Bakketeigen gnr. 116 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bakketeigen gnr. 116 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bakketeigen ligg høgt og fritt øvst oppe i Nasagardane. I daglegtale vart garden kalla Båkko. (Det heitte i Båkko, dativ fleirtal.)
    Frå gamalt var Bakketeigen ein slåtteteig under Gunhildgard Noss. Der stod ei lu og var rydda såpass at der kunne onnast eit forlass. Sidan Bakketeigen låg i fellesmarka til Noss-gardane. så protesterte grannane i 1691. Då gav Ola Eirikson øydeplassen Bakketeigen til kongen, og bad sjølv om å få bygsle bruket hjå kongen.
    Som slåtteteig hadde Bakketeigen vore fri for skatt fram til 1691. Då vart Bakketeigen taksert av 6 lagrettemenn og skrivaren Tygesen og lagt i 2 laupsbol skyld. Såvidt ein kan sjå skjedde dette utan at landskylda for Gunhildgard Noss vart redusert tilsvarande. Uvanleg er det også at Bakketeigen fekk sitt eige gardsnummer ved matrikkuleringane.
    Bonden i Bakketeigen var sidan bygselmann hjå kongen fram til 1726. Då kjøpte bonden garden på auksjon for 308 rd.
    Ved vegen innover Nasalia ligg Fåbrunnen. Denne gode vasskjelda vart brukt av alle i bygda då dei skulle 'få' lin frå gamalt. Fåinga gjekk ut på at linstenglane skulle bløytast og ligge for ver og vind til fibrane kunne bearbeidast vidare til lin.
    Husmannsplassar: Drengeplassen (nede i jordet) og Nobbe (inne i Nasalien).
    Bakketeigen sin gardsveg gjekk ut jordet og ned på Hallebråthøgda fram til Nasavegen vart bygd ferdig kring 1960.
    Frådelt: Bakketeigen bnr. 2 Døveskulen, sjå år 1966.
    Husa i gamletunet er hallingstugu, loft, fjøs (ombygd til arkiv) og eldhus, låven vart riven då barnehagen vart bygd i 1989. Knause-stugu vart kjøpt og sett opp i tunet som mellombels barnehage.
    I det nye tunet er det reist ei rekkje store bygningar. Det er bygd på eit 4,4 mål stort areal (branntakst 63 millionar i 1995). Stolphuset frå Bakketeigen står ved ei hytte på Galden.
    Areal 1865: dyrka jord 21 mål, naturleg eng 30 mål, utslått 48 mål. Avling 19 1/2 tunne bygg og 18 tunner potet.
    Areal 1995: overflatedyrka bratte bakkar 40 mål (vert lånt bort til beite), anna areal 140 mål.
    Stølar. Heimstølar Nobben og søre Endrestølen. Langstølar Bakke-gjerda på Mjåvass-stølen.

{6021} År: 1750


Sersjant Ola Uthus kjøpte Bakketeigen i 1750 for 320 rd. (Truleg hjå kaptein Rossing.)
    Ola var gift med ei Kari Olsdtr. Han er truleg ein son til Knut Olson/(Aslakson?) Uthus Fossgard, men står ikkje oppført mellom ungane hans. (Hol VII s 202)
    I 1752 dreiv sersjantane Uthus og Wilhelm Lembach inn uteståande konsumpsjonsskatt i Ål.
    I 1764 vart Bakketeigen teken på odel. Ola Knutson Uthus vart eigar av Kleppo i Hol i 1763. (Hol IV s 154)
    I 1778 vitna Ola Knutson om tiende-ytingane. Han fortalde at han hadde og brukte Bakketeigen under prestane Lund og Qvam, og betalte 2 settung korn og ingen ting anna.
    Tidlegare hadde Ola Knutson brukt ein plass under Nilsegarden Strand, den vart kalla Uthusplassen eller Guro-plassen. Sjå der.
   

{6022} År: 1764

Ola Asleson Bakketeigen 1737-
Foreldre: Asle Olson Rime Bakketeigen og Birgit Aslaksdtr. Villand.

