Steinsrud gnr. 112 bnr. 25
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Steinsrud gnr. 112 bnr. 25-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I 1854 vart frådelt Huus eit jordstykke og hamnerett på heimstølen (1/13 av Huus.)
    Eigedomen hadde slike grenser: til vegen, nord til Solhov, til Leksvol og Huus, mot Husjordet.
    Då søre Huus vart selt på auksjon i 1895 kjøpte Lars P. Vareberg eigedomen Steinsrud.
    I Steinsrud vart oppsett ein låve og eit eldhus. Kring 1920 sette Eilev Vangen opp ei stugu (omlag der Bjarne Varberg bygde). Denne stugu vart flytta nord til tomta til Eilev då frådelinga av tomter starta.
    Utover i 1950-åra vart det meste av eigedomen delt opp tomter. (1044)

{5756} År: 1895


Lars P. Vareberg kjøpte eigedomen på auksjon i 1895. I Steinsrud vart oppsett ein låve og eit eldhus. Familien Vareberg budde på Sundre og hadde 2 kyr.
    Lars selde eigedomen i 1918 til Ola Larsson Lappegard f. 1877 for kr. 10 000. (1466) s 80