Bruvoll gnr. 115 bnr. 33
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bruvoll gnr. 115 bnr. 33-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bruket Bruvollen vart rydda av Lars og Guri bygde sist i 1890-åra på jordstykket Brennudn som låg under Rimehaugen. Bruvollen ligg like nedanfor vegen ved Bruteigen, sør for elva Kvinda. I daglegtale heitte det 'ne på Brennun'.
    Bruvollen vart lagt ut til bustadfelt omlag 1975 og den gamle stugu vart selt som hytte.

{6013} År: 1895

Lars Larsson Pletten Strand 24.07. 1853-1920
Foreldre: Lars Halvorson Sandelien Pletten og Ambjørg Levorsdtr. Lå.
Gm Guri Aslesdtr. Øyno Strand 06.11. 1853-1938
Foreldre: Asle Larsson Øyno og Liv Olsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Ambjørg Larsdtr. Strand Langaard 21.01. 1880-1923
Barn: Anne f. 1903 sjå barnebarn.
    G 1906 m enkjemann Johan J. Langaard frå Ringsaker. Sjå eige hushald under jernbanen.
2. Liv Larsdtr. Strand Bruvoll 22.04. 1885-1951
Liv var ugift. Ho hadde to søner, sjå barnebarn. Liv dreiv med reingjering og husarbeid.
3. Asle Larsson Strand 26.03. 1888-
Gm Klara ... . Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Anne Bruvoll 31.01. 1903-
Anne fekk ein son saman med Erik Olausson Solberg Ljan: Leif f. 1923. Sjå eige hushald 'Bruvoll.'
    Foreldre: Halvor Håkonson Billehuset (ungkar) og Ambjørg Larsdtr. Strand/Bruvoll.
2. Guri Tunehagen Mathiesen 03.08. 1912-1986
Gm ... Sande, Lier. Gm Aksel Mathiesen, Nesodden. Barn: Øivind 1949- ; Erik 1952- . Busett på Nesodden.
    Foreldre: Torstein Olson Asgrimsplass (ungkar) og Liv Larsdtr. Bruvoll.
3. Lars Bruvoll 30.05. 1919-1998
Ug. Lars var veikhelsa. Han vart kalla Lars 'Brennun'. Lars losjerte hjå Sørsdal i Tranby.
    Foreldre: Ola Olson Knausen (USA) (ungkar) og Liv Larsdtr. Bruvoll.

Lars og Guri gifte seg i 1879. Dei kjøpte Tunehagen omlag 1884. Lars selde Tunehagen på auksjon i 1894, og sidan forpakta dei Holtegarden (Strand). Såleis brukte dei namnet Strand.
    Lars og Guri bygde opp bruket Bruvollen 'tå nyo' like etter 1900. M.a. overtok dei stugu frå Larsgarden Sundre.( Der bror hennar Guri kom. )
    Lars og Guri hadde ei ku på Bruvollen.