Nobben gnr. 116 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nobben gnr. 116 bnr. 1b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nobbe var heimstøl til Bakketeigen. Det heiter 'i Nobben'. Her var fastbuande i 8 år frå 1855 omlag.
    Nobbe ligg lognt og austvendt til oppe i Nobbehovda ovanfor Randedokken, på vestsida inne i Kvinnegardslia. Her visar enno hustufter og åkrereiner. Idag er Nobben skogvoksen og vanskeleg å finne om ein ikkje fylgjer stigen som går dit.

{6034} År: 1855c

Ola Nilsson Tveitemoen Nobbe 01.03. 1813-1890
Foreldre: Nils Toreson Toreplass Tveitemoen og Gunhild Larsdtr. Helling.
Gm Anne Gjermundsdtr. Rimejordet Baggesteg 06.09. 1811-1880
Foreldre: Gjermund Torkjellson Rimejordet og Anne Torsteinsdtr. Øvrejorde.
*Barn
1. Nils Olson Tveitemoen Nobben 13.10. 1845-
2. Embrik Olson Tveitemoen Nobben 03.10. 1848-1853
3. Lars Olson Tveitemoen Hallebraat 30.05. 1852-
G 1882 m Anne Olsdtr. Brattåker-Slåtta, Hol. Barn: Anne Nikoline 1883-1896; Birgit 1885- ; ...
    Lars kjøpte Hallebråt i 1882. I 1896 budde han i Gary i MN og skreiv seg Hallebraat.
4. Anne Olsdtr. Nobben Langeland 08.02. 1856-1904
G 1876 m Nils Helgeson Langeland. Til Am. 1882: Gary, MN. Sjå barnebarn. (Forf. møtte etterkomarar etter Anne og Nils i Gary i 2001.)
*Barnebarn
1. Margit Nilsdtr. Hallebråt 23.12. 1876-
Foreldre: Nils Holgeson Langeland Hallebråt og Anne Olsdtr. Hallebråt. Til Am. 1882.
2. Ola Nilsson Hallebråt 14.01. 1882-
Foreldre: Nils Holgeson Langeland Hallebråt og Anne Olsdtr. Hallebråt. Til Am. 1882.

Ola og Anne gifte seg i 1845. Anne var enkje etter Eivind Larsson Helling Baggesteg, gnr. 31/1 og Embrik Olson Håkonsgard, gnr. 62/1.
    Ola var husmann og timremann. Han var født på Tveitemoen, var husmann i Nobbe før han kom til Hallebråt. Ola timra m.a. låven i Tolleivsgarden og stugu i Ivarsgarden og på Mykinghaugen.
    Han arbeidde snøgt og var nokså leug. Andre timremenn laga seg gonger når timra vart høg, men Ola sprang som ein katt langs etter stokkane og støa seg med ei hand.
    Ola vart kalla Nobbe-lensmann. Grunnen til dette oppnamnet kan vera ei myndig framferd. Ei annan forklaring på oppnamnet kan vera at Ola dreiv mykje som kistesnikker. Når folk undrast på om ein av sambygdingane var i live, så kunne dei spørja Ola. Som kistesnikkar fekk han meldt dødsfall samstundes med lensmannen.
    I omlag 8 år budde dei på stølen Nobbe i åsbråtet inne i Nasalie. Ola sette opp nytt fjøs, ganske romsleg, fortalde Syver Tveito.
    Som enkjemann reiste Ola til Amerika til dottera Anne som var gift med Nils Langeland. Og Nobbe vart atter støl.