Leksvol gnr. 113 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Leksvol gnr. 113 bnr. 0-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Garden Leksvol grensar mot nord til Gjeldokk, mot Prestgarden i aust og mot Stave i vest. Frå gamalt hadde Leksvol eige både 'norda og sunna grove.' Garden Huus ligg mellom søre og nordre Leksvol (geografisk austre og vestre), og må såleis vera komen frå Leksvol ein gong.
    Namnet Leksvol kan koma av mannsnamnet Leikr. Det kan og koma av Leikvoll, eit namn som finnst i Leveld, på Torpo og på Gol og mange andre stader. Det kan ha vore leikvollar til kappestrid i mange bygder i gamal tid.
    Me finn Leksvol nemnt for fyrste gong i domen om Rødungen frå 1310. Dokumentet endar slik: 'þetta bref er gort var a Leiksuale tyrsdagen i gangdaga viku.'
    Landskyld 1557: 12 kalvskinn 2 album. I 1577 skatta garden av 8 skinn og dessutan 'Grylenn slottelende.' Slottelendet er også nemnt 1598 og 1624. (Sjå år 1560 og 1603 nedanfor.)
    Heile Leksvol 'sunna grove' havna i eiga til presten og domkapitlet ein gong i mellomalderen. Ål prestebol hadde årleg innkome på 2 1/2 pund smør frå prestgodset på 9 laupsbol i Leksvol. Dessutan hadde St. Laurenti Altar ved Mariakyrkja 4 skinn i Leksvol. (Jfr. jordeboka for Oslo Domkapitel 1590.) Dette såkalla kanonigodset vart krongods og kom så på private hender i 1660-åra.
    Bonden kjøpte kanonigodset på 6 laupsbol i 1702. Prestgodset vart ikkje løyst før i 1841.
    I 1670 var Leksvol fullgard med 32 laupsbol i landskyld.
    Delingar. I skattelistene frå 1652 til 1657 sat Ola og Per jamsides på Leksvol, truleg 'norda og sunna grove.' Per overtok deretter Stakegarden (2 laupsbol) som hadde vore støl under Leksvol.
    Leksvol vart delt mellom to brør i 1715, nordre garden fekk 17 laupsbol og søre garden fekk 13 laupsbol. Den nordre garden vart kjøpt av kommunen til gamleheim i 1922, og det gamle tunet vart museum. Sjå bnr. 3.
    Dei gamle husa: stugu frå 1675; tingstugu frå omlag 1650; loft og stolphus frå omlag 1600; småfe-stall; grisehus; fjøs; låve og stall (bygd som eit loft!); eldhus og bdstugu.
    Den store stugu på Leksvol var nytta som tingstad frå 1660 til 1730. 'Leksvol stevnestue' er nemnt 1660.
    Leksvol betalte kvernskatt 1625 og 1770. Truleg hadde Leksvol kvern i Hellinggrove.
    Stølar. Heimstølar Rosengardstølen, Stakegarden og Leksvol-stølen. Langstøl på Grønset innanfor Kvinnegardslia og langstøl på Vallo (i allefall frå 1692). Men alt før 1609 hadde Leksvol halve Buvatnet på Vallo.