Hefte gnr. 114 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Hefte gnr. 114 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Hefte er eit småbruk oppe i lia på sørsida av Hallingdalselva, tvers overfor Stave.
    Hefte var husmannsplass under søre Stave fram til 1858. Sidan sjølveigarbruk.
    Det vert fortalt at namnet Hefte skal koma av at reisande 'hefta' (kvilde litt) her då dei for på den gamle kløvjavegen inn til stølane. Eit bruk under Brekke i Gol som ber namnet Hefte ligg også innved ein veg. (Gol VI s 895)
    Elles er namnet brukt på tre bruk på Voss og tre bruk i Agder. To av bruka i Agder vert skrive Heftet, - tydinga kan like gjerne vera at bruket var hefte for noko pant ein gong.
    Areal 1865: dyrka jord 2 mål, naturleg eng 16 mål. Avling 1 1/2 tunne bygg.
    Areal 1995: dyrka jord 9 mål, anna areal 5 mål, produktiv skog 159 mål, annan utmark 4 mål.
    Gamle tømmerhus og eldhus, gamalt tømmerfjøs med stall.
    Bruket vart nedlagt som bustad i 1965. Frå 1967 har Hefte vore underbruk til Stave, gnr. 114/12.
{5815} År: 1760c
Eirik Knutson Skottebøl Hefte 1715c-
Foreldre: Knut Olson Skottebøl og Torand Olsdtr. ... .
Gm Ingeborg Halvorsdtr. Breie Hefte 1725c-
Foreldre: Halvor Eilevson søre Breie og Guri Knutsdtr. Breiehagen.
*Barn
1. Birgit Eiriksdtr. Hefte 07.11. 1745-
2. Knut Eirikson Hefte 08.04. 1751-
3. Torand Eiriksdtr. Hefte 23.07. 1752-
Torand fekk sonen Ola i 1784 saman med Amund Jonson Hefte Birgitplassen. Sjå barnebarn.
4. Knut Eirikson Hefte 15.02. 1761-
*Barnebarn
1. Ola Amundson Hefte 18.01. 1784-1801f
Foreldre: Amund Jonson Hefte Hellinghaugen Birgitplassen (ungkar) og Torand Eiriksdtr. Hefte.
Eirik vart bøtelagt for legemål i 1747. Som soldat vart Eirik 1747 ilagd mulkt på to gonger 64 skilling for to gonger fråvær på sesjon. Ingeborg H Breie vart dømt til å betale consumpsjonsskatt i 1752.
    På skiftet etter Knut Gjermundson i 1724 vart 1 10/21 laupsbol i Strand utlagt til Eirik.
    Eirik og Ingeborg var på Breie i 1751. Dei var husmenn under Stave i 1762. Fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. Truleg også nemnt som 'E K Sagabråten inderst under Skottebøl.' (632)
{5816} År: 1770c
Jon Amundson Granhagen Hefte 1729-
Foreldre: Amund Jonson Viskeplassen og ... ... ... .
Gm Anne Håkonsdtr. ... Granhagen 1731-1819
Foreldre: Håkon ... ... og Margrete Hartvigsdtr. ... (som var attgift med klokkar Embrik Amundson Klodt).
*Barn
1. Amund Jonson Hefte Noss Birgitplassen 01.05. 1757-1840
Barn: Ola 1784- m/Torand Eiriksdtr. Hefte (sjå år 1760); Gunhild 1784- m/Ågot Embriksdtr. ... .
    G 1789 m Åse Magnusdtr. (Monsdtr.) Grøvo frå Hol. Sjå Hellinghaugen, gnr. 106/8a.
2. Margit Jonsdtr. Granhagen Hefte 21.10. 1759-
Gm Asle Person Stave Granhagen. Sjå neste hushald.
3. Herleik Jonson Granhagen 10.02. 1765-
4. Anders Jonson Hefte Granhagen? 01.03. 1767-1831f
Barn: Ola Anderson 'Tveito ' m/Åse Ivarsdtr. Gjeldokk.
    Anders stod på lista over 'fattige børn' i 1780 i NedreÅl.
5. Ingeborg Jonsdtr. Granhagen 26.12. 1769-
Faddrar: Lars Knutson Noss, Knut Skottebøl, Ola Amundson Noss (!!) Torstein Granhagens kvinne, Barbro Olsdtr. Sundre.
