Rimehaugen gnr. 115 bnr. 20
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rimehaugen gnr. 115 bnr. 20-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Opphavleg namn på Rimehaugen var nordre Rime, av plasseringa i lendet vart namnet Rimehaugen ein gong midt på 1700-talet. Slektsnamnet i nyare tid er Rimehaug.
    Fyrste bonden er truleg Lars Rime som skatta av 12 skinn i 1560.
    Frå gamalt vart nordre Rime skattlagt som halvgard med ei landskyld på 29 laupsbol.
    I Spjøt-åkeren er gjort fleire oldfunn. (Namnet kjem truleg av dette.)
    Husmannsplassar: Haugestølen, Skallehaugen, bnr. 21 og Vangen bnr. 26 og Vangeteigen, bnr. 27.
    Areal 1865: dyrka jord 29 mål, naturleg eng 60 mål, utslått 50 mål. Avling 28 tunner bygg og 24 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 460 mål, annan utmark 180 mål. Leigd jord 45 mål. Buskap 95 vinterfôra sauer.
    Hallingstugu påbygd i 1936 og 1983, driftsbygning 1942, påbygd 1974, gamal tømmerlåve 1775, eldhus, stolphus og loft frå 1700-talet, to reidskapshus 1985 og 1996.
    Stølar. Heimstølar i Rimehagane Haugestølen og nordre Rimestølen (rydda til beite). Opphavleg langstøl Gyrinosen vart fråselt til Ødelien i 1876. Rimehaugen støla då på Vallo nokre år. Langstølen på nedre Blomestølen (gnr. 106/14) vart tilkjøpt frå søre Helling i 1902.

{5975} År: 1774

Lars Olson Rimehaugen Bakketeigen 17.09. 1744-1795s
Foreldre: Ola Eirikson Gunhildgard Noss Rime og Guri Sevatsdtr. Thon.
Gm Anne Torsdtr. Huus Rimehaugen 1743-1833
Foreldre: Tor Henrikson Huus og Kari Larsdtr. Hagen (Hol).
*Barn
1. Birgit Larsdtr. Rimehaugen Varaberg 24.02. 1765-1832
G 1798 m Tolleiv Olson Helling Huus Varaberg, gnr. 108/1.
2. Guri Larsdtr. Rimehaugen 25.01. 1767-1795f
3. Ola Larsson Rimehaugen Bakketeigen 12.01. 1770-1816
Gm Lukris Knutsdtr. Fetagarden Strand. Sjå Bakketeigen, gnr. 116/1.
4. Tor Larsson Rimehaugen Strand 13.09. 1772-
G 1802 m Ågot Eilevsdtr. Bakka Strand, gnr. 123/
5. Guri Larsdtr. Rimehaugen Hove Torsteinsrud 15.02. 1778-1867
G 1806 m Eirik Mikkelson Hove, gnr. 107/6. G 1813 m Knut Knutson Torsteinsrud, gnr. 62/3.
6. Lars Larsson Rimehaugen Bakke 15.10. 1780-1852
Gm Lucie Sofie Lande 1788-1832. Barn: Anna Regine 1821- ; Lars Andreas 1822- handelsmann, gm ........; Christopher Olaus 1825- ; Marie Susanna 1827- .
    Lars vart attgift 1834 med Karen Amundsdtr. frå Skalmestad i Øyer f. 1810. Barn: Lovise Marie 1836- ; Laura Agnethe 1836- ; Albert Kristian 1838- ; Antonette Karoline 1840- gm ... ... (.. barn); Marie Kristine 1842-1843; Marie Kristine 1844-1850.
    Lars var gjestgjevar og handelsmann på Tyskholmen eller Hundsværholmen i .................. . I bygdebok for Borgund er det opplyst at han kjøpte holmen av Widerøe. Sonen Lars Andreas flytta seinare forretninga inn i byen: .................. . (epost frå etterkomaren Anne Huse)
    Sandøy Folkebibliotek
7. Kari Larsdtr. Rimehaugen 05.09. 1784-1795f
Ikkje nemnt på skiftet i 1795.
8. Kari Larsdtr. Rimehaugen 25.11. 1787-1795f
Ikkje nemnt på skiftet i 1795.

