Hansebråten, nordre gnr. 114 bnr. 16
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Hansebråten, nordre gnr. 114 bnr. 16-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Husmannsplassen nordre Hansebråten vart frådelt Stave 114/8 i 1900. I dag består eigedomen av bruknummera 15 som er frådelt frå nedre Stave, bnr. 16 frå nordre Stave og bnr. 17 som vart frådelt bnr. 15 i 1905.
    Hansebråten ligg noko oppe i Vestlia, og grensar mot søre Hansebråten (som er frådelt Huus) i aust.
    Det opphavelege namnet var Stavemoen. Namnet Hansebråten kjem av Hanse-Amund frå søre Hansebråten. Truleg var han rydningsmann.
    Kring 1960 var innmarka omlag 24 mål, derav var 7 mål dyrka.
    Areal 1995: dyrka jord 8 mål, anna areal 14 mål, produktiv skog 40 mål.
    Våningshus bygt 1966, stugu, bu, eldhus, låve og fjøs frå omkr. 1840.
{5861} År: 1797
Amund Knutson Granhagen Huusbråten 07.04. 1754-1827
Foreldre: Knut Levorson Dengerud Granhagen og Anne Hansdtr. Storlien.
Gm Kari Olsdtr. SundreØyen Hansebråten 1746-1830
Foreldre: Ola Torjusson Medgarden (Nore) Sundreøyen og Anna Isaksdtr. Sundreøyen.
*Barn
1. Anne Amundsdtr. Husbråten 17.03. 1776-
Anne Hansebråten var konfirmant i 1791.
2. Hans Amundson Husbråten 1778-1800f
Hans var død før 1800. Faren kravde inn gjeld i september 1800.
Amund vart kalla Hanse-Amund og Kari vart kalla Hanse-Kari. Amund bygsla 1797 eit rudningslende kalla Hagamoen i 1797. Plassen var også kalla Stavemoen. Sjå også Larsstølen, gnr. 110/3.
    Saman med soldat Ola Larsson Bekkestad hadde Kari dottera Anne f.1764. Ho vart
    dømt til 6 rd legemålsbot i 1767, eller til å tene pengane på Akershus tukthus.
    Amund var gevær-soldat og husmann med jord i Hansebråten i 1801.
{5862} År: 1819c
Ola Olson Sundremoen Hansebråten 04.03. 1787-1868
Foreldre: Ola Knutson Moen (Sundremoen) Vangen og Kari Kitilsdtr. Kitilsplass.
Gm Birgit Larsdtr. Gjøta Hansebråten 10.09. 1797-1868
Foreldre: Lars Sevatson Settungsgard Helling og Birgit Eivindsdtr. Strand.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Hansebråten 23.05. 1820-1855
G 1849 m Ola Gunnarson Dengerud Hansebråten. Dei fekk to barn, sjå barnebarn. Kari døydde av solstikk.
2. Lars Olson Hansebråten Stave 08.08. 1822-1916c
Gm Ellen Marie Isaksdtr. Haga, Fusa 1834-1901. Barn: Isak 1854-1928 torghandlar i Bergen, gm ... ... ; Kitil 1856-1859; Lars 1859-1924 fabrikkarbeidar i Bergen, gm ... ... ; Brittanna 1862- overtok Tretteskjær, gm Engel Erikson Austefjord; Karianne 1863-ung; Kitil Johannes 1872-1872.
    I 1865 var Lars husmann med jord og snikkar. Han budde på Tretteskjær i Fusa og skreiv seg Stave. Død som husmann, 94 år gamal.
3. Ola Olson Hansebråten Ulshagaskardet 29.10. 1824-1905
G 1854 m Karoline Ankersdtr. Ulshagaskardet. G 1874 m Margit Knutsdtr. Myregard.
    Ola var skraddar og budde i UlshagaSkardet. Sjå Skardet, gnr. 109/1e.
4. Knut Olson Hansebråten Hjellumstuen 31.10. 1826-
Gm Eline Johanne Johansdtr. ...... f. 1837 frå Vang. Barn: Oline Johanne 1864-1951 ug. budeie på Atlungstad i Stange i 1900; Gina Beate 1867- gm Ole Olsen Stensrud; Karen 1872- ; Anne 1874-1954 gm Gudbrand Børresen Lillesveen (2 barn); Elisabeth ....-1952 gm ... Pedersen.
