Rime, søre gnr. 115 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rime, søre gnr. 115 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Rime er ein av av dei gamle gardane i Ål sentrum. Gardsnamnet Rime er eit vin-namn. Tydinga slette ved ein jordrygg ('rimi' på gamalnorsk) vil høve bra når ein ser på plasseringa av dei gamle tuna kring haugen der Rimehaugen ligg. Like aust for denne haugen låg tuftene etter gamletunet til søre Rime. Sjå nedanfor.
    Opphavleg var Rimegardane ein stor gard med 70 laupsbol i landskyld. Garden grensa til Dengerud og Gjeldokk i nord, til Stave i aust, til Hallingdalselva i sør og til Strand i vest.
    Oldfunn. På Fly er det gjort fleire funn frå vikingetida: ei hustuft ovanfor vegen var truleg bygd på ei gamal grav. Her vart funne pilespissar, øks, sigg og eldstål, ryttarspore, spjutspissar og piler m.m. Sjå Ål I s 96.
    Delinga i søre og nordre Rime har me ingen opplysningar om. Av totalt 70 laupsbol hadde søre Rime 50.
    Delinga av søre Rime til søre og myljo Rime skjedde sist på 1500-talet. I 1577 skatta bonden på søre Rime av 8 kalvskinn, i 1588 var skatten 4 skinn på kvar gard. I dette tidsromet vart myljo Rime frådelt. Landskyld var 25 laupsbol på kvar gard (halvgard) for søre og myljo Rime.
    I 1595 hadde Mariakyrkja ved St. Laurenti Alter 1 hud i søre Rime. Dette såkalla kanonigodset vart selt til private jordeigarar under krongodssalet i 1660-åra, og like etterpå fekk bonden kjøpt seg fri. Mariakyrkja hadde 6 laupsbol i både søre og myljo Rime, og Ål kyrkje hadde 4 lb. Etter jordeboka til Stavangerbispen i 1626 skulle bonden på Rime yte 4 settung korn årleg til Ål kyrkje og 8 settung til Hol kyrkje. (!)
    I 1650-åra hadde Eirik og Syver Rime seks mann til synfaring og oppmåling av åkrane hjå søre og myljo Rime.
    Rime er nemnt som tingstad i 1624 og i 1718.
    Opphavleg låg tunet til søre Rime nedst i jordet på Bergo. Eller litt aust for Rimehaugen. Det står eit bustadhus på ei av dei gamle tuftene, dei andre er fjerna.
    Nemningane søre og nordre Rime skriv seg frå plasseringa kvar gard hadde i det gamle tunet. (Dvs. Geografisk retning austre og vestre.) Etter at myljo Rime flytta ut av gamletunet og ned på Fly i 1840, vart øvre og nedre brukt om bruka som tidlegare hadde vore søre og myljo. Sjølve innmarka låg enno i sterk teigblanding.
    Underbruk og plassar. I 1641 låg to 'slottelende' (underbruk) under søre Rime: Kolbjørnstølen og 'øde Dengerud.'
    Frådelte plassar og bruk: Rimejordet, bnr. 3 frådelt 1802; Øyno og Vangen, bnr. 4 frådelt 1829; Bergo, bnr. 32 frådelt 1900; Rimeslåtta, bnr. 30 frådelt 1895; Vangen, bnr. 28 frådelt 1887.
    Søre Rime vart mykje oppdelt sist på 1800-talet. Fyrst i 1890-åra vart det gamle tunet til søre Rime nedlagt. Kjøparen bygde nytt tun nede i Bruteigen kring 1890 og slo saman bnr. 1 og 2.
    Og ved utskiftninga 1905-1910 vart reisten av innmarka til søre Rime samla i ved Bruteigen i nedre og vestre hjørnet av eigedomen, nede ved vegen. Bruket har gjerne vorte kalla Vangen i daglegtale i seinare tid.
    Anker-stugu frå Ankermyrane (Sjå Myrbø, gnr. 110/119) vart flytta til Bru-teigen då smeden Strand reiste til Am. Sidan brukt som eldhus, rive omlag 1935. (1447) 26
    Areal 1865: dyrka jord 23 mål, naturleg eng 30 mål, utslått 96 mål. Avling 25 1/2 tunne bygg og 21 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 12 mål som vert leigd bort, produktiv skog 40 mål, anna areal 100 mål. Våningshus bygt 1886, gamalt stolphus (kome frå Brye i Hovet), driftsbygning 1934.
    Stølar. Heimstølen Rimeslåtta vart frådelt 1895. Stølen Brekkene vart fråselt til Ruud i 1783. Langstøl på Osestølen ved Rødungen i Vats. Rødungen vart stundom kalla Rime-Rødungen. Ein gong rydda Rimebonden seg ny støl under Stolsnuten (Nutestølen), denne stølen vart selt til Øvrejorde i Hol. Opphavleg langstøl til Rime skal ha vore Gyrinosen.
    Til eigedomen ligg også det meste av Nedre Stave (sjå gnr. 114/8) som Leif Stave overtok etter farbroren Lars Stave i 1957.

