Kulu-tunga gnr. 115 bnr. 16
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Kulu-tunga gnr. 115 bnr. 16b
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Kulu-tunga eller berre Tunga var opphavleg eit slåttelende under Rime.
    Kulu-tunga ligg høgt oppe i lia like oppunder Kulufossen, på ei øy mellom dei to elvegreinene. Siste stubben av vegen fram til Kulu-tunga var tre stokkar som låg over søre elveløpet.
    Kulu-tunga var husmannsplass frå 1811 og fram til 1915. Som årleg leige skulle husmannen utføre eit visst arbeid for bonden på Rime. Sjå under år 1879.
{5950} År: 1811
Eilev Eirikson Granhagen Kulutunga 01.01. 1762-1822
Foreldre: Eirik Person ... Granhagen og Birgit Sevatsdtr. Svillegard.
Gm Signe Olsdtr. ... Rime-eie 1753-
Foreldre: Ola ... ... og ...
*Barn
1. Birgit Eilevsdtr. Skottebøl 1788-
Birgit var 13 år og saman med foreldra i 1801. Ingen spor seinare.
2. Eirik Eilevson Granhagen 1791-1801f
Truleg død i 1790-åra.
   
Eilev og Signe gifte seg i 1789. Dei var på Breie i 1791 då sonen Eirik vart døypt.
    I 1801 var Eilev husmann utan jord på Skottebøl. Han skreiv seg Eilev E. Øyen i 1810.
    Eilev bygsla plassen Kulutunga under Rime i 1811. Eilev døydde som husmann på Øyno under Rime i 1822. Signe ser ein ikkje meir til i kjeldene, men ho har truleg levd lengre enn Eilev. Truleg er Sygni-haugen (frådelt Øyno i 1957) oppkalla etter henne.
{5951} År: 1835
Anders Torkjellson Svarteberg KuluTunga 10.09. 1786-1857
Foreldre: Torkjell Torsteinson Svarteberg og Guri Olsdtr. Myregarden.
Gm Birgit Eivindsdtr. Stranden Kulutunga 1786-____
Foreldre: Eivind Trondson Skjervheim Stranden og 2.g Liv Torsdtr. Sataslåtten.
*Barn
1. Torkjell Anderson Stranden Kulutunga 26.01. 1823-1833
Torkjell døydde av koppar 10 år gamal.
2. Eivind Anderson Kulutunga 15.02. 1826-1860
Eivind var ugift og sjukleg legdslem då han døydde i 1860.
Anders var ute i krigen 1807-14. Anders og Birgit gifte seg i 1822.
    I fylgje husmannsmanntalet var Anders i Kulutunga 1832-1841. Sidan sonen Eivind er døypt som Rime-eie i 1826, så har dei nok budd i Kulutunga frå den tid.
    Anders fekk seg tildelt korn på kassa i 1846.
    Birgit sat enkje i armod i Kulutunga i 1860. Systerdattera og familien budde hjå henne på denne tida.
{5952} År: 1864c
Ola Holgeson Gjerdneslåtta og Anne Holgesdtr. Halfardokken var husmann med jord i Kulutunga i 1875. Sjå Sagen, gnr..
{5953} År: 1875
Gunnar Johannesson Myking-eie Johnson 16.03. 1847-1912
Foreldre: Johannes Henrikson Torsgard Skallehaugen og Birgit Kitilsdtr. Rikansrud Hagen.
Gm Kristi Holgesdtr. Gjerdnes Johnson 30.08. 1849-1927
Foreldre: Holge Nilsson Gjerdnes og Margit Olsdtr. Arnegard Noss.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Helge Gunnarson Kulutunga Johnson 18.10. 1873-1941
= Harry. G 1903 m Lena Huus 1880-1930 (sjå nordre Hansebråten år 1864). Barn: Gilmen Selmer 1904-1923, Mabel 1906-1997 gm Bernhard Lee (3 barn); Beatta 1908- gm Sam Natland. (833) (1488)
    Helge skreiv seg Haugen fyrst, sidan tok han namnet Johnson. Farmar og butikkmann, sidan radio-butikk i Hatton.
2. Johannes Gunnarson Kulutunga Johnson 28.12. 1875-1967
=John. Gm Amanda Brenden 1888-1910. Minst 1 barn. Johannes/John deltok i 1. verdskrigen i Frankrike. (1486)313).
    Johannes reiste til Am. 1879: Tacoma, saman med to sysken og Kristi Helgesen f. 1875 , forskotsbetalte billettar. Johannes var farmar ved Golva, ND. Budde saman med broren Oscar.
   
    Barn i Amerika: Oscar 1880-1969 ugift farmar; Olai 1882-1969 farmar, sidan vassverk-sjef, gm Emma Christine Johnson; Christian 1884-1952 dreiv maskin-forretning, gm Emma Schmitz; Gustav 1886-1950 farmar, sidan i maskinfirma, gm Mary Brendan; Beatta 1889-1894; Nikolin/Nick 1891-1957 deltok i 1. verdskrigen, farmar, gm Winnie Jones. (1272) (epost Lars Stavehaug)
Gunnar og Kristi gifte seg 1873 og bygsla Kulutunga i 1875. I hushaldet dette året var dessutan Gunnar si datter Birgit f. 1870, svigermora Margit Olsdatter og ein inderst Sevat Knutson som dreiv med tresking.
    Gunnar hadde ei datter med Ambjørg Ivarsdtr. Bråto Asgrimsplass: Birgit 1870-1955 gm Ole Myron frå Rollag.
    I 1871 fekk Gunnar dattera Torbjørg med Ingeborg Larsdtr. Heradstveit i Jondal (f. 1850). (Torbjørg 1871-1901 g 1893 m Gjermund Nilsson Kalhagen Alsaker (2 barn)). (Jfr. Epost frå Marie Skutlaberg)
    Gunnar hadde dessutan ein son Guttorm f. 1874 med Kari Olsdtr. Ulshagaplassen.
    Gunnar og Kristi reiste til Am. i 1878 og tok seg land i vestre Grand Forks, ND. Sidan kom dei til Northwood, ND. Dei skreiv seg Haugen eller Johnson. (1478)305
    Gunnar vart sitjande i sleden sin ei natt etter å ha vitja ein bar i byen Golva. Folk fann han og hesten nedsnøga om morgonen, Gunnar fekk lungebetendelse og døydde. Ulykka var at hesten stod bunden. Hadde nokon løyst hesten, så hadde han fått Gunnar heim på eiga hand. (Oppl. Lars Stavehaug)
{5954} År: 1879
Torstein Torsteinson Svarteberg i Gjøta bygsla Kulutunga i 1879. Sjå meir om familien hans i Gjøta 31/1 og på Hansebråten, gnr. 114/16.
    Etter kontrakta frå 1879 skulle Torstein slå og setja i såter Rimetræet (ovanfor vegen). For kr. 2,40 skulle han slå søre øvre Teigen i Vesle-Dengerud. Elles skulle han arbeide på Rime 6 dagar om våren og 6 dagar om hausten. Vidare var det to dagars vegarbeid vår og haust.
    Under slåttearbeidet skulle Torstein få 5 fjerdingar med mjølk og visse varer, m.a. ein ljå og eit bryne annankvart år. Torstein var i Kulutunga fram til 1886. (Ål IV s 465)
{5955} År: 1899
Lars Larsson Stavehaug bygsla Kulutunga i 1899 på same vilkår som Torstein.