6. Håkon Jonson Hefte 13.03. 1771-1831s
G 1804 m Gunhild Olsdtr. Langeland. Sjå år 1816.
7. Ingeborg Jonsdtr. Granhagen 1775-
Jon var ukonfirmert soldat og truleg bror til Ola Amundson. Jon hadde minst to barn før han gifte seg: Halvor 1749 med Margit Hansdtr. Hoftun og Margit 1756 med Ragnhild Andersdtr. Granhagen. Jon var stevna for legemål i 1751.
    Anne fekk sonen Håkon i 1753 saman med Knut Olson Skreddarstugu.
    Jon og Anne budde i Hefte frå 1770 omlag. Dei fekk bygselbrev på Hefte i 1788. Årleg leige var 1 rd og 1 ort.
    Anne fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. Han stod oppført i fattigprotokollen 1780. (632)
{5817} År: 1800c
Asle Person Granhagen Strand 1770-
Foreldre: Per Granhagen/Tjønndalen og ... ... ... .
Gm Margit Jonsdtr. Granhagen Hefte 21.10. 1759-
Foreldre: Jon Amundson .. Granhagen og Anne Håkonsdtr. ... .
Gm Turid Embriksdtr. Rotegard Strand 1780.-
Foreldre: Embrik Embrikson Rotegard og Margit Halvorsdtr. Ramberg (Dagali), Tunhovd. (Nore s 75)
*Barn
1. Jon Asleson Hefte __._. 1801-1802
Asle og Margit gifte seg i 1800. Dei budde i Hefte 1801, og Asle var husmann med jord. Margit har nok gått bort utanfor Ål.
    Asle vart attgift med Turid som enkjemann i 1803, dei har truleg flytta frå Ål.
{5818} År: 1816
Håkon Jonson Hefte 13.03. 1771-1831s
Foreldre: Jon Amundson Granhagen Hefte og Anne Håkonsdtr. ... .
Gm Gunhild Olsdtr. Langeland Hefte 24.11. 1776-1825
Foreldre: Ola Knutson Langeland d.e og Gro Sevatsdtr. Settungsgard.
Håkon og Gunhild gifte seg i 1804. Ingen barn. Som enkjemann fekk Håkon dottera Margrete i 1830 (ukjent) saman med ei Guri Olsdtr. som var inderst på Skallehaugen. (hennar 4. legemål).
    Håkon var stevnevitne i 1790. I 1801 var han leige-soldat.
    Håkon øste seg opp under vintertinget 1803. Før han sansa seg hadde han slege sund døra i romet der futen held til. Håkon bad husverten om orsaking, og lova reparasjon. (1407) s 67
    I 1816 fekk Håkon festebrev på Hefte frå bonden på Stave. Som leige skulle Håkon slå 1 1/2 dalarsteig i 5 eller 6 veka etter jonsok.
    På skiftet etter Håkon vart det opplyst at Håkon og Gunhild levde 'skilt ved bord og seng' i 10 år før ho døydde for omlag 15 år sidan. Jenta Anne Sevatsdatter ('ugift fruentimmer') la fram eit gåvebrev der det stod at ho skulle overta eiga etter Håkon.
    Siste åra budde Håkon i SundreBråten hjå brordottera og Tolleiv T. Sundrehagen.
    I 1835 budde ein Knut Olson i Hefte. Same året overtok enkje Kari .... bygsla i Hefte. Det er uvisst kven desse var. Men me veit at Ola Olson Ulshagaplassen Kulutunga og kona Turid var innom her i 1847.
{5819} År: 1853
I 1853 vart Hefte delt frå Stave og selt til Nils Olson Helling for 160 spd.
    Hefte skulle ha rett til beite (til dyra på bruket), skogsvirke og mosataking. Dessutan fylgde med ein slåtterett ved Løkene - Kvammedokken, ein rett til storrslått på Storemyren og hamnerett under Kulufossen.
    Nils selde Hefte til Ola Tolleivson Helling i 1855. Han sette Anders Ivarson Gjeldokk som brukar kring 1855.
{5820} År: 1855c
Anders Ivarson Gjeldokk Hefte 19.03. 1821-1900
Foreldre: Ivar Anderson Gjeldokk og Birgit Olsdtr. Underberg Slettemoen.
