Skalle gnr. 115 bnr. 17
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skalle gnr. 115 bnr. 17-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skalle ligg oppe på Rimeberget, og har har veg ovantil frå Øvre-Ål, gjennom Dengerud.
    Skalle har vore bruka som underbruk og støl under myljo Rime fram til frådelinga i 1842.
    Husa skal vera bygde kring 1860. Våningshus kring 1980. Det var tung vassbering i Skalle frå gamalt. Om vintrane kunne brunnen fryse. Då måtte vatnet hentast frå ei olde borte i skogen.
    Areal 1865: dyrka jord 12 mål, naturleg eng 28 mål, utslått 18 mål. Avling 10 1/2 tunne bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1960: dyrka jord 16 mål.
    Stølar. Opphavleg heimstøl Skallestølen vart frådelt til Bergo i 1942. Heimstølen Leksvol-stølen vart tilkjøpt i 1922. (Med opplysningar m.a. frå slektsheftet "Skallegården og dens folk" av Olav Skalle.)

{5958} År: 1750c

Asle Eivindson Rime Skalle 1717c-
Foreldre: Eivind Eivindson Rime Skalle og Ragnhild Juulsdtr. Rustan, Flesberg.
Gm Rønnaug Olsdtr. Sundre Skalle 1712c-
Foreldre: Ola Olson Skreddar og Birgit Knutsdtr. Hallsteinsgard.
*Barn
1. Ragnhild Aslesdtr. Vangen 30.03. 1744-
Barn: Barbro 1769- med soldat Anders Halvorson ... Stakegard.
2. Ola Asleson Skalle Vangen 08.01. 1747-1830
G 1788 m Margit Olsdtr. ... , sjå Vangen, gnr. 115/26.
    Gm enkje Guri Aslesdtr. Ulshagen Bergsgard, sjå Øygardsslåtta, gnr. 43/2.
3. Herbrand Asleson Rime Skalle 26.07. 1750-1783c
Herbrand var konfirmert i 1775. Han var soldat. Herbrand var i legd på Sundre dei site åra.
4. Fingar Asleson Skalle Baklien 22.08. 1756-1808
Gm Margit Endresdtr. Liahagen. Sjå Baklien, gnr. 41/1.
5. Eivind Asleson Stavehaugen 29.09. 1759-
Eivind er fødd i Stavehaugen.

Asle var soldat i unge år. På sesjonen i 1746 vart han bøtelagt 64 skilling. Ålmogen meinte at Asle kunne betale.
    Asle og Rønnaug har budd både i Skalle og på Stavehaugen ('Haugen'). I 1762 var han husmann/inderst under nedre Sundre. Truleg på same stad 1763 då dei skreiv seg Skredderstuen (barndomsheimen hennar Rønnaug).
    Dei budde på Vangen, var fattige og uformuande då dei fekk såkorn i naudsåret 1774. (632)
    Skalle var ikkje busett i folketeljinga 1801.

{5959} År: 1825

Botolv Olson Halvorsgard Skalle 1776c-1866
Foreldre: Ola Sveinson Halvorsgard Bøygard og Gro Håkonsdtr. Langegard.
Gm Anne Olsdtr. Kvinnegard Noss Skalle 04.12. 1774-1860
Foreldre: Ola Olson Arnegard Kvinnegard og Gro Torgeirsdtr. Stakegard.

Botolv Håheim kjøpte Rime saman med Ola Bjørnson Sata. (Botolv var gift 1814 med enkje Gunvor Larsdtr. Svarteberg Håheim.)
    G 1826 m enkje Anne Olsdtr. Kvinnegard Noss. (Ho hadde vore gift med Ola Ivarson Ivarsgarden Noss.)
    Etterkvart overtok Ola heile Rime og Botolv overtok plassen Skalle, Skallestølen, skog og andel i Rime sin langstøl Rødungen med fiskeri.
    Anne vart sjukleg på sine gamle dagar. Det fortelst at ho og Botolv budde i Rakkekjeksbakka og hadde kår i Halvorsgard. Då det lei mot slutten med Anne vart ho boren til Halvorsgard i ei teine. (1802) s 467
    Botolv vart kalla Noss eller Halvorsgard i skiftet 1867.

