Rime, myljo eller Fly gnr. 115 bnr. 16
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rime, myljo eller Fly gnr. 115 bnr. 16-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skattelistene viser at myljo Rime er kome frå gamle søre Rime mellom 1582 og 1588. I 1588 var skatten 4 kalvskinn. Når berre bøndene på søre og nordre Rime står i kjeldene frå 1590-åra, så tyder det at garden framleis låg under søre Rime den fyrste tida. Dessutan sat Anne Magnusdatter på søre Rime i enkjesete på myljo Rime frå omlag 1616.
    Garden vart skattlagt som halvgard, og hadde ei landskyld på 25 laupsbol. Av dette hadde Maria-kyrkja 6 laupsbol og Ål kyrkje 2 eller 3 laupsbol frå gamalt. Sjå innleiinga til bnr. 1.
    Bonden kjøpte seg fri frå Mariakyrkja i 1675, noko seinare frå Ål kyrkje.
    Underbruk og plassar: Plassen Skalle, bnr. 17, vart frådelt 1844.
    Det opphavlege tunet låg oppe i halla rett sør for Rimehaugen. Tunet vart flytta ned på Fly kring 1840, og garden har sidan vore kalla Fly eller nedre Rime.
    Areal 1865: dyrka jord 33 mål, naturleg eng 85 mål, utslått 49 mål. Avling 36 1/2 tunne bygg og 31 1 /2 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 41 mål, anna areal 70 mål, produktiv skog 500 mål. Jorda vart leigd bort.
    Stugu (skal vera bygd av Torkjell Villand) skal vera flytta ned frå det gamle tunet kring 1840, påbygt ei høgd 1900 og utvida 1952 og 1997, loft frå omlag 1760, flytta frå same gard 1840, driftsbygning 1946, stallar med trev.
    Stølar. Heimstøl på Rimestølen. Langstøl Osestølen ved Rødungen.

{5940} År: 1773c

Lars Olson Rime 10.03. 1748-1817
Foreldre: Ola Torson Helling Rime og Sissel Torsteinsdtr. Stave Rime.
Gm Turid Toresdtr. Hove Rime 12.04. 1750-1826
Foreldre: Tor Mikkelson Hove og Birgit Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Sissel Larsdtr. Rime 1768-
Truleg død i 1790-åra.
2. Sissel Larsdtr. Rime Helling 16.07. 1769-1798
Gm Ola Olson Skottebøl nordre Helling, gnr. 106/1.
3. Birgit Larsdtr. Rime Lå 23.02. 1772-1849
G 1793 m Levor Olson Søre Lå, gnr. 101/1.
4. Ambjørg Larsdtr. Rime Helling 17.07. 1774-1822
Gm Ola Olson søre Kvinnegard Helling, gnr. 106/3.
5. Ola Larsson Rime 13.07. 1777-
Gm Guri Bjørnsdtr. Sata. Sjå neste hushald.
6. Ågot Larsdtr. Rime Rimehaug 22.06. 1788-1866
Gm Lars Asleson d.y. Stave Rimehaug, gnr. 115/20. G 1816 m Asle Olson Bergsgard, gnr. 43/1.

Lars fekk utlagt garden (18 3/4 laupsbol) på skiftet etter foreldra i 1773 mot å løyse ut syskena med 1100 rd. Lars gjorde tenest ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani i 1773.
    I 1783 fekk Lars skøyte på 10 laupsbol i nordre Helling for 1358 rd.

