Embrikshaugen gnr. 112 bnr. 15
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Embrikshaugen gnr. 112 bnr. 15-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Embrikshaugen vart kalla Hushaugen frå gamalt. Embrikshaugen ligg på sørsida av Hallingdalselva. Til denne eigedomen ligg også Huus, bnr. 3 og nordre Hestehagen frå Prestgarden.
    Hushaugen var husmannsplass under Huus fram til 1818.
    Opphavleg tun låg litt vest for noverande.
    Areal 1865: dyrka jord 7 1/2 mål, naturleg eng 28 mål, utslått 4 mål. Avling 5 tunner bygg og 3 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål, anna areal 16 mål, produktiv skog 40 mål, anna utmark 687 mål. Buskap 6 fjordhestar, 30 vinterfôra sauer.
    Nytt våningshus bygt 1982, gamalt våningshus bygt 1969, to loft frå 1894 og 1900, låve og stall 1900, ny stall 1991, reidskapshus 1993.
    Stølar. Opphavleg heimstøl var Løkene, Strandastølen og Mefarningen vart tilkjøpte i 1880-åra, Fekjane vart tilkjøpt kring 1900. Langstøl på Nyset.

{5739} År: 1752c

Knut Embrikson Hushaugen 1710c-
Foreldre: Embrik Knutson Hushaugen og ... ... ... .
Gm Turid Syversdtr. Sundre? Hushaugen 1715c-
Foreldre: Syver ...
Gm Kristi ... ... Hushaugen 1710c-
Foreldre: Ola (?) ....
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ingeborg Knutsdtr. Sundre 25.10. 1750-1752
2. Guro Knutsdtr. Hushaugen 1753-1839s
G 1781 m Holge Knutson Vangen HusHaugen. Sjå neste hushald.
3. Embrik Knutson Hushaugen 19.12. 1756-1760

Knut var ukonfirmert og busett i Stavehaugen då han og Turid Syversdtr. Sundre fekk dottera Ingeborg født 1750. Faddrar: Asle Eivindson Skalle, Syver Olson Rime, Guri Sveinsdtr. Rime, Kari Embriksdtr. Hus, Ingeborg Guttormsdtr.; Jon Varberg, Ola Amundson Øyen, Henrik Embrikson Rime, Kari Embriksdtr. Sundre, Anne Olsdtr. Hagen.
    Turid Huushaugen var fadder i 1762 for Tolleiv Tolleivson Svartebergs barn med Helge K. Skurdalen. Knut og Turid var på Hushaugen i 1762.
    Knut gifte seg med Kristi etter 1762. Kristi var enkje i 1774. Ho fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774.

{5740} År: 1781c

Guro Knutsdtr. Hushaugen 1753-1839s
Foreldre: Knut Embrikson Hushaugen og Turid Syversdtr. ... .
Gm Holge Knutson Vangen Hushaugen 15.11. 1750-1817
Foreldre: Knut Asleson Stave (ungkar) og Ambjørg Holgesdtr. ... .
*Barn
1. Knut Holgeson HusHaugen 1781c-
I unge år var Knut i tenest hjå lensmann Saarbye nokre år. Sidan hadde han varehandel som levebrød.
    Ein sundag i 1807 var Knut og Lars Knutson Myregarden på rangel. Dei havna hjå Nils i Larslien, og han skjente dei brennevin. Eit vågemål om kven som kunne drikke mest, vart det ikkje noko av. Verten hadde ikkje nok drikke. I staden vart det slagsmål.
    Neste morgon vart Lars funnen død i svala. Knivstukken og utan pengar. Knut hugste ikkje kva som skjedde, men vitne prova at han hadde sagt: "No skal Lars få køyrt .."
    Etter avhøyret vart Knut levert lensmannen til "sikker og nøyaktig bevogtning." Knut sin vidare lagnad er ikkje kjent. (1388)
   
