Øyno gnr. 115 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Øyno gnr. 115 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øyno var eit opphavleg eit slåttelende under Rime, og det låg saman med (Store)Vangen, bnr. 5 frå 1829. Både Øyno og Vangen gjekk på auksjon i 1843. Holingen Knut Tufto i Øyno selde frå Vangen til Ola Torjusson i 1847. Ein son frå Vangen overtok Øyno kring 1860.
    Øyno ligg ved utløpet av elva Kulu på sørsida av Hallingdalselva, truleg kjem namnet Øyno av at Kulu sine sidegreiner laga øynar her. (Delvis attfyllt.) På sletta nede ved elva låg Øyno båtbyggjarverkstad.
    Tunet vart flytta opp til noverande stad då jernbanen kom.
    Øyno hadde veg frå stasjonen før brua vart bygd i 1950-åra.
    Areal 1865: dyrka jord 2 mål, naturleg eng 16 mål. Avling 1 1/2 tunne bygg. Buskap 2 kyr, 2 sauer og 4 geiter.
    Frådelingar: i 1989 vart 410 da skog og utmark selt til Sverre T. Asgrimplass.
    Areal 1995: dyrka jord 12 mål som vert leigd bort, 77 mål skog og utmark.
    Våningshus bygt 1845, flytta og påbygt, lita stugu bygd kring 1950, loft 1885, uthus 1940.

{5905} År: 1829


Lars Asleson Stave 1772-1851 kjøpte Vangen, gnr. 115/5 og Øyno i 1829 for 350 spd, men måtte selja att på auksjon i 1843. Knut Tufto kom inn, men sonen Asle Larsson overtok bruket kring 1850, truleg utan heimel.

{5906} År: 1847


Knut Guttormson Tufto 1792-1861 frå Hol kjøpte Øyno i 1847. Han var lærar og bonde på søre Tufto, truleg har han budd på Tufto. (Hol VII s 75)

{5907} År: 1850c

Asle Larsson Vangen Øyno 17.10. 1824-1907
Foreldre: Lars Asleson Stave Vangen og Guri Aslesdtr. Strand.
Gm Liv Olsdtr. Underberg Øyno 06.07. 1825-1896
Foreldre: Ola Levorson og Liv Olsdtr. Underberg Leveld.
*Barn
1. Asle Asleson Øyno 05.07. 1846-1875
Asle var ugift inderst i Øyno i 1865, han dreiv som snikkar.
2. Liv Aslesdtr. Øyno 09.09. 1848-1872
Liv var heime.
3. Ola Asleson Øyno Måbø 29.12. 1850-1925
G 1883 m Helga Davidsdtr. Måbø i Eidfjord 1850-1934. Barn: Asbjørn 1881-1883; Ingebjørg 1886-1959 bonde på Måbø saman med systera Guri; Lars 1887-1889; Lina 1889- til Am.; Brita 1891-1968; Lars 1895-1895; Guri 1896-1967.
    Ola vart kalla Øynen. Han kjøpte bruket Måbø i Eidfjord i 1885 for 800 kr.
    Ola var bomvaktar på vegen opp Måbødalen. Ein dag kom sekretæren i DNT, oberst Munthe av Morgenstjerne, ruslande på veg til fjells. Han vart kravd 10 øre i bompengar.
    "Jeg er Morgenstjerne", sa han. Øynen svara: "Det e det sama om du er morgenstjerne eller aftenstjerne. Betala ska du som andre!"
    Ola selde garden 1905 til nokre konsular for 10000 kr. Dei selde til staten i 1908 for 42500 ( vassdragsrett og gard). Dei ugifte døtrene Ingebjørg og Guri fekk skøyte på garden 1939 for kr 100 og budde på garden så lenge dei levde. (1199) s 400
4. Birgit Aslesdtr. Øyno __.__. 1852-
Gm ... ... og busett i Hole.
    Birgit reiste ut i 1879. Levde 1896, ikkje funnen i FT 1900.
5. Guri Aslesdtr. Øyno Strand 06.11. 1853-1938
G 1879 m Lars Larsson Pletten Tunehagen, sjå Bruvoll gnr. 115/33.
6. Lars Asleson Øyno 02.02. 1856-1875
7. Ola Asleson Øyno 27.05. 1861-1930
O.A. Øino. G 1898 m Margit Tolleivsdtr. Strand. Gm Astrid Mikkelsdtr. Noss.
    Ola var landhandlar i Larsgarden Sundre, sjå gnr. 110/32.
8. Asle Asleson Øyno 05.09. 1863-
Barn m Guri Knutsdtr. Kvinnegardsteigen: Asle 1882-1953, død i Sauda i 1953.
    Gm Mari Embriksdtr. Turkarstad 1840-1922. Asle var lausgjengar i 1863, reiste til Am. 1885. Mari var heime i 1900. (1277)
9. Knut Asleson Øyno 30.09. 1866-1945
G 1894 m Kari Aslesdtr. Tangeviken. Sjå år 1891.

