Dengerud, vesle gnr. 115 bnr. 18
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Dengerud, vesle gnr. 115 bnr. 18-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Vesle Dengerud eller Lille-Dengerud var eit lite småbruk frådelt myljo Rime i 1854. Vesle Dengerud ligg i Rimehagane i skogen oppe ved vegen til Kvinnegardslia, og inn ved Fly-stølen.
    Stugu-tufta syner godt. Og ovanfor vegen ligg reistane av eit lite steinhus.
    I dette strøket var ulveflokkane nærsøkne sist på 1800-talet. Det fortelst at andre sine ungar som var på vitjing måtte anten overnatte i Vesle Dengerud eller fylgjast heim av vaksne.
    Areal 1865: dyrka jord 3 mål, naturleg eng 10 mål. Avling 2 1/4 tunne bygg og 1 1/4 tunne potet.
    I 1867 vart bruket selt på auksjon og kom attende til myljo Rime.

{5967} År: 1820c

Torstein Torkjellson Svarteberg Vesle Dengerud 23.11. 1789-1863
Foreldre: Torkjell Torsteinson nordre Svarteberg og Guri Olsdtr. Myregarden.
Gm Anne Amundsdtr. Birgitplassen Vesle Dengerud 14.04. 1799-1891
Foreldre: Amund Jonson Birgitplassen Hellinghaugen og Åse Magnusdtr. Grøvo (Hol).
*Barn
1. Torkjell Torsteinson Vesle Dengerud Piperplassen 28.02. 1821-1920
G 1848 m Birgit Olsdtr. Helling Skallehaugen. Gm Karoline Olsdtr. ... 1832-1897. Til Piperslåtta, gnr. 110/25. Til Am. i 1852 (884)
2. Amund Torsteinson Vesle Dengerud 06.11. 1823-1903
Gm Martha Gjertine Berg, Finnås 1843- . Barn: Herman Teodor 1865- ; Martha Kristine 1869- ; Gustav Bernhard 1871- ; Anna Marie 1876- ; Markus Anstrup 1882- blikkenslagerlærling i Bergen i 1900.
    Amund reiste til Hardanger i 1864. Han var arbeidsmann, murar-svein og gråsteinsmurar. Han var i Florø mellom 1865 og 1871. Budde sidan i Stenkjældergaden i Bergen, død i 1903.
3. Birgit Torsteinsdtr. Vesle Dengerud Olson 16.10. 1826-1914
G 1855 m Syver Olson 1827-1891. (Son til Ole Paulson, "Solo, Norway" (Sole på Jæren?)).
    Barn: Ole Magnus 1856-1931 g 1879 m Beata Rustad; Lena 1858-1929 g 1874 m Erick Bergeson; Olivia 1860-1934 g 1884 m Thor Jacop Myhre; Frank Theodore 1862-1936 g 1883 m Ingeborg Kvande; Henry 1864-1932 g 1890 m Emma Erickson; Clara Mathilde 1866-1939 g 1893 m Mathias Rustad; Laura Sophie 1868-1946 g 1890 m Hans Christian Sørum; Anna Bertha 1870-1940 g 1888 m Andrew A. Berg. (1679)
    Birgit reiste til Am. i 1852: Eagle Lake, Dovre township, Kandiyohi, MN. (1679)
4. Guri Torsteinsdtr. Vesle Dengerud Vangen 22.04. 1829-1864c
G 1859 m Embrik Sevatson Vangen, sjå Vangeteigen, gnr. 115/2. Embriksvangen 115/27. VELG???
5. Torstein Torsteinson Vesle Dengerud 15.09. 1831-1863
G 1856 m Birgit Holgesdtr. GjerdnesSlåtta. Sjå neste hushald.
6. Ola Torsteinson Vesle Dengerud 30.11. 1834-1928
Gm Ragnhild Olsdtr. Hallen under Berg, Gol. Sjå neste hushald.
7. Ola Torsteinson Vesle Dengerud 04.09. 1838-1926
G 1867 Amerika m Kari Knutsdtr. Fetagarden Strand. Barn: Anne Marie 1868-1884; Alphine Theodora 1869-1959 g 1896 m Ole K. Villand; Theodore 1871-1958 g 1893 m Anna Gjertine Alvig; Olia 1873-1879; Karl 1874-1879; August 1876-1967 g 1901 m Anna Bergeson; Caroline 1879-1921 g 1899 m John Edward Carlson; Ole Kasper 1882-1964; Albert Bernhard 1883-1943 g 1908 m Hannah Mabel Olson (6 barn); Anna Marie 1886-1889; Edward 1889-1955. (1679)
    Ola farma i Dovre township, Eagle Lake MN. Busett i Wilmar MN. (884)
8. Asle Torsteinson Vesle Dengerud 26.07. 1843-1923
G 1869 m Birgit Olsdtr. Smedhaugen 1844-1943. Sjå Birgitplassen, gnr. 119/1a.
    Til Am.: Kandiyohi County i Wilmar, MN. (884)

