Noss gnr. 116 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Noss gnr. 116 bnr. 0-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Noss er av dei gamlaste gardane i bygda. Gards-tuna ligg på ei hylle midtlies. Brattlendte åkrar både ovenfor og nedanfor hylla. Noss-gardane har namnet etter lendet, denne hylla minnar om ein nase sett frå Sundre.
   
    (Fra 1577-1581 bare 2 Nos-gårder, foruten Aslaksgard Nos der det var krongods, nemlig: 1) Nos - årlig skatt 8 kalvskinn, slottelende 4 album, frelse 1 album. 2) Nos 2 - årlig skatt 6 skinn, frelse 1 album. (Uvisst hva som er hva!).
    I Kongehyllinga 1591 står Klemet Arnegard Noss oppført saman med grannane Per (Gunhildgard), Rolv (Aslaksgard) og Bjørn (Torkjellsgard).
   
    Gode korngardar. Kvernar i Kvinda, både inne og nede.
    Nossgardane i diploma.
   
    Steingjerdet mot Strand. Ein gamal steingard tek til på Vangen ved elva Kvinda og den gamle mellomaldervegen, og går mot vest i omlag rett line 2 km til delet mellom Storeteig og Holtegarden Strand. Innmarksdelet mot Strand vart beskrive i 1693.
    Utmarks-delene mot Strand vart beskrivne ved 'venlig deele contract betræffende vore sammenstødende Hugst og Boe-hafn' i 1774, inn til stølen Skjelfet (Skilnefet, dvs. stølen ved delet.)
   
    Delingane.
    Den gamle Noss-garden vart oppdelt mellom Aslak, Jørgen/Jørund, Gunhild og Torkjell. Ingen delings-dokument er kjende, men ein kan tru at dette skjedde på 1100-talet då einvirkes-bønder overtok kvar sin del av dei gamle storgardane. SJEKK
    Vidare oppdeling av gardane førde til at dei gamle gardsnamna kom or bruk utpå 1700-talet, og nye namn og gardar overtok.
   
    Gamle gardsnamn. Noverande gardsnamn.
   
    Aslaksgard Nos 34 4/5 laupsbol Knutsgarden, Oppigarden, Råen
    Jørgen/Jørundgard Nos 18 2/5 laupsbol Tolleivsgarden, Jøto
    Gunhildgard Nos 21 lb Haugegarden, Ivarsgarden
    Torkjellgard Nos 20 lb Larsgarden, Røyse, Tveito
    Arnegard Nos (delt og oppløyst 1830.) 6 lb.
    Bakketeigen 2 lb.
    Samla landskyld 102 laupsbol.
   
    Husmannsplassar.
    Noss-gardane hadde mange husmannsplassar, mange av dei vart eigne bruk, andre vart nedlagte.
    Mange av plassane låg på nedre delen nede på Moane, Tveitemoen, Hansemoen/Skomakarmoen, Brenno (2 stk). Dei andre plassane låg i utkantane av innmarka, og nokre inne i Nasalia.
   
    Granhagen brosjyra om
   
    Innmarka.
    Etter ei delekontrakt 1716 vart innmarka delt. Sidan utvikla det seg sterk teigblanding med åker og eng. Innmarka vart teken under utskiftning 1903-1908. Tuna til Larsgarden og Oppigarden måtte flyttast og nye brunnar måtte gravast.
    Retten bestemte vedlikehaldet av Storgrøfta, ei flaumgrøft oppe i skogkanten ovanfor innmarka. Dette var viktig for å hindre at åkrejorda rasa ut i vårløysinga.
   
    Utmarka.
    Skogen i Nasalia vart fyrst delt i teigar i 1754. Så var skogen under utskifting frå 1861 til 1883. Men det vart ei langdryg affære.
    Under- og over-utskifting gjekk i åra 1861-1868. Men mange av partane var misnøgde med utskiftninga, og fekk jordskiftet heva ved underetten 1871.
    Knutsgarden anka til stiftsover-retten som oppheva underrettsdomen i 1872. Dei andre partane anka til høgsterett som 1874 stadfeste hevinga av jordskiftet, med unntak av Knutsgarden sine skogar. Resten av skogane vart dermed sameige (etter noko diskusjon og ein ny runde i underetten 1879) og deretter gjenstand for ei ny skog-utskiftning 1882.
    Med over-utskiftinga 1883 var endeleg skogane i Nasalia delte. Og nasingane ferdige med 20 års møte-sprang og kostnader.
   
    Stølane.
    På Geitevasstølen slost Birgit Arnegard og Birgit Noss i 1727. Båe blødde då dei skildest.
    Ola Halvorson Arnegard og Ola Jonson stevna nossbøndene til tinget 1723 for å ha bygd seg støl like ved Geitevassstølen. Sumaren 1727 slost stølskjeringane på Geitevasstølen. Birgit Arnegard og Birgit Noss slo kvarandre til blods.
   
   
    Nossgardane har heimstølar i Nasalia, langstølar på Torsbu og Mjåvasstølen. I langstølsmarka hadde bøndene i Kvinnegardslia kjøpt skog i 1675. Skogen på Torsbu og Mjåvasstølen var under utskiftning frå 1916 til 1934. Skifte-feltet vart delt 1919 slik at Mjåvasstølen vart slutta i 1925 og Torsbu i 1934.
   
    Vegbygging.
    Noss-gardane sleit lenge med ein skranglut og dårleg bygdeveg. Vår og haust var det fullt av grindar tvers over vegen. Då dei buførde på heimstølane om våren vart grindane sette til sides, og ungdomen held gjerne grinde-festen komande helg. Nemnt i tingboka 1769.
    Frå gamalt vVegline vart lagt ut ved utskiftninga av innmarka i 1908. Retten påla partane å fullføre vegen innan 1911.
    Men det vart mykje strid om veg-traseen, mange liner vart vart vurderte, og tida gjekk. Vegen vart fyrst arbeidd opp til Hallebråt for hand. Fyrst i 1950-åra kom der bulldoser og endeleg vart det ferdig køyreveg fram til Knutsgarden. Den fyrste bil-eigaren hadde mått bygge seg garasje nede ved Vangen!