Vangen, store gnr. 115 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vangen, store gnr. 115 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Store-Vangen eller JehansVangen ligg nede ved oset av Strandfjorden, vest for Kvinda. Her var både sag og kvern.
    Store-Vangen var opphavleg ei slåtte med åker og eng som bonden på Rime pantsette i 1731. Så vart Vangen liggande som plass og underbruk saman med Øyno fram til auksjonen og frådelinga i 1847.
    Frå omlag 1900 har bruket har gått under namnet Jehans-Vangen.
    Areal 1865: dyrka jord 5 mål, naturleg eng 20 mål, utslått 2 mål. Avling 3 tunner bygg 2 tunner potet.
    I 1897 vart frådelt stølsvollen Vangestølen i Rimehagane med rett til så mange dyr som kunne vinterfødast på Vangen. Kjøpar Per Person øvre Rimeslåtta. Vangen har vore brukt som feriestad frå omlag 1920, truleg med bortleigd jordveg.

{5913} År: 1769

Ambjørg Holgesdtr. Vangen 1729-1818
Foreldre: Holge Syverson Rime og Ambjørg Olsdtr. nedre Sundre.
Gm Nils Hansson Storlien Hansemoen Vangen 1721c-1801
Foreldre: Hans Anderson ..... Storlien (Hans Smed) og Birgit Hermundsdtr. Jyrundøyen, (Gol).
*Barn
1. Anders Nilsson Vangen Brenno 1751-1810s
Gm Liv Endresdtr. Liahagen. Smed. Han hadde Svarteboka. Sjå Brenno, gnr. 118/
2. Hans Nilsson Vangen 1757-1846
Barn: Rønnaug f. 1776 (m/ Birgit Aslesdtr. Rime)
    G 1780 m Margit Tolleivsdtr. Villand, Hol. Barn: Ambjørg 1781-1856 g 1817m Torgeir Andersson Bollingberg som døydde 1820, g 1821 m Trond Christopherson Høyum 1784-1861, Ranum i Aurdal; Kari 1786-1787; Kari 1788- gm Sjur Eirikson; Brita 1790-1870 g 1828 m Johannes Johannesson Næss, 1772- Nes, Luster , g 1836 m Endre Olson Trondviki under Høyeim, Luster; Nils 1793-1833 husmann på Leri - gm ... ... . (Hol IV s 268)
    G 1824 m enkje Gjertrud Nilsdtr. Kroken/Kleiven frå Luster 1778-1839. (1095) (Hafslo bind III)
    Hans var smed. Dei flytta til plassen Kleivi under Sviggum i Hafslo like før 1786. Hans døydde på Kleivi i 1846. (892)
3. Birgit Nilsdtr. Vangen Granhagen 20.05. 1762-1835
G 1787 m Knut Eilevson Granhagen, gnr. 123/49. Sjå barnebarn.
4. Ingeborg Nilsdtr. Vangen Pletten 15.05. 1768-1835
G 1796 m Syver Herbrandson Kyrkjedelen Pletten, gnr. 123/1.
*Barnebarn
1. Jørand Sevatsdtr. Granhagen Gamli 25.03. 1799-1854
G 1833 m Guttorm Håkonson Ruud Sundre Gamli. Sjå Satahagen, gnr. 32/14.
    Foreldre: Sevat Olson husmann under Søre Strand og Birgit Nilsdtr. Vangen.

