Skallehaugen gnr. 115 bnr. 21
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Skallehaugen gnr. 115 bnr. 21-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Skallehaugen er eit småbruk på sørsida av Hallingdalselva. Bruket ligg rett aust for demningen i Strandafjorden.
    Skallehaugen var husmannsplass under Rimehaugen fram til 1874. Bruket Skalle derimot låg under myljo Rime. Ein har ingen opplysning om kva samanheng det var mellom Skalle og Skallehaugen.
    Areal 1995: dyrka jord 15 mål, produktiv skog 70 mål.
    Våningshus bygt 1930, nytt våningshus 1989, låve 1930, bryggerhus 1930. Tunet ligg på austsida av haugen som har gjeve namn til bruket. Det nye våningshuset er bygd oppe på haugen.
{5986} År: 1816c
Mari Olsdtr. Vangen Skallehaugen 13.04. 1789-1840
Foreldre: Ola Asleson Vangen Skallehaugen og Margit Olsdtr. ... .
Gm Tolleiv Henrikson Huus Skallehaugen 09.09. 1781-1868
Foreldre: Henrik Tolleivson Huus og Birgit Olsdtr. søre Helling.
*Barn
1. Birgit Tolleivsdtr. Skallehaugen Stakkestøet 12.09. 1819-1905
G 1841 m Lars Arneson Hefte Skallehaugen Stakkestøet. G 1872 m em Ola Olson Sagen Skjølet.
2. Margit Tolleivsdtr. Skallehaugen 07.08. 1825-
Margit fekk utflyttingsattest til Skjeberg i 1849.
Tolleiv var ute i krigen 1807-14. Tolleiv og Mari gifte seg i 1816.
    Mari drukna i mars 1840. Tolleiv var på legd 1846.
{5987} År: 1830c
1. Ei Guri Olsdatter født kring 1785 var inderst i Skallehaugen kring 1830.
    Guri var født i Ål, konfirmert i Norderhov omlag 1815. Ho var på Poverud i Nes i 1826.
    Guri var ugift, men hadde fleire barn. Ho hadde 2 barn med Ivar Olson Hønefossen.
    I 1826 fekk ho dattera Kari med Halvor Gulbransen Husemoen, Nes. Og med Håkon Jonson Hefte fekk ho dattera Margit 1830-1830.
    Guri døydde i Skallehaugen kring 1832. Ho let etter seg 2 barn, 9 og 6 år gamle til forsørging hjå fattigvesenet. Ivar Olson Hagen melde dødsfallet.
    Faddrar 1826: Tomas Anderson Hagen, Eirik Pålson Trintrud, Eli Trondsdtr. Holgelien, Kari Trondsdtr. Sundre, Kirsti Trondsdtr. Sundre.
    2. Ei ukjent (eller feilskrive) Birgit Olsdtr. Skallehaugen fekk sonen Henrik i 1840 med Mons Helgeson Sørum, Ringerike. Henrik Monsson var gm ..... ..... , han var blikkenslager med uviss tilhaldstad i 1911.
    Birgit Olsdtr. Skallehaugen fekk dattera Birgit 1845 med Torkjell Torsteinson Dengerud Piperplassen.
{5988} År: 1850c
Johannes Henrikson Torsgard Mykingeie 04.10. 1811-1894
Foreldre: Henrik Olson Hove Torsgard og Birgit Johannesdtr. Sindrol (Hol).
Gm Birgit Kitilsdtr. Hagen Skallehaugen 23.03. 1816-
Foreldre: Kitil Person Berg (ungkar) og Kristi Sveinsdtr. Hagen=Ådalshaugen i Hol. (Hol III s 439)
*Barn
1. Henrik Johannesson Torsgard Skallehaugen 09.11. 1842-1890
G 1873 m Margit Eiriksdtr. Skjerping. Sjå neste hushald.
2. Kitil Johannesson Torsgard Groven 15.09. 1844-1893
G 1869 m Åse Olsdtr. Groven i Skurdalen 1843-1920. Barn: Johannes 1867-1940 farmar, gm Ragnhild Helgeson; Ola 1869-1947 farma saman med broren, gm Martha Wetland; Nils 1870-1940 farmar, gm Betsy Nelson; Henrik 1872-1923 farmar Joplin MT, gm Anna Green (4 barn); Lars 1874-1917 ug. til Sascatchewan ; Betsy 1877-1935 gm Andrew Fugleberg; Julia 1879-1961 gm Henry Nelson; Christina 1881-1958 gm Henry Nelson; Anetta 1886-1957 gm Ludvig Peterson. (1263) (1272)
    Det gjekk ut med Kitil og Åse i Groven. Bruket vart selt på auksjon til syskenbarnet Henrik Olson Torsgard, men han kom ikkje til å bu i Groven.
    Kitil og familien reiste til Amerika i 1876. Dei dreiv Groven-farmen ved Hatton, ND. Kitil omkom 1893 då hesten hans flaug ut ved ei bru. (Hol VII s 646)
3. Gunnar Johannesson Myking-eie Johnson 16.03. 1847-1912
G 1874 m Kristi Helgesdtr. Gjerdnes. Sjå Kulutunga, gnr. 115/16b.
4. Birgit Johannesdtr. Skallehaugen Stavehaugen 24.12. 1849-1874
G 1868 m Lars Larsson Stavehaugen, gnr. 114/11. Sjå barnebarn.
5. Kristi Johannesdtr. Skallehaugen 28.09. 1851-1856
6. Lars Johannesson Skallehaugen Gurigard 30.11. 1854-1924
G 1886 m Mari Olsdtr. Bjella.