Gm Kristi Knutsdtr. Brennehaugen Hefte 28.12. 1830-1917
Foreldre: Knut Olson Moen Brennehaugen og Ågot Sevatsdtr. Holo.
*Barn
1. Ivar Anderson Hefte 26.11. 1853-1938
Ugift. Sjå neste hushald.
2. Knut Anderson Hefte 26.05. 1856-
3. Knut Anderson Hefte 09.01. 1859-1928
G 1889 m Ingeborg Eilevsdtr. Moen. Forpaktar i Prestgarden. Sjå eige hushald 'Hefte'.
4. Anders Anderson Hefte 09.11. 1861-1936
G 1889 m Margit Olsdtr. Strand. Krambu-kar og offiser, sjå eige hushald 'Hefte'.
5. Birgit Andersdtr. Hefte Rimehaug 15.05. 1864-1942
Gm Asle Trulsson Rimehaug. Barn: 10, (derav 3 døde før 1919): Theodor 1885- omkom under jarnbane-arbeid; Ågot 1882-1919f gm ... ... , Montana; Cora 1892- død; Klara 1900- ; Lewis ....- farmar; Alice ....- gm ... Hall. (1408)
    Til Am. i 1881, busett Staples, MN. I 1942 var Lewis og Alice overlevande barn.
6. Ola Anderson Hefte 15.05. 1864-1917
Gm Birgit Sveinsdtr. Brandsgard, Numedal 1868-1903. Barn: Olava 1891-1962 gm Halvard
    Rasmussen Lie (9 barn); Andrew 1893-1980 soldat i 1919, gm Maud Bell McConneil (3 barn); Bertha Gurine 1895-1986 gm Bill Johnson (4 barn); Kristine Beatha 1896-1987 gm Donald Arthur Basye (2 barn); Benni Oliver 1899-1958 ug.; Irene 1900-1995 gm Leo Gracey (ingen barn); Birgit 1903-1981 gm Will Peterson (3 barn). (1798)
    Ola reiste til Am. 1882: Canton, MN, sidan til Inwood, Iowa. Birgit døydde i barselseng i 1903. Ola måtte setja bort den nyfødte, men tok hand om alle ungane elles. I fylgje Hallingen hadde dei sju barn. (1408)
7. Botolv Anderson Hefte 01.03. 1869-1954
Gm Aagot Surene/Julia Knutsen (Brennehaugen) 1875-1898. Barn: Olga 1896-1898.
    G 1900 m Ragnhild Akland 1882-1914. Barn: Arthur 1902- jarnbane-ingeniør g 1931 m Bertha Nelson, Olaf 1903- byggarbeidar, gm ... ...; gm ... ... ; Thilda 1906- gm Theo Hildahl; Clara 1908- lærar, gm V. F. Scmidt; Alvin 1910- byggmeister, gm Isabelle ... ; Olga 1912- gm Richard Holberg; Bergljot 1913- gm dr. Oliver L. Puttler. (823)
    Botolv reiste til Rock Co. MN i 1885. Fyrste tida arbeidde han hjå andre, så tok han seg land i Inwood i Lyon Co, Iowa. I 1904 flytta dei sørover til ein ny farm i Southern Cass Co. MN. Enkjemann med sju barn i 1914.
8. Ola Anderson Hefte 16.08. 1872-1891
Ola døydde av lungebetendelse. (1408)
Anders og Kristi gifte seg i 1854. Anders brukte Hefte for eigaren Ola Tolleivson Helling. Leige for bruket var å slå nordre teigen nedanfor Helling og Uremålene. Dessutan skulle Anders ta seg av alt skomakar-arbeidet som trongst på Helling.
    Ei syster til Kristi var Kari Knutsdtr. Sjå inderstar 'Hefte'. Anders skal ha bygd dei fleste husa som enno står på bruket.
    Frå 1873 var presten Botolv Gjeldokk i Amerika eigar. (Halvbroren til Anders.) Ved testamente av 1885 bestemte Botolv og kona at Hefte 'skal tilhøre' Ivar Anderson etter deira levetid.
    I 1875 var Anders forpaktar i Hefte. Sonen Ivar var slåttekar og dagarbeidar, og han dreiv som rypefangar. Anders var kyrkjetenar i mange år, både i den gamle og den nye kyrkja. Under ringing i stavkyrkja stod han midt på golvet og hadde lange taumar opp til klokkene i tårnet.