Leksvol, nordre gnr. 113 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Leksvol, nordre gnr. 113 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I 1715 vart Leksvol delt i nordre og søre garden. Nordre Leksvol vart tillagt 17 laupsbol. Sjå innleiinga til Leksvol bnr. 0.
    Opphavleg var tunet omlag der gamleheimen står. Dvs. 100 m aust for noverande tun på museet.
    Frådelte bruk og plassar. Søre Leksvol vart frådelt 1715. I 1888: Leksvolteigen bnr. 5 (ligg til Nyheim, gnr. 106/7.) Husmannsplass var Stakegarden.
    Areal 1865: dyrka jord 18 mål, naturleg eng 48, utslått 26 mål. Avling 20 1/2 tunne bygg og 17 1/2 tunne potet.
    Stølar. Heimstøl var Leksvolstølen. Langstøl på Grønset. I 1776 vart øvre søre halvparten av Grønset selt til Ruud. Langstølen på Vallo vart fråselt til nordre Skrattegarden i 1880.
    Leksvolstølen bnr. 9 vart fråselt 1922 til søre Leksvol, og Leksvolstølen bnr. 10 vart selt til Skalle.
    Ål kommune vart eigar av nordre Leksvol i 1922. Det gamle tunet vart flytta og bygd opp att som museum. Delar av jordvegen vart lagt ut som bustadfelt sist i 1960-åra. Sjå nedanfor.

{5782} År: 1754

Knut Halvorson Leksvol 1726-
Foreldre: Halvor Olson søre Leksvol og Guri Olsdtr. Hove.
Gm Gunhild Larsdtr. Kvinnegard Leksvol 1731-
Foreldre: Lars Ivarson Gjeldokk Kvinnegard og Gunhild Knutsdtr. Espegard.
*Barn
1. Birgit Knutsdtr. Leksvol Noss 14.09. 1755-1821
Gm Lars Larsson Torkjellsgard Noss, gnr. 118/1.
2. Halvor Knutson Leksvol 20.11. 1757-1840s
Gm Guri Eiriksdtr. Tune. Sjå neste hushald.
3. Margit Knutsdtr. Leksvol Noss Tolleivsgarden 13.01. 1760-1815
G 1782 m Tolleiv Knutson Tolleivsgarden Noss, gnr. 117/1.
4. Guri Knutsdtr. Leksvol Sundrehago 08.08. 1762-1851
G 1797 m Mikkel Anderson Gudmundsrud, sjå nordre Hago gnr. 110/6. G 1809 m Tomas Anderson Sundreplassen.
5. Sigrid Knutsdtr. Leksvol 10.02. 1765-
6. Ola Knutson Leksvol 01.09. 1771-1808
I 1801 var Ola ugift soldat og skreddar. Han budde hjå broren. Ola var ute i krigen 1807-14. Truleg død på Norli lasarett i 1808 som Dokk eller Breie.
7. Birgit Knutsdtr. Leksvol Noss Arnegard 26.12. 1774-1819?
Gm Ola Olson Arnegard Noss, gnr. 121/1.
8. Ola Knutson Leksvol Bakketeigen 1778-1826
G 1817 m Lukris Knutsdtr. Bakketeigen, gnr. 116/1.

Knut og Gunhild gifte seg i 1754. Knut kjøpte Leksvol (17 laupsbol) hjå onkelen Ola Olson Leksvol i 1754 for 400 rd og kår.
    Knut kravde gardsyn i 1754. Husa var: stugu med kove og 5 par vindauge; stolphus; ei bu med loft over; stall med trev; låve med to bråt; fehus - utrotna; eldhus; forhus; badstugu; grisehus; kvernhus. På Rosengardstølen: ei bu i forfall. På Leksvol-stølen: bu; fehus og stall. På langstølen Grønset var ei gamal bu. (1222) s 9
    I 1776 selde Knut det han eigde i stølen Grønset, dvs. den øvre og søre halvparten. Kjøpar var Ola Olson Ruud i Kvinnegardslia. Grensene var sette ved delegonge i 1748, det fylgde med bygningstømmer og rett til ved.
    Knut og Gunhild selde garden til sonen i 1789. Knut har truleg gått bort i 1790-åra. Gunhild var enkje i 1801.
    I 1801 gjorde ungane avtale om at Guri og tre yngre sysken skulle få 20 rd til festarøl. Dvs. på lik line med dei andre syskena. Dette skulle takast av buet når mor deira gjekk bort.

{5783} År: 1789

Halvor Knutson Leksvol 20.11. 1757-1840s
Foreldre: Knut Halvorson Leksvol og Gunhild Larsdtr. Kvinnegard.
Gm Guri Eiriksdtr. Tune Leksvol 28.10. 1764-1838
Foreldre: Eirik Sevatson Tune og Birgit Olsdtr. Strand.
*Barn
1. Knut Halvorson Leksvol 1792-1878
G 1841 m Torand Levorsdtr. Huus. Sjå år 1838.
2. Eirik Halvorson Leksvol 1796-1848
Ugift. Inderst. Eirik døydde i Drammen i februar 1848 då han skulle selja varer. Broren Ola måtte reise til Drammen for å selja ferdig og drive inn fordringane i buet.
3. Birgit Halvorsdtr. Leksvol Bekkestad 04.07. 1802-1866
G 1821 m Svein Torson Bekkestad, gnr. 129/1.
4. Lars Halvorson Leksvol Rime 06.10. 1805-1833
G 1830 m Kari Larsdtr. Rime. Sjå neste hushald.
5. Ola Halvorson Leksvol 16.02. 1812-1886
Ug. Ola var inderst og smed på Leksvol i 1865. Syskena arva i 1886.