Nils Hansson vart kalla Hanse-Nils. Han var innom på Skomakarmoen omlag 1743.
    Nils var leige-soldat ei tid, men fann seg dårleg tilrette under kommando. Han rømde or tenesta og vart lyst fredlaus. Etter to år vart heimlengten så sterk at han reiste attende til Ål og baud seg til å smi for lensmannen. Tingstugu var no under arbeid, og byggmeister og lensmann Torkjell Villand bad Nils om smi eit gangejern for syne kva han dugde til. Lensmannen var så vel nøgd med arbeidet at Nils vart sett fri for å smi meir. (1553)1908/25
    Ei segn går at Torkjell fekk presten til å skrive ut dødsattest på Nils slik at etterlysinga vart lagt bort. Eller: at Torkjell gøymde Nils i ei kiste då øvrigheita var etter han.
    I 1764 lånte Nils 40 rd mot pant i 1 ku og 2 kviger samt smi-redskap (smiested, belg, slegge, to hamrar, to tenger, 1 skruvestikke og filer. Han arbeidde med jern, massing og tinn. Arbeida hans kan vera signerte med "N".
    Nils køyrde av ein hesteskor på veg til marken i Kr.ania ein gong. Då reiste han opp til ei smie og lurte på om han kunne få laga seg noko hestsko-saum. Men smeden var annsam, så Nils sa at han kunne ordne det sjølv. Så fekk Nils ei jernstong og gjekk bort til essa. Då jernet var varmt, rende Nils til med hamar og meisel og smidde 6 saumar i sama 'hetun'. Smeden sette store auge og spurde: "Har de mange slike smeda der oppe i Ål?"
    "Å ja, det e mange slike, sa Nils, eg er vel den dårlegaste!" Nils smidde for 1 dalar dagen, det var ei svær dagløn, men likevel svært lønsamt for oppdragsgjevaren. (Fortalt av Lars Bergo.)
    Nils Hansson budde på nordre Vangen eller StoreVangen frå omlag 1769. Dette året lånte han 60 rd med pant i Vangen.
    Nils og Ambjørg fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
    I 1798 vart Nils klaga inn til forlikskommisjonen av Nils Strand og Knut Skottebøl. Nils hadde hogd ("bortryddet") skogen på Vangen for å ha tømmer til ei ny lu. Og dette vart istadenfor den gamle lua som dei hadde gjeve han. (1407) 23
    I 1801 var Nils husmann med jord i sitt 86. år. Sonen Anders med kone og tre barn budde også på Rime. Anders var også smed.

{5914} År: 1796

Ola Knutson SundreMoen Sandeplassen 25.07. 1756-1840
Gm Kari Kitilsdtr. Kitilsplass. Foreldre: Knut Olson ... Sundremoen og Birgit Arnesdtr. Trillhus.

I 1796 fekk Ola Knutson Moen skøyte på Vangen hjå Gjermund Torkjellson Rime. I 1801 var han likevel husmann med jord på Rime.
    I 1801 vart halve Vangen innløyst på odel av Gjermund T. Rime. Ola vart pålagt å flytte innan neste faredag. Ola skulle få 230 rd i løysingssum og åbot for eventuelle utbetringar på plassen. (1407) s 37
    Ola selde eit kvernbruk i Strandafjorden til dei fire sønene kring 1830. Sjå meir om familien hans på Moen, gnr. 110/9.

