Bergo gnr. 115 bnr. 32
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bergo gnr. 115 bnr. 32-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bergo eller Rimeberget er eit småbruk som vart frådelt søre Rime i 1900. Bergo ligg mellom Rimehaugen og nordre Stave.
    Det gamle tunet til søre Rime låg rett aust for Rimehaugen, dvs. nedst i jordet til Bergo. Dei gamle tuftene er sundgravne, og delvis bebygde. Fatigstigen, ein beinveg mellom Nedre-Ål og Øvre-Ål gjekk over Bergo.
    Areal 1995: dyrka jord 15 mål og anna areal 30 mål som vert leigd bort, produktiv skog 60 mål. Våningshus ombygd 1972, loftstugu med tilbygg, loft, eldhus, lite uthus, fjøs og låve. Fjøset skal vera flytta tre gonger, ein gong losna ein stor stein oppe i berget, den stansa ved fjøsveggen.
    Fram til 1978 var det sauehald på bruket.
    Heimstøl er Rimestølen i Rimehagane.

{6010} År: 1900

Lars Larsson Bråten Bergo 13.01. 1868-1955
Foreldre: Lars Larsson Sundre Bråten og Margrete Persdtr. Sundre.
Gm Anne Aslesdtr. Smedplass Bergo 06.09. 1871-1967
Foreldre: Asle Pålson Smedplassen (Hol) og Ingebjørg Larsdtr. Tverrånslåtta, Hol.
*Barn
1. Lars Bergo 26.06. 1897-1971
G 1922 m Dordei Olsdtr. Arnegard. Sjå neste hushald og Kvarveteigen, 112/43.
2. Ingvar Bergo 18.02. 1899-1929
G 1924 m Haldis Syversdtr. Toreplass. Handelsbestyrar på Sundre. Sjå eige hushald.
3. Olaf Bergo Skomakarmoen 10.04. 1900-1929
G 1923 m Kari Olsdtr. Olsdtr. Larsplass frå Gol. Sjå Skomakarmoen, gnr. 120/7.
4. Asle Bergo 19.03. 1902-1979
G 1932 m Rangdi Embriksdtr. Bæra. Ingen barn.
    Asle starta opp som kjøpmann på Sundretorget i 1930. Krambua gjekk med i brannen Sundre i 1931.
    Ei brakke kom opp mellombels til den nye butikken vart ferdig. Asle dreiv assortert landhandel. (1514)
    Asle gjekk ikkje av vegen for ein spøk med kundane. Ved eit høve lova han ein kunde ryggsekken fyllt med mat om vedkomande ville sykle opp til Strand og attende med bjelle rundt halsen. Asle rekna seg nokså trygg på at det kom ikkje til å skje, men kunden tok utfordringa på strak arm. Halvor Sandelien på Bakka fekk såleis full ryggsekk. (Etter Sigurd Breiehagen.)
5. Torleiv Bergo 03.11. 1904-1990
G 1925 m Oline Birgitte Skjelvik f. 1906. Barn: Karsten 1926- gm Ingrid Marie Stillerud (1 barn), gm Ivara Bergljot Svensen.
    G 1930 m Gunhild Andreasdtr. Gundersen f. 1908. Barn: Agnes 1931- gm Halvor Aslakson Golberg.
    Torleiv var slaktar på Sundre. Han kom til Gol som styrar av kjøtforretninga ved Samvirkelaget og i 1937 starta han eiga forretning der.
6. Margrete Bergo Olsen 20.02. 1907-1996
Gm Johan Olsen, Geilo. Ingen barn.
7. Borghild Bergo Disen 11.03. 1910-1983
Gm Marinius Disen frå Åmot på Modum, 1906-1981. Sjå eige hushald under jernbanen.
8. Ingeborg Bergo Molstad Andresen 03.11. 1911-1994
G 1932 m Per Molstad Andresen. Sjå eige hushald under jernbanen.
9. Lars Bergo 05.07. 1914-1944
Flyging var den store interressa til Lars heilt frå barneåra. Han var pådrivar i Ål Flyklubb og bygde i 1932 det fyrste offisielt godkjende glideflyet ("Mehank") her i landet. Med Norsk Aero Klubb i ryggen vart Lars sendt til Tyskland på flyskule i 1937. Flyklubben stillte lag til landskampen i modellfly med Sverige i 1939.
    Lars skaffa seg sitt eige fly (ein Taylor Craft med 45 hk) og dreiv flyging på oppdrag. Då krigen kom vart Lars ettersøkt av tyskerane, han rømde då til Sverige. Lars fekk oppdrag som offisiell kurér og vart sendt til Washington via Moskva og Istanbul m.v. og reiste med båt frå India til USA. Det vart ei eventyrleg reise.
    Lars kom etterkvart til England, og vart løytnant og flygar på den hemmelege ruta mellom Stockholm og England. Lars sende brev heim til foreldra denne tida, for sikkerheits skuld passa han på å signere med jente-namn.
    Det vart bestemt at Lars skulle fly bombefly mot Tyskland. Det stod berre att ein tur i sivil tenest, men det vart den siste turen hans.
    Flyet kom inn i eit kraftig uvér og det var dårleg sikt. Lars var telegrafist på denne turen, under innflyging til Lidekøping havna flyet i ein fjelltopp og 11 av 15 omkom. (Sjå artikkelserie i Hallingdølen frå nr. 44 i 1995) og nettstaden http://home.online.no/~vrenne/meh-fly.htm)

Lars og Anne gifte seg i 1897. Lars overtok Bergo eller Rimeberget utan heimel i 1900. Han fekk auksjonsskøyte på garden i 1926.
    Lars var gardbrukar, handverkar og skomakar. Og dei hadde pelsdyrfarm ei tid. Lars var ein røsleg kar, hadde lese mykje, men brukte ikkje briller.