Stavejordet gnr. 114 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Stavejordet gnr. 114 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Stavejordet vart frådelt nordre Stave som 1/3 part i 1868. Eigedomen strekkjer seg frå nedre jordet på Gjeldokk (Uksetveit) og ned til Hallingdalselva.
    Av tunet står att berre kårstugu ovanfor vegen (frå 1909, sidan noko påbygd) og bygnaden som Lars sette opp i 1926 på nedsida av vegen. (Båe husa er fråselde med tomt.) Den gamle hallingstugu nedanfor vegen vart selt og står no nordanfor Solhov. (Karoline-huset)
    Vanleg buskap i 1930-åra var 1 hest, 6 kyr og 10 sauer.
    Stølar. Heimstøl Stavestølen på ØvreÅlsåsen. Langstøl på Varaldset, komen frå nordre Stave i 1914.
    Frådelt. Skogremmen Skogstad bnr. 23 vart frådelt 1923. Då riksvegen var under planlegging fyrst i 1950-åra, vart det fråselt eit jordstykke til lærarbustader. Her kom bustadfeltet Stavin med lærarbustadane. Etterkvart vart riksveg-traseen flytta lengre ned på jordet. Jordvegen har vore bortleigd sidan 1955.

{5830} År: 1868

Lars Asleson Stave 05.09. 1841-1927
Foreldre: Asle Larsson Stave og Guro Halvorsdtr. Kvinnegard.
Gm Kari Tolleivsdtr. Rime Stave 19.07. 1845-1928
Foreldre: Tolleiv Hallsteinson Lauvsletten Rime og Kari Larsdtr. Rime Leksvol.
*Barn
1. Guro Larsdtr. Stavejordet 12.12. 1866-1907
Ugift. Guro budde 'nedanfor' og hadde tre døtre: Karoline Nilsen 1890-1990 gm Ivar Bræin, Fåberg (8 barn); Lilly Røen Hansen 1901- ugift, Ella Viksby 1903-1971 ugift. (Paul Nilsen, far til Karoline budde på Hønefoss. Guro var visst ikkje 'fin nok' for mor til Paul.)
    Guro budde i Kr. Krogh's gate 31 i Oslo og dreiv med vask.
2. Asle Larsson Stavejordet 08.04. 1868-1870
Asle døydde liten etter å ha fått ein kjel med kokande vatn over seg.
3. Tolleiv Larsson Stavejordet 17.07. 1869-1936
Gm Gjertrud Kjervik, Jostedalen 1897-1972. Barn: Lars 1921-1983 smed ved NSB, gm Anna Botten 1923-1975 (4 barn).
    I 1900 var han jarnbanearbeidar og budde i brakke i Seltuftberga i Aurland. Dei budde i Flåmsdalen, Tolleiv var fehandlar, fjellførar, vegvaktar og geitebonde.
4. Kari Larsdtr. Stavejordet Wagram 16.08. 1871-1942
Gm Henrik Peter Hansen Wagram 1880-1906, Hønefoss. Barn: Henny Marie 1903-1982 gm Julius Georg Wagner, Hønefoss, gm Carl Lindgren, Oslo; Kari Elida 1904-1977 gm Karsten Gusgård (4 barn); Agnes 1905-1994 gm Ivar Kolkind (1 barn); Gerda 1905-1993 gm Otto Trulsen; Petra 1907-1907. (1044)
    Kari var tenestjente på Løken i Norderhov saman med systera Birgit i 1900. (1232)
    Kari arbeidde som sveiser m.a. på Buskerud Landbruksskule då ho vart enkje. I 1923 fekk ho eige hus på Hønefoss, og dreiv med saum og baking. (Oppl. v/Emma Stave)
5. Asle Larsson Stavejordet 18.02. 1873-1940
Ugift. Til Am. i 1892. Han var farmar ved Stanley i N-Dakota.
    Asle var heim att ein tur i 1923. Og han var med i gardsarbeidet. Det vart fortalt at Asle prata ved seg sjølv medan dei høya på Stavejordet, "Det kan ikkji bli anna enn armod med slike forhold!"
    Då Asle skulle reise attende til Amerika, så stakk han ein bunke med pengar i handa til broren Lars, Asle hadde nok forhøyrt seg om kor stor gjeld det var på garden. (Fortalt av Halvor Stave.)
6. Lars Larsson Stavejordet 31.10. 1874-1955
Ugift. Sjå neste hushald.
7. Halvor Larsson Stavejordet 17.08. 1876-1949