Lars og Anne gifte seg i 1765. På museet er eit utskoren tretavle med namn og fødselsdatoar på denne ungeflokken. I kyrkjebøkene var det berre dåpsdato som vart oppgjeve fram til 1806.
    Lars kjøpte ei ku hjå Ivar Skarsgard. Kua hadde raudsott og måtte slaktast. Og handelen fekk rettsleg etterspel i 1771. (1368) s 49
    Lars fekk ei skrape på tinget i 1771, han skulle ha vitna, men var istaden på hesteleiting i fjellet.
    I 1774 fekk Lars skøyte på 5 laupsbol i nordre Rime for 120 rd hjå stefaren Ola Tolleivson Noss. Lars kjøpte 6 lb. skyldgods i 1777 hjå syskena for 129 rd.
    Lars saman med Tolleiv Olson Noss makeskifta 1784 nordre Rime med Mikkel Larsson Sundre og fekk att søre Huus og 430 rd. NB. Rimehaugen gjekk noko i handel framover på 1780-talet, men samanhengen vantar.
    Lars og Anne budde på Huus til dei kjøpte Bakketeigen i 1785 for 678 rd. Sjå gnr. 116/1. På skiftet etter Lars i 1795 var det 166 rd å dele. Anne sa frå seg enkje-arven sidan ho greidde seg på kåret sitt.

{5976} År: 1787

Ågot Larsdtr. Rime Rimehaugen 22.06. 1788-1866
Foreldre: Lars Olson myljo Rime og Turid Toresdtr. Hove.
Gm Lars Asleson Stave Rimehaugen 14.07. 1782-1814
Foreldre: Asle Larsson Stave og Liv Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Asle Olson Bergsgard Rimehaugen 25.01. 1795-1874
Foreldre: Ola Guttormson Bergsgard og Gunhild Aslesdtr. Arnegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Kari Larsdtr. Rimehaugen 20.02. 1808-1871
G 1828 m Eirik Olson Øvrelå Rimehaugen. Sjå neste hushald.
2. Liv Larsdtr. Rimehaugen 25.05. 1810-1850
Ug. Liv vart konfirmert i Asker i 1828. Ho fekk eit barn då ho tente på Holmen i Aker sokn. Barnet var dødt i 1850. Liv var inderst på Rime eller Bergsgard.
3. Turid Larsdtr. Rimehaugen Sevre 02.10. 1812-
G 1843 m skomakar Gudbrand Kristofferson Stuvengen som var inderst på Stave og på Dengerud. Barn: Lars 1843- ; Birgit 1846- ; Kristoffer 1848- og Ågot ....- .
    Turid og Gudbrand kom til Sevre i Nes i 1850.

Lars og Ågot gifte seg i 1807 og fekk tre barn.
    Lars fekk skøyte på garden 5 år gamal, det var faren som handla i namnet hans. Embrik Asleson dreiv garden til Lars vart vaksen.
    Lars vart kommandert ut i krigen 1807-14. Han var med i slaget ved Onstadsund og døydde i Fredrikstad av såra han fekk i krigen.
    Ågot vart attgift 1816 med Asle Olson Bergsgard og fekk fire barn med han. Desse ungane står under Bergsgard, gnr. 43/1.
    Asle Olson skøytte Rimehaugen til stedøtrene i 1823. Det heitte at garden vart bortleigd fram til 1829 då Kari Larsdatter løyste ut systrene sine og overtok garden.
   

{5977} År: 1788

Embrik Asleson Stave Rime 06.01. 1771-____
Foreldre: Asle Larsson Nestegard Stave og Liv Embriksdtr. Kolbjørnstølen.

Embrik Asleson fekk skøyte hjå faren på nordre Rime for 800 rd i 1788. NB. Bakgrunnen for denne handelen vantar.
    Embrik var ugift husbonde på nordre Rime i 1801, tenestjente var Guri Johannesdatter. (Ho var 17 år.) Embrik Asleson ser ein ikkje meir til i Ål. Truleg har han flytta ut av bygda.
   

