Rimeslåtta nedre gnr. 115 bnr. 10
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rimeslåtta nedre gnr. 115 bnr. 10-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Rimeslåtta vart frådelt 1880 og selt på auksjon til Truls Rimehaugen. Bruket vart også kalla Torkjell-slåtta.
    Nedre Rimeslåtta ligg nedanfor Rimeslåtta, bnr. 8. Her står ei gamal stugu med svalgang i enden, ei stugu frå 1950 omlag (modernisert kring 1980), og dessutan nokre gamle uthus. Dyrka jord omlag 8 mål. Rimeslåtta ligg fint og lognt til inne i ospe-skogen.
    Bruket var underbruk til Langeland ei tid. Frå 1974 tilleggsjord til Rimeslåtta, bnr. 30.

{5923} År: 1880


Truls Rimehaugen kjøpte Rimeslåtta i 1880, og selde vidare til postopnaren A. O. Bjella same året. Enkja hans selde bruket 1893 til Torstein Haugestølen.

{5924} År: 1893

Torkjell Torsteinson Vesle Dengerud Rimeslåtten 27.02. 1856-1954
Foreldre: Torstein Torsteinson Vesle Dengerud og Birgit Holgesdtr. GjerdnesSlåtta.
Gm Ågot Olsdtr. Langeland Rimeslåtten 20.01. 1871-1945
Foreldre: Ola Helgeson Langeland og Guri Olsdtr. Holmen.
*Barn
1. Ola Dengerud Rimeslåtten 26.07. 1907-1983
G 1951 m Anna Foosnes eller Nattestad (frå Rollag, tidl. gm Ola Amundsen Skaret, Nes.)
    Sjå neste hushald og Langeland.

Torkjell var einsleg losjerande dagarbeidar i Vesle Dengerud i 1891.
    Torkjell og Ågot gifte seg i 1907. Dei fekk ein son.Torkjell var eigar av nedre Rimeslåtta frå 1893, og budde der ei tid. I 1907 budde dei på Haugestølen i Rimehagane.
    Torkjell og Ågot tok til seg Birger Ragnvald Bredesen, ein gut av farande folk, komen frå Svanvigen på Møre. Birger reiste ut etter konfirmasjonen i 1935, vart gift i Valdres i 1940 og døydde der i 1944.