Asle og Liv gifte seg i 1848. Liv vart kalla Rimejord-eie eller Reiersgards-eie i 1846.
    Asle var komen til Øyno før 1865, skøyte på Øyno fekk han hjå mora i 1884, (med samtykke frå arvingane etter Knut Tufto).
    Store-Asle var ein stor spelemann. (Sjå Ål II s 13 og 365.) Asle hadde for vane at det skulle ikkje takkast for spel-peng. Ein gong var det ein mann som gav han ein stor pengesetel for prøve å få han til å takke. Då sa Asle: "For mykji e for mykji!"
    Asle gjekk til Telemark og kjøpte seg ei Helland-fele i 1861. Asle var ein mykje nytta spelemann. (Sjå boka 'Det tilla og det læt' av Paul Breiehagen s. 228.
    I Øyno brukte dei mykje båt sidan det ikkje var køyreveg på vestsida den tid. Asle var flink til å ro. Asle fekk borgardådsmedaljen og 100 rd for tre gonger å redda folk frå drukning i elva under storflaumen i 1860.
    Asle starta opp båtbygging kring 1870. I fylgje folketeljinga 1865 var det ingen båtbyggarar i Hallingdal. Det var fire båtbyggerar nede ved Drammen, i Hordaland var det 130, med tyngdepunkt i Strandebarm, Jondalen og Kinsarvik.
    Asle kan ha gått i båtbyggar-lære, eller så har han teke ein båt som mal. I 1875 var Asle registrert som båtbyggar. (Den einaste i Buskerud!) Sidan den tid har Øyno-båten vore eit kjent begrep.
    Asle skal ha vore av dei som kunna stemme blod.
    Økonomien var trong for Asle. Han var møllar også i 1891. Det ser ikkje ut til at båtbygginga gav særleg overskot dei fyrste åra. Etter fleire utpantingar vart Øyno selt på auksjon for kr. 1850 i 1891.

{5908} År: 1891

Knut Asleson Øyno 30.09. 1866-1945
Foreldre: Asle Larsson Øyno og Liv Olsdtr. UnderBerget (Leveld).
Gm Kari Aslesdtr. Tangeviken Øyno 03.01. 1872-1949
Foreldre: Asle Olson Djupedokken Tangeviken og Birgit Olsdtr. Eivindsplass (Skurdalen).
*Barn
1. Asle Knutson Øyno Kitilsplass 20.08. 1894-1950
Store-Asle. G 1922 m Margit Eiriksdtr. Brenno. Sjå eige hushald jernbanen.
2. Birgit Knutsdtr. Øyno Teigen 02.02. 1896-1978
G 1917 m Levor Sevatson Brennehaugen Teigen, sjå Belluteigen, gnr. 117/3. Ei datter Haldis, sjå barnebarn.
3. Lars Knutson Øyno 10.08. 1897-1966
G 1921 m Sigrid Gunnarsdtr. Skallehaugen. Sjå Hefte, gnr. 114/2.
4. Asle Knutson Øyno 23.02. 1899-1985
=Vesle-Asle. G 1923 m Sigrid Gustavsdtr. Tingvoll frå Gol. Sjå eige hushald ved jernbanen.
5. Liv Knutsdtr. Øyno Sataslåtten 27.11. 1900-1962
G 1924 m Ola Torsteinson Sataslåtten, gnr. 32/18.
6. Ågot Knutsdtr. Øyno Lien 02.06. 1903-1952
Gm Olav Olson Lien, Hol 1895-1978. Sjå Sagen, gnr. 123/48.
7. Ola Knutson Øyno 14.10. 1905-1984
Ugift. Båtbyggjar. Sjå neste hushald.
8. Olav Knutson Øyno 25.07. 1907-1992
Ugift. Olav arbeidde lenge på Aasberg hotel i Dagali. På sine gamle dagar var han hjå broren Ola i Øyno.
9. Ambjørg Knutsdtr. Øyno Moen 05.04. 1910-1989
Barn: Øyvind Larsson f. 1927 sjå barnebarn.
    Gm Olav O. Moen i Flå 1906-1989. Barn: Knut 1937- arb. på trykkeri i Oslo, gm Dagny Lien. Ingen barn.
10. Halvor Knutson Øyno 04.06. 1912-1987
Ugift. Utvandra til Am. Busett New York.
*Barnebarn
1. Haldis Øyno Rolstad 04.11. 1915-
G 1935 m Ottar Guneriusson Rolstad 1912-2000. Barn Alfhild 1935- gm Leif Johansen (4 barn); Oddvar 1938- ; Gerd 1940- ; Birger 1942- gm Ruth Sheila (.. barn); Sigrun 1954- gm Tor Almar Johansen (2 barn).
    Ottar arbeidde ved NSB, og dei flytta mykje. Etter Ål stasjon vart det mange år på Myrdal stasjon. Sidan til Tønsberg.
    Foreldre: Botolv Olson Dekko (ungkar) og Birgit Knutsdtr. Øyno.
2. Øivind Øino 09.03. 1927-2004
Foreldre: Lars L. Svarteberglien og Ambjørg Knutsdtr. Øyno Moen. Sjå år 1987.

Knut og Kari gifte seg i 1894. Knut fekk auksjonsskøyte på Øyno for kr. 1830 i 1891.
    Knut dreiv gråsteinsmuring på Bergensbanen ei tid, sidan vart det båtbygging. I 1908 skreiv Mehlum at Knut har bygd 279 båtar som er spreidd over heile Hallingdal. Det vart omlag 700 båtar frå hans hand. Han laga også lik-kister.
    Øyno-båtane kunne vera vanlege robåtar, eller det var større båtar for bruk under timrefløytinga, bråtningsbåtar dei kalla. Ein Øynobåt av denne typen vart brukt som ferje ved Liodden i Nes fram brua kom i 1959. Båten vart rodd av to, og den frakta folk, krøter og køyretøy.
    Ein soneson i Frankrike fører båtbyggar-tradisjonen vidare. (Sjå under Store-Asle.)
    Knut var flink spelemann. Han brukte mykje dobbeltgrep på hardingfela, hadde lært mykje hjå far sin, men hadde også sitt eige spel. (Sjå boka 'Det tilla og det læt' av Paul Breiehagen s. 230.)