    Knut kom gåande til Vang i Hedmark. Han dreiv som snikkar, då han møtte Eline, og så sette dei bu på ein husmannsplass utan jord kalla Hjellumstuen i Vang i Hedmark. (Oppl. Tone Steen Hansen)
5. Eivind Olson Hansebråten Trolløyen 20.09. 1829-
G 1861 m enkje Margit Olsdtr. Sandehuset. Sjå Trolløyen, gnr. 110/7.
6. Birgit Olsdtr. Hansebråten Sandestølen 02.02. 1832-1917
G 1855 m Lars Larsson Sundrelien Sandestølen, gnr. 110/174.
7. Borghild Olsdtr. Hansebråten Leksvol 23.09. 1834-1926
G 1861 m Ola Knutson Leksvol 1839-1930. Dei reiste til Am. i 1861: Norseland, Nicollet Co. MN.
    Barn: Kristi 1859-1920 gm Louis Solem; Knut 1861-1933 født på havet nær Quebec; Anetta 1863-1924 gm Knute Dekko; Beata 1865-1949 gm Ole Newgard; Carolina 1867-1870; Gustav 1869-1950; Carolina 1871-1945 g 1887 m Mikkel Løkensgard (13 barn); Olina 1874-1895; Olum 1876-1957 gm Gustav ... ; Antina 1878-1897. (1186)
8. Kitil Olson Hansebråten Sundrelien 25.11. 1838-1855
9. Ola Olson Hansebråten Myrehaugen 05.04. 1842-1934
Ugift. Ola handla med fe og skinn. Ola budde i ei stugu på Sundre og vart kalla Ola Myrehaugen.
    Ola var skreddar, bødker eller laggar og vart over 90 år gamal. (937)
    "Folk era skriput no", sa han Ola på sine gamle dagar. (1644)
    Stugu hans vart selt på auksjon i 1934 og havna som fiskarhytte nede ved elva i myljo Thon. Ho fekk namnet Kjellbu etter Kjell Stenersen.
*Barnebarn
1. Lars Olson Hansebråten Hadlo 03.04. 1849-1931
G 1875 m Marta Hansdtr. Eide 1853-1931. Dei gifte seg i Holdhus stavkyrkje.
    Barn: Anna Karina 1876- gm Jon Henanger; Herborg 1878-1949 skreddar gm Ole H. Markhus, Henanger; Malene Kristine 1878-1879; Malene Kristine 1882- til Am. ; Marta Olina 1884- ; Larsine 1886- ; Ola 1889-1890; Olai 1891-1960 gm Karina Wergeland; Andreas 1898- musikkfenrik i 4. div korps.
    Lars reiste til Bergen stift på snikkarlære i 1873. Han var snikker og husmann på Hadlo under Eide i Fusa. (Fusa III s 320) (epost frå Ingvard Skarvatun)
    Foreldre: Ola Gunnarson Dengerud Hansebråten og Kari Olsdtr. Hansebråten.
2. Anne Olsdtr. Hansebråten Nyehuso 19.04. 1853-1947
G 1880 m Henrik Olson Stakegard Nyehuso, gnr. 106/0a.
    Foreldre: Ola Gunnarson Dengerud Hansebråten og Kari Olsdtr. Stavebråten.
Ola og Birgit gifte seg i 1819. Ola var ute i krigen 1807-14. Han vart kalla Vesle-Moen og var ein spræk kar.
    Ein sundag var det stim på Sandesletten nede ved elva, og mykje folk var samla der, også sorenskrivaren. Vesle-Moen dansa laus, og midt i eit hallingkast fauk den eine skoen avgårde, over elva og landa på andre sida. Det vart stor jubel over dette, og sorenskrivaren slo han på aksla og sa at hadde me hatt 25 slike karar, så var ikkje Noreg kome under Sverige!
    På sine gamle dagar gjekk Vesle-Moen rundt og bad.
{5863} År: 1864c
Anders Anderson Leksvol Hansebråten 08.08. 1828-1923
Foreldre: Anders Anderson Leksvol og Randi Kristiansdtr. Leerdal.
Gm Lukris Sveinsdtr. Huus Hansebråten 14.04. 1838-
Foreldre: Svein Olson ... (ungkar) og Torand Levorsdtr. Huus.