Halvor og Guri gifte seg i 1791. Knut fekk skøyte på garden 1789 hjå foreldra på garden for 400 rd og kår. (Vanlege kårytingar og dessutan 1 pund tørrfisk, humle og 2 sett. rug og åkerland til 2 settung hamp. )

{5784} År: 1832

Lars Halvorson Leksvol Rime 06.10. 1805-1833
Foreldre: Halvor Knutson Leksvol og Guri Eiriksdtr. Tune.
Gm Kari Larsdtr. Rime Leksvol 13.04. 1806-1888
Foreldre: Lars Pålson Nerol Rime og Åse Tolleivsdtr. Villand. (Hol IV s 268 og 292)
*Barn
1. Guri Larsdtr. Leksvol Holto 07.03. 1830-1900
G 1848 m Nils Sveinson nordre Holto, gnr. 94/5.
2. Åse Larsdtr. Rime Rue 09.01. 1833-
G 1856 m Sander Eirikson Rue i Hol. Barn: Lars 1858-1932, ingen etterkomarar; Ragnhild 1860-1931 gm Torgeir Henrikson; Kari 1863-1949 gm pastor Nils H. Askeland.
    Barn i USA: Julia 1867-1900 gm Jacop Jakopson; Anna 1869- gm Sever Nelson; Sander 1872-1942 gm ... .
    Åse og Sander reiste til Amerika 1864: St. Ansgard, Kenyon, MN. (Hallingen 1963 hefte 202 s 7)

Lars og Kari gifte seg i 1830. Dei fekk to barn før Lars gjekk bort.
    Lars brukte Rime ei tid. Han fekk så skøyte på Leksvol i 1832 like før han døydde. Men det var faren som hadde brukt Leksvol heile tida.
    Kari vart attgift med Tolleiv Hallsteinson Lauvsletten Rime. Og Knut Halvorson, ein eldre bror til Lars, overtok Leksvol-garden.

{5785} År: 1838

Knut Halvorson Leksvol 1792-1878
Foreldre: Halvor Knutson Leksvol og Guri Eiriksdtr. Tune.
Gm Torand Levorsdtr. Huus Leksvol 28.09. 1800-1890
Foreldre: Levor Torson Huus og Ingeborg Knutsdtr. Noss.
*Barn
1. Guri Knutsdtr. Leksvol Lå søre 06.11. 1840-1919
G 1875 m Levor Olson SøreLå, gnr. 101/1.
2. Halvor Knutson Leksvol 27.10. 1842-1919
G 1883 m Guri Ivarsdtr. Kvinnegard. Sjå neste hushald.
3. Levor Knutson Leksvol 10.02. 1844-1919
Gm Beate Eriksdtr. Hasli 1858-.... . Barn: Kristian 1881- ; Even 1883- ; Lina 1886- ; Karen 1888-; Lars 1890- ; Albert 1893- ; Hilda 1896- ; Lovise 1898- .
    Levor var handelskar og budde på Leksvol i 1875. Han kjøpte ein gard i Vestre Slidre. Så gifte han seg med ei jente frå nordre Hasli på Biri, og kom dit. Han sat med to gardar ei tid. Levor var mykje med i styr og stell i bygda. (1553)1921
4. Ingeborg Knutsdtr. Leksvol Sehl 10.08. 1846-1925
G 1889 m Ola Tolleivson Sehl, gnr. 45/1.

Knut og Torand gifte seg i 1841. Frå før hadde Torand dottera Lukris f. 1838 med Svein Olson ... . I 1865 var 12-åringen Knut Henrikson innkjøpt for fattigkassen regning.

{5786} År: 1875

Halvor Knutson Leksvol 27.10. 1842-1919
Foreldre: Knut Halvorson Leksvol og Torand Levorsdtr. Huus.
Gm Guri Ivarsdtr. Kvinnegard Leksvol 18.11. 1836-1922
Foreldre: Ivar Larsson nordre Kvinnegard og Guro Persdtr. Thon.
*Barn
1. Knut Halvorson Leksvol 06.03. 1884-1972
G 1916 m Kristi Kristiansdtr. Vareberg. G 1949 m Sigrun Lagerta Walstad. Sjå neste hushald og Bjella, gnr. 104/2.
2. Torand Halvorsdtr. Leksvol Stave 18.10. 1886-1963
G 1915 m Ola Olson Stave, gnr. 114/1.

Halvor og Guri gifte seg i 1883. Frå før hadde Guri dottera Ingeborg f. 1874 m Ola Olson Holterudningen. Sjå nordre Kvinnegarden.
    Halvor selde frå langstølen på Vallo i 1880 (bnr. 4). Den ligg no til nordre Skrattegarden.
    Halvor selde garden 1916 til sonen Knut.