{5915} År: 1829

Lars Asleson Stave Vangen 06.10. 1764-1851
Foreldre: soldat Asle Larsson Stave m/Birgit Toresdtr. Hove.
Gm Guri Aslesdtr. Strand Aslegarden Vangen 26.12. 1791-1862
Foreldre: Asle Olson Skottebøl søre Strand og Guri Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
*Barn
1. Birgit Larsdtr. Vangen 18.03. 1813-1906
Ugift. I 1891 budde ho i Guroplassen og levde av vask og husarbeid.
2. Guri Larsdtr. Vangen Klokkerstuen 04.08. 1815-1891
Gm Embrik Torsteinson Klokkerstuen, Hønefoss 1817-1911. Barn: Lars 1844-1935 agronom, gardsfullmektig og etterkvart cigarhandlar i Kr.ania, gm Gustava Berud, Solør (barn: Brynjulv Vangen 1879- , advokat i Oslo/sorenskrivar i Risør, Torbjørn 1884- handelsreisande); Dortea 1847-1882; Torstein 1850-1928 ug. rimsmed på Klokkerstuen; Olea 1853-1957 husstyrarinne/poståpnerske på Toten, ho skreiv dikt; Guri 1857-1925 ugift, farmar i Amerika; Anne 1861-1951 til Am., g 1886 m Kristen Andersen, Solbergelva, dei skreiv seg "Solberg" (5 barn).
    Guri og Embrik dreiv bruket Klokkerstuen i Nes.
3. Ambjørg Larsdtr. Vangen Torkelsen 08.04. 1818-1871
G 1855 m klokkar Arnfinn Torkjellson Åldre (Vang i Valdres) 1823-1886. Barn: Ragnhilda Marie 1856- gm Peder Tallaksen, Hvaler (pastor ved Frikyrkja i Christiania); Torkild Andreas 1858-1859; Torkild Andreas 1860-1912 farmar, sersjant og forretningsmann i Fingal ND, g 1885 m Bertha C. Olson (7 barn).
    Ambjørg vaks opp på legd i Strand/Breie.
    Arnfinn var fyrst kyrkjesongar i Hafslo, frå 1852 var han klokkar på østre Toten. Han var lærar på Hovs-vangen skule (der dei også budde). Dei skreiv seg Torkelsen.
    I 1886 flytte dei til Maridalen ved Oslo. (1425) (oppl. v/ Lars Øyane) (Brev frå Linda Quast)
4. Haldis Larsdtr. Vangen Persil-engen 20.04. 1821-1907
G 1844 m Hans Christian Hansson Flateby, Nesodden 1821-1889. Barn: Carl Ludvig 1844-1888 g 1876 m Valborg Helene Johannesdtr. ... (3 barn); Anne Helene 1847- gm Johan Ingebretsen (4 barn); Karen Emilie 1850-1934 g 1874 m Jordan Anderson (frå Sverige) (6 barn); Gunnerius 1854-1890 g 1885 m Bertha Olsen; Hansine/Klara 1857-1932 gm Hans Norberg (5 barn); Olaf 1860-....; Lorents/Oscar 1863-1908 gm Mathilde Martinsen Urianstad (7 barn); Svein Otto 1868-1954 på Persil-engen, gm Karen Hansen, Nesodden (7 barn), g 1931 m Anette Paulsen.
    Haldis var tenestjente på Fjeld i Nesodden i 1844. På nabobruket var Hans Christian, dei gifte seg i 1844. Hans Christian var tømmermann. I 1852 flytta dei til husmannsplassen Persil-engen under Fjell gard på Fjellstrand. Så kjøpte dei Persil-engen for 1000 spd i 1862. (653) (867) Brev frå Ola Holst.
5. Asle Larsson Vangen Øyno 17.10. 1824-1907
G 1848 m Liv Olsdtr. Underberget. Spelemann og båtbyggjar. Sjå Øyno, bnr. 4.
6. Kari Larsdtr. Vangen Valaker 21.09. 1828-1907
G 1854 m Nils Nilsson Valaker, Hafslo 1831-1914. Barn: Anna Cathrina 1854-1935 gm Ole N. Lofthus 1860-1929 farmar i Nunda, Freeborn Co. ( 5 barn); Nicolai ("Nic") 1860-1939 farmar/banksjef, gm Marit Landsrud 1876-1920 (1 son); Gurina 1863-1911 gm Nels H. Rasmusson 1868-1959 (bankmann) ( 2 døtre); Lars ("Lewis") 1868-1939e gm Bell ... (3 barn).
    Kari og Nils flytta frå Hafslo til Am. i 1856. I Freeborn Co. MN i 1860.
7. Asle Larsson Vangen 14.04. 1832-
Vesle-Asle var også ein framifrå spelemanns-emne. Han var med Per i Garden frå Lærdal og selde sild og lærte slåttar. T.d. Silde-Per. Også Myllarguten høyrde spelet hans og oppmuntra han, og gav han litt opplæring. Asle var den fyrste studenten frå Ål som ikkje var embetsmann-son.
    Asle var skuleflink, og fekk vera med på privat-undervisinga som Kjelstrup leigde til ungane sine. Asle studerte jus som den fyrste herfrå som ikkje var embetsmannson. Han fekk hjelp frå både målaren Gude og sorenskrivar Skottebøl.
    Etter kvart vart det uro i bygda vedrørande presten Kjelstrup. Folk kontakta Asle og fekk han til å skrive ein artikkel om presten i Morgenbladet i 1861. Avisa mottok injurie-søksmål og Asle fekk skulda. Han ville trekke skuIdingane attende, men fekk støtte både moralsk og økonomisk hjå folk heime i bygda for å la saka gå til doms. Mange var kritiske til Kjelstrup sin uvørne stil.
    Men, til tross for all støtte - det ryktast at Asle kom til å tape saka. I otte for ein hard dom og stengde vegar for ein nyutdanna embetsmann, braut Asle studiene sine tvert og var på veg til Amerika då domen fall. ( Asle fekk ei bot for skrivinga si, men den var liten. Akkurat så stor at presten vann, men ikkje meir. )
    Asle verva seg for tenest i borgarkrigen i Amerika, men vart sjuk og dimmiterte. Asle ville ikkje halde konsertar i Am. Han tok heller fela under armen og gjekk i skogen.
    Asle budde lenge i Clayton Co. , dei siste åra budde han på ein soldatheim i Wisconsin. Livet hans der borte vart noko av ei tragedie. Fela var einaste trøysta han hadde. (Sjå Ål II s 183. og 365. ) (1401)

Lars og Guri gifte seg i 1812. Dei var inderstar på Hove, Strand, Havardsgard og Trintrud før dei kom til Vangen omlag 1823. Sidan budde dei også på fleire stader. Fleire av ungane vaks opp på legd i andre gardar.
    Lars kjøpte Vangen og Øyno i 1829 for 350 spd, men dei måtte selja att på auksjon i 1843. Vangen hadde skogremmen i Kulutunga.
    Lars var svært sterk, stundom løyste han hesten frå lasset for sjølv å dra det på vegen att.
    Ein morgon trast før jul drog han på Veståsen etter lauvkjerv. Men då han ikkje var attkomen utpå ettermiddagen, så sende kona folk avgårde. Dei fann han i fullt arbeid med å maka fram ein lauvstakk. Lars var ikkje den som gav seg og reiste heim att frå ugjort arbeid om mørkret kom.
    Lars var på legd frå omlag 1846.

