Bruteigen gnr. 115 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bruteigen gnr. 115 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bruteigen eller Vangeteigen (også kalla Rime-eie) var husmannsplass under Rime. (NB. Sjå også Bruteigen/Busteteigen, bnr. 16a under myljo Rime.)
    Omlag 25 m ovanfor noverande bygnad syner tufter som kan vera frå det gamle tunet i Bruteigen.
    Ola Asleson Strand kjøpte søre Rime i 1884. Han overtok Bruteigen ved skøyte i 1887, men hadde nok ei tidlegare kjøpekontrakt, bygnaden vart kome opp i 1886. Ved utskiftinga av innmarka 1905-1910 vart søre Rime lagt saman med Bruteigen under bnr. 1.
    Etter utskiftinga fekk Bruteigen desse grensene: mot den gamle riksvegen i sør, ei grein av Kvinda i vest, mot Rimejordet i nord og mot eit gamalt steingjerde i aust.
    Bruket har gjerne vorte kalla Vangen i daglegtale i seinare tid.
{5894} År: 1869c
Sevat Ivarson Asgrimplass Brenno 14.10. 1839-1913
Foreldre: Ivar Knutson Berg Asgrimsplass og Ambjørg Sevatsdtr. Granhagen.
Gm Birgit Larsdtr. Hansevika Asgrimplass 1839.-1894.
Foreldre: Lars Syverson Øvremyro (Hol) Borgen - Hansevika (Uvdal) og Gunhild Tovsdtr. Gjøstad-stølen (Tinn). (1546)
*Barn
1. Lars Sevatson Bruteigen 19.01. 1861-
Gm .... .... . Til Am. Lars dreiv med jernbanearbeid i Chicago. Lars kom heim att i 1913, gifte seg på nytt og reiste over att.
    G 1913 m Birgit Olsdtr. Rimeteigen/Busteteigen (gnr. 115/16a) 1883- .
    Det vart fortalt ei soge om korleis Lars og Birgit vart plaga av ein sambygding i Amerika. Denne karen meinte han hadde krav på ho Birgit.
    Lars søkte råd på sheriff-kontoret, og der vart det sagt at dersom han ikkje vart kvitt karen på annan måte, så måtte han berre skyte. Neste gong rivalen kom, full og plagsam, då small det, og Lars kunne melde frå til sheriffen at no var det gjort. Det vart visst ingen straff....
    Eit brev frå Erik Boye fortel nok same soga på denne måten: 'Lars drepte trolig en rival, Embrik Odden borte i Minnesota. Selv ble han funnet drept noe senere.'
2. Ivar Sevatson Bruteigen 15.12. 1862-
Gm ... ... . (Enkje med to barn.) Ivar reiste til Am. i 1885: "Madelin".
3. Margit Sevatsdtr. Bruteigen 19.08. 1864-
Barn m/ungkar Hans Andersen: Birgit 1887-.
    G 1893 m Johan Nilsson, Vermeland, Sverige. Barn: ; Nils Martin 1894- anleggsarbeidar; Sverre ... rådmann i ein by i Vestfold.
    I 1900 budde Johan og Margit i Mortenstua under Vågård, Norderhov. Han var gardsgut og ølkøyrar for Aass bryggeri.
4. Gunhild Sevatsdtr. Bruteigen Kåsalien 21.04. 1867-1900
G 1894 m em Hans Halvorson Kåsalien, frå Gransherad, Telemark. Sjå øvre Asgrimsplassen, gnr. 122/6.
5. Ambjørg Sevatsdtr. Bruteigen Arnesen 04.08. 1870-
Gm ... Arnesen, Dovregt. 4 Kr.ania.
6. Sevat Sevatson Bruteigen Asgrimplass 25.03. 1872-1959
G 1896 m Birgit Kitilsdtr. Sausgardshaugen. Sjå Asgrimsplass, gnr. 122/7.
7. Syver Sevatson Bruteigen Briskeby 03.03. 1874-1967
Gm Marie Andreassen Lillemoen, Ådal 1881-1965. Barn: Borghild 1903- gm Asbjørn Halvorsen (1 son); Asbjørn 1906-1972 gm Ingrid Otilie Nicolaisen (2 barn); Sigrid 1909- gm Henry M. Arnesen (2 barn); Ole 1912- gm Mary Torvaldsen (1 son); Julius 1915- gm Signe Marie Ruud. (2 barn); Ivar 1917- gm Anna Stubne. (3 barn). (1529) (Notat om Briskeby-slekta.)
