907. Barn: Lawrence 1900-1970 g 1920 m Olga Dorothea Galland (3 barn); Ansel 1905-1932 g 1930 m Caroline Brager (1 son som ikkje vaks opp).  (1688)
     	Knut reiste til Am. 1881: Emmetsburg, Iowa. Dei farma ved Leeds, ND. (Anne var enkje etter Ivar Larsson Kamrud, Ulnes 1869-1896 og hadde 4 barn med Ivar. ) Hol III s 671 
9. Nils Levorson Huus    21.08.  1864-1932
G 1898 m Mari Embriksdtr. nordre Tufto, Hol. Barn: Gena 1898-1983 sjukepleiar; Bertha 1900-1945 ug. stenograf; Laura 1901-1987 lærar, gm pastor Ingvald Norum (2 barn); Emma 1903-1986 sjukesyster, gm Carl Brye (1 son); Otto 1906-1967 farmar, g 1937 m Myrte Nelson (4 barn); Nora Marie 1910-1997 lærar, gm Joseph Blegen (5 barn).
     	Nils reiste til Amerika, og vart farmar nær Leeds, ND. Dei skreiv seg Stave.  (1047) (1170) (1404) s40 
Levor og Guri gifte seg i 1847. Levor Knutson hadde også nordre Stave, gnr 114/12. Fleire av ungane brukte Stave som slektsnamn.
     	Frå 1854 vart garden Huus delt opp og selt ut i smått. 
     	Levor fekk ein stein over seg ved nydyrking og døydde av det. Sonen Knut d.e. overtok både Huus og nordre Stave.
{5736} År: 1898c
 
Knut Levorson Huus Stave   19.03.  1849-1917
Foreldre: Levor Knutson Huus og Guri Olsdtr. Larsstugu Strand. 
Knut var ugift gardbrukar og hestehandlar. Garden Huus var no ribba, og Knut budde på Stave og hjå systera i Randedokken dei siste åra. Knut hadde ikkje heimel på garden. 
     	Brørne hans i Amerika selde resten av garden 1919.