{5884} År: 1765

Torkjell Larsson Rime 1732-1792
Foreldre: Lars Eirikson Rime og 2.g Sissel Torsteinsdtr. Stave.
Gm Anne Torjusdtr. Helling Rime 1736-1818
Foreldre: Torjus Botolvson Ulshagen Helling og Birgit Olsdtr. Hove.
*Barn
1. Torstein Torkjellson Rime Opheim 26.12. 1755-1836
Ugift. Torstein sin arvelut i garden vart selt til broren Gjermund. Torstein var tenar i Opheim i 1801. Torstein flytta til syskenbarnet Torjus Asleson på Finnesgarden på fletførings-kontrakt i 1830. (Dvs. Kår mot arverett.) Han var dessutan morbror til kona til Torjus. Torstein døydde på Finnesgarden i 1836. (Gol V s 422)
2. Lars Torkjellson Rime 04.09. 1757-1777
Lars var konfirmant 1776.
3. Birgit Torkjellsdtr. Rime Opheim 09.03. 1760-1845
Gm Halvor Knutson Søre Opheim, gnr. 22/0d.
4. Torjus Torkjellson Rime Vangen 27.06. 1762-1819
G 1805 m Mari Torsteinsdtr. Lå.
5. Knut Torkjellson Rime 24.02. 1765-
6. Sissel Torkjellsdtr. Rime Grøtt 15.06. 1766-
Gm Kitil Syverson Grøtt i Hol. Barn: Anne 1789- gm Torjus Asleson Høgset til Finnesgarden (Gol); Ragnhild 1791-1878 gm Hallstein Grøtt (10 barn); Anne 1789- gm Torjus Asleson Finnesgarden; Guro ....- gm Svein Sletto; Margit ....- gm Eirik Rue; Sissel 1800- gm Svein Sveinson Nestegard Sveinhaugen; Birgit ....- gm Jonas Gamserud, Sigdal, ho var jordmor i Sigdal, til Am.
    Sissel var haugianar. Kitil kjøpte Rimejordet i 1802.
7. Gjermund Torkjellson Rime 01.10. 1769-1845
Gm Anne Torsteinsdtr. Øvrejorde. Sjå neste hushald.
8. Birgit Torkjellsdtr. Rime 08.06. 1772-
9. Gro Torkjellsdtr. Rime 06.10. 1776-
10. Gro Torkjellsdtr. Rime 15.05. 1778-

Torkjell og Anne gifte seg i 1755. Torkjell var soldat då han gifte seg.
    I 1759 hadde drengen Ivar Håvardson rømt or tenest. Torkjell stevna han for retten, og Ivar vart dømt til tukthusarbeid for så lang tid som 'De Hr. Directeurer finder for godt.'
    Torkjell fekk skøyte på søre Rime (25 laupsbol) i 1765. Han kjøpte ut syskenpartar i garden for 554 rd i 1765.
    I 1783 selde Torkjell stølen Brekkene til Ola Olson Ruud for 41 rd.
    På skiftet etter Torkjell i 1792 var det 1892 rd å dele.
    Anne fekk slikt kår i 1792: framfødd 3 kyr og 6 småfe, 4 tunner korn, 4 settung rug, utsådd 2 settung hamp; fri hest, hus, varme og tilsyn. Ved misleghald av kåret skulle ho ta halve garden i bruk. (1221) s 354