    Syver reiste til Norderhov i 1895. Arbeidde på tresliperi i 1900. I 1915 kjøpte dei småbruket Briskeby på Maurtvedt, Hadeland, Roa. Ved sida av småbruket arbeidde Syver på Brovold saga, og sidan vart han vegvaktar på Roa. Hakke, spade og trillebår og ansvaret for ein viss vegstrekning. Dei tok namnet Briskeby.
8. Knut Sevatson Bruteigen 22.12. 1875-1899
Gm ... ..., Drammen. Barn: gut ....- ; Ingeborg 1881- ... . (1529)3
9. Birgit Sevatsdtr. Bruteigen Christensen 09.10. 1878-1947
G 1899 m Christoffer Christensen, Bragernes 1876-1940. Barn: Hjørdis Christensen 1899-1985 gm båtbyggar Hans Skalvik, Risør (ingen barn); Borghild 1901-1991 gm Halvor Mathis Heirett Nordby(2 barn); Ellen 1906-1999 gm Sverre Larsen (2 barn); Kristen 1908-1993 gm Judith ... (1 barn); Ingeborg Elisabet 1913-2006 gm Andreas Tomas Norveg Boye (3 barn); Lilly Constanse 1916-1994 gm August Olsen (1 barn).
    Christoffer var høvleri-arbeidar, dei budde i Thornegt. 21. Drammen.
10. Ingebjørg Sevatsdtr. Bruteigen 29.04. 1881-
Ingebjørg stellte huset for broren Syver i 1900: Lund i Norderhov. Ho reiste til Am. i 1901.
Sevat og Birgit gifte seg i 1860. Dei budde i Hansevika under Hvammen i Dagali (Uvdal) i 1859. Så var dei i plassen Stakkestøet under Gunhildgard Noss i 1865. Til Bruteigen kom dei før 1870.
    I 1875 var Sevat husmann med jord i Bruteigen. I 1891 budde han og familien som husmann i øvre Asgrimplassen, gnr. 122/6. (Eit bruk som svigersonen Kåsalien kjøpte i 1895.)
    Sevat vart attgift 1895 med enkja Gro Hansdtr. Sand Brenno, sjå Tveitemoen, gnr. 121/2.
{5895} År: 1887
Ola Asleson Strand 24.07. 1859-1945
Foreldre: Asle Tolleivson Halvorsgarden Strand og Sigrid Tolleivsdtr. Bjella.
Gm Guro Steinsdtr. Øvremyro Strand 30.08. 1864-1912
Foreldre: Stein Steenson Øvremyro og Anne Sveinsdtr. nordre Sletto, Hol.
*Barn
1. Asle Olson Strand 23.08. 1887-1970
Gm Guri H. Hallsteinsgard, Hol. Barn: Gunvor 1941- mannequin, sidan antik-seljar, gm konsulent Gunnar Holm, attgift m Rolf Norman; Bjørg 1950- gm Erik Hauen.
    I sine unge år prøvde Asle å starte fabrikasjon av skosålar av gummi, men det gjekk ikkje økonomisk. Han vart styrar ved kraftstasjonen i Djupedal i Hol.
2. Sigrid Olsdtr. Strand Stave 19.11. 1889-1965
G 1923 m Hallstein Larsson Stave. Sjå neste hushald.
3. Stein Olson Strand 03.03. 1891-1976
=Steen. Gm Mathilde S. Sletto 1885-1947, USA. Barn: Owen Sven 1921- flygar/advokat gm Harriet Minton (2 barn); Robert Sten 1927- journalist UPI, gm Ruth Lapoosky (2 barn), gm Amity ... .
    Steen vart attgift 1951 med Lydia McJones ....-1961. Steen vart attgift 1963 med Hazel ... (Av svensk slekt.)
    Steen reiste 1910 til Amerika, studerte og vart maskin-ingeniør i Milwaukee i Wisconsin.