    I unge år var han sauegjætar hjå bror Kitil i Skurdalen. Men han lengta heim att, sat og stirde mot Nysetknippen og Ål. Men det var ikkje lang fritid "til at pleie gråten", skreiv Mehlum. Lars tok seg tenest og la seg opp pengar til han gifte seg og kjøpte Gurigard i 1890. Sjå nedre Gurigard, gnr. 63/3.
Johannes og Kristi gifte seg i 1842. Dei budde på Torsgard og på ein plass under Myking fyrste åra. Truleg kom dei til Skallehaugen kring 1850.
    Johannes var husmann med jord i 1865. Mor til Kristi budde hjå dei.
    I 1881 reiste Johannes og Kristi til Amerika: Fort Dodge i Iowa. (BB) I Amerika budde dei hjå sonen Kitil.
{5989} År: 1874
Henrik Johannesson Torsgard SkalleHaugen 09.11. 1842-1890
Foreldre: Johannes Henrikson Torsgard Skallehaugen og Birgit Kitilsdtr. Hagen.
Gm Margit Eiriksdtr. Skjerping SkalleHaugen 01.04. 1849-1887
Foreldre: Eirik Olson Skjerping og Sissel Knutsdtr. Kolsrud.
*Barn
1. Johannes Henrikson Skallehaugen 01.05. 1873-
Gm Freda Bauer. (ei tysk-ætta enkje). Til Am. i 1877: Redwing, MN. Sidan farmar ved Holden i Alberta, Canada.
2. Eirik Henrikson Skallehaugen 11.07. 1874-1948
Gm Mathilda Hansson. Barn: Everett 1907-1960; William 1908-1960; John 1910-1910; George 1912-1961; Maynard 1914-1966; Howard 1916-1953. (1272)
    Eirik var murar. Deretter arbeidde han 10 år som politisjef i Hillsboro.
3. Sissel Henriksdtr. Skallehaugen Dahl? 30.01. 1876-1945
=Cesilia. Gm Hans Dahl frå Fåberg 1866-1943. Barn: Lillian ....- ; ...
    Til Am. 1877: Red Wing, MN. Hans var læraren hennar, dei reiste til Canada.
   
    Barn i Amerika: Christian 1877-1949 farmar, gm Beata Monson; Betsy 1878-1880c; Anna 1880-1970 gm Adolph Johnson; Christine 1883-1956 butikk i Zumbrota, g 1904 m Joseph Tiller; Oscar 1885-1950 korn-oppkjøpar, g 1910 m Mabelle Nerhaugen; Melvin 1887-1972 farmar i Sascatchewan, til British Columbia, gm Elizabeth Atkin Abel.
Henrik kjøpte Skallehaugen i 1874, men selde att i 1877 til Gunnar Ivarson Kvinnegard. Henrik og Margit reiste til Am. i 1877. Dei tok seg land ved Roscoe, Zumbrota , Minn. Henrik skreiv seg 'Henry Haugen'.
    Margit vart sjuk og døydde i 1887, det var mistanke om kolera. Ungeflokken vart delt og alle dei yngste adoptert eller sett til oppfostring. Dei tre eldste ungane tok Henrik med seg nordover til Polk county, Henrik levde ikkje lenge etter dette.
{5990} År: 1877
Gunnar Ivarson Kvinnegard Presteikrene 16.09. 1839-
Foreldre: Ivar Olson søre Kvinnegard og Sigrid Gunnarsdtr. Kvinnegardsjordet.
Gm Guri Knutsdtr. Gjeldokk Skallehaugen 17.04. 1847-1909
Foreldre: Knut Halvorson Dengerud Granhagen Holgelien og Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Ivar Gunnarson Skallehaugen 24.01. 1874-
Ivar reiste til Kr.ania i 1892. Til Am. i 1903. Ein Ivar Skallehaugen kom attende frå Amerika i 1913.
2. Ola Gunnarson Skallehaugen 1875c-1952
G 1898 m Birgit Persdtr. Veaholet, Gol 1869-1950. Ingen barn. (Gol IV s 339)
3. Gunnar Gunnarson Skallehaugen 29.12. 1877-
Gunnar reiste til Hobøl i 1900. Tenestgut på Høitorp i Eidsberg i 1900. Gunnar lafta bygnaden nigarde på Gjeldokk.
4. Ivar Gunnarson Skallehaugen 22.10. 1879-
Til Am. 1903: Minneapolis, MN. Fylgje: Gunhild og Tolleiv Skallehaugen.
5. Botolv Gunnarson Skallehaugen 23.03. 1881-
Ugift. Sjå neste hushald.
6. Sigrid Gunnarsdtr. Skallehaugen Øyno 12.02. 1883-1963
G 1921 Bragernes m Lars Knutson Øyno. Sjå Hefte, gnr. 114/2.
7. Birgit Gunnarsdtr. Skallehaugen Hagen 19.09. 1886-
8. Kari Gunnarsdtr. Skallehaugen Veggum 05.01. 1888-
G 1908 m Paul Paulson Veggums-eie frå Vågå. Barn: Ragnhild 1908- ; Gunnar 1909- .
9. Guri Gunnarsdtr. Skallehaugen Nesmoen 18.04. 1891-1968
G 1923 m Knut Toreson Nesmoen Skallehaugen. Sjå år 1930.
Gunnar og Guri gifte seg 1873. Så kjøpte dei Skallehaugen i 1877 for 300 spd. Gunnar var tømmermann, han flytta tunet og dyrka det meste av jorda.