*Barn
1. Svein Anderson Hansebråten Huus 04.03. 1850-1928
G 1878 m Margit Håkonsdtr. Byggjargarden Sire 1854-1904. Barn: Lena 1880-1930 g 1903 m Helge (f. Gunnarson) Johnson (frå Kulutunga) (3 barn); Anders 1881-1960 g 1909 m Lena Lyste (4 barn); Hermann 1883-1969 g 1915 m Louise Lukkasen (5 barn); Thea 1887-1888; Thea 1889-1911; Selma 1891-1942 ug. ; Helena 1894-1956 g 1914 m Olaf Erickson (1 barn).
    Svein reiste til Am. i 1872: Hatton, ND og vart ein av dei fyrste setlarane ved Hatton.
    G 1909 m Helene Hence eller Johnson - Stenbakken. (1574)
2. Randi Andersdtr. Hansebråten 17.07. 1852-1938
G 1880 m Knut K. Hjallo 1849-1921. Barn: Karoline 1881-1956 g 1912 m Nils O. Huseby (1 barn);
    Albert Knut 1884-1976 g 1908 m Julia Wiste (15 barn), g 1919 m Olga Wiste (11 barn); Anna Louise 1887-1969 g 1914 m Edward Huseby (2 barn); Oscar 1891-1965 g 1921 m Lillian Johnson (2 barn);
    Theodore 1894-1954 g 1915 m Clarice Everson (8 barn). (1574)
    Randi reiste til Amerika 1878: New York. Dei farma i Cleveland, Dakota. Randi vart attgift med Knut Erickson Ronning.
3. Torand Andersdtr. Hansebråten Tingvoll 09.02. 1856-1879
Gm Eivind Embrikson Tingvollstugu frå Hol. Barn: Anders 1879-1879.
    Til Am 1878: St. Peter, MN. Torand døydde i barselseng, og vart gravlagt ved Hol church mellom Northwood og Hatton.
4. Turid Andersdtr. Hansebråten Lokensgaard 21.12. 1858-1923
G 1881 m Knut O. Løkensgard, USA 1860-1928. Barn: Henry 1882-1964 redaktør, g 1905 m Edna Higby (3 barn) ; Laura 1884-1978 g 1904 m Martin Hanson (4 barn); Melvin 1886-1958 lærar, g 1908 m Ragna Haugen (5 barn); Edwin 1888-1935 forsikringsagent, g 1916 m Lillian Peterson (2 barn); Carl 1891-1909; Cora 1893-1982 g 1928 m Carl Wilhelm Forsberg (2 barn); Thea 1895-1984 lærar, g 1942 m Emil Sprehn. (1235), (1574)
    Turid reiste til Amerika i 1877: Madison, MN. Knut var lærar/skulestyrar i Madison, MN. Sidan professor/forfattar og fråhaldsaktivist. Knut vart attgift 1924 med Louise Nygaard. (Sjå Løkensgard, gnr. 58/6 år 1797 og Veslegard, gnr. 61/1 år 1806.)
5. Anders Anderson Hansebråten Huus 04.05. 1861-1940
G 1889 m Marit Semlenge 1870-1937. Barn: Andrew 1890-1968 ug. farmar; Lewis 1892- 1972 farmar, g 1925 m Alma Soliah (1 barn); Thea Gurine 1894-1954 g 1918 m Elmer Moe, g 1921 m Emil Gulbranson (7 barn); John Alvin 1895-1979 g 1927 m Myrtle Gunderson (5 barn); Sophia Louise 1897-1932 g 1917 m Gerhard Bråten (3 barn), g 1951 m Nels H. Lerfald; Alfred Melvin 1899- g 1929 m Mabel Swenson (3 barn); Malla Anette 1902- g 1922 m Elmer Braaten (6 barn); Thonetta 1904- g 1937 m Alvin Brenna (2 barn); Selmer 1906-1982 g 1927 m Mabel ... (6 barn), g 1953 m Joyce Morris (8 barn); Gyda Helen 1908- g 1927 m Clarence Brenna (3 barn); Lena Andrea 1911-1988 g 1933 m Irvin Gehrtz (2 barn);
    Alpha Mildred 1913-1932 g 1931 m Sanford Huus. (1574)
    Anders var skomakar i unge år. Til Am. 1882, han tok namnet Huus.