G 1907 m Betsy Lein (Berit Lien frå Valdres) 1881-1937. Barn: Mabel 1908-1993 gm Dewey Jarmin (8 barn); Clara 1909-1996 gm Edward Mangels; Leif 1911-1981 ug.; Thelma 1913- gm Georg Olson Blaisdell (3 barn); Trygve 1916- gm La Vina Marie Goettle, han overtok farmen (3 barn); Albert 1918-1967 gm Ethel Rose Bruhn (4 barn); Lillian 1921-1984 gm David Warren Redmon (5 barn); Selmer 1924- ug. (1170)
    Halvor reiste til Am. 1896. Saman med systera Lukris og broren Asle tok dei land ved Hatton. Dei var dei fyrste setlarane på den staden som vart kalla 'Stave Township', og det fyrste huset deira var ei jordhytte. Dei farma saman med Osten Swenningson. Halvor arbeidde lenge ved Blaisdell Farmers Elevator Board. (848)
    Halvor spelte munnharpe, og brukte gjerne den då ungane skulle vekkjast! (Fortalt av Emma Stave)
8. Lukris Larsdtr. Stavejordet Helgesen 27.03. 1878-1959
Gm Ola Helgeson i Amerika. Adoptivbarn: Ferdie Johnson 1911- gm Lynka Alvstad (dotter til Birgit Stave Alvstad f. 1883) (2 barn).
    Til Amerika omlag 1896. Ho skreiv 'Louise' der borte. Dei tok seg land ved Stave township, Hatton. Ein pleieson overtok farmen.
9. Anne Larsdtr. Stavejordet Larsson 12.10. 1879-1968
Gm Stork Larsson, Voss. Barn: Lillian 1909-1962; Lawrence Roy 1911-1979 ug.; Clara 1913- gm Elmer Pykonen; Selma 1915- gm Henry E. Kinsfater (3 barn); Adeline 1918- gm Albert Hager 1911- ; William 1921- ug.; Leonard 1916- gm Leora Jane Seaman (3 barn).
    Anne var budeie på Klekken i Norderhov i 1900. Farma ved Hatton. (1232) (1170)
10. Liv Larsdtr. Stavejordet Steinfinnsbø 26.11. 1881-1953
Gm Anton Olson Harlaugeie, Heidal i Gudbrandsdalen 1880-1954. Barn: Kristian 1903-1966 gm Ingeborg Johannesen (2 barn); Olav 1906-1985 gm Ragnhild Øyen, bureisar på Bjørkmo i Murudal (4 barn); Laura 1923-2002 gm Oskar Øvrejordet.
    Liv og Anton kjøpte garden Steinfinnsbø i Heidal. Dottera Laura overtok garden etter dei.
11. Birgit Larsdtr. Stavejordet Alvstad 01.02. 1883-1965
Gm Torstein ("Taston") Alvstad, Valdres 1882-1951. Barn: Tilman 1908-1989 gm Ida ... , gm Lydia Mautz (2 barn); Clarence 1909-1979 ug. ; Gordon 1912- gm Elizabet Godfread (2 barn); Bernie 1915- gm Mabelle Hemstad (3 barn); Lynka 1917- gm Ferdie Johnson (2 barn); Hilda 1925- gm Arvid Morstad 1916- (5 barn). (1170) (848)
    Birgit var tenestjente på Løken i Norderhov saman med systera Kari i 1900. Birgit og Anne reiste til Am. 1902: Nortwood i 1902. Birgit og Torstein budde i Hatton.
12. Gro Larsdtr. Stavejordet 11.11. 1885-1962
Ugift. Ho stellte for Lars heime på garden.
13. Hallstein Larsson Stavejordet Stave 01.06. 1887-1959
G 1923 m Sigrid Olsdtr. Strand. Sjå Rime, gnr. 115/1.

Lars og Kari gifte seg i 1867. Lars Asleson overtok nordre Stave, gnr. 114/12 i 1862. Garden var då så gjeldbunden at han såg seg ikkje råd til å greie seg der. Omlag 1868 selde han garden til Botolv Larsson Noss for å reise til Amerika.
    Men ho Kari tok til angre seg, salget vart endra til 2/3 av garden, og så bygde dei opp garden Stavejordet frå nyo, både heime og på stølane.
    Ein granne skjemta med Lars: "Gjer du deg ikkje no med denna nydyrkinga, så risikerar du å få Landbruksmedaljen!" Då svara Lars: "Det er medalje nok i avlinga eg fær i hus!"
    Kari var svært sterk. Ho bar bufarkjelen og minstebarnet opp Varaldsetlia ei gong.