{5916} År: 1847

Birgit Larsdtr. ØvreLå Vangen 06.07. 1806-1877
Foreldre: Lars Asleson Stave (ungkar) og Ingeborg Johannesdtr. ØvreLå.
Gm Ola Torjusson Sandelien Vangen 23.12. 1818-1852
Foreldre: Torjus Olson Svillegarden Varaberg øvre Sandelien og Kristi Torsdtr. Helling.
*Barn
1. Lars Olson Vangen 03.02. 1845-1872
Ugift. Syskena arva.
2. Torjus Olson Vangen Hansebråten 18.10. 1846-1920
G 1875 m Kari Persdtr. Jonset. Sjå Hansebråten, gnr. 112/23.
3. Johannes Olson Vangen 23.12. 1849-1922
=Jehans. G 1873 m Birgit Persdtr. Jonset. Sjå neste hushald.

Ola og Birgit gifte seg i 1842. Knut Tufto i Øyno selde Vangen til Ola Torjusson i 1847.
    Birgit var 'møllerinne' på Vangen i 1865.

{5917} År: 1877

Johannes Olson Vangen 23.12. 1849-1922
Foreldre: Ola Torjusson øvre Sandelien Vangen og Birgit Larsdtr. ØvreLå.
Gm Birgit Persdtr. Jonset Vangen 02.04. 1853-1924
Foreldre: Per Kristianson Jonset og Marte Herbrandsdtr. Satalien.
*Barn
1. Birgit Johannesdtr. Vangen 19.05. 1872-1947
Birgit var sypike i unge år. I 1900 var ho budeie på Lindum i Skoger. Barn: Nils f. 1890, Birgit 1900-1900, sjå barnebarn. Birgit budde på Vangen.
2. Ola Johannesson Vangen 11.05. 1874-1878
Døypt 'Sundre'.
3. Per Johannesson Vangen 18.06. 1877-
4. Ola Johannesson Vangen 01.10. 1878-1885
5. Per Johannesson Vangen 07.12. 1881-1976
G 1912 m Barbro Nilsdtr. Eikro Gol 1876-1957. Sjå neste hushald.
6. Marte Johannesdtr. Vangen Einarsen 18.07. 1885-1962
G 1917 m Syver Einarson Skomakarmoen. Sjå eige hushald Einarsen.
7. Ola Johannesson Vangen 22.07. 1892-1969
Ugift. Ola var skreddar og vart ofte kalla 'Vange-skreddaren'. Han budde ymse stader, m.a. på Vangen hjå systera Birgit, hjå systera Ingebjørg og hjå Solvang oppe i Øvre-Ål.
    Ola var svært reinsleg, - hjå han vart det full husevask når andre folk tok helgevask.
8. Ingebjørg Johannesdtr. Vangen Strand 31.05. 1895-1954
G 1930 m smeden Torleiv Olson Strand. Sjå eige hushald.
*Barnebarn
1. Nils Hansson Vangen 26.12. 1890-1980
Nils var pleieson hjå besteforeldra på Vangen i 1900. Han reiste til Amerika i 1909 og var prest.
    Utdanning ved St. Olaf Coll. 1910; Concordia Coll. 1911-16; Augsb. Sem. 1916-17; Luth. Theol. Sem. 1917-20 (CT) (Pastors' Who's Who)
    Pastor N. H. Wangen budde i Bulcya i Canada, sidan i Tacoma i Washington. (1412) s 21
    Nils fekk ein son i Amerika: Joseph 1924-1958 gm Florraine (1 datter).
    Foreldre: Hans Nilsson frå Skotselv og Birgit Johannesdtr. Vangen.

Johannes og Birgit gifte seg i 1873. I daglegtale gjekk Johannes under namnet Jehans, og bruket vart kalla Jehansvangen. I 1900 hadde dei dottersonen Nils Hansson f. 1890 som pleieson.
    Johannes reiste på underoffiserskulen i 1868. Johannes var betjent under lensmann Ecktell og hadde mange tillitsverv i bygda. Han var reknskapsførar, stevne-vitne på tinget og ein framifrå auksjonarius.
    Johannes var ein flink forteljar. Han kunne sitja i krambuene på Sundre og underhalde i timesvis med soger og livfulle forteljingar.