2. Embrik Holgeson Hushaugen 1785-1861
Barn: Ola 1812- m Anne Larsdtr. Kitilsplass.
    G 1830 m Birgit Tolleivsdtr. Tangen. Sjå neste hushald.
3. Henrik Holgeson Hushaugen Dengerud 19.08. 1787-1837
G 1814 m Gro Halvorsdtr. Granhagen/Guroplassen. Sjå Dengerud, gnr. 99/1.
    Henrik tura og slost sume helgebel. Når han var i siget så gjekk han frå dør til dør og jaga folk. Men ein gong møtte han ein liten småvoksen kar oppe i Huus-svingen. Karen baud seg til å dragast med Henrik og så bar det i hop. Før Henrik visste ordet av det, vart han kasta beint uti ei steinurd. Henrik vart aldri helsemenneske etter dette, og rekna med at han hadde møtt djevelen sjølv. (1680)163 .
4. Turid Holgesdtr. HusHaugen 1790-
Gm Andreas ... ... 'ved ladestedet Soen'.
    Turid reiste til Kr.ania i 1820 og tok seg tenest utanfor.
5. Ambjørg Holgesdtr. HusHaugen Suterud 1792-
Gm Knut Kristianson Suterud under Skov på Eiker. (Omlag 1/2 mil ovanfor Hokksund.)
    Ambjørg var i tenest på Eiker i 1819.
6. Knut Holgeson Hushaugen Vangen 25.05. 1795-
Barn: Ola 1824- m Guro Torsteinsdtr. Granhagen.
    G 1841 m enkje Guro Eiriksdtr. Svenkerud Skottebøl.
7. Holge Holgeson HusHaugen Langeland 10.11. 1799-1865
G 1839 m Margit Olsdtr. Tveito Langeland, gnr. 123/30.

Holge og Guro gifte seg i 1781. Holge var i forliks-kommisjonen i 1798. Han var innklaga for overfall på Knut E. Plassen si kone; men Holge hadde sjølv stevna Gjermund Rime for overfall på seg sjølv. Holge betalte 9 rd til Gjermund, og så vart det semje. (1407) 22
    Holge var husmann med jord. Dessutan var han metallstøypar, anna handverk hadde han ikkje lært.
    Buet etter Holge var på 479 spd, men kyrne var taksert lågt pga 'deres slette tilstand'. Det vart opplyst at Hushaugen fødde 3 kyr og nokre småfe i 1817. Og så kom det til slutt: 'Avdøde har i adskillige år ikke prestert de arbeidsdage som sognepresten tilkommer.' Hushaugen vart sjølveigarbruk i 1818.
    Guro ville behalde retten til Hushaugen mot å svare for taksten på 500 spd.
    Ho selde bruket i 1835 til sonen Embrik.

{5741} År: 1835

Embrik Holgeson Hushaugen 1785-1861
Foreldre: Holge Knutson Vangen HusHaugen og Guro Knutsdtr. HusHaugen.
Gm Birgit Tolleivsdtr. Tangen Hushaugen 26.06. 1796-1873
Foreldre: Tolleiv Halvorson Halvorsgard Strand Tangen og Gro Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
*Barn
1. Helge Embrikson Hushaugen 23.09. 1829-1888
G 1862 m Birgit Olsdtr. Sundre. Sjå neste hushald og Larsgarden Sundre.
2. Gro Embriksdtr. Hushaugen Fredriksminne 31.08. 1833-1919
Barn m Carl Ankerson Sandehuset: Embrik 1857-1947, sjå barnebarn.
    G 1861 m Jørgen Kristianson Jonset Minna, gnr. 110/57.
*Barnebarn
1. Embrik Karlson HusHaugen 14.02. 1857-1947
Ugift. Embrik hadde vore i Amerika ei tid. Sjå Minna, gnr. 110/57.
    Foreldre: Carl Ankerson Sandehuset (ungkar) og Gro Embriksdtr. Hushaugen.

Embrik og Birgit gifte seg i 1830. Embrik hadde sonen Ola f. 1812 med Anne Larsdtr. Kitilsplass.
    Embrik var hornblåsar og offiser i krigen 1807-14. Embrik var på Haugen i Husmannsmanntalet 1832-1841
    Embrik overtok Hushaugen hjå mora i 1835 for 340 og kår i fire punkt, m.a. årleg 1 1/2 tunne korn a 20 settung a 18 merker.

