Vangen gnr. 115 bnr. 26
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vangen gnr. 115 bnr. 26-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Vangen var ein husmannsplass under Rimehaugen. Plassen vart også kalla Sevat-Vangen.
    Sevat-Vangen låg nedanfor Embriks-Vangen og grensa mot Pletten i vest.
    Nede ved vegen var ei slette der taterar stundom slo seg til.
    Vangen vart slege saman med (Jehans) Vangen, gnr. 115/5 i 1882.

{5995} År: 1788c

Ola Asleson Skalle Vangen 08.01. 1747-1830
Foreldre: Asle Eivindson Skalle og Rønnaug Olsdtr. Sundre.
Gm Margit Olsdtr. ... Vangen 1745-
Foreldre: Ola ... ... og ...
Gm Guri Aslesdtr. Ulshagen Bergsgard 17.08. 1749-1829
Foreldre: Asle Sveinson Ulshagen og Birgit Knutsdtr. Skottebøl.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Mari Olsdtr. Vangen SkalleHaugen 13.04. 1789-1840
G 1816 m Tolleiv Henrikson Huus Skallehaugen, gnr. 115/21.

Ola og Margit gifte seg i 1788.
    Ola Asleson var husmann med jord i 2. ekteskap (?) i 1801. Han vart attgift 1814 med Guri Aslesdatter Ulshagen Bergsgard, sjå Øygardsslåtta, gnr. 43/2.
    Då Ola vitna i 1767 var han både lese- og skrivefør. Han betalte ei legemålsbot
    i 1779.
    Forlik 1801: Ola skal ha plassen nordre Haugen under Rimehaugen i 18 år framleis mot å halde vedlike hus og jordveg. Bygningstømmer skal han hogge etter påvisning av bonden. Årleg leige 7 rd, evt. som arbeid på garden. Etter 18 år skulle plassen ryddast og falle attende til garden. (1407) s 38

{5996} År: 1827

Sevat Sevatson Toplass Underberget 1793-1874
Foreldre: Sevat Olson Thon/Bergaplass og Mari Embriksdtr. Slåtten/Bergaplass.
Gm Turid Levorsdtr. Espegard Vangen 03.12. 1798-1874
Foreldre: Levor Ivarson Espegard og Gro Aslesdtr. Toresgard.
*Barn
1. Sevat Sevatson Vangen Råen 18.12. 1818-1909
G 1842 m Liv Olsdtr. Asgrimsplass. Sevat var soldat 1842 og var inderst /lottebrukar på Vangen. Dei kjøpte Råen i 1864. Sjå Råen, gnr. 120/9.
2. Mari Sevatsdtr. Underberget Vangen 28.01. 1822-
???
3. Embrik Sevatson Underberget Vangen 21.09. 1825-1918
Barn m/Ågot Eilevsdtr. Fly: Eilev 1851-1929 til Am., g 1893 m Inga Andersdatter frå Brunskog i Värmland. (1695)
    G 1859 m Guri Torsteinsdtr. VesleDengerud. Barn: Torstein 1859- ; Levor 1861- .
    Barn: Elling 1872- m enkje Gro Ellingsdtr. Haugo, Hol (NB. Embrik var då enkjemann.)
    G 1874 m enkje Gro Ellingsdtr. Ellingsplass (Nerol i Hol). Barn: Guri 1875-1876, dødf gut, Guri ....- ; Elling 1882- .
    Embrik var med på felttoget til Malmø i 1848. Sjå EmbriksVangen, gnr. 115/27.
4. Levor Sevatson Vangen 19.12. 1828-1849
Levor fraus i hel på Hardangervidda 11. februar 1849. (1016) s 24
5. Ola Sevatson Vangen Moen Rudningen 16.02. 1832-1876
G 1858 m Ingeborg Eilevsdtr. Skomakarmoen. Sjå Rudningane, gnr. 120/3.
6. Gro Sevatsdtr. Vangen 16.09. 1835-1877
Barn: Sevat Tolleivson 1863- og Levor Larsson 1875-1876. Sjå barnebarn.
    Gro døydde 1877 som ugift fattiglem.
7. Margit Sevatsdtr. Vangen Franck 12.07. 1839-
Truleg gm Johan Christian Franck, København 1841c- . Barn: Laura Roseli 1862- ; Laurits Sevat 1864- ; ...
    Margit Vangen reiste til Drammen i 1862. Franck var konditor og dei budde på Bragernes i 1865.
*Barnebarn
1. Sevat Tolleivson Vangen 01.05. 1863-
Foreldre: Tolleiv Olson Ransedokken, Gol. (ungkar) og Gro Sevatsdtr. Vangen.
    Kvar vart det av Sevat???
2. Levor Larsson Vangen 25.02. 1875-1876
Foreldre: Lars Martinson Vangen (ungkar) og Gro Sevatsdtr. Vangen.

Sevat og Turid gifte seg i 1818. Dei skal ha vore eit av dei finaste brudepar folk som hadde sett i manns minne. (Oppl. Ruth Djupedokken)
    Sevat og Turid var i Underberget (Espegard-eie) fyrste åra, - dei kom til Vangen før 1828.
    Sevat var husmann med jord i 1865. Turid og Sevat budde då saman med dottera Gro og sonesonen Eilev Embrikson. I same huset budde dessutan indersten Embrik Sevatson (aleine) og skomakaren Ola Kristianson med kona Mari og deira tre barn.

{5997} År: 1882


Vangen vart frådelt 1882 og selt til Johannes Olson Vangen, gnr. 115/5. Sidan har desse eigedomane vore samla.