{5941} År: 1799

Ola Larsson Rime 13.07. 1777-
Foreldre: Lars Olson myljo Rime og Turid Toresdtr. Hove.
Gm Guri Bjørnsdtr. Sata Rime 25.10. 1778-1829
Foreldre: Bjørn Olson Gullhagen Sando og 2.g Birgit Sveinsdtr. Sata.
*Barn
1. Sissel Olsdtr. Rime 26.12. 1799-1802
2. Turid Olsdtr. Rime 21.06. 1801-1802
Turid drukna eit år gamal i Oppsjø.
3. Turid Olsdtr. Rime Medgard 25.09. 1803-
Gm Knut Tolleivson Noss Medgard, gnr. 24/3. Sidan til Svenkerud og til Am. i 1861.
4. Lars Olson Rime Skalle __.__. 1805-
Barn: .... , Guri 1837- med Guri Olsdtr. Sata.
    G 1837 m Guri Bjørnsdtr. Sataroen. Sjå Skalle, gnr. 115/17.
5. Birgit Olsdtr. Rime Kanafetmyro 16.09. 1807-
G 1835 m Knut Larsson Løkensgard Kanafetmyro, gnr. 32/19.
6. Sissel Olsdtr. Rime 08.01. 1810-

Ola Larsson overtok garden i 1799 for 1198 rd og kår til foreldra. Halvparten av summen skulle stå i garden inntil foreldra var døde. Dei gamle ville bruke garden 'så lenge De finner det for godt', deretter skulle dei ha kår. (1259) s 556
    Store-Rimen vart han kalla.
    I 1831 hadde Ola og Guri tilhald hjå dotter og svigersonen på Svenkerud.

{5942} År: 1823


Ola Bjørnson Sando og Sata (1767-1857) kjøpte Rime 1823 saman med svogeren Botolv Olson Halvorsgard. Etterkvart delte dei garden slik at Ola overtok heile Rime og eit lån på gardeb, og Botolv overtok plassen Skalle, Skallestølen, skog og andel i Rime sin langstøl Rødungen med fiskeri.
    Sonen Ola Olson overtok Rime i 1843.

{5943} År: 1843

Ola Olson Sata Rime 02.12. 1805-1871
Foreldre: Ola Bjørnson Sata Rime og Mari Olsdtr. Halvorsgard.
Gm Birgit Sveinsdtr. Nerolsrudningen Rime 20.02. 1810-1842
Foreldre: Svein Olson Nerolsrudningen og Kristi Larsdtr. ... . (Hol III s 855 og 865)
Gm Ingebjørg Tomasdtr. Sire Noss Rime 14.02. 1796-1869
Foreldre: Tomas Sveinson øvre Tomasgarden Sire og Brynhild Larsdtr. Bakken (Nes).
*Barn i fyrste ekteskap
1. Mari Olsdtr. Rime 13.03. 1841-1911
G 1860 m Ola Tolleivson Hamarsbøen Rime. Sjå neste hushald.
2. Svein Olson Rime 16.09. 1842-1860
Ugift. Svein drukna i Strandafjorden. Ein sundag la han og ein kamerat i veg og ville 'ro seg mett!' Dei kom ikkje langt utpå før båten kvelva, og Svein drukna.

Birgit og Ola gifte seg i 1840. Ho døydde i barselseng 32 år gamal. På skiftet etter Birgit vart det opplyst at dei leigde garden hjå far hans, Ola syntest prisen var for høg.
    I 1840 flytta Ola tunet på Rime ned til noverande stad. Frå denne tida vart garden kalla Fly.
    Ola vart attgift 1843 med Ingebjørg Tomasdtr. Ingen barn. Ingebjørg var enkje etter Ivar Olson Ivarsgarden Noss. Ola fekk skøyte på garden 1843 for 1000 spd.
    Etter 10 år flytta Ingebjørg attende til Ivarsgarden etter minneleg avtale med sonen Ola. Ivars-Ingebjørg var ein kjent lurblåsar.
    Ola selde garden til svigersonen i 1860 for 600 spd og kår (5 års verdi 400 spd.) Kåret var: 2 kyr og 4 sauer framfødt, årleg 3 tunner bygg, 2 settung rug og 2 settung salt, rett til å bruke Skogaråkeren, 1/2 mål potetland, storrslått på Øylistølen og humlehage.