I 1764 tok Ola Asleson Bakketeigen garden på odel for 430 rd. Ola selde vidare same året til løytnant Jon Berg for 500 rd. Løytnanten skulle også overta noko pant til presteenkja Stockfleth.
    Jon Berg selde garden attende til Ola Asleson for 550 rd, og han selde vidare til Botolv Torjusson Helling same året for 700 rd.

{6023} År: 1767


Botolv Torjusson Helling f. 1732 kjøpte Bakketeigen i 1767 for 700 rd. Han held gardsyn neste år. Då vart stølane Nobben og Nyset nemnde.
    I 1779 tapte Botolv ein tvist med presten. Tidlegare brukar av Bakketeigen hadde sloppe å levere den årlege sauen til presten. Presten Nimb meinte dette var ein "yndest av forrige prest" og at han ikkje kunne vera bunden. Retten dømte Botolv til å betale 2 års avgifter som smør og 5 rd i sakskostnader. (1397) s 56
    Sjå meir om Botolv på 102/1 og 107/6.

{6024} År: 1784


Ola Nilsson Breiehagen Sveinhaug fekk skøyte på Bakketeigen i 1784 frå svigerfaren Botolv Torjusson Helling. Ola Nilsson selde garden vidare neste år for 760 rd.
    Ola Nilsson og Ingeborg Botolvsdatter kom til Breiehagen, sjå gnr. 128/1.

{6025} År: 1785

Lars Olson Rimehaugen Bakketeigen 17.09. 1744-1795s
Foreldre: Ola Eirikson Gunhildgard Noss Rime og Guri Sevatsdtr. Thon.
Gm Anne Torsdtr. Huus Bakketeigen 1743-1833
Foreldre: Tor Henrikson Huus og Kari Larsdtr. Hagen (Hol).

Lars Olson Rimehaug og Anne Toresdtr. Huus budde på Huus til dei kjøpte Bakketeigen i 1785 for 678 rd. Sjå meir om familien på Rimehaugen, gnr. 115/20.
    I 1791 kjøpte Lars langstølen Galden hjå Håkon Olson Berg for 18 rd.

{6026} År: 1795

Ola Larsson Rimehaugen Bakketeigen 12.01. 1770-1816
Foreldre: Lars Olson Rimehaug Bakketeigen og Gunhild Torsdtr. Huus.
Gm Lukris Knutsdtr. Strand Bakketeigen 05.11. 1775-1849
Foreldre: Knut Knutson Fetagarden Strand og Kari Olsdtr. Strand.
*Barn
1. Lars Olson Bakketeigen 14.10. 1798-1862
G 1821 m Torand Tolleivsdtr. Tolleivsgarden Noss. Sjå neste hushald.
2. Knut Olson Bakketeigen 05.01. 1800-1825
Ugift inderst.
3. Ola Olson Bakketeigen 05.01. 1800-1802
4. Ågot Olsdtr. Bakketeigen 12.09. 1802-1810
5. Anne Olsdtr. Bakketeigen Skjølet 09.09. 1804-1873
G 1826 m Ola Sveinson Strand-Tunehagen. Sjå Skjølet, gnr. 122/18.
6. Ola Olson Bakketeigen 07.09. 1806-1810
7. Knut Olson Bakketeigen Halleset 02.08. 1808-1846
Barn med Olaug Gunvaldsdtr. Tufto, Hol: Knut 1837- født på garden Bleie i Ullensvang. (1330) s 23
    Gm Birgit Olsdtr. Øvrelå. Fehandlar på Halleset, gnr. 94/7.
8. Ågot Olsdtr. Bakketeigen 16.02. 1811-1811
9. Kari Olsdtr. Bakketeigen 16.02. 1811-1811
Kari vart 3 månader.
10. Ågot Olsdtr. Bakketeigen 09.05. 1812-1816

Ola og Lukris gifte seg i 1798. Ola fekk skøyte på Bakketeigen i 1795 for 799 rd.
    I 1801 budde også mora og to brør til Ola Larsson på garden.
    På skiftet etter Ola var det 646 spd å dele, men ulvane hadde teke ei av dei registrerte kyrne. Enkja skulle bruke heile garden fram til eldste sonen var myndig og kunne ta i bruk sin del.
    Lukris vart attgift 1817 med Ola Knutson Leksvol (1778-1826). Ingen barn.
    Ola Knutson overførte garden 1822 til sonen hennar. Lukris vart attgift 1834 med enkjemann Sevat Eirikson Tune (1762-1835).

