Hansebråten gnr. 112 bnr. 23
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hansebråten gnr. 112 bnr. 23-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Hansebråten er eit småbruk i Vestlien. Opphavleg var bruket husmannsplass under Huus og vart kalla Husbråten eller Knutsbråten.
    Hansebråten (bnr. 8) vart frådelt Huus bnr. 6 i 1854 og slege saman med bnr. 23 som vart frådelt Huus gnr. 112/2 i 1900.
    Areal 1865: dyrka jord 1 mål, naturleg eng 8 mål. Avling 3/4 tunne bygg.
    Areal 1995: dyrka jord 32 mål, anna areal 5 mål, produktiv skog 120 mål, bjørkeskog 125 mål. Inkl. Liaremmen (gnr. 114/ 5 og 118). Leigd jord 25 mål. Buskap 68 vinterfôra sauer.
    Gamal hallingstugu restaurert og påbygd 1962 og 1984, driftsbygning 1968, påbygd 1980, reidskapshus 1980.
    Ingen stølar ligg til bruket.
   

{5748} År: 1752c

Knut Levorson Dengerud Huusbråten 1718-1764?
Foreldre: Levor Larsson Stave Dengerud og Ambjørg Andersdtr. Strand.
Gm Anne Hansdtr. Storlien Huusbråten 1724c-
Foreldre: Hans Andersson Storlien Hanseplassen og Birgit Hermundsdtr. Jyrundøyen (Gol).
*Barn
1. Levor Knutson Huusbråten 07.05. 1752-1812
G 1792 m Helge Aslesdtr. Ulshagen. Sjå neste hushald.
2. Amund Knutson Huusbråten Hansebråten 07.04. 1754-1827
Gm Kari Olsdtr. SundreØyen. Sjå nordre Hansebråten, gnr. 114/16.

Knut og Anne stod offentleg skrifte i 1751. Truleg har dei fått eit barn før Levor, og før dei gifte seg.
    Knut rydda plassen Huusbråten. Dei var på plassen i 1762. Så ser me ikkje meir til Knut. Anten er han død i 1790-åra (eit hol i KB), eller så døydde han på Ringerike i 1764 som betlar. Etter han var plassen kalla Knutsbråten ei tid.
    I 1797 var Anne i forlikskommisjonen med klage på sonen Levor. Det vart slik semje: Anne skulle som tidlegare bruke den store, søre åkeren. Ho skulle halde såkorn og skjæra kornet, sonen skulle gjera resten. Halm og agner skulle tilhøyre sonen, men Anne skulle ha fornøden sengehalm og varmt hus. Båe forplikta seg på å la all usemje fara, og leva saman i "Enigs og Kierlighed". (1407) s 17
    Anne vart kalla Hanse-Anne. Hanse-namnet gjekk vidare på sønene, og snart vart Huusbråten kalla Hansebråten. Og då sonen Amund kom til nabo-plassen under Stave, så vart den kalla nordre Hansebråten. (Sjå gnr. 114/16.)

{5749} År: 1790c

Levor Knutson Huusbråten 07.05. 1752-1812
Foreldre: Knut Levorson Dengerud Granhagen Huusbråten og Anne Hansdtr. Storlien.
Gm Helga Aslesdtr. Ulshagen Hansebråten 1742-1827
Foreldre: Asle Sveinson Ulshagen og Birgit Knutsdtr. Skottebøl.
*Barn
1. Ola Levorson Hansebråten 1795-1802

Levor og Helga gifte seg i 1792.
    Levor bygsla Huusbråten på livstid for 1 rd og 72 skilling i årleg grunnleige. Denne plassen hadde far hans rydda. Det fylgde med noko skog og slåtta ved Svartetjødn. (1221) s 329
    I FT 1801 var 'Levor Hanssen' husmann med jord.
    Helga vart attgift 1817 m Ola Sveinson Breiehagen Sagen. Ho døydde i legd på Huus i 1827.

{5750} År: 1830c

Guttorm Johannesson Perplassen Hansebråten 18.07. 1790-1872f
Foreldre: Johannes Anderson Leksvol Perplassen og Margit Eivindsdtr. Granhagen.
Gm Guri Sevatsdtr. Tune Hansebråten 06.07. 1794-1865
Foreldre: Sevat Eirikson Tune og Borghild Mikkelsdtr. Underberg.
*Barn
1. Haldis Guttormsdtr. Hansebråten Sundre 12.01. 1831-1910
Gm Ola Syverson Gretegarden Sundre, gnr. 110/20.
2. Borghild Guttormsdtr. Hansebråten 20.09. 1833-1841

Guttorm og Guri gifte seg 1829. Frå før hadde Guttorm sonen Ola f. 1827 med Kari Torsdatter som var inderst på nordre Strand.
    Guttorm var ute i krigen 1807-14 og fortalde ofte at dei var "i kast med svensko."
    I fylgje husmannsmanntalet budde dei i søre Hansebråten frå 1832. Og i 1854 fekk Guttorm skøyte på bruket.
    Svigersonen Ola Syverson Sundre selde Hansebråten i 1872.

{5751} År: 1875


Johannes Olson Vangen (Jehans) budde i Hansebråten i 1875. Det kan ikkje ha vara lenge. Ved barnedåpane både i 1874 og 1877 budde Johannes og Birgit på Vangen. Sjå meir om familien der.

{5752} År: 1886

Torjus Olson Vangen Hansebråten 18.10. 1846-1920
Foreldre: Ola Torjusson Sandelien Vangen og Birgit Larsdtr. Øvrelå.
Gm Kari Persdtr. Jonset Hansebråten 16.06. 1855-1939
Foreldre: Per Kristianson Jonset og Marte Herbrandsdtr. Vestenfor Satalien.
*Barn
1. Ola Torjusson Hansebråten 09.06. 1875-1950
Ug. Sjå neste hushald.
2. Per Torjusson Hansebråten 25.10. 1877-
G 1918 Strømsø m Gro Kristiansdtr. Bråten. Barn: Kristian 1908- sjå år 1939.
    Per var ekspeditør hjå Dobloug i Kr.ania.
3. Birgit Torjusdtr. Hansebråten Ringstad 18.10. 1879-1952
Gm Karl Ringstad, Tranby i Lier 1881-1953. Barn: Nils 1902-1983 gm ... ... (... barn); Thorolf ....-1979; Hilda ....-1949; Kjerstiane 1909- til Oppegård; Karsten ....-1976; Astrid ....- til Oslo.
    Birgit var budeie på Rød i Lier i 1900. Karl var bygningsarbeidar. Dei budde i Lier.
4. Marte Torjusdtr. Hansebråten 04.08. 1882-1882
5. Marte Torjusdtr. Hansebråten Aas 18.10. 1884-
G 1908 m Leo Aas frå Tønsberg. Barn: Nelly Helen 1908- .
    Leo var son til agent Hans Torvald Aas frå Tønsberg. Dei forpakta ein gard på Tranby i Lier.
6. Kristian Torjusson Hansebråten 08.04. 1888-
7. Kristi Torjusdtr. Hansebråten 23.03. 1892-1913
8. Ingeborg Torjusdtr. Hansebråten 01.10. 1896-1917

Torjus og Kari gifte seg i 1875. Torjus var møllar og jordbrukar på Vangen i 1875.
    I 1891 var Torjus gardbrukar, sjølveigar og gravar i Hansebråten. Torjus var tømmerhoggar i 1900.