{5944} År: 1860

Mari Olsdtr. Rime 13.03. 1841-1911
Foreldre: Ola Olson Sata Rime og Birgit Sveinsdtr. NerolsRudningen.
Gm Ola Tolleivson Hamarsbøen Rime 17.09. 1827-1923
Foreldre: Tolleiv Hamarsbøen og Ingeborg Hermansdtr. Nedrejorde, Hol.
*Barn
1. Ingeborg Olsdtr. Rime Johansen 15.01. 1860-1939
Gm vognmann Martin Johansen, Flesberg 1859- . Barn: Martha Antonie 1887-1975 gm Johan Jørgen Larsen, ho var lærarinne, m.a. i Ål (2 barn); Turid 1897-1936 (død i barsel), utdanna ved Kunst og Handverksskulen, dreiv biletveving og broderi, gm Rolf Angell 1896-1969, (barn: ............ Sjå noverande eigar Jostein Kleiven.)
    Ingeborg arbeidde på Søstrene Larsens Hotel i Kr.ania, Martin var vognmann og vaktmeister.
2. Svein Olson Rime 16.05. 1862-1930
G 1910 m Gurid Syversdtr. Åker frå Hol. Sjå neste hushald.
3. Tolleiv Olson Rime 23.10. 1864-1892
Ug. Tolleiv tok seg handelsutdanning og dreiv forretning i Oslo.
4. Ola Olson Rime 15.01. 1867-1911
Ugift. Han tok lærarskulen på Hamar, og underviste i Arendal, Vestby og på Bygdøy. Død i Kr.ania.
5. Stein Olson Rime 15.05. 1870-1902
Stein var døvstum.
6. Birgit Olsdtr. Rime 08.03. 1874-1968
Ugift. Birgit var utdanna ved Asker lærarseminar, ho underviste i Ål i 43 år.
    Ho skipa Ål bondekvinne-lag. I 1952 vart Birgit tildelt æresteikn frå Bondekvinnelaget for arbeid med bondereising.
7. Lars Olson Rime 29.01. 1876-1884
Ug. Lars var døvstum.

Ola og Mari gifte seg i 1860. Ola tok seg utdanning til handelsbetjent i Drammen. Så tok han Underoffiserskulen i 1850, og var sersjant og fanejunker m.m. fram til 1887, dvs. aldersgrensa.
    Ola var ein førande mann i bygda. Han tok del i det politiske liv i bygda, og han skipa Ål og Hol bondeven-forening, fråhaldslag og skyttarlag.
    Ola var fargar eit par år frå 1860. Ola fekk skøyte på garden frå svigerfaren i 1860. Så bygde han nye hus på garden, og dyrka jord.
    Ola var oppsynsmann under bygginga av Krøderbanen. Han skreiv ned ymse frå gamalt, var mykje oppteken av fornminne og særleg stavkyrkjene som skulle rivast uti 1880-åra.
    Ola brukte ha med seg eit oppflisa reip då han ferdast i grisgrendte strok. Om ulvane skulle koma etter han, så kunne han dra reipet etter seg så ulvane vart avleidde frå han. (Fortalt av barnebarnet Martha.)

{5945} År: 1900

Svein Olson Rime 16.05. 1862-1930
Foreldre: Ola Tolleivson Hamarsbøen Rime og Mari Olsdtr. Rime.
Gm Gurid Syversdtr. Åker Rime 25.06. 1887-1915
Foreldre: Syver Syverson Åker og Ingebjørg Olsdtr. søre Foss, Hol.
*Barn
1. Olav Rime 25.10. 1910-1995
Ugift. Sjå neste hushald.
2. Steen Rime 14.12. 1911-2001
Ugift. Sjå neste hushald.
3. Torleiv Rime 12.05. 1913-1979
Ugift. Sjå neste hushald.

Svein kjøpte garden 1900 hjå faren for kr. 8000 og kår. Svein og Gurid gifte seg i 1910.