{5885} År: 1792

Gjermund Torkjellson Rime 01.10. 1769-1845
Foreldre: Torkjell Larsson Rime og Anne Torjusdtr. Helling d.y.
Gm Anne Torsteinsdtr. Halleset Rime 06.01. 1769-____
Foreldre: Torstein Henrikson Huus Halleset Øvrejorde (Hol) og Ingeborg Olsdtr. Stave.
*Barn
1. Ingeborg Gjermundsdtr. Rime 03.07. 1803-____
2. Torkjell Gjermundson Rimejordet 09.02. 1806-1880
G 1840 m Ambjørg Sveinsdtr. Sundbrei. G 1844 m Margit Sveinsdtr. Sundbrei.
    G 1873 m enkje Anne Sandersdtr. Slettemoen Breiehagen. Sjå Rimejordet, gnr. 115/3.
3. Torstein Gjermundson Rimejordet 02.01. 1808-1815
4. Anne Gjermundsdtr. Rimejordet Baggesteg 06.09. 1811-1880
G 1830 m Eivind Larsson Helling Baggesteg, gnr. 31/1. G 1836 m enkjemann Embrik Olson Håkonsgard, gnr. 62/1.
    G 1845 m Ola Nilsson Tveitemoen Nobben, gnr. 116/1b og Hallebråt.
5. Torstein Gjermundson Rimejordet 01.12. 1816-1891
Ugift. Torstein var døvstum. Han var inderst og fuglefangar på Hallebråt i 1875.

Gjermund og Anne gifte seg i 1794. Gjermund kjøpte broren Torstein sin del i garden i 1796 for 623 rd. Gjermund selde ein del i Djup sameige til Henrik T. Øvrejordet i 1797.
    I 1801 fekk Gjermund i oppdrag å hente 14 tunner korn i byen til dei fattige i Ål. Men grunna formangel måtte hestane hans 'eta av lasset.' Då dei kom til Gol var hestane så utkøyrde at han måtte setja att lasset på Djupedal i Gol. Før lasset kom vidare vart det stole to tunner, såleis kom 10 1/2 tunne fram til dei fattige i Ål.
    Hausten 1801 var det usemje mellom Gjermund og Asle Stave. Gjermund og mora hadde skåre ein del av Sandåkeren og ført bort kornet mot Asles vilje.
    I 1801 selde Gjermund garden til Ola Torsteinson Øvrejordet for 1399 rd. Denne handelen vart nok omgjort. Gjermund delte garden i 1802 og flytta til bnr. 3 Rimejordet.
   

{5886} År: 1802


Gjermund Torkjellson Rime delte garden i to i 1802 og selde frå Rimejordet, bnr. 3 til Kitil Grøt for 999 rd.
    Det attverande søre Rime vart selt til Lars Pålson Nerol frå Hol i 1807 for 2300 rd.

{5887} År: 1807

Lars Pålson Nerol Rime 1748-1814
Foreldre: Pål Olson Brattåker Nerol og Jørand Syversdtr. Verpe, Hol.
Gm Åse Tolleivsdtr. Villand Rime 23.06. 1765-1845
Foreldre: Tolleiv Olson Villand og Kari Larsdtr. nedre Sundre, Hol.
*Barn
1. Tolleiv Larsson Rime 24.06. 1789-1857
G 1833 m Kari Aslesdtr. Lofthus. Barn: Guri 1834- ug.; Elling 1837-1906 ugift bonde på Villand; Åse 1840- gm Henrik Knutson Gjivsjord.
    I unge år hadde Tolleiv eit godt auga til Ågot Larsdatter Rime, men mora hans mislikte dette.
    Mor Åse gjekk og vakta på dei to unge. Ei natt då Tolleiv hadde klatra inn hektaglaset hjå Ågot, var Åse på plass og fekk stengt sonen inne. Tolleiv kom seg ut or knipa som innestengt friar ved hjelp av ei legdekjering på Rime som skjønte spelet.
    Neste dag gjekk Åse til Ågot og let henne få høyre hennar syn på saka. Det vart såpass ampert at Ågot henta bror sin, og Åse henta han Tolleiv. Det eine ordet tok det andre og så rauk karane i hop til å slåst. Segna vil ha det til at Åse sprang jamsides og fekta i vilska med ein kårde medan ho ropa:
    "Står du ikke kar no, Tolleiv son min, så fær du ikkje ein fotebreidd tå garden!" (1293)
    Tolleiv var skulemeister 1807-1827. Han vart eigar av søre Villand i 1834. Han skipa det fyrste fråhaldslaget (måtehald) i Hol i 1847. (Hol IV s 270 og VI s 811)
2. Jørand Larsdtr. Rime __.__. 1801-1871
Ug. Jørand vart sjuk. Segna fortel at Jørand var ei sers vakker, gløgg og gladverug jente i unge år.
    24 år gamal fekk Jørand ein unge, men då greip mora inn og gjorde det av med barnet. Jørand vart ikkje seg sjølv att etter dette. (1293)
3. Kari Larsdtr. Rime Leksvol 13.04. 1806-1888
G 1830 m Lars Halvorson Leksvol, gnr. 113/3. G 1837 m Tolleiv Hallsteinson Lauvsletten Rime. Sjå neste hushald.