{5960} År: 1842

Lars Olson Rime Skalle 15.09. 1805-1885
Foreldre: Ola Larsson myljo Rime og Guri Bjørnsdtr. Sato. (1170)
Gm Guri Bjørnsdtr. Sata Skalle 12.02. 1811-1892
Foreldre: Bjørn Tolleivson Opsata Reiersgard og Margit Sevatsdtr. Sata.
*Barn
1. Guri Larsdtr. Rime Halvorsgard 13.12. 1837-1931
Gm Håkon Halvorson Opheim Halvorsgard, gnr. 37/1.
2. Margit Larsdtr. Skalle Strand 13.07. 1841-
Gm Andrew Strand
3. Turid Larsdtr. Skalle Bryson 07.04. 1844-1926
=Tilda. Gm John S. Bryson 1831-1905. Barn: Margareth Cecilia 1866- ; James Lincoln 1868- ; Louise Gurine 1871. Turid og John budde i Allamakee Co, Iowa.
4. Sissel Larsdtr. Skalle Hesla 21.07. 1846-____
=Cecelia. G 1865 m Steingrim Hesla. Barn: Olof Andrew 1865- ; Louis Edward 1866-1951.
    Gm David Skinner. Budde i Sioux Rapid, Iowa i 1913.
   
    Lars og Guri sine barn i Amerika: Ole Rime/Rema 1850-1940 farmar i Allamakee Iowa, g 1871 m Birgit Johannesdtr./Bertha Swain (5 barn); Tolof 1854-1858. (J. Marler)

Lars og Guri gifte seg i 1837. Lars dreiv fehandel i unge år.
    Eit daudt barn funnen i elva i Sudndalen i Hol gjorde at Lars vart innkalla til forhøyrsretten i 1835. Han hadde delt seng i Drammen med holingsjenta Ingeleiv Knutsdatter Myrestølen på ein av drifteturane sine, men nekta for å ha hatt omgang med henne.
    Lars kjøpte Skalle og Skallestølen hjå faren for 500 spd i 1842. Lars selde garden til Botolv Olson Halvorsgard, og reiste til Am. i 1849: Allamakee, Iowa. (807)
    Sonen skreiv seg Rema (dvs. Rime).
    Botolv hadde Skalle, Skallestølen, skog og andel i Rime sin langstøl Rødungen med fiskeri. Botolv selde til Holge H. Langeland som selde vidare til Asle Asleson i 1852.

{5961} År: 1852


Asle Asleson kjøpte Skalle for 500 spd i 1852. Var dette Asle Håkonson? Sjå neste hushald.

{5962} År: 1854


Asle Håkonson Arnegard Storlien og Jørand Aslesdatter frå Mørk var fyrst i Storlien, så på Kolbjørnstølen og så overtok dei Skalle kring 1854. Noko skøyte er ikkje kjent dersom ikkje handelen frå 1852 gjeld Asle Håkonson og ikkje Asle Asleson.
    Og slik var det. Svigermora Jørand Jakopsdtr. f. Bakkegard g. Mørk døydde i Skalle i 1858.
    Sjå meir om familien deira i øvre Storlien, gnr. 3/1. Sonen Håkon overtok Skalle i 1873.

{5963} År: 1873

Håkon Asleson Storlien Skalle 30.07. 1836-1922
Foreldre: Asle Håkonson Arnegard Storlien Skalle og Jørand Aslesdtr. Mørk (Hol).
Gm Eli Tolleivsdtr. Rime Skalle 12.10. 1839-1923
Foreldre: Tolleiv Hallsteinson Lauvsletten Rime og Kari Larsdtr. Rime Leksvol.
*Barn
1. Asle Håkonson Skalle 26.08. 1868-1955
G 1901 m Margit Ellingsdtr. Skaro 1873-1945. Sjå neste hushald.
2. Ola Håkonson Skalle 04.06. 1871-1951
G 1910 m Kari Oleivsdtr Strendo. Sjå Kolbjørnstølen, gnr. 98/3.
3. Kari Håkonsdtr. Skalle Vestli 24.06. 1881-1960
Gm Johan Vestli, Lillestrøm 1872-1952. Barn: Karl 1917- sagmeister, gm Johanne Tærud (1 son).
    Kari flytta til Fet i 1916. Kari og Johan dreiv eit småbruk på Fet.
4. Tolleiv Håkonson Skalle Øyno 22.04. 1884-1939
G 1909 m Helga Jakopsdtr. Øyno. Sjå MedgardØyno, gnr. 69/2.

Håkon og Eli gifte seg i 1868. Håkon kjøpte Skalle for 300 spd i 1873.
    Det vart dobbel gravferd etter Eli og Håkon.