Rimeslåtta gnr. 115 bnr. 30
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rimeslåtta gnr. 115 bnr. 30-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Rimeslåtta var slåtte og heimstøl under søre Rime fram til det vart eigen gard her i 1895.
    Tidlegare har det også delvis vore fast busetnad på Rimeslåtta. I 1732 hadde Lars Eirikson Rime bygd ei lita stugu verdt 10 rd på Rimeslåtta. Og i 1735 vart slåtta omtala som Ødegaarden under søre Rime eller Rimeslåtten. (1197) s 94
    Omlag 1735 sat enkja på Kortgarden, Sigrid Eilevsdtr. Helling Kortgarden, på Rimeslåtta nokre år. Mannen hennar Kort Lambertson hadde hatt ein pant på 220 rd i pant i søre Rime.
    Sigrid vart saksøkt 1737 av Lars Rime som meinte ho hadde misbrukt og forringa plassen. Retten kom på staden og held synfaring. Husa var: ei stølsbu med never tak, ei "loftbu eller trev m/krøterrom under - taket var dårlegt og huset noko nedsige i grunnen, ein liten hestestall i dårleg stand, eit fehus som var til nedfalls, ein låve og tre luer, samt "kjennetegn på et lite fehus som hadde staat paa plassen ...". Engelandet på Rimeslåtta var i passabel stand, men skogen (bjørk og ris ) var avhogd og borte, skogen var for "en stor del fortørret". Gjerdene på ovasida (106 skritt) låg nede, men gjerdet elles var i god stand. (1128) s 42
    Areal 1995: dyrka jord 90 mål, anna areal 70 mål, produktiv skog 100 mål, anna utmark 400 mål. Leigd jord 5 mål. Buskap 75 vinterfora sau.
    Våningshus bygt 1947, restaurert 1984-85, loft 1898, garasje 1964, driftsbygning 1933, ombygd 1974-75.
    Kolbjørnstølen, gnr. 98/1 vart tilkjøpt som underbruk til Rimeslåtta i 1937. Også stølen nordre Vallehalle vart tilkjøpt frå Nestegard i Hol i 1937. Bue vart ombygd i 1969.

{6006} År: 1760c


Ein ukjent Vebjørn Knutson og kona Gunhild Syversdatter var husmenn under søre Rime i 1762. Dei kan ha budd på Rimeslåtta.

{6007} År: 1895

Vilhelm Hallsteinson Rime Rimeslåtten 26.08. 1877-1948
Foreldre: Hallstein Tolleivson Rime Rimeslåtten og Barbro Vilhelmsdtr. Eidsgard (Gol).
Gm Birgit Knutsdtr. Nedrebråten Rimeslåtten 18.03. 1875-1937
Foreldre: Knut Knutson Nedrebråten og Birgit Mikkelsdtr. Veslehaug, Gol.
*Barn
1. Birgit Vilhelmsdtr. Rimeslåtten Noss 02.08. 1907-1989.
G 1938 m Ivar Olson Noss. Sjå neste hushald.
2. Barbo Vilhelmsdtr. Rimeslåtten Kirkedelen 01.11. 1912-1975
G 1939 m Eivind Botolvson Kirkedelen. Sjå søre Kyrkjedelen, gnr. 64/1.

Vilhelm og broren Tolleiv kjøpte heimstølen Rimeslåtta i 1895 for kr. 1200. I 1906 kjøpte Vilhelm ut Tolleiv med kr. 600.
    Vilhelm og Birgit gifte seg i 1905. Det fortelst at dei stellte godt med dyra. Gav vel med fôr, og kjøpte gjerne fôr om våren medan andre folk spinka.
    Det vart herma etter ein skulegut som fekk spørsmålet "Når kjem våren?" Han svara slik: "Det er når Vilhelm kjøper fôr!"
    Vilhelm var ein svær arbeidskar, han dyrka og bygde opp garden frå botnen av.
    I slåtten var det ofte at Vilhelm bar inn foret medan hesten fekk gå laus og fri i fjellet.
    Gamlestugu vart selt som hytte til Seim. Vilhelm budde i eit loft det fyrste året han var på Rimeslåtta.
    Vilhelm bygde uthus i 1933, og i 1937 kjøpte han Kolbjørnstølen som underbruk til Rimeslåtta. Stølen nordre Vallehalle vart tilkjøpt i 1937.