{5742} År: 1856

Helge Embrikson Hushaugen 23.09. 1829-1888
Foreldre: Embrik Holgeson Hushaugen og Birgit Tolleivsdtr. Tangen.
Gm Birgit Olsdtr. Sundre Hushaugen 10.11. 1839-1897
Foreldre: Ola Larsson Sundre og Kari Jonsdtr. Urden (Hol).
*Barn
1. Embrik Helgeson Hushaugen 11.07. 1862-
Embrik budde i Rindal Norman Co. MN.
2. Ola Helgeson Hushaugen 02.01. 1865-1913
G 1895 m Gunhild Embriksdtr. Skrindo. Sjå Larsgarden Sundre, gnr. 110/32 og nedre Tormodsgard, gnr. 30/6.
3. Birgit Helgesdtr. Sundre 26.05. 1867-
Birgit var myndig arving i 1897.
4. Kari Helgesdtr. Sundre Baklien 19.07. 1869-
Gm em Eirik Pederson Baklien. Barn: Bertha Dalby; Gina Saxum; Emma Lesethmoe. Busett i Rindal Norman Co. MN.
5. Margit Helgesdtr. Sundre 05.07. 1872-
Margit budde (stelte?) hjå ingeniør Huttingson i 1913. ...
6. Guro Helgesdtr. Sundre 03.01. 1875-1882
7. Birgit Helgesdtr. Sundre 09.08. 1879-1924
Ug. Systrene Store-Birgit og Vesle-Birgit Larsgarden Sundre budde i ei stugu på Skogly bnr. 176 frådelt Minna. Borghild Løyte overtok denne stugu. (Oppl. H. Ulshagen.)
8. Lars Helgeson Sundre 10.11. 1881-1881

Helge og Birgit gifte seg i 1862. Dei selde Hushaugen i 1874 og overtok morsgarden hennar på Sundre, dvs. Larsgarden Sundre, gnr. 110/32.

{5743} År: 1874


Jørgen Kristianson Jonset hadde Embrikshaugen frå 1874 til 1882. Sjå meir om han under Jonset, gnr. 111/57.

{5744} År: 1882

Knut Olson Skjølet Hushaugen 16.02. 1846-1929
Foreldre: Ola Sveinson Strand-Tunehagen Helgelien og Anne Olsdtr. Bakketeigen.
Gm Birgit Larsdtr. Pletten Hushaugen 16.12. 1845-1914
Foreldre: Lars Halvorson Sandelien Pletten og Ambjørg Levorsdtr. Lå.
*Barn
1. Lars Knutson Hushaugen EmbriksHaugen 25.03. 1877-1971
Gm Guri Kristiansdtr. Bråten. Sjå neste hushald.
2. Anne Knutsdtr. Hushaugen Hovde 02.06. 1882-1958
G 1916 m Syver Tolleivson Hovde, Nes. Barn: Torleif 1917- ; Birgit 1918- gm Kristian Fugleberg, Lier (4 barn); Knut 1921-1966 g 1952 m Anna K. Lauvdokken, Gol (1 son); Jørgen 1923- gartnar i Larvik, gm Synnøve Johansen (1 barn). (Nes I s 278).
    Anne dreiv strykeforretning på Nes ei tid før ho gifte seg. Dei hadde bruket Hovde på Liodden i Nes.
3. Ola Knutson Hushaugen 05.02. 1885-1903
4. Ambjørg Knutsdtr. HusHaugen Strand 16.03. 1890-1972
G 1921 m Andres Eivindson Moen Strand, gnr. 123/2 og 34.

Knut og Birgit gifte seg i 1877. Knut kjøpte bruket for kr. 3200 i 1882. Han var fehandlar i 1900.
    Knut Olson bygde nye hus på garden, truleg vart tunet flytta til noverande stad i hans tid. Knut har også dyrka opp ein del av jorda. Han kjøpte heimstølane Mefarningen og Strandastølen.
    I 1908 kjøpte Knut også Nilsegarden Strand, gnr 123/34 (smf. m. 123/2), eit bruk som dattera og svigersonen overtok i 1922.