6. Ingeborg Andersdtr. Hansebråten Lyste 22.12. 1863-1926
G 1884 m em Christian A. Lyste, Ådalen. Barn: Lena 1885-1959 g 1909 m Andrew Huus (4 barn);
    Albert 1887-1934 ug. farmar; Nels 1888-1979 farmar, g 1911 m Olga Aarhus (8 barn); Otto 1890-1974 farmar, g 1917 m Nellie Savage (8 barn); Gilbert 1894-1894; Gina 1896- g 1915 m Oscar Sletten (8 barn); Theodore 1897-1946 g 1921 m Hattie Erickson (2 barn); Clarence 1899-1974 farmar, g 1920 m Annie Bjerke (10 barn); Ida 1902- g 1924 m Ole Sordal (3 barn). (1574)
    Ingeborg fekk utflyttingattest i 1882. Busett i Hatton. Dei farma ved Beaver Creek nær Hatton.
7. Ola Anderson Hansebråten Huus 12.11. 1866-1945
G 1889 m Gurine Larsdtr. Noss, Hatton 1872-1967. Barn: Andrew 1890-1965 farmar, g 1916 m Henrietta Erickson (4 barn); Laura 1892-1960 g 1917 m Joseph B. Olson (5 barn); Louis 1893-1918 ( soldat, fall i 1.v.krigen medan han bar såra soldatar frå flagglina i Argonne, Frankrike.);
    Teodore 1897-1974 farmar, g 1927 m Emma Skaar (6 barn); Gurine 1898-1986 gm Selmer Flom (11 barn); Oscar 1900-1982 farmar, g 1928 m Pearl Paulson (6 barn); Inga 1902- g 1921 m Adolph O. Pederson (3 barn); Clarence 1904-1977 g 1928 m Palma Anstenson (6 barn); Marvin 1906-1970 i vegvesenet, g 1931 m Alice Tollefson (2 barn); Gina 1908-1973 kosmetikkhandel, gm James Spankie, g 1953 m Roy Amundsen. (1574)
    Ola reiste til Am. i 1882: farmar, busett i Hatton, sidan Minot, ND. Han skreiv seg Huus.
8. Kristian Anderson Hansebråten Huus 20.02. 1870-1946
G 1896 m Gunvor ("Gina" ) HanseBråten 1871-1924. Barn: Beatta 1897-1980 g 1928 m Fred Balyeat (2 barn); Louise 1897-1969 g 1920 m Leonard Hovland (5 barn); Thina 1898-1983 g 1947 m George Smithson; Thonetta 1899-1967 g 1927 m Colonel (!) Riveland (2 barn); Adolph 1901-1942 ug. ; Alma 1903- gm 1927 m Lars Breiland (1 son); Theodor 1904-1982 styrar, gm Alpha Johnson; Grace 1909-1977 gm Lester Matthews; Carl 1908-1948 gm Edna Mcdonald (3 barn); Gerhard 1910- g 1943 m Philomena Fix ; Rudolf 1912-1953 gm Mae Nienow; Leonard 1914-1914; Bernice 1916-1916; Lillie 1917-1917; Waldemar 1920- gm Trina Hanson (2 barn). (1574)
    Kristian reiste til Am. 1888 saman med foreldra. Farmar ved Hatton, ND.
9. Guri Andersdtr. Hansebråten Dokken 12.04. 1873-1908
G 1892 m Hellick Dokken, Skurdalen 1865-1930. Barn: Selmer 1893-1971 farmar i Canada, g 1921 m Alma Johnson (6 barn); Alvin 1895-1971 gm Martha ... ; Margaret 1897-1977 gm Alfred Antonson (1 son); Laura 1899-1976 gm George Ulvang (2 barn); Caroline 1901- 1978 gm Alvin Johnson, gm Sheldon Marsters; Thina 1905-1976 gm Lovell McCullough (1 son).
    Truleg var det Guri som vart skrive 'Mrs K.G.Rønning (Oslo), MN' då faren var død.
    Guri reiste til Am. i 1882: Hatton, ND under namnet 'Huus'. Ho døydde i barnseng i 1908. Selmer og Margaret gjekk då ut or skulen for å drive farmen, og ta seg av syskena saman med nokre farsysken. Faren derimot reiste frå ungane sine og dreiv skogsarbeid. (1574)
Anders og Lukris gifte seg i 1855. Han var skreddar og soldat. Dei budde på Leksvol fram til 1863 då dei var på Kulutunga, og sidan i Hansebråten. Anders reiste til Hatton, ND i 1869, resten av familien kom etter i tida 1872-1882.