Lars og Åse gifte seg i 1788. Før dei kom til Rime var dei innom på tre gardar i Hol: Helle, nedre Åker 1787-1802, og så på Øygarden 1803-1808. Lars og Åse fekk også sønene Pål 1795 og Ola 1798, men dei levde ikkje opp.
    Lars kjøpte Rime 1808 hjå Gjermund Torkjellson Rime. Dei gjorde eit forlik om noko gjeld i 1812.
    Segna fortel at Åse var stor og sterk, men også stridlynt og hemngirug. Åse hadde sett seg ut tremenningen, Birgit Olsdtr. Gjivsjord, som gifte til sonen. Men Birgit hadde hugen sin hjå ein annan gut. Åse rasa over dette og svor at ho skulle få angre. Seinare vart Birgit gift til Kolbjørnstølen, og der døydde ho i barnseng 1825. Men ryktene ville ha det til at Åse var innom på Kolbjørnstølen den siste natta og gav Birgit noko rar drikke.
    I 1817 stevna Åse Nils Knutson Strand for brot på ekteskapslovnad til ei av døtrene. (Jørand?) Nils hadde flytta til Rime, og det var lyst for dei i kyrkja. Men så fekk Nils kalde føter. Det vart semje og økonomisk oppgjer i forlikskommisjonen.
    Åse tok børsa og skaut når ulven vart for nærsøken bølingen på Osestølen.
    På skiftet etter Lars i 1814 var buet på 1914 rd netto.
    Åse sat med Rime til 1839. Felelåtten "Åse Villand" skal ha namn etter henne. (Hol IV s 268 og 292)

{5888} År: 1839

Kari Larsdtr. Rime Leksvol 13.04. 1806-1888
Foreldre: Lars Pålson Nerol (Hol) Rime og Åse Tolleivsdtr. Villand (Hol).
Gm Tolleiv Hallsteinson Lauvsletten Rime 10.11. 1805-1880
Foreldre: Hallstein Bjørnson Stavedalen (Reinli) Lauvsletten og Eli Olsdtr. Lauvsletten.
*Barn
1. Birgit Tolleivsdtr. Rime 30.01. 1837-1932
Birgit var ugift. I 1891 dreiv ho veving og spinning på Rime hjå broren. I 1900 hadde ho husarbeid på Kortgarden. Død på Rimeslåtta som arbeiderske.
2. Eli Tolleivsdtr. Rime Skalle 12.10. 1839-1923
G 1868 m Håkon Asleson Skalle, gnr. 115/17. Barn: Tolleiv f. 1859, sjå barnebarn.
3. Lars Tolleivson Rime 02.08. 1843-1844
4. Kari Tolleivsdtr. Rime Stave 19.07. 1845-1928
G 1867 m Lars Asleson Stave, sjå Stavejordet, gnr. 114/8.
5. Hallstein Tolleivson Rime Rimeslåtta 08.08. 1848-1908
G 1870 m Barbro Vilhelmsdtr. Nedrebråten, Gol. Sjå neste hushald.
6. Lars Tolleivson Rime 07.07. 1851-1911
Gm Guri Tolleivsdtr. Brenn, Gol 1866-1942. Barn: Olaug 1887- gm Harry Slater, Yorkshire, England; Kari 1890-1966 gm lærar i Etnedal Torleif Hodne, Lindås; Tolleiv 1892-1960 gm Berit Nes, overtok hennar heimegard Vesle-Strand i Vestre Slidre (2 barn); Torbjørn 1898- farmar i S-Dakota, gm May Gubberud, gm Elida Strand; Lage 1898-1966 plastrar i S-Dakota; Sigurd 1900-1984 teiknar og målar, kjøpte Breiset av broren og budde der; Gunnar 1903-1988 gm Marit Albertsdtr. Aamodt, Etnedal, lærar på Fagernes; Anne 1907- dreiv gardsbruk saman med broren Sigurd. (Gol III s 436 og Hol IV s 292)
    Lars og Guri budde på Brenn i Gol. Han var finsnikkar, snikkerte inn m.a. Ål og Gol kyrkje. Lars vart kalla Kyrkjesnikkaren etter dette. Sidan flytta familien til Breiset i Nord-Aurdal.
*Barnebarn
1. Tolleiv Olson Rime 29.09. 1859-1920
Gm ... ... .Barn: Henry ....- ; Leonore ....- ; Maranda ....- .
    Tolleiv var dreng på Wager i Norderhov i 1875. Til Amerika, forretningsmann i La Crosse, Wisc. (1649)
    Foreldre: Ola Hallgrimson Evjen (ungkar) og Eli Tolleivsdtr. Rime.

