Drengeplassen gnr. 116 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Drengeplassen gnr. 116 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Drengeplassen var husmannsplass under Bakketeigen. Her var fastbuande i allefall frå 1785 til 1875.
    Namnet tyder på at den fyrste som budde eller bygde her var ein dreng i Bakketeigen. Stundom var plassen også kalla Bakke-jordet eller Bakketeig-eie.
    Drengeplassen låg på ei flat nede i jordet til Bakketeigen. Litt ovanfor for tunet i Tveito. Fjøset var inngrave i ein jordbakke og veggane var av gråstein. Oppå var eit trev. Tuftene syner.
    Drengeplassen hadde ein støl på Endrestølen, den vart kalla Drenge-stølen.
{6032} År: 1785c
Knut Person Sundrehagen Bakketeigen 02.07. 1752-1830
Foreldre: Per Mikkelson Nerol Sundrehagen og Margit Knutsdtr. Sundre.
Gm Ambjørg Endresdtr. Liahagen Bakketeigen 19.01. 1749-1829
Foreldre: Endre Larsson Helling Liahagen og Gro Herbrandsdtr. Bråtalien.
*Barn
1. Per Knutson Bakketeigen Brenno 28.09. 1788-1871
Barn: Knut 1810- m Anne Olsdtr. Stave, sjå neste hushald.
    G 1821 m Turid Henriksdtr. Huus. Per og Turid var inderstar og budde på Rime i 1810, og på Råo i 1830.
    I 1834 kjøpte dei Brenno, gnr. 121/6.
2. Endre Knutson Bakketeigen Bakkejordet 1791-1801f
Død i 1790-åra.
3. Endre Knutson Bakketeigen Lundeli 1794-
Gm Dortea Marie Zakkariasdtr. ..., Kolvereid 1820-.... . Ingen barn.
    Endre flytta til Hitra våren 1832. Dei kjøpte garden Lundeli i Kolvereid eller Nærøy i 1842. Han selde garden og tok kår i 1866. (1620)
Knut og Ambjørg fekk minst tre barn. Ambjørg hadde barna Turid f. 1778 (med Ola Holgeson Lien) og Turid f. 1786 (med Ulrik Hanson som var tenestgut hjå sorenskrivar Heyerdal). Sjå meir om desse under Liahagen, gnr. 3/7.
    Knut og Ambjørg har truleg vore på Drengeplassen sidan 1785. Knut var husmann med jord i 1801. Enkja Anne Steingrimsdatter (1724-1803 f. Golberg) og sonen Lars Johanneson budde også i Drengeplassen. Anne hadde vore kona til indersten Johannes Person Sundremyren Bråten som budde ymse stader.
{6033} År: 1840
Knut Person Skallehaugen Drengeplassen 09.06. 1810-1865f
Foreldre: Per Knutson Bakketeigen Rime (ungkar) og Anne Olsdtr. søre Stave.
Gm Gro Herbrandsdtr. Hamaren Drengeplassen 13.03. 1803-1889
Foreldre: Herbrand Endreson Liahagen Hamaren og Jørand Aslaksdtr. Vesledal.
*Barn
1. Anne Knutsdtr. Drengeplassen Noss 24.02. 1838-
Anne stelte hjå sakførar Jorde på Nes. (O.r.sakførar Jorda arva etter broren Per.) Anne var ugift og losjerande i Larsgarden saman med broren Per i 1891.
    I 1900 budde Anne og brørne i plassen Trydalen. Vinteren 1912 var så kald at folk samanlikna med vinteren 1812. Kaffikjelen hennar Anne botnfraus om natta.
2. Herbrand Knutson Drengeplassen Noss 01.03. 1842-1924
Herbrand var ugift. I 1891 var han losjerande i Larsgarden, han dreiv med tresking og anna gardsarbeid. 'Intet at skifte' i 1924.
3. Per Knutson Drengeplassen Noss 26.06. 1848-1934
G 1908 m Sissel Tolleivsdtr. Haugegarden Noss. Til Røyse, gnr. 118/3.
Knut og Gro gifte seg i 1837. Knut Drengeplassen vart ført opp i husmannsmanntalet i 1841. Knut var ikkje i Ål under folketeljinga 1865. Han må vera død utanfor bygda.
    Gro var husmannsenkje i Drengeplassen i 1875. Ungane var heime og gjekk på ymse dagarbeid.
    Dei tre ungane budde i plassen Trydalen i 1900.