{6027} År: 1822

Lars Olson Bakketeigen 14.10. 1798-1862
Foreldre: Ola Larsson Rimehaugen Bakketeigen og Lukris Knutsdtr. Fetagarden Strand.
Gm Torand Tolleivsdtr. Noss Bakketeigen 23.11. 1783-1869
Foreldre: Tolleiv Knutson Tolleivsgarden Noss og Margit Knutsdtr. Leksvol.
*Barn
1. Ola Larsson Bakketeigen 06.08. 1822-1884
G 1872 m Mari Oleivsdtr. Skarsgard. Sjå neste hushald.
2. Tolleiv Larsson Bakketeigen Tveito 19.08. 1825-1857
G 1854 m Sigrid Eilevsdtr. Toreplass. Sjå Tveito Noss, gnr. 118/

Lars og Torand gifte seg i 1821. Lars kjøpte garden hjå stefaren i 1822.
    Lars Olson kjøpte 3/8 laupsbol i Arnegard Noss, gnr. 121/1 i 1833 for 100 spd. I denne handelen låg heimstølen Endrestølen (2 buer , fehus og for-lu), nokre slåttemyrar i nordkanten av Jørandstølshaugane; ei stugu, hamnerett til så mange dyr kan fødast på gard-parten, andel i fem skogteigar (som vart løyst ut under skog-utskiftingane.)
    I buet etter Torand var m.a. 6 skinnfellar, ei kofte, 2 forklede m.m.

{6028} År: 1857

Ola Larsson Bakketeigen 06.08. 1822-1884
Foreldre: Lars Olson Bakketeigen og Torand Tolleivsdtr. Noss.
Gm Mari Oleivsdtr. Skarsgard Bakketeigen 12.02. 1845-1922
Foreldre: Oleiv Torson søre Skarsgard og Turid Olsdtr. søre Berg.
*Barn
1. Torand Olsdtr. Bakketeigen 08.11. 1873-1906
Torand døydde ung.
2. Lars Olson Bakketeigen 12.12. 1875-1957
G 1943 m Kari Gunnarsdtr. Arnegard. Sjå neste hushald.
3. Turid Olsdtr. Bakketeigen Noss 20.02. 1878-1952
Barn med Oleiv Olson søre Skarsgard: Marie f. 1901, sjå barnebarn.
    G 1915 m Ola Mikkelson Noss Oppigarden, gnr. 120/6.
4. Oleiv Olson Bakketeigen Bakke 29.10. 1880-
G 1920 m Helga Oline Hansen/Helmersen, Stange 1894-.... . Barn: Harald Bakko ....- løyste garden på odel i 1957, selde vidare etter kort tid; Olav 1920- ; Kristian Magne 1922- .
    Oleiv var bryggeriarbeidar og budde på Hamar. Han skreiv seg Olaf Bakke.
*Barnebarn
1. Marie Olsdtr. Bakketeigen 11.11. 1901-
Foreldre: fehandlar Oleiv Olson søre Skarsgard f. 1869 (ungkar) og Turid Olsdtr. Bakketeigen.
    Turid var tenestepike i Drammen på den tida. Marie er født og døypt i Drammen og truleg bort-adoptert.

Ola og Mari gifte seg i 1872. Frå før hadde Ola barna: Sissel 1849- ; Ola 1851- og Lars 1854- med Turid Olsdtr. Haugegard. (Sjå Haugegarden Noss, gnr. 119/1.) Vidare hadde han sonen Lars f. 1851 med Birgit Olsdtr. Tjønndalen. (Sjå Tjønndalen, gnr. 123/32.)
    Med Ola Viggerson Oleivsgard hadde Mari dattera Gunhild 1871-1954, ho vaks opp i Bakketeigen og vart gift til Haugegarden Noss, gnr. 119/1.
    Ola kjøpte Bakketeigen i 1857. Bakketeigen var meir enn vanleg godt dyrka i 1865.
    Mari sat med garden som enkje til omlag 1912 då sonen Lars overtok utan heimel.