Torstein og Anne gifte seg i 1820. Torstein hadde vore ute i krigen 1807-14. Der deltok han i slaget ved Onstadsund.
    Torstein rydda seg husmannsplass i Vesle-Dengerud. Han fekk såkorn på kassa i 1846.
    I 1891 hadde Anne 1/3 kår og 2/3 fattigstøtte på Kvinnegardsteigen. Ho vart blind i seinare år. Død i Vesle Dengerud 1891.
   

{5968} År: 1854

Torstein Torsteinson Vesle Dengerud 15.09. 1831-1863
Foreldre: Torstein Torkjellson Svarteberg Vesle Dengerud og Anne Amundsdtr. Hellinghaugen.
Gm Birgit Holgesdtr. Gjerdnes Lille-Dengerud 13.12. 1829-1866
Foreldre: Holge Nilson Gjerdnes og Margit Olsdtr. Arnegard Noss.
*Barn
1. Torkjell Torsteinson Vesle Dengerud Rimeslåtten 27.02. 1856-1954
Gm Ågot Olsdtr. Langeland. Sjå Haugestølen, gnr. 115/20a.
2. Ola Torsteinson Vesle Dengerud Strand 19.02. 1859-____
G 1879 m Birgit Herleiksdtr.Tunehagen. Sjå Fetagarden, gnr. 123/53.
3. Torstein Torsteinson Vesle Dengerud 29.07. 1862-1939
G 1885 m Birgit Kristiansdtr. Holm Husum Larsgarden Sundre 1862-1943. Barn: Ola 1885-1976 ug. farmar ved Gary, MN; Teodor 1886-1974 farmar, g 1916 m Ida W. Wold (1 adoptivdotter); Klara 1888-1888; Carl 1889-1986 ug., farmar i Twin Valley, MN; Bertha 1891-1919; Albert 1893-1918 ug.;
    Mina 1896-1913 ug. (1679)
    Til Am. 1885: Gary, MN. Pioner og kjent pionerfarmar i Bear Park, Norman Co MN. Arbeidde seg opp frå fattig nybyggar til velståande farmar.

Torstein og Birgit gifte seg i 1856. Torstein kjøpte Vesle Dengerud i 1854 for 100 spd.
    Torstein arbeidde hjå kyrkjesongar Holge Ivarson Bjella. (1846..)
    Då Birgit døydde som enkje i 1866 var ungane 3, 7 og 10 år. Buskapen var 2 kyr, 2 geiter og 2 sauer. Torstein hadde kjøpt ein støl på Hevjansåsen hjå Nils Sveinson Holto . Ungane vart oppfostra slik: Torkjell hjå farbror Ola Torsteinson, Ola hjå Ola Olson Gjerdnes og Torstein hjå bestemora Anne Amundsdtr.