    Han var ute i 1. verdskrigen, men vart sjuk før kompaniet hans kom i kamp. Berre ein av kameratane vende attende.
    Steen var ferdig utdanna ingeniør 1919. Han arbeidde ei tid hjå Allis Chalmer Co. Seinare kom han på bilfabrikken til Fulton. Steen gjorde mange oppfinningar og hadde 13 patentar. "Eg gjorde berre jobben min." (1434)
4. Anna Olsdtr. Strand Noss 29.09. 1892-1983
G 1918 m Tolleiv Eirikson Noss 1883-1934, sjå Knutsgarden, gnr. 120/1.
5. Ingebjørg Olsdtr. Strand Hjetland 16.05. 1895-1980
Gm Olai Hjetland, Høyanger. Barn: Odd 1921- bonde, gm Helga Garnes; Aud 1925-26; Thorleif 1926- tømmermester i Bærum, gm Eldrid ... ; Sverre 1928- konsulent, busett i Oslo, gm Anne Marie Hallsteinsgard, gm Ingeborg ... ; Gerd 1933- gm ingeniør Erik Lømo, Rena, busett i Bærum.
    Ingebjørg var jordmor i Høyanger, Olai var bankdirektør.
6. Ambjørg Olsdtr. Strand 01.10. 1896-1971
Ambjørg vart sjuk og var i pleie på Hokksund.
7. Tolleiv Olson Strand 13.08. 1898-1974
G 1930 m Ingebjørg Johannesdtr. Vangen 1895-1954. Gm Guri L. Noss Torsgard.
    Smeden. Sjå eige hushald 'Strand'.
8. Astrid Olsdtr. Strand 03.08. 1901-1997
Astrid var døv. Ho var elev ved Kr.ania Off. skole for Døve i 1908. Faren kjøpte strikkemaskin til Astrid.
9. Olga Olsdtr. Strand Ruud 16.08. 1903-1986
G 1924 m Olaf Olson Ruud. Sjå søre Dengerud, gnr. 99/3.
10. Gudrun Olsdtr. Strand 10.06. 1906-1994
Gudrun var døv. I døveheim på Nordstrand saman med systera Astrid. Gudrun dreiv med høner.
Ola og broren Tolleiv d.y var fyrst i Oslo og lærde om mekanikk.
    Deretter vart det nokre år i Amerika frå 1881. Ola kjøpte med seg landets fyrste maskinhamar (driven med vasskraft), og bygde Vangesmia då han kom heim att. Frå Telemark henta han ljåsmeden Hans Kåsalien. Det var opptil fem mann i arbeid i smia. Det viste seg å vera vanskeleg å konkurrere med ljåsmedane i Hol. Men Vange-plogane fekk eit svært godt ry. Dessutan smidde han heste-helder. Etterkvart kom ljåsmedane i Tinn til Ål for å lære maskinsmiing.
    I 1889 fekk Ola 300 kr i stipend frå Industridepartementet for å reise til den internasjonale ustillinga for 'Kunst, Agerbrug og Industri' i Paris.
    I 1896 selde Ola frå langstølen på Rødungen. Og i 1900 vart Rimeberget frådelt. Jakt og fiskerett fråselt til Randen i 1906.
    Ola Asleson vart beskriven slik i 1900: 'Mekanikus. Eier og arbeider ved ljåfabrik for egen regning, gaardbruger.' Vidare hadde Ola kverna i Ylifossen m.m. samt fiskeoppdrett (hadde klekkeri ved olda oppe i Rimehagane).
    I 1900 delte Ola frå Bergo, bnr. 32 til Lars Bråten. Ei gamal loftstugu har truleg fylgd med på kjøpet.
    I 1903 brann smia og heile lageret, ingen ting var forsikra og Ola var ruinert. Han tok då to år i Amerika att for å koma seg på føtene økonomisk. Heime sat kona med åtte barn og venta. Ola kom heim då Yli-fossen kunne seljast.
    Ola var også ein god spelemann og fotograf. I 1907 kjøpte han fotoapparat hjå pastor Opsata som var heim att ein tur frå Am. Ola (delvis også sonen Steen) fotograferte mykje både frå rallarlivet og bygginga av Bergensbanen, og noko frå bygdeliv elles, samlinga er no i Bygdearkivet.