Buste-teigen gnr. 115 bnr. 16
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Buste-teigen gnr. 115 bnr. 16a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bruteigen eller Busteteigen var ein liten plass under myljo Rime. Busteteigen ligg på vestsida av Kvinda og like ovanfor den freda vegstubben ved Verpebakken. Her gjekk den gamle ferdavegen gjennom bygda, det var bru over Kvinda før køyrevegen vart bygd. Brua har også vore kalla Buste-gidda (noko som nok har variert med kva stand brua har vore i.)
    På Verpebakken var det rettarstad. Her miste Fange-Liv hovudet kring 1734 etter at ho fekk eit dødfødt barn med den fredlause holingen Levor Knutson Sindrol. Sjå Arnegard, gnr. 91/8 år 1695.
    Tuftene etter Bruteigen viser godt. Det fortelst at tunet låg lenger nede tidlegare. (?)
    Namnet Busteteigen skriv seg frå eit ordskifte. Husmannen Ola var også griseslaktar. Han sette oppnamnet Flyer'n på husbonden sin. Og husbonden tok att ved å kalle grise-slaktaren for "Busten". Dette namnet slo rot på bygda, og dermed vart det Buste-teigen. Men Ola likte mindre på det oppnamnet han fekk. Då han var ute på bygda med slakting så unngjekk han det ordet. Han sa "dun" i staden. (Fortalt av Steen Rime.)
    NB. Namnet Bruteigen vart brukt på eigedomar under både søre og myljo Rime.
    Dei siste som budde i Busteteigen var tre jenter or Skjølet.
    Busteteigen vart lagt ut som kulturlandskap og fri-areal ved planlegginga av bustadfeltet på Vangen kring 1980.
   
{5948} År: 1860c
Ola Olson Ulshagaplassen Bruteigen 10.05. 1817-1888
Foreldre: Ola Guttormson Hellingberget Ulshagaplassen og Kari Olsdtr. ... .
Gm Turid Levorsdtr. Stranden Bruteigen 29.06. 1811-1888
Foreldre: Levor Olson Holto (ungkar) og Birgit Eivindsdtr. Gullhagaplassen/Stranden.
*Barn
1. Embrik Olson Ulshagaplassen 10.10. 1840-1888f
Død før 1888.
2. Ola Olson Hefte Bruteigen 24.04. 1845-1908
G 1877 m Margit Aslesdtr. Tormodsgards-eie/Slette. Sjå år 1880c og Skjølet, gnr. 122/18.
Ola og Turid gifte seg i 1843. Dei var innom i Hefte kring 1847 og så Kulutunga.
    Ola og Turid var husmannsfolk i Busteteigen/Bruteigen både 1865 og 1875.
{5949} År: 1880c
Ola Olson Hefte Bruteigen 24.04. 1845-1908
Foreldre: Ola Olson Ulshagaplassen Bruteigen og Turid Levorsdtr. Stranden.
Gm Margit Aslesdtr. Tormodsgards-eie Skjølet 28.02. 1856-1945
Foreldre: Asle Knutson ..... Bomberud Tormodsgard-eie (Slette) og Helge Larsdtr. Bomberud.
*Barn
1. Turid Olsdtr. Skjølet Brennehaugen 24.08. 1877-1968
Barn m/Henrik Hansen Skulerud, Sysle på Modum: Hans Henriksen 1902-1977, sjå barnebarn.
    G 1915 m enkjemann Sevat Sevatson Brennehaugen, gnr. 123/10.
2. Helga Olsdtr. Skjølet 20.12. 1879-1963
Barn m/Martin Larsson: Ola 1903-1987, sjå barnebarn.
    G 1908 m Tor Einarson Skomakarmoen, sjå Skjølet, gnr. 112/18.
3. Birgit Olsdtr. Bruteigen Asgrimplass 23.07. 1883-
Birgit fekk tre barn med Ola Larsson Vangodden: Ambjørg 1901- ; Asle 1904- ; Lars 1908- , sjå barnebarn.
    G 1913 m Lars Sevatson Hallebråt Asgrimplass. Til Am.
4. Kari Olsdtr. Bruteigen Skjølet 05.10. 1889-
Gm ... ... ... . Barn: 2. Kari reiste til Drammen.
*Barnebarn
1. Ambjørg Skjølet Johansen 01.11. 1901-
G 1921 m Karl Johansen, Billingstad. Barn: Astrid Kristine 1921- avdelingssjef i Storebrand, ug.; Leif Anker 1926- direktør i Svensk Stål AS, g 1955 m Aud Evelyn Engfeldt (2 barn); Borghild 1931- husmor, g 1955 m Bjørn Foss (3 barn). (1376)697
    Foreldre: Ola Larsson Vangodden (ungkar) og Birgit Olsdtr. Skjølet.
2. Hans Skjølet Henriksen 03.08. 1902-1977
Gm Margit Habberstad. Barn: Sissel 1952- gm Torbjørn Hanken.
    Foreldre: Henrik Hansen Skulerud (Skuterud?) f. 1881 på Modum (ungkar) og Turid Olsdtr. Skjølet.
    Hans køyrde fyrst drosje i Oslo. Det var den tida at drosjene var pålagt å tute på kvart gatehjørne. Sidan byrja han med sykkelverkstad. Hans vart nordisk mester med motorsykkel på langbane. Etterkvart vart det mindre syklar og meir bil på verkstaden. (Oppl. v/Sigmund Grue.)
    Hans overtok tunet i Haugegarden etter mora Turid Brennehaugen.
3. Ola Skjølet 24.06. 1903-1987
G 1959 m Eli Johnsrud. Transport. Sjå eige hushald.
    Foreldre: Martin Larsson Vangen (ungkar) og Helga Olsdtr. Skjølet.
4. Asle Skjølet 31.12. 1904-1978
Gm Nicoline Rognlien, Furnes 1904-1978. Barn: Willy 1925-1938.
    Asle var bilmekanikar i Oslo.
    Foreldre: Ola Larsson Vangodden (ungkar) og Birgit Olsdtr. Skjølet.
5. Lars Skjølet 02.02. 1908-
Lars reiste til Amerika.
    Foreldre: Ola Larsson Vangodden (ungkar) og Birgit Olsdtr. Skjølet.
Ola og Margit gifte seg i 1877. Dei budde i Skjølet dei fyrste åra. Dei kom til Busteteigen kring 1880.
    I 1891 var Ola husmann og levde mest av rypefangst. I 1900 var han husmand med jord og dagarbeidar.
    Margit budde i Turrhaug på sine gamle dagar. Margit låg til sengs då ho fekk besøk ein vinterdag. Stugu var kald og gjesten ottast at ho var sjuk. Margit svara:
    "Nei då. Men eg har ikkje noko å vera oppe for. Og så går det mindre ved og mindre mat når eg held senga!
    Døtrene var dei siste som budde i Busteteigen.