Haugestølen gnr. 115 bnr. 20
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Haugestølen gnr. 115 bnr. 20a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Den søndre delen av Rimehaugen sin heimstøl i Rimehagane, Haugestølen, var husmannsplass frå omlag 1870 til 1947. Haugestølen fall deretter attende til Rimehaugen.

{5984} År: 1870c

Ola Torsteinson Vesle Dengerud 30.11. 1834-1928
Foreldre: Torstein Torkjellson Hove Vesle-Dengerud og Anne Amundsdtr. Hellinghaugen.
Gm Ragnhild Olsdtr. Hallen Haugestølen __._. 1833-1908
Foreldre: Ola Arneson Askebråten Hallen og Ingrid Aslaksdtr. Bergajorde, Gol.
*Barn
1. Torstein Olson Stakkestøet 06.10. 1860-1860
Torstein levde berre ein dag.

Ola og Ragnhild gifte seg i 1859. Dei fekk ingen livsarvingar.
    Dei budde i Stakkestøet i Nasalia i 1860. I Stakkestøet var det ny husmann i 1865. Ola og Ragnhild var husmannsfolk på Haugestølen både 1875, 1891 og 1900.
    Ola var ein spræk kar. Han gjætte på på Hevjansåsen i gute-åra. Ein dag kom der ein ulv og tok eit lam, men Ola sprang etter ulven inntil ulven måtte sleppe lammet.
    Ein sundag var klokkaren i knipe, han hadde gløymt att brillene oppe i Hol. Men Ola sprang og henta dei før messetid. Då fekk eg bra betaling, sa Ola. (1435) 221.
    Ola var skomakar og tømmermann i FT 1875. Brorsonen Torstein Torsteinson var gjætar hjå dei.
    Ragnhild vart blind på sine gamle dagar. Men ho fekk strekt ein streng mellom stugu og fjøs-døra så ho kunne finne fram.