Rimeslåtta, øvre gnr. 115 bnr. 11
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Rimeslåtta, øvre gnr. 115 bnr. 11-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Øvre Rimeslåtta vart frådelt Rimejordet i 1880. Bruket ligg ved riksvegen synst i Kvinnegardslia, med grenser mot Rimeslåtta bnr. 8 i aust og nedre Rimeslåtta bnr. 10 i sør.
    Bruket vart oppbygd av Birgit Persdatter frå Stakegarden kring 1940.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål som vert lånt bort, attgrodd stølsvoll (Vangestølen, bnr. 15) på 8 mål som er grodd att.
    Våningshus og låve med fjøs bygd 1943, våningshuset restaurert og påbygt 1970 og 2005. Feriestad.
{5927} År: 1880
I 1880 vart Øvre Rimeslåtta frådelt Rimejordet og selt til Truls Rimehaugen. Same året selde han eigedomen vidare til Per Person Stakegarden Rimeslåtta.
    I 1892 kjøpte Per Person Rimeslåtta ein stølsvollen Vangestølen i Rimehagane, gnr. 115/15.
    Rimeslåtta låg under Stakegarden fram til 1940 då Birgit Stakegarden overtok eigedomen som kårbruk.