{5864} År: 1886c
Torstein Torsteinson Svarteberg Gjøta 13.01. 1854-1952
Foreldre: Torstein Larsson myljo Svarteberg og Gunvor Olsdtr. Løkensgard.
Gm Birgit Håkonsdtr. Olaguthaugen Hansebråten 05.03. 1857-1943
Foreldre: Håkon Olson Olaguthaugen og Birgit Aslaksdtr. Sørbøentone.
*Barn
1. Gunvor Torsteinsdtr. Hansebråten Huus 29.07. 1876-1924
=Gina. G 1896 m Kristian Anderson søre Hansebråten Huus 1870-1946. Barn: Beatta 1897-1980 g 1928 m Fred Balyeat (2 barn); Louise 1897-1969 g 1920 m Leonard Hovland (5 barn); Thina 1898-1983 g 1947 m George Smithson; Thonetta 1899-1967 g 1927 m Colonel Riveland (2 barn); Adolph 1901-1942 ug. ; Alma 1903-1990 gm 1927 m Lars Breiland (1 son); Theodor 1904-1982 styrar, gm Alpha Johnson; Grace 1909-1977 gm Lester Matthews; Carl 1908-1948 gm Edna Mcdonald (3 barn); Gerhard 1910-1989 g 1943 m Philomena Fix; Rudolf 1912-1953 gm Mae Nienow; Leonard 1914-1914; Bernice 1916-1916; Lillie 1917-1917; Waldemar 1920-1971 gm Trina Hanson (2 barn). (1574)
    Gunvor reiste til Amerika. Dei farma ved Hatton, ND og skreiv seg Huus.
2. Håkon Torsteinson Hansebråten 11.09. 1878-1942
Gm Olga Branden, ... (ikkje frå Ål). Barn: Harda 1905-1972 gm Olaf Lorentsen, Steinkjær (2 barn); Birgit ....- død ung .
    Håkon flytta til Oslo som enkjemann. Han arbeidde på brygga. (1641)
   
    ERLING LORENTSEN
    HUSSTADLANDET 108
    7670 INDERØY.
3. Ola Torsteinson Hansebråten 22.06. 1881-
4. Birgit Torsteinsdtr. Hansebråten Solberg? 07.02. 1884-
Truleg gm ... Solberg frå Skoger.
    Barn med Kristen Andersen Enger-Skjæret, Lier: Anna Maria 1902- .
5. Sigrid Torsteinsdtr. Hansebråten 29.09. 1886-
Sigrid reiste til Am. 1904: Hatton, ND.
6. Aslak Torsteinson Hansebråten 10.05. 1889-1889
7. Ågot Torsteinsdtr. Hansebråten 05.03. 1891-
Ågot reiste til Am. 1908: .... .
8. Birgit Torsteinsdtr. Gjøta Dynge 30.08. 1893-1980
Birgit reiste til Ø. Aker i 1910.
9. Gunvor Torsteinsdtr. Hansebråten Roen 07.04. 1896-1977
G 1922 Nes m Steingrim Olson Roen. Sjå søre Sørbøen, gnr. 23/1.
10. Astrid Torsteinsdtr. Hansebråten Sataøen 27.03. 1899-1921
G 1920 m urmakar Ola Sevatson Sataøyen. Sjå eige hushald.
Torstein og Birgit gifte seg i 1876. Torstein fortalde han gjekk på bygda med posen og bad om mat i oppveksten. Tidleg kom han ut på gjæting og hardt arbeid.
    Torstein var kyrkjetenar og graver i vel 40 år. Han drog orgelbelgen og ringde. Men kyrkjeklokkene tok høyrselen hans etterkvart.
    Dessutan dreiv han som timrehoggar, Dei budde i Kulutunga omlag 1878-85 før han kom til Hansebråten kring 1886. Då folket der reiste til Amerika, kom bonden og baud Torstein vera husmann. Leiga var 30 mål slått og pliktarbeid ei veke vår og haust med litt mat. I 1900 fekk han skøyte på Hansebråten.
    Torstein og Birgit kom til Jøta, gnr. 31/1 i 1912. Til Ø. Aker i 1923.