{5978} År: 1829

Kari Larsdtr. Rimehaugen 20.02. 1808-1871
Foreldre: Lars Asleson Stave Rimehaug og Ågot Larsdtr. Rime Bergsgard.
Gm Eirik Olson Lå Rimehaugen 13.09. 1801-1877
Foreldre: Ola Olson ... og Birgit Olsdtr. Øvre Lå.
*Barn
1. Birgit Eiriksdtr. Rimehaugen 16.09. 1830-1837
2. Ågot Eiriksdtr. Rimehaugen 02.07. 1833-1912
G 1859 m Truls Olson Garnåshaugen Rimehaug. Sjå år 1868.
3. Ola Eirikson Rimehaugen 10.12. 1835-1841
4. Lars Eirikson Rimehaugen 10.10. 1839-
G 1863 m Birgit Levorsdtr. Vangen Minna. Sjå neste hushald.
5. Asle Eirikson Rimehaugen 14.08. 1842-1858
6. Lars Eirikson Rimehaugen 17.09. 1845-1851
7. Asle Eirikson Rimehaugen 06.11. 1851-1858

Eirik og Kari gifte seg i 1828. Mange av ungane vaks ikkje opp.
    Eirik kjøpte garden 1829 for for 818 spd. Sonen Lars overtok i 1864.
    Buet etter Eirik var på 452 kr og gjelda var 20 kr. Sjå den vakre teikninga som Olav Rusti gjorde av Eirik i 1869. (Hallingdal i biletkunsten s 50)

{5979} År: 1864

Lars Eirikson Rimehaug 10.10. 1839-
Foreldre: Eirik Olson Øvrelå Rimehaug og Kari Larsdtr. Rimehaug.
Gm Birgit Levorsdtr. Vangen Rimehaug 11.05. 1841-1924
Foreldre: Levor Olson Helling Vangen og Kristi Tolleivsdtr. Strand.
*Barn
1. Eirik Larsson Rimehaug 26.05. 1865-1945
G 1895 m Guri Olsdtr. Eikro Huus. Eirik var dreiar og snikker. Han budde ei tid på Rygg i Hol før han gifte seg og kom til Vangen.
2. Asle Larsson Rimehaug Vangen 03.07. 1867-1940
G 1914 Kr.ania m Margit Olsdtr. Langeland. Sjå Vangen, gnr. 115/28.

0Lars Eirikson overtok garden i 1864 for 1000 spd. Han reiste til Amerika kring 1867: Blooming Prairie, Steel Co. MN og kom aldri saman med familien att.
    Truls og systera til Lars overtok Rimehaugen i 1868. Birgit kjøpte bruket Kristi-vangen 1892 og flytta dit med sønene Eirik og Asle. Sjå Vangen 115/28. (1267).
   

{5980} År: 1868

Ågot Eiriksdtr. Rimehaug 02.07. 1833-1912
Foreldre: Eirik Olson Øvrelå Rimehaug og Kari Larsdtr. Rimehaug.
Gm Truls Olson Garnåshaugen Rimehaug 1829-1895.
Foreldre: Ola Olson Garnåshaugen og Kristi Olsdtr. Viko (Gol), Nes.
*Barn
1. Asle Trulsson Rimehaug 12.09. 1859-1937
G 1881 m Birgit Andersdtr. Hefte 1864-1942. Barn: Ågot 1882-1919 budde i Montana; Theodor 1885-1909 omkom i jarnbaneulykke; Oliver 1889- ; Kora 1892-død ung; Alice 1894-1993 g 1918 m Henry Hall (7 barn); Alex 1895- ; Laurits 1897- ; Klara 1900- ; .... ; Christina 1903c. (1408)
    Asle utvandra til Am. 1881 saman med Birgit, busett i Staples, MN. I 1942 var overlevande barn Lewis og Alice. (1428) 119 (Hallingen des 1931 s 49.) (Notat Erik Rimehaug)
    Asle var farmar i Staples, Todd Co MN. Han skreiv seg Haugen.
2. Kari Trulsdtr. Rimehaug Ruud 18.02. 1864-1953
G 1889 m em Ola Tolleivson Dengerud Ruud, gnr. 99/3.
3. Eirik Trulsson Rimehaug 08.07. 1870-1954
G 1903 m Kristi Torsdtr. Sundrehagen. Sjå neste hushald.
4. Ola Trulsson Rimehaug 01.10. 1873-1904
Ugift. Dreiv jordbruksarbeid i 1900.

Truls og Ågot gifte seg i 1859. Truls kjøpte garden for 1500 spd i 1868.
    Truls hadde 3 laupsbol på Vallo frå 1877. Stølsretten på Vallo vart attende-kjøpt 1902 då kjøpte Ågot nedre Blomestølen.