Rimeslåtta gnr. 115 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rimeslåtta gnr. 115 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Rimeslåtta vart frådelt søre Rime i 1877. Rimeslåtta ligg i Rimehagane, oppe ved vegen til Kvinnegardslia. Dyrka jord var omlag 15 mål, dessutan er det omlag 15 mål skog og utmark.
    Vanleg buskap i 1930-åra var 2 kyr og 7 sauer.
    Stugu og uthus vart bygde kring 1906. Stugu var ei såkalla ramloft-stugu, eit rom i andre høgda var rausta på tvers av sjølve stugu.
    Frå omlag 1965 har Rimeslåtta lege under midtigarden Bjella, gnr. 104/2. Våningshuset er modernisert og jordvegen oppdyrka.

{5920} År: 1877

Per Person Breieøyen Stakegard 01.01. 1853-1932
G 1875 m Birgit Olsdtr. Skrindo. Gm Sigrid Olsdtr. Teigen. Foreldre: Per Ellingson Bekkestad Breieøyen og Anne Torgeirsdtr. Stakegarden.

Per kjøpte Rimeslåtta i 1877.
    I 1897 fekk Per Person Rimeslåtten skøyte frå Vangen på ein voll på Haugestøl med rettar til så mange dyr som kunne vinterfødast på Vangen.
    Per let på langeleik, prillarhorn og lur. (Mehlum i 1904.)
    I 1899 kjøpte Per morsgarden sin Stakegarden på auksjon for 2220 kr. Då selde han Rimeslåtta til Ola Embrikson Stave. Sjå meir om familien til Per på Stakegarden, gnr. 97/1.

{5921} År: 1899

Ola Embrikson Stave Rimeslåtten 12.12. 1863-1952
Foreldre: Embrik Olson Bjella søre Stave og Guri Torsdtr. Helling.
Gm Kari Knutsdtr. Skrindo Rimeslåtten 08.09. 1855-1932
Foreldre: Knut Olson Skrindo Løkensgardslåtta og Margit Knutsdtr. Trintrud.
*Barn
1. Knut Olson Rimeslåtten 04.11. 1900-1965
Ug. Sjå neste hushald.

Knut og Kari gifte seg i 1897. Knut kjøpte Rimeslåtta i 1899 og bygde nye hus.