Tolleiv og Kari gifte seg i 1837. Ho var enkje etter Lars Halvorson Leksvol.
    Tolleiv fekk skøyte på garden 1839 hjå svigermora for 1000 spd og kår.

{5889} År: 1872

Hallstein Tolleivson Rime Rimeslåtten 08.08. 1848-1908
Foreldre: Tolleiv Hallsteinson Lauvsletten Rime og Kari Larsdtr. Rime Leksvol.
Gm Barbo Vilhelmsdtr. Eidsgard Rime 04.09. 1839-1915
Foreldre: Vilhelm Bjørnson Hertsgard Eidsgard og Margit Ivarsdtr. Haugstad, Gol.
*Barn
1. Tolleiv Hallsteinson Rime 11.06. 1871-1930
Ug. I 1900 var han jordbruksarbeidar. Tolleiv Rime laga peispustar for sal. Han skar relieff i tre og fekk medaljer på husflits-utstillingar. (NU 1923)
2. Vilhelm Hallsteinson Rime 09.08. 1873-1873
3. Ingeborg Hallsteinsdtr. Rime 22.08. 1875-1878
4. Vilhelm Hallsteinson Rime Rimeslåtten 26.08. 1877-1948
G 1905 m Birgit Knutsdtr. Nedrebråten, Gol. Sjå Rimeslåtta, gnr. 115/30.
5. Kari Hallsteinsdtr. Rime Ruud 27.11. 1879-1953
G 1902 m Ola Larsson Gjeldokk søre Ruud, gnr. 95/5.
6. Margit Hallsteinsdtr. Rime 18.02. 1882-1892
Margit var døvstum og døydde tidleg.

Hallstein og Barbro gifte seg i 1870. Hallstein overtok garden 1872.
    Hallstein og Barbro var uheldige og fekk ein smittsam sjukdom på krøtera. Både hestar og kyr døydde, og like gale gjekk det med nyinnkjøpte dyr. Der var ingen forsikring den tida så Hallstein måtte låne pengar. Det vart nokre tunge år, og Hallstein selde deler av garden for å halde seg flytande økonomisk.
    Chr. Urholt og Tolleiv Minna kjøpte eit jordstykke i 1885. Deretter vart Vangen og Bruteigen frådelt 1887, og Ola A. Strand fekk skøyte på Bruteigen for kr. 480.
    På denne tida vart det gamle tunet til søre Rime nedlagt.
    Hallstein gjekk konkurs, og banken på Nes overtok eigedomen i 1893.
    I 1894 delte Hallstein frå heimstølen Rimeslåtta, bnr. 30 og rydda seg ein ny gard på Rimeslåtta. Sjå der.

{5890} År: 1895


Ola A. Strand kjøpte søre Rime hjå banken på Nes i 1895. Han bygde og budde på Bruteigen, sjå bnr. 2.